Trude Storelvmo jaktar på klimaspor i skyene

Trude Storelvmo forskar på aerosolar og skyer og korleis dei påverkar klimaet. No har forskinga blitt lønna med UiOs pris for yngre forskarar.

SER PÅ SKYENE:  Trude Storelvmo får pris for yngre forskarar for jakten på klimaspor i skyene: – Nokre av forskingsprosjekta mine har faktisk vist at klimaet er meir kjenslevart enn det me har trudd tidlegare. Det har gjort meg endå meir uroa, eigentleg, seier ho. 

Foto: Ola Gamst Sæther

–  Det er  kjempestas å bli sett pris på  og at folk har lagt merke til forskinga mi. Det er ein kjempebonus og ein fin motivasjon, seier den unge 41-åringen, Trude Storelvmo til Uniforum då me treffer henne på kontoret hos Institutt for geofag i Krisitne Bonnevies hus på Blindern. Der arbeider ho som professor i meteorologi og klima.

 

Dette er Trude Storelvmo:

- professor i meteorologi og klima, Institutt for geofag, UiO, 41 år og frå Narvik

- forskar på korleis  aerosolar og skyer påverkar klimaet

- har ERC Starting Grant frå EU og deltar i det tverrfaglege prosjektet EMERALD . Ho forskar også på dei økonomiske konsekvensane av klimaendringane

- har tidlegare vore postdoktor ved ETH Zürich i Sveits og førsteamanuensis ved Yale.

Aktuell: Ho er tildelt UiOs pris for yngre forskarar og får prisen i Universitetets aula onsdag 2. september

(Kjelder: UiO og Trude Storelvmo)

 

– Eg hadde ein ekstremt flink rettleiar

Den gongen Trude Storelvmo gjekk på barneskulen i  Narvik var aldri tanken at ho skulle bli forskar når ho blei stor.

– Nei, det kan eg ikkje skryta på meg. Eg har alltid vore glad i matematikk og fysikk og eg har foreldre som er fysikk- og matematikklærarar. Så dette blei berre ein spennande måte å bruka matematikk- og fysikk-kunnskapane på. Det vaks seg nok fram i løpet av studietida, seier ho.  For den gongen møtte ho ein professor som staka henne inn på forskarkursen.

– Eg hadde ein ekstremt flink og entusiastisk rettleiar på både master og doktorgraden. Det var nok då eg fekk lysta til å gå vidare, Det var professor Jon-Egill Kristjansson, fortel ho.

Overtok stillinga etter rettleiaren sin

Då Trude Storelvmo var ferdig med doktorgraden i  2006, såg ho likevel ikkje føre seg nokon akademisk karriere på Universitetet i Oslo. Det var ingen ledige jobbar i hennar fagfelt. Derfor drog ho først til eitt av Europas beste universitet, ETH i Zürich i Sveits der ho var postdoktor og seinare fekk ho jobb som førstamanuensis ved Yale University. Då dei hadde budd åtte år i USA,  skjedde det noko tragisk som samtidig førte heile familien tilbake til Noreg.

– For fire år sidan døydde den tidlegare rettleiaren min på UiO  Jon-Egil Kristjansson i ei tragisk klatreulykke. Og den stillinga eg har i dag, er faktisk den stillinga som blei utlyst etter at han gjekk bort. Så det er ein svært spesiell situasjon å vera i, synest ho. 

Og Trude Storelvmo er svært takksam for den inspirasjonen han gav henne.  

– Han hadde ein glødande entusiasme for forsking som eg sjeldan har sett. Det har smitta over både på meg og på mange andre av studentane hans også,  seier ho litt rørt.

– Ein ung forskar med ein margin på seks dagar

– Den gongen tenkte du ikkje at du ein gong ville få ein pris for yngre forskarar?

– Nei, det tenkte eg ikkje. Og kollegaene mine fleipar med meg og seier at eg kan karakteriserast som ein ung forskar med ein margin på seks dagar, sidan eg har fått litt frådrag for permisjonar og sånt, seier ho med ein strålande latter.

GØY: – Eg er nøydd til å seia at når eg får ein pris, så er det også fordi eg har jobba med mange flinke studentar og postdoktorar både i utlandet og her no. Det er samarbeid som gjer forskinga gøy, synest Trude Storelvmo. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Mannen, Thomas Leirvik, er økonom og arbeider på Handelshøgskolen ved Nord Universitet i Bodø. Der bur han saman med barna, medan Trude Storelvmo arbeider på Universitetet i Oslo og pendlar til familien eit par gonger i månaden.

– Det var vanskeleg å få jobb for begge på den same institusjonen, var erfaringa hennar. Ved Nord Universitet har ho sjølv eit gjesteprofessorat.

– Først og fremst klimaforskar

Den faste kontorplassen sin har ho  på Institutt for geofag i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Og der har ho spesialisert seg på aerosolar og skyer.

– Eg ser på korleis aerosolar og skyer påverkar klimaet.  For først og fremst er eg klimaforskar. Så prøver eg å forstå korleis aerosolar, som er partiklar som svever rundt i atmosfæren, påverkar klimaet i tillegg til drivhusgassar som me har høyrt meir om. Det som har skjedd sidan den industrielle revolusjonen, er at me har slept ut masse drivhusgassar, men samtidig også masse partiklar. Dei har også hatt ein klimaeffekt.  Dei har hatt ein netto avkjølande effekt. Me har hatt mindre oppvarming enn det me ville hatt, om me ikkje hadde slept ut partiklar på same tid som drivhusgassar, forklarar ho. 

– Og me slit med å koma til botn i det

Så tar Trude Storelvmo skikkeleg sats for å kunna svara på eit av dei vanskelegaste spørsmåla ho får om forskinga ho held på med:

– Det som er den store utfordringa er å finna ut akkurat kor stor avkjøling me har fått gjennom dei partiklane, for då vil me få ei betre forståing av kor mykje oppvarming me får på grunn av desse drivhusgassane basert på dei observasjonane me har tilgjengelege.

– Det har vist seg at det har vore eit veldig vanskeleg problem å løysa. Det problemet har vore med oss i klimaforskinga i fleire tiår. Og me slit med å koma til botn i det, rett og slett. Aerosolar kjem i mange forskjellige  former og fasongar. Dei er svært heterogene i rom og tid. Det er fordi dei har ganske kort levetid. Frå me slepp dei ut, held dei seg i atmosfæren i ei veke eller to, og så blir dei vaska ut av regn. Det vil seia at me har mange aerosolar i nærleiken av forureiningskjelda, og ikkje så mange langt unna. Det er ikkje slik som er tilfellet med CO2, som er ein drivhusgass, som du kan måla overalt i atmosfæren og så er det ganske representativt for CO2 i atmosfæren generelt. Slik er det absolutt ikkje med aerosolar. Det er ein av grunnane til at det har vore vanskelegare å finna ut av kor mykje aerosolar me har i atmosfæren til ei kvar tid og også kva effekten er på klimasystemet.

– Endrar skyene

– Og aerosolar finn me i nærleiken av fabrikkar som forureinar?

– Ja, og overalt der det er transport som og der ein brenn biomasse og brensel, vert det sleppt ut partiklar i tillegg til drivhusgassar. Desse partiklane reflekterer sollys tilbake til atmosfæren, og det er det som delvis gjer at dei har ein avkjølande effekt, forklarar ho.

– Så tar dei også og endrar skyene, For skyer kan ikkje dannast utan at ein har slike små partiklar som skydråpane kan festa seg til. Om me får fleire slike partiklar som skydråpane kan festa seg til, så endrar det skyene. Dei blir meir reflektive og betre til å reflektera sollyset ut i verdsrommet. Dermed  får me ein dobbel avkjølande effekt. Det at partiklane reflekterer åleine, og også det at dei gjer skyene litt meir reflektive for innkomande solstråling. Det er kanskje denne linken til skyene og korleis skyene blir endra og endrar refleksjonen frå solstrålinga, som det er spesielt vanskeleg å få nøyaktige data på.

– Og det er det som du held på med no?

– Ja, blant anna. Men eg jobbar også med skyer meir generelt for i tillegg å sjå på kor mykje skyer blir påverka av kor mange partiklar det er i atmosfæren, vert dei påverka av at atmosfæren blir varmare. Det igjen påverkar kor stor oppvarming med får, og det er det  me kallar for ein tilbakekoplingsmekanisme. I dagens klima er det slik at skyer har eim netto avkjølande effekt. I ein hypotetisk situasjon utan skyer, ville me hatt ein langt varmare planet, fortel ho.

– Det store spørsmålet er: Endrar den avkjølande effekten seg når atmosfæren blir varmare, slik me opplever no? Om det er tilfellet, kan skyene forsterka oppvarminga eller dempa den litt. Det er også noko eg har brukt mykje tid på. Begge desse greinene av forskinga mi dreier seg djupast sett om å forstå kor kjenslevart klimaet er for endringar. Me vil prøva å forstå kor stor avkjøling me har fått av aerosolar fram til no, og det kan gi oss ein indikasjon på kor følsamt klimaet er for drivhusgassane.

– Den heilage gralen i klimaforskinga

Og eit anna punkt som Trude Storelvmo vil finna meir ut av, er korleis skyene vil endra seg etter kvart som det vert varmare og varmare.

– Anten vil dei akselerera oppvarminga eller dempa den. Og det går igjen på klimakjenslevarleiken. Me likar å kalla det for den heilage gralen i klimaforskinga.  Gitt om me får ei endring i atmosfærekomposisjonen, kva vil då skje med klimaet? Det er det me må ha svaret på for å få tatt dei rette avgjerdene.

– Du veit nok til at du blir engasjert til å gjera noko med klimaendringane?

– Ja, det er klart. Nokre av forskingsprosjekta mine har faktisk vist at klimaet er meir kjenslevart enn det me har trudd tidlegare. Det har gjort meg endå meir uroa, eigentleg. Dette er sjølvsagt eit heitt og kontroversielt tema og mange studiar kjem ut kvart år.

– Du har også rådd til at Noreg bør lata olje bli liggjande og ikkje halda fram med meir oljeutvinning?

– Ja, me burde i alle fall trappa ned raskt.

– Og det er du ikkje redd for å seia som forskar?

–Nei, så klart ikkje. Det er eigentleg ingen klimaforskararar redde for å seia. Grunnleggjande veit me at det blir varmare så lenge me held fram med å sleppa ut drivhusgassar og me er redde for konsekvensane av det.

– Det er samarbeid som gjer forskinga gøy

No er det ho sjølv som er professor og rettleiar for andre studentar.  Og det er ei oppgåve det er tydeleg at ho både likar og brenn for. 

LEITAR ETTER SVAR: – Det store spørsmålet er: Endrar den avkjølande effekten seg når atmosfæren blir varmare, slik me opplever no? Om det er tilfellet, kan skyene forsterka oppvarminga eller dempa den litt, seier Trude Storelvmo. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– På same måte som rettleiaren min har inspirert meg og sett meg på forskarsporet, så jobbar jo eg no med studentar og postdoktorar. Veldig mykje av forskinga mi og publikasjonslista mi kjem jo av at studentane og postdoktorane mine har kome fram til interessante resultat som eg har vore med på å driva fram. Eg er nøydd til å seia at når eg får ein pris, så er det også fordi eg har jobba med mange flinke studentar og postdoktorar både i utlandet og her no. Det er samarbeid som gjer forskinga gøy, tykkjer ho.

For henne er det også viktig at forskartalenta blir tatt godt vare på.

– Eg brenn veldig for at ein skal bli flinkare til å gi unge forskartalent sjansen litt meir og ha fleire farbare karrierevegar i akademia. Der kunne UO ha vore litt meir framoverlent, meiner ho.

– Prisen er på 250 000 kroner. Kva skal du bruka pengane til? 

– Dei kan gå til eit instrument me har behov for eller til å tilsetja ein flink student for ein sommar. Dei pengane skal nok få bein å gå på, og det ganske fort, lovar ho.

Sjølv om ho først måtte dra til Sveits og seinare til USA for å få seg jobb som forskar etter ferdig doktorgrad frå UiO, angrar ho ikkje på det i dag.

– Det kjennest veldig bra å vera tilbake med dei erfaringane eg har frå utlandet. Eg føler verkeleg at eg har nye idear og noko å koma med som eg kanskje ikkje ville hatt, om eg ikkje hadde reist ut. Ti år i utlandet er med på å prega ein. Eg er ein annan  UiO-tilsett no enn eg hadde vore utan.

– Nokre gonger vert eg utolmodig

Men ho synest ikkje UiO har endra seg på den tida.

 – Nei, ikkje radikalt. Fordelen med å reisa ut er at ein ser korleis ting kan gjerast annleis. Nokre gonger vert eg utolmodig, og  skulle ha ynskt at ting hadde endra seg raskare. Eg er svært glad i UiO som institusjon og eg har studert her. Den er fantastisk og difor vende eg tilbake.

Trude Storelvmo legg ikkje skjul på at ho saknar å ha familien i nærleiken i staden for å pendla til Bodø for å sjå mann og barn.

– Det var ikkje sånn me hadde tenkt det skulle bli. Men no håpar eg snart å få lokka heile familien til Oslo, seier ho.  

Førstkomande onsdag får Trude Storelvmo utdelt UiOs pris for yngre forskarar i Universitetets aula.

Emneord: UiOs priser, Årsfesten, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Klima Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere