The Lancet-rapport: Tiltaka mot pandemien og klimaendringane må hengja saman

Dersom ein ikkje tar høgde for framtidige konsekvensar av klimaendringane, vil innsatsen som er gjort for å førebu framtidige pandemiar, verta underminert. Det er konklusjonen i The Lancet sin siste rapport om helse og  klimaendringar. Før helga blei den lansert på UiO.

Eit portrett av ei kvinne på ein dataskjerm

HELSEVESENET: – No har pandemien kome på toppen av klimaendringane. Nokre land i Europa og Asia har vist oss korleis det går an å gjera noko med begge desse utfordringane gjennom å satsa endå meir på helsevesenet. Det sa seniorforskar og medredaktør for The Lancet-rapporten, Melissa C. Lott då den blei lansert på UiO før helga. 

Foto: Skjermdump

Fem år etter Paris-avtalen har den globale gjennomsnittstemperaturen auka med mellom 1 og 2 grader. Det skjer trass i at nesten alle verdas land blei einige om å jobba for at den globale gjennomsnittstemperaturen helst ikkje skal stiga med meir enn 1,5 grader samanlikna med tida før den industrielle revolusjonen. Det har også vore dei fem varmaste åra på rad, viser rapporten The 2020 Report of The Lancet Countdown on health and climate change.

Dette er The Lancet Countdown on health and climate change:

The Lancet gir årleg ut ein rapport som ser på forholdet mellom helse og klimaendringar.

Data er henta inn frå 120 ekspertar frå 38 leiande akademiske institusjonar og FN-organ. Bidraga kjem frå klimaforskarar, geografar, ekspertar på energi, matproduksjon, transport og statsvitarar, ingeniørar, økonomar og legar.

Oslo-lanseringa av rapporten for 2020 blei arrangert av Institutt for helse og samfunn på UiO.

(Kjelder: The Lancet og UiO)

Fleire døyr av hete

Store utslepp av karbondidoksyd (CO2) har ført til dårlegare luftkvalitet, dårlegare matkvalitet og dårlegare bukvalitet. Resultatet har blitt dårlegare helse for folk som er å uheldige at dei bur i dei mest utsette områda i verda. Dei siste 20 åra har det vore ein auke på 56,7 prosent i dødsfall forårsaka av hete blant personar over 65 år.  I 2018 døydde 290 000 personar som eit resultat av at det var for varmt. 

Samtidig gjekk 300 milliardar arbeidstimar i heile verda tapt i 2019 på grunn av for høg varme.  Indonesia og India var mellom dei hardast råka, men også Europa opplevde store kostnader på grunn av folk som døyde av for sterk varme i 2018.

Rapporten har også fått inn data på kor mange personar i 114 land som var utsette for stor eller svært stor fare for skogbrannar i perioden 2001-2004 samanlikna med perioden 2016-2019. Den viser at det i gjennomsnitt var ein auke i talet på dei dagane då dei kunne oppleva slike øydeleggjande brannar.

Global mattryggleik er truga av høgare temperaturar

67 prosent av byane i verda opplevde klimaendringar som gjekk ut over dei offentlege helseressursane og infrastrukturen. Klimaendringane skaper også skader på miljøet som igjen fører til helseproblem. Også den globale mattryggleiken er truga av høgare stigande temperaturar. Det globale potensialet for dyrking av matplantar har gått ned med 1,8 og 5.6 prosent mellom 1981 og 2019, går det fram av rapporten.

Infeksjonssjukdomar spreier seg raskt

Klimaendringane har også ført til at infeksjonssjukdomar som dengue-feber har spreidd seg raskt sidan 1950-talet. I 2018 auka tilfella av dengefeber med 15 prosent. Det har også vore regional auke i talet på malariatilfelle. I framtida vil mellom 145 millionar og 565 millionar personar kunne bli skadelidande av at sjøen går over sine  breidder på grunn av at havnivået vil stiga.  

I fleire år var bruken av energi produsert av kol på veg ned. Men mellom 2016 og 2018 gjekk bruken av kolkraft opp med 1,7 prosent. Kvart år døyr 1 million menneske av luftforureining forårsaka av bruk av kol.

Feil veg

Utslepp frå husdyr steig med 16 prosent frå 2000 til 2017, 93 prosent av utsleppa kjem frå drøvtyggjarar. Også eit endå større forbruk av raudt kjøt førte til 990 000 dødsfall i 2017, trekkjer rapporten fram. Forfattarane bak rapporten konstaterer at fem år etter Paris-avtalen går  resultata av arbeidet for å få stansa klimaendringane feil veg, etter at det i fleire år har vist positive tendensar.

21 prosent årleg vekst i fornybar energi

Dei positive teikna dei trekkjer fram er at den gjennomsnittlege årlege veksten i fornybar energi var på 21 prosent frå 2010 til 2017. Energikjelder med låge CO2-utslepp utgjorde 28 prosent av den totale energibruken i Kina i 2017.  Dessutan konstaterer dei at 51 land har laga planar for å førebu helsepersonell, som legar og sjukepleiarar, og helseinstitusjonane på klimaendringane.

Helsepersonell kan læra av pandemien

Når det gjeld covid-19-pandemien meiner rapporten at helsepersonell kan bruka den kunnskapen dei har fått gjennom behandlinga av desse pasientane også til behandling av pasientar som blir direkte eller indirekte råka av klimaendringane. Globalt må det gjerast ei vurdering av kva personar som er i den høgaste risikosona for å bli råka av både pandemien og klimaendringane.

Tilrår investeringar i fornybar energi og rein luft

I rapporten blir det peika på at noko av det viktigaste dei har lært av korleis globale og nasjonale økonomiar har reagert, og kva effekt desse handlingane har på helsa og miljøet, er kva langtidsverknader dei kan få, slik at dei kan byggja opp under ei berekraftig utvikling i framtida. Det viktigaste dei må ta omsyn til er omsorga og den livslange helsa til pasienten.

Økonomiske redningspakker som støttar opp under utdatert fossildriven energi og transport, vil føra til ein auke i talet på dei sju millionar menneska som årleg døyr av luftforureining. Derimot vil investeringar i fornybar energi og rein luft, aktiv reiseinfrastruktur, og fysisk aktivitet, i tillegg til klimasmart helseomsorg, vera mykje meir effektive enn desse utdaterte metodane, står det i rapporten.  

Fryktar verda vil feila i å nå hovudmålet i Paris-avtalen

I rapporten vert det understreka at måten verda møtte pandemien på, også kan brukast for å redusera klimaendringane eller effekten av dei. Det handlar om å identifisera dei som tilhøyrer risikogruppene, klargjera heile kapasiteten til  den offentlege helsesektoren og utvikla og investera i godt førebudde tiltak og understreka at alle får lik tilgang til behandling.

Dersom ein ikkje tar høgde for framtidige konsekvensar av klimaendringane, vil innsatsen som er gjort for å førebu framtidige pandemiar, verta underminert. Konsekvensane av pandemien vil visa seg i den økonomiske, sosiale og i den miljømessige politikken til alle regjeringar dei neste fem åra. Og det er akkurat gjennom dei fem åra det er meininga at den globale oppvarminga ikkje skal stiga høgare enn til 1,5 grader over temperaturen i førindustriell tid. Så lenge covid-19-tiltaka ikkje heng saman med svara på klimaendringane, vil verda feila i å nå hovudmålet i Paris- avtalen. Det vil gå utover helsa vår både på kort og lang sikt, er den dystre konklusjonen i rapporten frå The Lancet.

– Helse- og klimaendringar heng klart saman

Før helga blei innhaldet i rapporten diskutert på eit digitalt seminar på Universitetet i Oslo. Viserektor Åse Gornitzka tykte innhaldet i rapporten var svært viktig.

– Om folk ikkje bryr seg om klimaendringane, bryr dei seg i alle fall om eiga helse. Likevel finst det nokon som ikkje tar innover seg harde fakta.  Me ser at helse og klimaendringar heng klart saman. No treng me forsking som viser kostnadane ved å auka farten på å gjennomføra tiltak mot klimaendringane. Rapporten viser at helsepolitikk også er klimapolitikk, sa Gornitzka. 

– Gir grunn til optimisme

Melissa C. Lott, medredaktør for rapporten og seniorforskar ved Senter for global energi, Columbia University, USA, deltok også digitalt under Oslo-lanseringa av rapporten.

– Me har alle merka effektane av klimaendringane, men ikkje alle har merka dei i same grad. Nokre er langt meir utsette for konsekvensane av endringane enn andre. No har pandemien kome på toppen av klimaendringane. Nokre land i Europa og Asia har vist oss korleis det går an å gjera noko med begge desse utfordringane gjennom å satsa endå meir på helsevesenet. Det gir grunn til optimisme, sjølv om fleirtalet av landa i verda ikkje svarar på utfordringane, slik me helst ville at dei skulle ha gjort det, sa Melissa C. Lott under Oslo-lanseringa av rapporten rett før helga.

– Me er ikkje uovervinnelege

Tidlegare direktør for Forskingsrådet, John-Arne Røttingen er no blitt ambassadør for global helse. Også han helsa rapporten velkommen og meinte den viste fram viktige effektar av pandemien og klimaendringane.

– Pandemien har vist oss at me ikkje er uovervinnelege. Alle har me merka effektane av pandemien, uansett land, folkegruppe eller sosial gruppe. Me ser også at helse er den faktoren me set aller mest pris på. Kvar enkelt av oss set også helse høgare enn alle andre verdiar. Derfor er me villige til å halda oss heime og ha heimekontor for å ta best mogleg vare på helsa vår. Når det gjeld energiproduksjon, så fører den til stor luftforureining til skade for helsa og for klimaet. Derfor må me produsera energivennlege komfyrar og satsa på elektrisitet produsert av fornybar energi, sa Røttingen.  

UNESCO ber universiteta ta tak

Biologiprofessor Dag O. Hessen på UiO leier eit senter som ser på forholdet mellom helse og klimaendringar. Det ber namnet Centre of Biogeochemistry in the Anthropocene. Også han var invitert til å kommentera innhaldet i rapporten.   

– Kanskje dei tiltaka me har gjennomført for å stansa pandemien også kan brukast for å stansa klimaendringane. UNESCO-initiativet konkluderer med at fattigdom, ulikskap, klima, naturøydelegging og helse er knytte tett saman. Organisasjonen appellerer derfor til universiteta om at dei bør ta på seg oppgåva med å setja opp verdiar, sørgja for tverrfagleg kunnskap og forsyna oss med “rett” utdanning, forsking og formidling, sa Dag O. Hessen.

Og til slutt stilte han eit spørsmål mange lurer på: – Kan øydelegginga vår av naturen vera ansvarleg for covid-19? Så peika han på høvet til at vitskap, sosiale normer og tiltak mot covid-19 saman kan føra fram til ei berekraftig jord. Om me held fram som før vil ikkje jorda lenger vera berekraftig, var konklusjonen i ein plansje han viste fram.

 

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk, Helse, Medisin Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2020 05:30

Hei

Takk for fin omtale av vårt Lancet Countdown Seminar. Det er det andre året at Senter for Global Helse ved Medisinsk fakultet gjør dette. I år gjorde vi dette sammen med flere andre sentre ved UiO. Dette ble ikke organisert av Helsam. Mvh Jeanette H. Magnus, Direktør for Senter for Global Helse

Jeanette H. Magnus - 9. des. 2020 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere