Svein Stølen: – Minifestivalen på UiO er ein viktig seanse for studentane

Tysdag 31. august går startskotet for ein minifestival på UiO. Temaet er demokrati  og korleis me omstiller oss til eit berekraftig samfunn. – Det er eit bidrag til å gjera studentane samfunnsengasjerte, seier Svein Stølen. 

Ein mann med paraply står på Universitetsplassen

MINIFESTIVAL PÅ UiO:  – Dette er også eit bidrag til å gjera UiO meir synleg i sentrum og ikkje minst visa fram Domus Bibliotheca som ein debattarena, og etter kvart også opna Universitetets aula igjen som konsert- og kulturscene, fortel Svein Stølen.  (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Universitetet i Oslo hadde ingen eigne arrangement på Arendalsuka i år. I staden slår universitetet til med  sin eigen tre dagar lange minifestival i Domus Bibliotheca,  Domus Media, Universitetshagen og Domus Juridica i sentrum og i Klimahuset i Naturhistorisk museum. Kristine Bonnevie-førelesinga vil gå føre seg i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på Blindern. Heile festivalen blir runda av med UiOs årsfest i Universitetets aula torsdag 2. september klokka 18.00.

– Viktig seanse

Rektor Svein Stølen er glad for at det blir mogleg å realisera mange viktige debattar under festivalen.

– På mange måtar er dette å feira UiOs 210 år lange historie med å vera med på å utvikla Noreg og å vera ein av dei viktigaste institusjonane i landet.  Det skal me vera framover også, så det å tilby studentane våre ein seanse som dette, det tenkjer eg er viktig, seier Svein Stølen til Uniforum.

UiO-rektoren trekkjer fram at eit av måla til universitetet er å gjera studentane til aktive deltakarar av samfunnet og at festivalen er ein del av den oppgåva.

 – Me seier at me skal hjelpa studentane til å verta samfunnsengasjerte og å setja studieprogramma inn i ein større kontekst. Då må me bidra, og det er det som skjer her,  seier han. 

– Morosamt

Mange av debattane handlar om klima og om klimaendringane. Samtidig går festivalen av stabelen like etter at FNs klimapanel har presentert den første delen av sin sjette rapport, medan UiO for litt over ei veke sidan la fram eit utkast til klima- og miljøstrategi.

– Det er morosamt at me no skal ha den første debatten om dette utkastet. Det er det studentane sjølve som arrangerer. Eg tenkjer at det er ein bra start på ein debatt som involverer heile universitetet. Me må handla sjølve om me skal få til dette. Klima er ein ting, men like viktig er det korleis me jobbar med demokratiet. Får me til endringar i ein slik situasjon? Og det er mange  utfordringar som kan treffa og treffer universitetet i desse tidene. Klima og miljø er sjølvsagt ein sentral del, men det handlar om så mykje anna. Også det om å fokusera på demokratiet og kva me er som nasjon.  Det er viktig for oss, understrekar Svein Stølen. 

– Feirar UiOs fødselsdag kvart år

Festivalveka vert avslutta med årsfesten 2. september klokka 18.00.

– Og den viser at me feirar UiOs fødselsdag, ikkje  berre når universitetet fyller 210 eller 200 år, men kvart år. Det er ein fin hyllest og markering for dei fremste forskarane våre, som er med på å bidra til at UiO er eitt av verdas fremste universitet, konstaterer han. 

Akkurat som i fjor er årsfesten denne gongen reservert berre for dei inviterte på grunn av koronarestriksjonane. Men alle, både studentar og tilsette og andre interesserte kan delta på dei andre arrangementa til minifestivalen. Men dei må melda seg på kvart enkelt av møta, og dei finn påmeldingane under kvart tema på festivalsidene. Heile festivalen skal også strøymast på nettet. 

– Tilbake på Arendalsuka neste år

På Arendalsuka tidlegare i august hadde UiO for første gong på mange normalår ingen eigne arrangement.

 – Det var pandemien som gjorde det. Me visste ikkje sikkert om det ville bli ei Arendalsuke. Derfor valde me ikkje å laga eit større opplegg. Me skal nok vera med igjen neste år, men då kan det henda me tenkjer nytt om korleis me skal driva formidlinga vår, og om me skal halda oss i båten eller om me berre skal vera til stades for å mingla med dei andre. Neste år er me tilbake på Arendalsuka, lovar UiO-rektoren.

UiOs eigen minifestival blir altså opna tysdag 31. august klokka 09.00 i Klimahuset. Det blir ein debatt om kva teknologi som kan takast i bruk for å gjera ei klimaløysing mogleg.  Seinare i veka blir det også ein forskarstafett der forskarane fortel om sine eigne røynsler under pandemien. 

Vil ta opp eksportkontrollføreskrifta

Torsdag 2. september klokka 13.00 blir det ein debatt om akademisk fridom med Anine Kierulf som leier ekspertutvalet som ser på ytringsfridom i akademia. I tillegg vil også Civita-sjef Kristin Clemet,  Aftenposten-kommentator Therese Sollien, forskar Anders Ravik Jupskås ved Senter for ekstremismeforsking, rektor Svein Stølen sjølv og prorektor Åse Gornitzka delta.

Eit tema som Svein Stølen er sikker på vil koma opp i debatten om akademisk fridom, er diskusjonen om eksportkontrollføreskrifta.

– Det handlar kort og godt om at Utanriksdepartementet (UD) seier at dersom me skal utanfor dei «vennlegsinna» landa, altså EU og NATO, skal Utanriksdepartementet sitja og kontrollera det, til og med før me skal gi ei førelesing. Det er verdt å debattera, slår han fast.

Camilla Stoltenberg fortel om pandemihandtering

Nokre av arrangementa organiserer UiO i samarbeid med Partnarforum som i over 25 år har samla saman byråkratar og representantar for store samfunnsinstitusjonar til seminar om aktuelle tema.  Under denne festivalen skal Partnarforum ha seminar om kva som er god styring, kunnskapsbasert styring og tillitsbasert styring.  På seminaret om kunnskapsbasert styring skal administrerande direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet halda eit foredrag om handteringa av koronapandemien.

Opne for alle

UiO-rektoren oppfordrar alle til å gå på desse aktivitetane.

– Ja, dei er opne for alle, både tilsette og studentar og alle andre.  Det er framleis ei viss avgrensing på grunn av smittefaren. Dette er også eit bidrag til å gjera UiO meir synleg i sentrum og ikkje minst visa fram Domus Bibliotheca som ein debattarena, og etter kvart også opna Universitetets aula igjen som konsert- og kulturscene, fortel Svein Stølen.  

 

 

 

 

Emneord: Akademisk fridom, UiOs priser. Kultur, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. aug. 2021 15:09 - Sist endra 29. aug. 2021 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere