I dag kallar UiO inn til allmøte om asbestfunna i Kristine Bonnevies hus

Asbestfunna i fleire rom i Kristine Bonnevies hus har skapt sterk uro blant dei tilsette som til dagleg arbeider i bygningen. Klokka 12:00 i dag kallar fakultetsdirektør Jo Døhl ved MN-fakultetet inn til eit digitalt allmøte om situasjonen.

Eit rom er avstengt på grunn av funn av asbest

FØRSTE ASBESTFUNN: Det første asbestfunnet i Kristine Bonnevies hus i år blei gjort i dei ombygde lokala til ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin. No er det påvist asbest i areal i fire av etasjane i bygningen.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var rett før påske det først blei påvist asbestfunn i nokre av lokala i den 37 000 kvadratmeter store bygningen Kristine Bonnevies hus på Blindern. Den 18. mars avdekte selskapet Mycoteam AS asbest i støv funne på golvflater i romma som ei forskargruppe frå Norsk senter for molekylærmedisin var i ferd med å flytta inn i i 2. etasje. Då hadde det gått føre seg eit stort ombyggingsarbeid i lokala.

Kort tid etter kom det opp varsel på dørene til desse romma med teksten “Adgang forbudt avvik knyttet til asbestfunn”. Ingen av dei åtte tilsette i forskargruppa til professor Hartmut Luecke kunne lenger dra til arbeidsplassen sin. Dei fekk beskjed om å halda seg heime i alle fall fram til 12. april.

Dette er asbest:

Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest.  Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.

Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.

Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.

Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.

(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)

Rett etter påske blei det oppdaga asbest også i støv på golvflater i rom i 4. etasje i den kjempestore bygningen. Det førte til at varselsklokkene også begynte å ringja hos Eigedomsavdelinga på UiO og hos fakultetsleiinga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Uniforum har sett selskapet Mycoteams siste rapport om asbestfunna i Kristine Bonnevies hus, og der går det fram at det så langt er funne asbest i rom i 1. etasje, 2. etasje, 3. etasje og i 4. etasje i bygningen.

Allmøte både på norsk og på engelsk

Den 10. april fekk alle dei tilsette i Kristine Bonnevies hus eit brev frå fakultetsdirektør Jo Døhl og eigedomsdirektør John Skogen som fortalde om situasjonen og kva tiltak som skulle setjast i verk, slik Uniforum skreiv om måndag 12. april. Dei tilsette blei ikkje mindre urolege etter det brevet, og i dag har dei fått innkalling til eit digitalt allmøte der dei skal få den siste oppdaterte informasjonen om situasjonen og få høve til å få svar på alle spørsmåla dei har til fakultetsleiinga, Eigedomsavdelinga og til leiinga for Institutt for biovitskap, Institutt for geofag og Det medisinske fakultetet. Også personar frå selskapet Mycoteam AS, Bedriftshelsetenesta, Vernetenesta og UiOs eining for HMS og beredskap (HMSB) vil vera til stades for å svara på spørsmål. Mange av dei tilsette er ikkje norskspråklege, så difor blir det avvikla to allmøte, eit på norsk og eit på engelsk, går det fram av brevet til dei tilsette.

Tar opp farar og konsekvensar for tilgang til areala

Spesialist i arbeidsmedisin Karl- Christian Nordby, vil forklara kor store medisinske farar som er forbunde med førekomstar av asbest. Eigedomsavdelinga vil forklara meir om straksplanane og tiltak dei har for kartlegging, asbestavgrensing og sanering. Fakultets- og instittuttleiinga vil saman med Eigedomsavdelinga forklara kva konsekvensar asbestfunna vil ha å seia for tilgang til areala, tilrettelegging og bøtande tiltak for driftsforstyrringar. Eigedomsavdelinga vil også presentera ein plan for betring av drifts- og brukarrutinar for bygningen, står det i brevet.

Også hovudverneombod Hege Lynne er på ballen i denne asbestsaka frå Kristine Bonnevies hus.

– Vernetenesta er inne i saka lokalt, opplyser ho i ein epost til Uniforum. I den same eposten kunne ho også fortelja at det ville bli halde eit allmøte om saka i dag 19. april. Dagen etter at Uniforum hadde vore i kontakt med henne, kom innkallinga til allmøte frå fakultetsdirektør Jo Døhl.

– Tar denne situasjonen svært alvorleg

Eigedomsdirektør John Skogen er djupt involvert i asbestsaka frå Kristine Bonnevies hus. Det er ei sak dei vil fylgja opp grundig og dei er godt i gang med ein plan for å få avdekt alle sider ved desse asbestfunna. Det stadfestar John Skogen i eit intervju med Uniforum.  

– Det er rett at me tar denne situasjonen svært alvorleg og har sett i gang eit omfattande arbeid med ein plan for undersøkingar, sanering og utbetring, fortel han. Han viser til at Eigedomsavdelinga vil fylgja tre “spor”. Det første kallar han for plan og tiltak på kort sikt.

– I område der det er påvist asbest, er det sett i gang sanering. Desse områda er avsperra for andre enn dei som utfører arbeidet. Ein førebels tidsplan er at desse arbeida vert ferdigstilte om 2 – 3 veker, fortel han.

Det andre sporet dei vil fylgja er ein gjennomgang og revidering av rutinar for tiltak i bygningen. John Skogen viser til at dei har rutinar som ligg i Eigedomsavdelinga sine tenesteomtalar om kva som kan gjerast og ikkje gjerast i bygningane.

– Me har nå sett ned ei gruppe som skal gjennomgå og revidera/klargjerea rutinane for tiltak som krev inngrep i bygningen. Dette slik at me sikrar oss endå betre mot slike framtidige hendingar, framhevar han.

FORSTÅING: – Me har stor forståing for at tilsette som har arbeidd i bygningen har behov for informasjon og føler uvisse i høve til risiko knytt til å ha opphalde seg der, slår eigedomsdirektør John Skogen fast. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 

Vil gjennomgå alle områda i bygningen

Det siste sporet Eigedomsavdelinga vil fylgja er ein systematisk gjennomgang, utbetring og sanering av heile bygningen på til saman 37 000 kvadratmeter.  

– EA (Eigedomsavdelinga/(red.merknad) vil setja i gang eit prosjekt som systematisk gjennomgår alle areala i Kristine Bonnevies hus for å få oversikt og kontroll med asbesten i bygget. Her må me først avklara ein formålstenleg metodikk, og så må alle stader der asbest vert påvist, ved til dømes skader i bygget, utbetrast eller forseglast. Dette er eit omfattande og meir langsiktig prosjekt som vil starta opp, så snart me har løyst dei meir akutte utfordringane, fortel John Skogen til Uniforum.

Eigedomsdirektøren trekkjer også fram at alt dette arbeidet går føre seg i eit nært og godt samarbeid mellom Eigedomsavdelinga, brukarane (MatNat, IBV, Med/NCMM, BHT (Bedriftshelsetenesta), vernelinja, og dei rådgjevarane og leverandørane dei brukar, og han nemner særleg Mycoteam.

Forstår uroa

John Skogen synest det er lett å forstå at dei tilsette har vore urolege og meiner dei treng meir opplysningar.

– Me har stor forståing for at tilsette som har arbeidd i bygningen har behov for informasjon og føler uvisse i høve til risiko knytt til å ha opphalde seg der, slår han fast. Også han har tru på at informasjonsmøtet i dag kan gi svar på spørsmåla dei tilsette har.

– Der blir det gjort greie for saka og der kan det stillast spørsmål, peikar han på.

40 nye tilfelle av asbestfunn i bygningen

Uniforum har lese rapporten Mycoteam AS har laga på grunnlag av målingar den 29. mars og den 30. mars. Resultata viser at det er funne asbest både i første, andre, tredje  og fjerde etasje i Kristine Bonnevies hus. Dei viser at det var 26 tilfelle av asbestfunn i rom i 2. etasje, 10 i 4, etasje, 2 i 3. etasje og 2 i 1. etasje. Når det gjeld 2. etasje er ikkje dei tidlegare målingane i lokala til Norsk senter for molekylærmedisin tatt med denne gongen. Der blei det tidlegare gjort asbestfunn, noko som gjorde at lokala deira blei avstengde i veka før påske. No er det gjort to nye funn i 3 etasje, nærare bestemt  i lokala til senteret for framifrå forsking CEES. Nesten alle stader i bygningen der Mycoteam tok prøvar, oppdaga dei asbest. Selskapet tilrår derfor at det blir undersøkt om tilsette er blitt utsette for asbest i romlufta.

“Ikke akseptabelt”

Konklusjonen frå selskapet etter prøvetakingane er svært klar.

“På generelt grunnlag er det ikke akseptabelt at det er funnet frie asbestfibre i deponert støv i et slik omfang. I hvilken grad de ansatte har blitt eksponert for asbest i romluften er foreløpig ikke kjent, men dette må undersøkes ytterligere. Ved slike undersøkelser kan det tas flere prøver på høye flater (deponert støv fra luften) og det kan tas luftprøver for å undersøke i hvilken grad støvet forekommer i luften som pustes inn.”

Selskapet meiner det også er behov for å gi god informasjon om det som skjer og risikoen av å vera i bygningen.

“Med hensyn til de ansatte så anbefales det at det nedsettes et faglig utvalg som utarbeider informasjon for de ansatte. Utvalget bør kunne svare på spørsmål rundt risikoen som følge av opphold i bygget og planer for videre tiltak”, heiter det. Selskapet konstaterer også at det er sannsynleg at det også finst asbest i andre delar av bygningen som dei enno ikkje har undersøkt.

“Basert på undersøkelsene som er gjennomført hittil er det grunn til å tro at det også er spredning av asbestfiber til omgivelsene i andre deler av bygget som hittil ikke har blitt undersøkt”

Både undersøking av romlufta og ei systematisk kartlegging av heile bygningen er tiltak som Mycoteam tilrår no blir gjort. Då kan det også bli funne ut om det er asbest i rom i heile bygningen, går det fram av rapporten. Mycoteam meiner også at ingen tilsette heller kan bruka lokala, før det er sikkert at det er trygt å opphalda seg der.

“Ikke forsvarlig å la de ansatte bruke lokalene som normalt”

Selskapet kjem også med ei klar åtvaring til både UiO og til dei tilsette.

“Det er ikke forsvarlig å la de ansatte bruke lokalene som normalt før det er kartlagt at det er trygt å oppholde seg i lokalene. Foreløpig er det funnet frie asbestfibre i støvet i deler av alle de undersøkte områdene. Det er grunn til å tro at omfanget av spredning av asbestholdig støv til omgivelsene er tilsvarende i hele bygningen basert på nåværende datagrunnlag.”

Mycoteam legg heller ikkje skjul på kva arbeidstakarar som lettast kan bli utsette for asbest.

“ Vår vurdering er at det vil være størst risiko for eksponering for asbest for ansatte som jobber med drift, vedlikehold og renhold i bygningen, samt eventuelt de som har stått for montering / oppussing av ulike installasjoner,”slår Mycoteam-rapporten klart.

47 ÅR GAMMALT: Kristine Bonnevies hus blei bygd i 1974. Mycoteam AS tilrår no at alle veggplater som inneheld asbest vert skifta ut. (Arkivfoto: Morten Brun/UiO)

Sikrast å fjerna alle platene

Selskapet viser til at Kristine Bonnevies hus blei oppført i 1974 og er 47 år gammalt. Det var då veggplatene med asbest blei sette opp. Dei tilrår derfor UiO og Eigedomsavdelinga å vurdera å skifta ut alle desse platene med eit tryggare materiale. “… og det er derfor også rimelig å tenke at det kan være tid for å bytte ut platene med et tryggere materiale som er enklere i drift av bygningen og for ansatte og bruker av bygget å forholde seg til. Det enkleste og sannsynligvis sikreste vil være at platene fjernes suksessivt som en del av oppgradering og vedlikehold av lokalene,” står det i rapporten frå Mycoteam.

I 2003 gjennomførte Inneklimaseksjonen i Oslo kommune ei kartlegging av asbest i delar av Kristine Bonnevies hus. Rapporten dei skreiv har Uniforum gått gjennom no. Den viser at då fann dei asbest både i røyrleidningar, i ventilasjonsanlegg og i eternittplater som blei brukte som kunstnarleg utsmykking av søyler. Også i himlingar i taket var det nytta eternittplater. Eternitt er eit materiale som er laga av asbest. Også dei påviste asbest på kontor og i kollokvierom. Mest asbest fann dei i fytotronen, der dei tilrådde sanering. Det arbeidet blei også sett i gang, ifylgje den rapporten.

Ei tydeleg påminning om at det alltid har vore asbest i bygningen og at folk som arbeider i bygningen må ta seg i vare, er denne åtvaringa som kjem fram under HMS-opplæringa ved Institutt for biovitskap:

“Asbest

Det er asbest i mange vegger i Kristine Bonnevies hus. Følgende forhåndsregler må derfor overholdes:

  • Det er ikke tillatt å skru og/eller bore i vegger med asbest
  • Det er ikke tillatt å fjerne skuer, spikre eller stifter i vegger med asbest
  • Hull i vegg må rapporteres.
  • Maling ansees som forsegling av asbest i vegg, derfor skal dårlig vedlike rapporteres.
  • Ved utflytting fra kontor må det vurderes om rommet må males."

Men det er ikkje det einaste problemet dei strir med i Kristine Bonnevies hus. Det kan også vera farleg å drikka vatn direkte frå springen.

“Enkelte gamle labarmaturer inneholder tungmetaller. Vann fra disse kranene må IKKE drikkes”, går det også fram av innhaldet til HMS-opplæringa.

På dagens allmøte handlar det altså om funn av asbest i støv i store delar av Kristine Bonnevies hus.

Også asbest i Kjemibygningen

Eigedomsdirektør John Skogen legg ikkje skjul på at det truleg finst mange andre bygningar på UiO enn Kristine Bonnevies hus som har veggplater som inneheld asbest.  

– Når det gjeld andre bygningar på UiO, så veit me at blant andre Kjemibygningen er bygd på ei tid der asbest var eit vanleg og anerkjent byggjemateriale. Me vil også gjera ei vurdering av dei bygningane der dette er ei relevant problemstilling og også skjerpa inn rutinane som me no gjennomgår/reviderer, seier han og viser til det andre “sporet” i arbeidet Eigedomsavdelinga skal utføra.

 

• Les meir om asbestfunn i Kristine Bonnevies hus:

UiO har asbeststengt endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus

Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale 

Senterdirektør Janna Saarela beklagar forseinkinga og lovar kompensasjon til forskargruppe

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Miljø, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Medisin Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2021 04:30 - Sist endra 19. apr. 2021 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere