Senterdirektør Janna Saarela beklagar asbestforseinkinga og lovar kompensasjon

– Dette er svært uheldig, og eg er svært lei meg for den forseinkinga dei opplever, seier direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin etter utflyttinga av ei forskargruppe på grunn av asbestfunn. Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ser behov for gjennomgang av prosedyrane. 

Portrett av ei kvinne

KOMPENSERT:  ​– Forskargruppa vil bli finansielt kompensert for 3 månader for at det skal vera mogleg å utvida kontraktane til både doktorgradsstudentane og postdoktorane som har fått forseinka prosjekta sine. Det lovar senterdirektør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin etter at ei forskargruppe måtte flytta ut av Kristine Bonnevies hus på grunn av asbestfunn. (Arkivfoto)

Foto: Kirsi Tuura, Helsingfors universitet

Dei åtte tilsette i forskargruppa til professor Hartmut Luecke ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) har måtta flytta ut av dei nyinnflytta lokala i 2. høgda i Kristine Bonnevies hus etter funn av asbest. Det skjer rundt to månader etter at dei flytta dit frå dei tidlegare lokala i Forskningsparken.

Dette er Norsk senter for molekylærmedisin:

- eit nasjonalt forskingssenter som skal fungera som eit drivhus for unge, talentfulle forskarar i molekylærmedisin, bioteknologi og translasjonsforsking. Senteret er eit viktig element i UiOs strategiske satsing på livsvitskap.

- direktør: Janna Saarela

- senteret har 70 tilsette.

Aktuelt: 8 av dei tilsette flytta ut av Forskingsparken i januar, medan 20 andre måtte flytta til andre lokale i Forsknings-parken på grunn av ombygging.

Dei 8 som flytta til Kristine Bonnevies hus møtte fleire manglar i dei nye lokala.

Funn av asbeststøv i dei nye lokala har ført til at ingen lenger har tilgang til desse lokala. Dei kan først venda tilbake 12. april.

(Kjelder: UiO, Uniforum og NCMM)

Senterdirektør Janna Saarela har fått beskjed om at alle i Luecke-gruppa må halda seg på heimekontora sine på grunn av asbestfunn i dei nyninnflytta lokala i andre høgda i Kristine Bonnevies hus.

– Det er oppdaga asbest i støvprøvar henta frå golvet i nokre av romma i Kristine Bonnevies hus som er blitt renoverte. Luftprøvar frå alle romma der forskargruppa held til blei målte den 18. mars, og dei var under det tilrådde nivået til Folkehelseinstituttet, fortel ho.

– Korleis er situasjonen for dei som held til der no?

– Alle dei renoverte laboratoria og kontora i bygningen er blitt stengde og dei er i ferd med å bli gjennomvaska. Romma vil vera stengde heilt til me har fått negative testresultat etter vaskinga.

Janna Saarela beklagar det som har skjedd.
– Dette er svært uheldig og eg er svært lei meg for den forseinkinga dei opplever. Det var ikkje noko me kunne sjå føre oss. Vaskinga har begynt og me reknar med at romma skal vera klare til bruk igjen frå 12. april.

Får utvida kontraktane sine

No lovar ho også å få til ei ordning som gjer at dei mellombels tilsette forskarane skal få utvida forskingstida si.

​– Forskargruppa vil bli finansielt kompensert for 3 månader for at det skal vera mogleg å utvida kontraktane til både doktorgradsstudentane og postdoktorane som har fått forseinka prosjekta sine.

– Dei tilsette fortalte leiinga for senteret om moglege funn av asbest kort tid etter at dei hadde flytta inn i Kristine Bonnevies hus. Kvifor høyrde du ikkje på dei då?

– Dei rapporterte om at dei hadde sett støv i nokre av romma som hadde blitt renoverte. Me kunne ikkje føresjå at det var støv som inneheld asbest, men me blei einige med gruppa i at me ville gjennomføra ei uavhengig undersøking av alle romma etter at prosjektet var avslutta. Det blei gjort den 18. mars, fortel Janna Saarela til Uniforum.

Dette er asbest:

Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest.  Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.

Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.

Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.

Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.

(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)

 

– Kjem de til å kontakta Eining for helse, miljø, sikring og beredskap (HMSB) ved UiO for at det skal bli sett i gang naudsynte tiltak for å løysa problemet og forsikra om at romma blir sikre igjen?

– Me har kontakta Eigedomavdelinga som er ansvarleg for ombyggingsprosjektet, og HMSB-eininga for å vurdera moglege risikofaktorar. Eigedomsavdelinga stengde straks alle romma og på alle romma til gruppa har dei tatt i bruk eit selskap som har spesialisert seg på asbestsanering, og det blir gjennomført ei tilleggstesting av Mycoteam før romma kan opnast for bruk igjen, fortel ho.

Nøgd med samarbeidet med Eigedomsavdelinga og fakulteta

Janna Saarela gjentar at romma er forventa å kunna brukast igjen frå 12. april når dei er ferdig gjennomvaska og testa på nytt. Ho er nøgd med samarbeidet med Eigedomsavdelinga, Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.
– Saman med Eigedomsavdelinga, Institutt for biovitskap og leiinga for dei to involverte fakulteta, har me laga ein plan for gjennomvasking, testing og frigjering av romma til bruk. Det inkluderer tiltak som skal hindra framtidig utslepp av asbest. Samarbeidet mellom fakulteta og Eigedomsavdelinga har vore effektivt og hurtig utan forseinkingar, forsikrar direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin.

– Behov for gjennomgang av prosedyrane

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved UiO har også fått rapport om konsekvensane av asbestfunnet i dei ombygde lokala til Luecke-gruppa i Kristine Bonnevies hus. Han er klar på at handteringa av saka vil få fylgjer for rutinane. 

– Denne leie saka har vist oss at det er behov for ein gjennomgang av prosedyrane. Det gjeld både å tydeliggjera roller og ansvar, å sørgja for at også alle eksternt involverte er godt kjente med prosedyrane, og å vurdera om det er behov for enkelte presiseringar og oppdateringar. Me  vil derfor setja ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på dette, opplyser Arne Benjaminsen  i ein epost til Uniforum.   

 

ASBESTSTENGT: Dette er eitt av romma i 2. høgda i Kristine Bonnevies hus som no er nedstengt etter funn av asbest. Det er adgang forbode for alle. Romma må no sanerast heilt for asbest før dei kan takast i bruk av forskarane i Luecke-gruppa ved Norsk senter for molekylærmedisin. (Foto: Ola Gamst Sæther) 
I rapporten sin om asbestmålingane viser firmaet Mycoteam til at det kan vera behov for asbestsanering av nærliggjande rom også. Arne Benjaminsen peikar på alle dei omkringliggjande romma også er stengde. 
 
– Alle berørte rom og tilstøytande areal er mellombels nedstengde medan det pågår sanering, men kritisk, pågåande forsking kan gjennomførast, føresett bruk av verneutstyr. Når sanering er gjennomført, vil det gjerast nye analysar. Dersom lokalet då er fritt for asbest, vil det kunne brukas igjen som normalt. Me estimerer at dette vil vera 12. april, med atterhald om uføresette avvik, varslar han. 

– Tett og god dialog

Arne Benjaminsen trekkjer fram arbeidet til einingane som har vore inne i denne saka. 
– Eg er tilfreds med at det undervegs i denne saka har vore tett og god dialog mellom berørte eingar, Eigedomsavdelinga, entreprenør, Bedriftshelsetenesta
og brukarane, representerte ved HMS og verneombod. Ingen av luftmålingane viser overskridingar av tilrådd fagleg norm for asbest, men dersom tilsette er uroa, kan dei ta kontakt med BHT (Bedriftshelsetenesta/Red.merknad)  for ein samtale med bedriftslege. Det kjem ei oppdatering av situasjonen rett over påske, opplyser Arne Benjaminsen til  Uniforum. 

 

• Les også om forskarane som måtte flytta ut av nyinnflytta lokale:

Asbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale 

Emneord: Arbeidsforhold, Medisin Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2021 14:21 - Sist endra 30. mars 2021 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere