Sveinung Rotevatn: – Menneskeleg påverknad er årsaka til klimaendringane

– Rapporten slår fast som eit ugjendriveleg faktum at menneskeleg påverknad er årsaka til klimaendringane. Det sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn då han tok imot første delen av den sjette rapporten til FNs klimapanel frå CICERO-forskar Jan Fuglestvedt i Klimahuset på Naturhistorisk museum i ettermiddag.

To menn står på ei scene med fire bord

UGJENDRIVELEG: Det er eit ugjendriveleg faktum at klimaendringane er eit resultat av menneskeleg påverknad. Det sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn etter å ha fått første del av FNs klimapanels sjette rapport overlevert av CICERO-forskar Jan Fuglestvedt.

Foto: Martin Toft

Klimaendringar går føre seg på heile jorda og endringane i dag er større enn på tusenvis av år. I første delen av den sjette hovudrapporten til FNs klimapanel(IPCC) som blei lansert i dag, konkluderer panelet med at me kan koma til å oppleva år med 1,5- graders oppvarming allereie på 2030-tallet og at ekstremvêr vil bli både hyppigare og sterkare. Det skriv CICERO Senter for klimaforsking i ei pressemelding som inneheld ei oppsummering av rapporten.  

Dette er nytt i dagens rapport frå Klimapanelet: 

For første gong gir Klimapanelet ei meir detaljert vurdering av regionale klimaendringar. Dette inkluderer auka informasjon som er relevant for regional risikovurdering, tilpassing, og anna avgjerdstaking.

Det er eit nytt rammeverk som bidrar til å forstå korleis fysiske endringar i klima, som varme, kulde, regn, tørke, snø, vind, kystflom og meir, påverkar samfunnet og økosystema.

  • Med 1,5 grader oppvarming vil det bli lengre varme årstider og kortare kalde årstider.
  • Med 2 grader oppvarming vil ekstremvarme oftare nå kritiske utfall for jordbruk og helse. Nord-Europa – og Noreg – vil få varmare og våtare klima, med meir ekstremvarme, kraftig nedbør, og flaum.
  • Nær alle kystregioner vil oppleva fleire flaumar.

Det vert rekna med at temperaturauken i Arktis vil vera meir enn dobbelt så rask som gjennomsnittleg global oppvarming.

  • Urbane område intensiverer menneskeskapt oppvarming lokalt. (Kjelde: Miljødirektoratet)

    Stolt over bidraget frå norske forskarar

    Klimahuset var altså scenen for overrekkinga av rapporten til klima-og miljøminister Sveinung Rotevatn tidlegare i ettermiddag. Det var CICERO-forskar Jan Fuglestvedt som på vegner av alle dei norske forskarane som har bidratt, fekk oppdraget med å gi rapporten vidare til statsråden. 

    – Eg er stolt over at så mange norske forskarar har vore med i arbeidet med å laga den første delen av FNs klimapanel sin sjette rapport. Men eg kan ikkje seia at eg er glad for å ta imot denne rapporten, sa Sveinung Rotevatn etter å ha tatt imot den oppdaterte diagnosen for jordas klimatilstand.

    – Rapporten slår fast som eit ugjendriveleg faktum at menneskeleg påverknad er årsaka til klimaendringane. Dette er ikkje noko forskarar har funne på, minna han om.

    – Verda kan klara dette

    No håpar klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn at klimaendringane blir eit tema i valkampen før stortingsvalet 13. september.

     – Det er mange som blir motlause og trur at alt håp er ute når dei ser slike funn. Det er det ikkje. Verda kan klara dette, for det er lys i den andre enden av tunnelen. Kor store klimaendringane blir, er avhengig av kor store utsleppa blir. Dermed må Noreg og andre land få ned utsleppa.  I Noreg har me klart det dei siste fem åra, men det er sjølvsagt ikkje godt nok, meinte han. 

    – Alle land må bidra

    Då han fekk spørsmål frå TV 2 om korleis olje- og gassnasjonen Noreg skal klara å få ned klimautsleppa når landet opnar for meir oljeleiting, kasta han hansken vidare til Stortinget. 

    – Det er stor politisk usemje om oljepolitikken i Noreg. I Stortinget er det fleirtal for vidare oljeleiting, noko eg personleg er imot. Eg håpar mange fleire vil forstå det, sa han.

    Og han meinte det ikkje er nok at berre den største produsenten av klimagassar, Kina, kuttar utsleppa.

    – Det er ikkje nok. Alle land må bidra, var han overtydd om. 

    Sveinung Rotevatn tykte Noreg hadde gått føre og vist verda korleis det kan gjerast på eit område.

    – Noreg har lege milevis framfor resten av verda når det gjeld satsing på elbilar og på miljøvennleg sjøtransport. Og når eg besøkjer store bedrifter som Aker Verdal, oppfordrar dei regjeringa til å satsa på havvind og fornybar energi,  understreka han.  

    – Les rapporten!

    Etter overrekkinga stilte klimaforskarane frå Noreg opp i eit panel for å svara på spørsmål frå pressa. På spørsmål frå Uniforum om kva dei no ville oppfordra politikarane til å gjera, kom dei med eit klart råd. 

    – Les rapporten! Jan Fuglestvedt understreka også ein ting til.

    – Klimapanelet kan berre koma med tilrådingar. 

    Direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro peika også på fylgjande. 

    – Skiljet mellom politikk og forsking er også viktig for truverdet til denne rapporten.

    Koronapandemien forseinka rapporten

    Trude Storelvmo er ein av to forskarar frå UiO som har deltatt i arbeidet med den første delen av den sjette rapporten til FNs klimapanel(IPCC). Det arbeidet har professor i meteorologi og klima ved Institutt for geofag halde på med dei siste fire åra.  Ho har vore koordinerande hovudforfattar medan professor Terje Berntsen ved det same instituttet har vore hovudforfattar. No er Trude Storelvmo glad for at dette oppdraget er over.

    FIRE ÅR LANGT ARBEID: I fire år har professor Trude Storelvmo ved Institutt for geofag på UiO deltatt i arbeidet med den første delen av den sjette rapporten til FNs klimapanel. I dag blei den lansert i heile verda og på Klimahuset i Naturhistorisk museum på UiO. (Foto: Martin Toft)

     – Ja, som forskar vil eg helst ha tid til å jobba med eigne forskingsprosjekt. Det vil eg få meir tid til no, fortel ho til Uniforum etter at pressekonferansen i Klimahuset er over.  På slutten av arbeidet kom også koronapandemien. Det førte til ein del utilsikta fylgjer.

    – Det tok lengre tid enn me hadde planlagt for me måtte erstatta fysiske møte med digitale møte. Då er det unekteleg sånn at me ikkje klarer å vera like effektive, samtidig som me hadde utfordringar med ulike tidssoner for forskarane,  forklarar ho. 

    Trude Storelvmo trur likevel det ikkje har fått noko å seia for kvaliteten på rapporten.

    – Eg trur den blei like god, som den hadde blitt elles, men me måtte bruka lenger tid. Det har vore meir krevjande for forfattarane, men me har fått eit like bra resultat, er ho overtydd om.

    – Kan utelukka dei aller lågaste tala for klimafølsomheit

    Funnet som Trude Storelvmo har bidratt med til rapporten, handlar om kor følsamt klimaet er. – Den viktigaste konklusjonen i kapittelet vårt var at me kan faktisk utelukka dei aller lågaste tala for klimafølsomheit. Eg trur at for mange så hadde dei kanskje eit lite håp om at klimafølsomheita skulle vera endå lågare enn det me trudde tidlegare og at det skulle kunna redda oss litt, men det har me ganske eintydig no konkludert med at det er nærast sikkert at klimafølsomheita er større enn 1,5 grader. Me må derfor slutta å håpa at klimafølsomheita er låg. Det er den ikkje, slår Trude Storelvmo fast.

    – Ei viktig nyvinning

    Ho trekkjer fram at konklusjonen i den første delen av rapporten er resultat både av klimamodellar, studiar, observasjonar, teori og prosessforståing.

    – Alle desse ulike studia trekte saman utgjer rapporten. Så derfor er det me saman som kan trekkja så sterke konklusjonar. Om me berre hadde hatt dei globale klimamodellane, ville me ikkje klart å trekkja like robuste konklusjonar. Det er også ei viktig nyvinning at me i større grad klarar å kombinera ulike kjelder til informasjon for å trekkja sterkare konklusjonar, understrekar ho.

    – Dette er framleis ei sterk åtvaring om å få gjort noko med klimaendringane?

    – Ja, frå vår side og frå det eg sa om klimafølsomheit, er det endå større grunn til å gjera noko no enn tidlegare fordi at tidlegare var me opne for at det var ei viss moglegheit for at klimafølsomheita var så låg at det ikkje var noko farleg av den grunn. Det er no klart at det kan me utelukka, konkluderer Trude Storelvmo. 

    Og frå i dag er arbeidet hennar med den sjette rapporten til FNs klimapanel  (IPCC) over.

    – No er det andre ekspertar som skal trø til. Dei to neste delane av rapporten skal handla om effektar, tilpassingar og klimatiltak. Det faglege grunnlaget mitt handlar om det fysiske klimasystemet. Vårt bidrag var å gi eit godt fagleg grunnlag av det fysiske klimasystemet før andre ekspertar overtar arbeidet med resten av rapporten. Det er ikkje tilfeldig at delrapportane kjem i denne rekkjefylgja. For dei andre delrapportane er avhengige av solide konklusjonar frå oss, peikar ho på.

    No ser Trude Storelvmo fram til å driva meir eiga forsking.

    – I Klimapanelet har me vurdert andre sine forskingsartiklar objektivt. Det blir fint no å kunna forska på eigne prosjekt, vedgår ho.

    Dei andre forskarane frå Noreg som har deltatt i arbeidet med den første delen av den sjette rapporten til FNs klimapanel er CICERO-forskarane Jan Fuglestvedt, Bjørn Hallvard Samset og Jana  Sillmann. Dessutan har CICERO-forskarane Kari Alterskjær og Marianne Tronstad Lund bidratt. Også UiO-forskar Terje Berntsen er blant forskarane som har deltatt i arbeidet med rapporten.  Asgeir Sorteberg, professor ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret, er ekspert på ekstremvêr og har vore høyringsredaktør for rapporten. Havisekspert Sebastian Garland frå Norsk Polarinstitutt har også vore med i arbeidet  bak denne rapporten. 

    Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
    Publisert 9. aug. 2021 19:56 - Sist endra 10. aug. 2021 10:08
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere