Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale

Åtte forskarar frå Norsk senter for molekylærmedisin er stengde ute frå dei nyinnflytta lokala sine i Kristine Bonnevies hus etter funn av asbeststøv både i laboratoria og på kontora. – Leiinga burde ha gripe inn før innflyttinga, meiner Georgios Magklaras, som er IT-ansvarleg for senteret.

ADGANG FORBODE:  På grunn av asbestfunn er det adgang forbode i lokala forskargruppa til Hartmut Luecke held til i i i andre høgda i Kristine Bonnevies hus. Dei kan tidlegast koma tilbake 12. april. 

Foto: Ola Gamst Sæther

For rundt to veker sidan meldte Uniforum om at åtte tilsette frå Norsk senter for molekylærmedisin ved UiO hadde oppdaga store manglar i dei ombygde lokala dei hadde blitt flytta til i Kristine Bonnevies hus i byrjinga av februar etter at dei måtte flytta frå Forskningsparken. 

Dette er Norsk senter for molekylærmedisin:

- eit nasjonalt forskingssenter som skal fungera som eit drivhus for unge, talentfulle forskarar i molekylærmedisin, bioteknologi og translasjonsforsking. Senteret er eit viktig element i UiOs strategiske satsing på livsvitskap.

- direktør: Janna Saarela

- senteret har 70 tilsette.

Aktuelt: 8 av dei tilsette flytta ut av Forskingsparken i januar, medan 20 andre måtte flytta til andre lokale i Forsknings-parken på grunn av ombygging.

Dei 8 som flytta til Kristine Bonnevies hus møtte fleire manglar i dei nye lokala.

Funn av asbeststøv i dei nye lokala har ført til at ingen lenger har tilgang til desse lokala. Dei kan først venda tilbake 12. april.

(Kjelder: UiO, Uniforum og NCMM)

Dei lista opp både mangel på standardutstyr i laboratoria og ein nitrogentank som først blei plassert på eit rom som var så lite og trongt og hadde så dårleg utlufting av det kunne vera livsfarleg å vera i det same rommet, om det hadde oppstått ein lekkasje i tanken. Tanken blei etter kvart flytta til eit større og sikrare rom. Dei andre manglane blei også retta opp etter kort tid.

Asbeststøv på golvet

I artikkelen til Uniforum kom det også fram at ekspertar hadde funne ut av alle veggane i lokala er forureina av asbest. Derfor blei det sett i gang undersøkingar av asbestinnhaldet.

No er dei endelege målingane frå selskapet Mycoteam klare. Uniforum har fått sett rapporten, og den stadfestar at det er funne asbeststøv på golvet i alle dei romma som skulle takast i bruk og var tatt  i bruk av dei åtte tilsette i forskargruppa til Hartmut Luecke. Det er så langt ikkje funne asbeststøv i lufta. Asbeststøvet er eit resultat av borearbeid, oppsetting av hyller, røyr og kablar i dei lokala som forskararne frå Norsk senter for molekylærmedisin hadde flytta inn i.

Varselskilt er sette opp

Tilrådinga frå Mycoteam er at alle desse romma blir stengde for uvedkomande på grunn av funnet av asbeststøv. Det rådet har leiinga for Norsk senter for molekylærmedisin fylgt opp. Alle dei åtte som i rundt ein månad hadde jobba der, fekk streng beskjed om å halda seg heime og ikkje gå inn på arbeidsplassen.

No har Eigedomsavdelinga også hengt opp varselskilt på norsk og engelsk som gjer det klart at det er strengt forbode å gå inn i desse lokala. Universitetet i Oslo får no råd om å la eit spesialfirma fjerna asbesten og sanera desse lokala før Mycoteam kan utføra nye målingar. Om dei viser null innhald av asbeststøv, må romma likevel bli renoverte på nytt, før dei tilsette kan ta dei i bruk igjen, går det fram av rapporten frå Mycoteam frå 23. mars.

Kritiserer sein oppfylging

Gruppeleiar Hartmut Luecke er også assisterande direktør for Norsk senter for molekylærmedisin. Sist me snakka med han, var han frustrert. No er han både frustrert og oppgitt.

ASBESTFUNN I LOKALA: – Eg fortalde forskargruppa mi at dersom dei ikkje følte seg trygge ved å gå inn, måtte dei ikkje gå inn i lokala. Og eg ville absolutt ikkje gå inn sjølv, seier professor Hartmut Luecke etter at forskargruppa hans måtte ut av dei nyinnflytt lokala i Kristine Bonnevies hus på grunn av funn av asbest. (Skjermdump frå zoom)

– Me var tidleg klar over at det var veggar med asbest i heile bygningen. Derfor bad me tilsette om at det blei gjennomført ei asbestkartlegging av lokala som me skulle flytta inn i etter at heile ombyggingarbeidet var utført. Det blei gjort ei undersøking, men det var før heile ombygginga var ferdig. Derfor insisterte me på at det blei gjort ei ny undersøking, uavhengig av entreprenøren. Den viste også at eitt av romma hadde eit så høgt nivå med asbeststøv at me fekk beskjed om å forlata rommet med ein einaste gong. Det fekk eg beskjed om, men den beskjeden gjekk ikkje til IT-gruppa til Norsk senter for molekylærmedisin som var i lokala for å setja opp datanettverket. Og dei hadde vore i lokala, og kunne ha blitt eksponert for asbeststøvet, seier han svært uroleg.

– Det var først då at leiinga begynte å ta oss alvorleg, legg han til.

– Korleis reagerte du første gong du fekk melding om dette?

– Eg tok direkte kontakt med gruppa mi, og sa til dei at eg håpa dei hadde det bra, men at dei kunne ta ein legesjekk. Dessutan tok eg kontakt med administrasjonen min for å finna ut kva som er vanleg prosedyre i ei slik sak. Det fekk eg aldri noko svar på, noko som viser at dei ikkje såg alvoret i dette. Eg fortalde forskargruppa mi at dersom dei ikkje følte seg trygge ved å gå inn, måtte dei ikkje gå inn i lokala. Og eg ville absolutt ikkje gå inn sjølv. Eg er den som er ansvarleg for dei, slår han fast.

Håpar vitskapleg råd tar omsyn til forseinkinga 

Luecke trekkjer også fram at dei nyleg har hatt møte med det internasjonale vitskaplege rådet for Norsk senter for molekylærmedisin.

– Då fekk eg også fortalt dei korleis flyttinga frå Forskingsparken til Kristine Bonnevies hus og dei problema den førte med seg, hadde forseinka forskinga vår, i tillegg til utestenginga frå forskingslokala våre på grunn av asbestfunna. Det må dei ta med i vurderinga når dei skal vurdera forskingsresultata våre samanlikna med dei frå dei andre forskargruppene ved NCMM, seier han.

Like etter at innflyttinga hadde starta sa han også ifrå om at det kunne bli asbeststøv i samband med boring og anna arbeid i lokala.

– Då fekk eg beskjed om at dei var profesjonelle og visste kva dei gjorde. Det er heilt klart at det ikkje er tilfellet, slår han fast.

Dagen etter at me snakka med Hartmut Luecke kom også den endelege rapporten frå Mycoteam. Den viste altså at det var så høgt nivå av asbeststøv i nesten alle desse romma, at dei måtte stengjast straks og ingen fekk lov til å gå inn i dei, før all asbest var fjerna. Dei kan ikkje flytta tilbake igjen før tidlegast 12. april. Hartmut Luecke reknar me at forskargruppa hans har tapt 3 månader med forskingstid i tillegg til forseinkingane covid-19-viruset har ført med seg.

– Blei forsikra om at dei kunne jobben sin

Ingen av dei andre forskarane i gruppa til Hartmut Luecke ynskjer å stå fram med kritikk i Uniforum. Men senioringeniør Georgios Magklaras som er IT-ansvarleg for Norsk senter for molekylærmedisin, er ikkje redd for å seia frå om kva han meiner om den behandlinga forskarane i Luecke-gruppa og kollegaene hans er blitt utsette for, i samband med utflyttinga frå Forskingsparken og innflyttinga til ombygde lokale i Kristine Bonnevies hus.

FØR INNFLYTTING: – All sanering av asbesten i desse lokala og alle målingane skulle ha vore gjennomførte lenge før folk begynte å flytta inn, seier senioringeniør Georgios Magklaras, som er IT-ansvarleg ved Norsk senter for molekylærmedisin (Skjermdump frå zoom)

– Eigentleg visste me at veggane i Kristine Bonnevies hus inneheldt asbest. Men me blei forsikra om at dei som skulle bora i veggane for å leggja inn nettkablar kunne jobben sin og at det ikkje ville utgjera ein fare for meg og mine IT-medarbeidarar som skulle overvaka dette arbeidet. Når det gjeld asbestnivået, var alt under kontroll, var den meldinga eg fekk den 4. mars. Den forsikringa formidla eg vidare til kollegane mine. Den 18. mars viste derimot nye undersøkingar at det var blitt gjort funn av asbeststøv i lokala. Eg er ingen ekspert, men kvifor heldt boringa i veggane fram etter at folk hadde flytta inn i desse lokala? spør eg meg, seier han til Uniforum.

– Ein svært alvorleg prosedyrefeil

Magklaras viser til at no har Bedriftshelsetenesta ved Universitetet i Oslo også blitt involvert i dette arbeidet.

– Då håpar eg dei finn fakta om i kor stor grad me er blitt eksponerte for asbeststøvet. Sjølv har eg berre vore på sporadiske besøk der, sidan eg har kontoret mitt ein annan stad. Bortsett frå meg sjølv og teamet mitt tenkjer eg på Luecke-gruppa som har vore der sidan slutten av januar og fram til no, dei har sannsynlegvis i endå større grad blitt eksponerte for asbeststøvet, trur han.

– Etter mi meining er dette ein svært alvorleg prosedyrefeil. Feil vil sjølvsagt skje. I denne saka har ikkje Universitetet i Oslo gjort ein god nok konsekvensanalyse over kva som skal gjerast, om det skjer alvorlege ting. Han viser til eit konkret tilfelle i Forskningsparken der eit teleselskap hadde sett ei antenne rett utanfor kontoret til gruppeleiar Hartmut Luecke ved Norsk senter for molekylærmedisin. Han og andre tilsette lurte på om radiofrekvente felt frå antenna ville utgjera ein helsefare for dei.

 – Selskapet utførte målingar, samtidig som me utførte eigne målingar. Saman kunne me leggja på bordet to forskjellige målingar, som viste at antenna ikkje utgjorde nokon helsefare. Då slutta folk å uroa seg, fortel han.

Etter hans oppfatning har ikkje arbeidet til det eksterne selskapet som har utført ombyggingsarbeidet i Kristine Bonnevies hus, blitt godt nok overvaka av ansvarlege frå UiO.

 – Ja, dei utførte målingar av asbestnivået, men dei utførte ikkje arbeidet slik dei skulle etter føreskriftene. Derfor har me kome i den situasjonen me er i no, slår han fast.

Dette er asbest:

Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest.  Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.

Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.

Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.

Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.

(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)

 

– Målingane skulle vore gjennomførte før innflytting

Georgios Magklaras meiner at Eining for HMS og beredskap burde vore inne i denne saka før forskargruppa blei flytta til Kristine Bonnevies hus.

– Ja, absolutt. All sanering av asbesten i desse lokala og alle målingane skulle ha vore gjennomførte lenge før folk begynte å flytta inn. HMS-arbeidet er blitt dårleg koordinert. I det heile tatt har det i denne saka blitt demonstrert ein komplett mangel på organisering og klargjering av ansvar, meiner han.

– Så du er ganske frustrert og skuffa?

– Ja, eg vil seia at det gjeld for både meg sjølv og for teamet mitt. Uansett kven du spør, vil dei seia at dei har opplevd frustrasjon, seier han.

Georgios Magklaras peikar på at dette får størst konsekvensar for Luecke-gruppa.

– Dei måtte forlata eit lokale med fullt utstyr og laboratorium i Forskningsparken, byggja det ned og så setja det opp igjen i Kristine Bonnevies hus. Under normale omstende vil det ta fleire månader å få det i full drift igjen. Dette har ført til eit alvorleg avbrot i forskinga deira. Forskinga deira held også ein svært høg klasse. Så dette er frustrerande for dei, konkluderer Georgios Magklaras.

– Svært alvorleg

Uniforum har tatt kontakt med hovudverneombod Hege Lynne på Universitetet i Oslo. Ho gjer det klart at dette er ei alvorleg sak.

– Som hovudverneombod ser eg svært alvorleg på denne saka. Eg er nøgd med det arbeidet som vert gjort frå UiOs side, og at vernetenesta her er involvert, seier ho til Uniforum.

Ho trur likevel det vil ta tid.

- Å rydda opp i ei slik sak tar tid og det er ingenting eg kan gjera for å framskynda dette. Tilsette må nok vera tolmodige, seier hovudverneombod Hege Lynne.

• Les også intervjuet med senterdirektør ved Norsk senter for molekylærmedisin:

Senterdirektør Janna Saarela beklagar forseinkinga og lovar kompensasjon til forskargruppe

Emneord: Arbeidsforhold, Medisin Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2021 14:20 - Sist endra 30. mars 2021 14:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere