Asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus er sett på vent

Arbeidet med å sanera  asbest i Kristine Bonnevies hus er førebels stansa opp fordi arbeidet truleg er blitt større og meir kostbart enn rekna med. Forskarforbundet ber no UiO ta ansvaret for å fylgja opp det vidare arbeidet.

Eit rom er stengd på grunn av asbest med eit adgang forbode-skilt

STENGDE ROM: Fleire laboratorium og kontor blei stengde i Kristine Bonnevies hus då det blei oppdaga asbest i støvprøvar på golv og overflater i mars i fjor. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Hovudgrunnen til at UiO har trykt på pauseknappen for asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus, er at tilboda som er komne inn på dei arbeida som står igjen, skal gjennomgåast av Eigedomsavdelinga og MN-fakultetet. Det får Uniforum opplyst i ein epost som prosjektleiar Sahar Årmal har sendt til mellom andre UiO og Studentsamskipnaden i Oslo.

Fann asbest i støvprøvar

Det var i mars i fjor det først blei oppdaga fleire funn av asbest i støvprøvar på golv og overflater i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Bygningen er hovudsetet til Institutt for biovitskap, men både ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin og Avdeling for meteorologi og oseanografi ved Institutt for geofag har lokale i bygningen. Også administrasjonen til senteret dScience held til i bygningen.

Det første asbestfunnet blei gjort under arbeidet med å klargjera lokale for ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin som måtte flytta ut av Forskningsparken. Ei stund seinare blei det også gjort funn av asbest i støvprøvar i andre delar av bygningen. Det førte ikkje berre til at fleire kontor blei stengde, men også til at fleire laboratorium blei stengde i lengre eller kortare tid.  

Eigedomsavdelinga sette i verk eit stort arbeid med sanering av asbest i alle etasjane i Kristine Bonnevies hus.  Arbeidet blei utført av eit privat selskap som har spesialisert seg på å driva med sanering av asbest.

Samla utgifter nådde 20 millionar kroner i januar

Fram til byrjinga av januar hadde dei samla utgiftene til asbestsanering kome opp i 20 millionar kroner, ifylgje ein epost Uniforum har fått frå eigedomsdirektør John Skogen. 

Det som er sikkert er at den prisen kjem til å bli mykje høgare. Så langt er arbeida i andre etasje, delar av tredje etasje og i I-Lab i underetasjen ferdige. I november i fjor varsla både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og instituttleiar Arne Klungland på Institutt for biovitskap gjennom Uniforum at det arbeidet som stod igjen av asbestsaneringa skulle lysast ut på tilbod.

Står igjen arbeid i tredje og fjerde etasje

Nyleg har Eigedomsavdelinga  fått inn tilbod frå selskap som kan utføra resten av asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus. Det vil seie det arbeidet som står igjen i tredje etasje og heile fjerde etasje. Etter planen skulle Eigedomsavdelinga bestemma seg for kva selskap som skulle få tilslaget i slutten av januar.

I fylgje dei opplysningane som går fram av ein epost Uniforum har fått ein kopi av, viser det seg at kostnadane med å gjera arbeidet heilt ferdig, framleis er høge. For å vera sikker på at prosjektet er økonomisk forsvarleg og oppfyller krava i føreskriftene til arbeidsmiljø, skal Eigedomsavdelinga i samarbeid med Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Bedriftshelsetenesta vurdera alternative løysingar og konsekvensar dei vil føra til. Det går fram av ein epost som prosjektleiar Sahar Årmal har sendt til administrasjonen på UiO, til MN-fakultetet, til hovudverneombodet, til fagforeiningane og til Studentsamskipnaden i Oslo.

Det er det som er hovudgrunnen til at det no blir ein stans i arbeidet med asbestsaneringa i bygget. Etter planen skal arbeidet takast opp igjen seinare i vinter, står det i eposten frå Eigedomsavdelinga.

Den same bodskapen kom universitetsdirektør Arne Benjaminsen med til Uniforum i november 2021. Då nemnde han også utlysinga av tilbod på det resterande arbeidet i bygningen.

 – Me håpar på at konkurransen kan gjennomførast slik at me kan halda fram med det fysiske arbeidet på ettervinteren, men det vil truleg bli ein fase etter jul der det vil bli lite arbeid, varsla universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

– Prosessen har allereie tatt lang tid

Forskarforbundet synest likevel det har tatt lang tid å få vita kor langt Eigedomsavdelinga ved UiO har kome i arbeidet med sanering og byggjearbeid i Kristine Bonnevies hus.

 Når det gjeld liv og helse og oppfølging av sanering har Forskarforbundet særlig fylgt opp informasjon gitt frå leiinga eller det som me har fått tilbakemelding på som mangelfull informasjon, om status på vidare sanering og byggjearbeid, skriv hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad og tillitsvald Katrine Langvad Stensløkken i ein epost til Uniforum.

 

ANSVAR: Hovudtillitsvald Belina Eikås Skjøstad i Forskarforbundet meiner UiO har ansvaret for å fylgja opp det vidare arbeidet med asbestsanering i Kristine Bonnevies hus. 

Dei meiner UiO må ta ansvar for å få fortgang i arbeidet.

– Prosessen har allereie tatt lang tid, og no har altså arbeidet stoppa opp fordi omfanget av asbestproblemet har vist seg mykje større og meir kostbart enn først rekna med. Ansvaret for å fylgja opp det vidare arbeidet ligg sjølvsagt hos universitetet, slår dei fast. 

Forslag om spleiselag

No håpar dei at Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet kan inngå eit spleiselag med Institutt for biovitskap for å få betalt kompensasjon til forskarar og stipendiatar som er blitt forseinka med arbeida sine.

Dei viser til at det kom fram på informasjons- og drøftingsmøte (IDF) på MN-fakultetet i julemånaden at Institutt for biovitskap ikkje vil ha god nok rygg til å kunna bera desse kostnadene åleine.

– I IDF-møte på MN i desember kom det fram at IBV rekna med at dei ikkje ville ha økonomi til å bera full forlenging for alle dei som er blitt forseinka, og Forskarforbundet bad då instituttleiar om å heva saka  til neste nivå, dvs. til fakultetet. I same møte var dekan på MN til stades og lytta til vår tilbakemelding, fortel dei til Uniforum.  

Og denne veka fekk dei ei positiv melding.

– Me fekk på måndag informasjon om at instituttleiar på IBV no har fremja eit forslag om nettopp eit spleiselag mellom IBV og MN, og forslaget skal presenterast og avgjerast av fakultetet denne veka, opplyser hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad og tillitsvald Katrine Langvad Stensløkken  til Uniforum.

Gjekk hardt utover stipendiatar og forskarar

I november i fjor var Uniforum i kontakt med både stipendiatar og forskarar som har sin daglege arbeidsplass i Kristine Bonnevies hus. Då fortalde dei at den lange perioden med stengingar og gjenopningar av laboratorium og kontor hadde gått hardt utover dei. 

 

FORSKAR TRASS I FORHOLDA UiO TILBYR DEI:  – Det synest me er trist og gjer noko med lysta til å halda fram med å jobba her og til å stå på for å koma i mål med gradar og forskingsprosjekt, sa dei fem forskarane Uniforum  snakka med på Insituttt for biovitskap. To av dei er postdoktor Kristian Kinden Lensjø (t.v.) og stipendiat Sverre Grødem som her står ved sida av ei oppslagstavle i Kristine Bonnevies hus..  (Arkivoto: Ola Gamst Sæther) 

– Me er ekstremt misnøgde med heile opplegget. Det er eigentleg ingenting me er nøgde med, sjølv om eg har prøvd å finna noko. Ingenting har gått etter planen, og alt har skjedd veldig hurtig, fortalde doktorstipendiat Sverre Grødem til Uniforum. 

Professor Marianne Fyhn på Institutt for biovitskap var også svært kritisk til korleis Institutt for biovitskap hadde handtert vanskane stipendiatane og forskarane hadde fått på grunn av arbeidet med asbestsaneringa.

– Dersom dei har gått i krigen for oss, så har dei vore svært tause om dette, og då avhjelper det lite på situasjonen, sa ho til Uniforum.

Instituttleiar Arne Klungland sa til Uniforum at han forstod at det hadde vore krevjande, men at han håpa på meir normale dagar ved Institutt for biovitskap i tida framover.

– Det har likevel vore dei som har blitt berørte meir enn andre og undervegs i prosjektet har det vore nødvendig å justera framdriftsplanar. Det har vore krevjande både for dei som koordinerer arbeidet med asbestsanering, og ikkje minst for dei som har arbeids- og studiestad ved IBV, vedgjekk han.

Denne veka kan det altså bli avgjort om Institutt for biovitskap får med seg MN-fakultetet for å finansiera ei full forlenging for alle dei som er blitt forseinka i forskingsarbeidet sitt på grunn av arbeidet med asbestsanering i Kristine Bonnevies hus. Men arbeidet med asbestsaneringa er altså stansa, og det vil altså ikkje bli sett i gang igjen før seinare i vinter.

 

• Les meir om asbestfunn i Uniforum:

Stipendiatar og forskarar føler seg gløymde i asbestsaka på UiO

Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

DEBATT: Universitetet i Oslo trenger en kraftig renovering av egne bygninger, rutiner og systemer

Tilsette etterlyste meir informasjon frå UiO om asbeststenging

I dag kallar UiO inn til allmøte om asbestfunna i Kristine Bonnevies hus

UiO har asbeststengt endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus

Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale 

Senterdirektør Janna Saarela beklagar forseinkinga og lovar kompensasjon til forskargruppe

• Les ogsåNettsida om asbestsanering på Institutt for biovitskap

Emneord: Asbest, Arbeidforhold, MN, Miljø Av Martin Toft
Publisert 18. feb. 2022 04:30 - Sist endra 23. feb. 2022 09:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere