Bier og humler skal reddast for å redda oss

– Utan pollinering blir det ikkje noko liv på jorda. Då kan me berre leggja oss ned og døy. Det sa universitetslektor Kristina Bjureke frå Naturhistorisk museum då statsrådane Olaug Bollestad og Sveinung Rotevatn i dag lanserte regjeringa sin tiltaksplan for ville pollinerande insekt.

VERN: No skal humler og bier og andre ville pollinerande insekt få vern. Insektsforskar Hallvard Elven ved Naturhistorisk museum fanga eit eksemplar og viste den fram under lanseringa av tiltaksplanen for desse insekta i dag. 

Foto: Martin Toft

Det var slåtteenga til Naturhistorisk museum i det eine hjørnet av naturparken i Ola Narr i Oslo som var plassen som var valt då landbruksminister Olaug  Bollestad og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i dag sparka i gang tiltaksplanen for pollinerande insekt. 

Dette er tiltaksplanen for ville pollinerande insekt:

Fylgjer opp Nasjonal pollinatorstrategi frå 2018

Skal bidra til å nå den overordna strategien om å sikra levedyktige bestandar av villbier og andre pollinerande insekt for å oppretthalda pollinering i matproduksjon og i naturlege økosystem.

Norsk raudliste for artar viser at situasjonen for pollinerande insekt i Noreg har blitt verre dei siste 50 åra. 25 prosent av ville, pollinerande insektsartar er oppførtepå Norsk raudliste for artar og 16 prosent er klassifiserte som truga.

I tillegg til Klima- og miljødepartementet og Landbruks-og matdepartementet er fire andre departement involverte i planen.

Tiltaksplanen skal fungera fram til og med 2028.

(Kjelde:Tiltaksplan for ville pollinerende insekter 2021—2028,Departementene)

Har starta eit overvakingsprogram

Målet regjeringa har med tiltaksplanen er at den skal styrkja kartlegging av areal viktig for pollinerande insekt. Eit tiltak skal sjå på korleis nasjonale styringsverktøy kan nyttast og styrkast for å redusere tapet av leveområde for pollinerande insekt. For å kunna seia korleis utviklinga går i Noreg har Klima- og miljødepartementet også starta eit overvakingsprogram for ville pollinerande insekt, går det fram av ei felles pressemelding frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Omsynet til ville pollinerande insekt skal styrkast i kommunal forvaltning, og nokre kommunar som ynskjer det skal bli føregangskommunar for tiltak dei kan gjera for pollinerande insekt, står det også  i pressemeldinga.

I formiddag blei tiltaksplanen presentert på slåtteenga som Naturhistorisk museum har laga til på Ola Narr i Oslo. Der hadde dei to statsrådane Sveinung Rotevatn og Olaug Bollestad selskap av universitetslektor Kristina Bjureke og entomolog (insektforskar) Hallvard Elven frå Naturhistorisk museum på UiO. Begge kom med gode argument for kvifor det er så viktig å ta vare på dei pollinerande insekta gjennom å ta vare på slåttengene rundt omkring i heile landet.

– Me vil sjå tistlar og nesler

– Kunnskap skal me spreia til skular, til vaksne, nettsider, faktablad, media om kunnskapen som trengst for at alle skal vera einige om at utan pollinering blir det ikkje noko liv på jorda. Då kan me berre leggja oss ned og døy, sa Kristina Bjureke.

 

 

 

 

HJARTEROT: Universitetslektor Kristina Bjureke frå Naturhistorisk museum meinte det var viktig å gi plass til planta hjorterot i blomsterengene som no vert oppretta. (Foto: Martin Toft)

Ho oppfordra samtidig folk til å dyrka alle slags plantar uansett korleis dei ser ut.

– På Facebook-sidene sine viser folk fram berre vakre blomar. Me vil sjå tistlar og bringebærris og nesler, plantar som ikkje ser så fine ut, men som er svært viktige for dei pollinerande insekta. Larvene treng også ein plass der dei kan utvikla seg. Derfor må me tenkja mangfald, sa Kristina Bjureke. 

Så slo ho eit ekstra slag for ein bestemt plante.

– Dette er hjorterot, og det er ingen andre som har hatt hjorterot med i ei slik blomstereng. Den er regionalt sjeldan og  veks frå Moss og hit, og berre i dette arealet. Og det finst fleire insekt som likar den, slo ho fast. Til slutt overrekte ho eit eksemplar av planten til landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Folk er opptatt av å ta vare på desse insekta

Insektsforskar Hallvard Elven hadde notert seg ei haldningsendring hos folk når det gjeld synet på pollinerande insekt.

– No er folk opptatt av å ta vare på desse insekta og gir til dømes ei sliten humle litt ekstra sukker for at den skal koma seg på vengene igjen, sa han til Uniforum før lanseringa av tiltaksplanen. 

– Glad

Og han var svært nøgd med at det no skal satsast norsk når landbruket har sådd 4000 kilometer med plantestriper.

– Eg er svært glad for at det skal satsast på å laga striper i landbruket med norske frøblandingar. Tidlegare har det blitt sådd framande plantar med mykje pollen og nektar og dei har vore populære hos nokre få insekt. Alle insekt har fleire krav i løpet av livssyklusen. Hos dei blomstersøkjande insekta er  blomar med nektar og pollen ein del av reknestykket, men berre ein del. Det finst fleire livsstadium, og dei fleste er larver ein stor del av livet, og då krev dei heilt andre ting. Ei god blomstereng må oppfylla alt saman, konstaterte han.

Også Hallvard Elven snakka fram blomen hjorterot.

– Kristina nemnde hjorterot. I tillegg til at den har blomar som tilbyr pollen og nektar, så er den også eit viktig vekstområde for sommarfugllarver, inkludert to eller tre artar som berre har den som vertsplante, forklarte han.

– Med det moderne landbruket er også denne  menneskeskapte naturen i ferd med å forsvinna og med den også mange artar, slo han fast.

Ei oppfylging av tidlegare pollinatorstrategi

Tiltaksplanen som regjeringa la fram i dag er ei oppfylging av den nasjonale pollinatorstrategien frå 2018. Sidan 2018 er det mellom anna oppretta ei tilskotsordning for pollinatortiltak, igangsett eit nasjonalt overvakingsprogram for ville pollinerande insekt og ei tilskotsordning til blomestriper i jordbruket, står det i ein omtale av tiltaksplanen i pressemeldinga frå regjeringa.

– Viktige for oss menneske

Under lanseringa peika klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på kor viktig rolle desse insekta spelar for livet på jorda.

– Bier og andre pollinerande insekt er viktige for oss menneske. Dei er avgjerande for at plommetre, epletre og andre tre kan bera frukt. Dei må til for at me skal få kaffi, jordbær, grønsaker og andre vekstar. Dei må til for at me skal få mat, understreka han.

– Problemet no er at talet på pollinerande insekt går ned. Derfor legg regjeringa i dag fram ein tiltaksplan som me håpar skal vera til god hjelp for å redda desse livsviktige små hjelparane våre, sa han.

Han viste til at planen var svært omfattande og hadde 24 nye tiltak som skal bidra til kampen for å betra tilstanden til insekta i Noreg.

– Me ser svært alvorleg på  den nedgangen me ser i talet på pollinerande insekt både i Noreg og i andre land. Planen skal sikra at me har pollinerande insekt både i matproduksjonen og dei naturlege økosystema. Derfor er eg glad for at me kan leggja fram denne planen ved ei blomstereng midt i hovudstaden. Dersom me skal snu trenden for insekta våre, treng me å auka talet på blomsterrike område, trekte han fram.

KUNSTEN Å SLÅ MED LJÅ: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og landbruks-og matminister Olaug Bollestad fekk demonstrert at dei kunne kunsten å slå med ljå på blomsterenga på Ola Narr i Oslo. Det skjedde under lanseringa av tiltaksplanen for ville pollinerande insekt. (Foto: Martin Toft)

– Landingsplassar

Deretter overlet han ordet til landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Det me snakkar om her er landingsplassar for at mange av insekta skal kunna gjera ein jobb. Sidan 2018  har landbruket brukt 100 millionar kroner i året på  tiltak som skal betra forholda for dei insekta som me snakkar om. Berre i sommar har bøndene sådd 4000 kilometer med blomsterstriper i landet vårt. Me synest det er flott å sjå det med det blotte auga, og eg er sikker på at biene også synest det er stas. Me gir også tilskot til å rydda areal, slik at det ikkje gror igjen, til beiting og ikkje minst til slått av blomsterenger. Og i mange år har me i Landbruks- og matdepartementet saman med Klima- og miljødepartementet gitt tilskot til kulturlandskapet og tiltak for pollinerande insekt går inn under denne forvaltninga av område som me gir tilskot til, fortalde statsråd Olaug Bollestad.

Heile seansen blei avslutta med at klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre og landbruks-og matminister Olaug Bollestad frå Kristeleg Folkeparti fekk kvar sin ljå for å slå blomsterenga. Etter det Uniforum kunne observera kom begge ganske godt frå den oppgåva.

– Har tatt urimeleg lang tid

Generalsekretær Christian Steel i miljøorganisasjonen Sabima tykkjer det har tatt altfor langt tid å få sy saman denne planen. 

– Etter drøyt fem års arbeid og eit par utsetjingar, den blei først lova før jula 2020, og så før sommaren 2021) har tiltaksplanen endeleg kome. Me synest det har tatt urimeleg lang tid, og at kvaliteten på tiltaka ikkje står i stil med kor lang tid regjeringa har brukt, seier han i ein epost til Uniforum. 

Christian Steel viser til at Sabima har gått gjennom dei 24 tiltaka.

– Me legg mest vekt på det med å leggja til rette for fleire og betre leveområde for insekta. Me vil heller ha insekta rundt oss, enn ei nøyaktig skildring av korleis dei forsvann. Det viktige er å faktisk leggja til rette for at insekta får det betre, ikkje berre forska på det og snakka om det, meiner han. Organisasjonen han representerer, Sabima, er ein paraplyorganisasjon for dei biologiske foreiningane i Noreg.

Christian Steel viser til at av 14 tiltak for leveområda, vurderer dei 2 som «ikkje noko nytt», 9 som «uklare» og 3 som «vil gi effekt».

 -Det viktigaste nye tiltaket som vil gi effekt er at produksjon av ville blomsterengfrø blir omfatta av ei tilskotsordning, slik at det blir meir pengar til arbeidet NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi/Red.merknad ) gjer på dette. Det er viktig og bra, synest han.

– Insekta har ikkje tid til å venta

Christian Steel trekkjer også fram tiltaket med pilotkommunar, skjøtsel av «støtteareal» mellom dei viktigaste kulturlandskapa og oppdatering av rettleiingsmateriell som bra, men han meiner tiltaka har uklare rammer, mål og tidsfristar.

-Det er bra at tankar og tiltak blir samla og at sektorane samarbeider, og det er flerie bra anslag til tiltak, men det er vanskeleg å vurdera om tiltaksplanen vil få effekt og når. Dette har ikkje insekta tid til å venta på, poengterer  Christian Steel i Sabima i eposten til Uniforum.

(Oppdatert klokka 17:14 med kommentar frå generalsekretær Christian Steel i Sabima)

 

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Naturfag, Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2021 16:36 - Sist endra 12. aug. 2021 10:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere