UiO har asbeststengt endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus

Fleire av dei som jobbar i Kristine Bonnevies hus på Blindern må ut av arbeidsrom og laboratorium på grunn av nye funn av asbeststøv i bygningen. Rett før påske måtte ei nyinnflytta forskargruppe også forlata bygningen på grunn av asbestfunn.

Eit lokale med adgang forbudt-skilt på grunn av asbest

ASBESTSTENGT: Dette lokalet i 3. etasje i Kristine Bonnevies hus var eitt av dei som blei stengt før påske etter funn av asbeststøv på golvflata. No er endå fleire rom i 3. og 4. etasje i bygningen stengde på grunn av nye asbestfunn.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 30. mars Uniforum først kunne melda at åtte forskarar frå Norsk senter for molekylærmedisin måtte forlata dei nyinnflytta lokala sine i Kristine Bonnevies hus etter at det var funne asbeststøv på flatar i romma. Dei fekk beskjed om å halda seg borte frå arbeidsplassen sin til 12. april.

Dette er asbest:

Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest.  Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.

Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.

Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.

Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.

(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)

 

Stengjer rom til asbestsanering er gjennomført

No har Eigedomsavdelinga sørga for at det blei tatt prøvar av alle romma i Kristine Bonnevies hus der det har vore liknande ombyggingsarbeid den siste tida. Målingane viser at det er funn av asbeststøv også på flatar i desse romma, opplyser eigedomsdirektør John Skogen og fakultetsdirektør Jo Døhl ved MN-fakultetet i eit brev til dei tilsette, som Uniforum også har fått ein kopi av. Dei har difor stengt dei romma det gjeld, for vidare bruk til det er blitt gjennomført full sanering av alt asbeststøv.

Eigedomsdirektør John Skogen og fakultetsdirektør Jo Døhl ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet skriv i brevet at dei seier seg leie for at dei det gjeld, mister tilgang til romma til dei er sanerte og alt asbeststøv er fjerna. Om dei likevel har behov for tilgang til romma, må dei ta kontakt med næraste leiar, heiter det i brevet. Der går det også fram at romma tidlegast vert opna ein gong i løpet av denne veka.

Berre asbeststøv på golvet

I hovudsak er det Institutt for biovitskap som held til i bygningen. Dei åtte frå Norsk senter for molekylærmedisin som måtte flytta ut av lokala før påske, tilhøyrer Det medisinske fakultetet, medan alle dei andre som arbeider i bygningen tilhøyrer Institutt for biovitskap ved MN-fakultetet.

 I brevet vert det understreka at det ikkje er påvist asbest i lufta, berre i prøvar frå støv på golva i romma. Så langt Uniforum kjenner ligg dei romma som har fått påvist asbeststøv i 3. og 4.etasje i Kristine Bonnevies hus. Kor mange av dei over 340 tilsette på instituttet som må halda seg borte frå arbeidsrom og laboratorium, går ikkje fram av det som eigedomsdirektør John Skogen og fakultetsdirektør Jo Døhl skriv. 

ULEMPER: Eigedomsdirektør John Skogen seier seg lei for dei ulempene asbeststenginga av endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus vil føra til for dei tilsette. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

“Vil medføre ulemper”

På grunn av fylgjene av asbestfunna, er det også sett ned ei aksjonsgruppe med deltaking frå Eigedomsavdelinga, Bedriftshelsetenesta ved UiO (BHT), leiinga og brukarane. Arbeidsgruppa får bistand med testing, sanering og rådgjeving frå dei eksterne spesialistselskapa Mycoteam AS og Norprodukter-Miljø AS. Vernetenesta lokalt og sentralt er informerte, skriv eigedomsdirektør John Skogen og fakultetsdirektør Jo Døhl i brevet til dei tilsette i Kristine Bonnevies hus. Samtidig seier dei seg leie for alle vanskar stenginga av rom fører til for dei tilsette, men understrekar at vern av liv og helse er det viktigaste.

“Vi er oppmerksomme på at stengning av lokaler vil medføre ulempe for pågående aktiviteter, men ber om forståelse for at ivaretakelse av liv og helse skal gå foran alle andre hensyn. Ledelsen vil være engasjert i tilrettelegging og reduksjon av skadevirkninger for driften mens sanering pågår. Eventuelle kritiske behov, inkludert tilgang til stengte arealer, bes rettet til nærmeste leder.”

Etterlyste betre prosedyrar

Etter at gruppa på åtte forskarar frå Norsk senter for molekylærmedisin måtte flytta ut av dei nyinnflytta lokala sine i Krisitne Bonnevies hus før påske, viste det seg at nokre hadde jobba i lokala medan det framleis må ha vore asbeststøv i lokala. Det fekk gruppeleiar og assisterande direktør Hartmut Luecke ved Norsk senter for molekylærmedisin og senioringeniør og IT-ansvarleg Georgios Magklaras til å etterlysa betre prosedyrar og betre klargjering av roller og ansvar hos UiO, når slikt skjer.

“– I denne saka har ikkje Universitetet i Oslo gjort ein god nok konsekvensanalyse over kva som skal gjerast, om det skjer alvorlege ting," sa Georgios Magklaras til Uniforum..

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen kalla dette for ei lei sak, og lova at det skulle setjast ned ei arbeidsgruppe som skulle gå gjennom prosedyrane og tydeleggjera roller og ansvar når slikt skjer.

Arbeidsgruppe har starta opp

Uniforum var før helga i kontakt med Arne Benjaminsen for å høyra meir om den varsla arbeidsgruppa.

– Dette tar me på største alvor. Det er etablert ei arbeidsgruppe sett saman av personar frå både brukarsida (MatNat, NCMM), Eigedomsavdelinga og frå Bedriftshelsetenesta, fortel Arne Benjaminsen i ein epost til Uniforum. Og arbeidet i gruppa er godt  i gang.

– Det er halde møte i gruppa, og det er engasjert spesialistfirma både innanfor prøvetaking/analyse av asbestførekomstar og sanering av asbest. Det vil no gjerast ein gjennomgang av bygget, og me ventar på rapportane deira før me kan seia noko meir om omfang og tiltak, svarar Arne Benjaminsen.

No viser det seg altså at det er funne asbeststøv på flatar i fleire andre av lokala i Kristine Bonnevies hus.

– Svært alvorleg

Uniforum har også sendt ein epost til hovudverneombod Hege Lynne etter at det blei kjent at det var funne asbeststøv i endå fleire rom i Kristine Bonnevies hus. Så langt har me ikkje fått noko svar på det. Men i samband med den første saka Uniforum hadde om asbestfunn i Kristine Bonnevies hus, svara ho fylgjande:

"– Som hovudverneombod ser eg svært alvorleg på denne saka. Eg er nøgd med det arbeidet som vert gjort frå UiOs side, og at vernetenesta her er involvert," sa ho til Uniforum. Ho trudde likevel det ville ta tid.

"– Å rydda opp i ei slik sak tar tid, og det er ingenting eg kan gjera for å framskynda dette. Tilsette må nok vera tolmodige," sa hovudverneombod Hege Lynne til Uniforum 30. mars.

Då Uniforum først skreiv om forskargruppa som måtte forlata dei nyinnflytta lokala i Kristine Bonnevies hus rett før påske, var det tale om at dei kunne venda tilbake igjen 12. april. No vil truleg både dei og dei andre i bygningen som vanlegvis brukar romma der det er funne asbeststøv, venta i beste fall til seinare denne veka, før dei kan ta i bruk arbeidsplassane sine igjen.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Helse-miljø-sikkerhet (HMS) Av Martin Toft
Publisert 12. apr. 2021 04:30 - Sist endra 12. apr. 2021 10:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere