Forskargruppe fann fleire manglar i nye lokale etter flytting frå Forskningsparken

Plassering av ein nitrogentank i eit lite lagerrom som ikkje var brannsikra og ein minus 80 graders frysar som ikkje var på plass. Det var det som møtte forskargruppa frå Norsk senter for molekylærmedisin då dei flytta inn i Kristine Bonnevies hus i slutten av januar.

Ein nitrogentank i eit lite rom

PÅ FEIL PLASS: Ein nitrogentank var plassert i eit brannfarleg rom på sju kvadratmeter.  Etter at forskarane sa ifrå, er den no flytta til eit trygt lokale på 14 kvadratmeter. 

Foto: Hartmut Luecke /NCMM

For seks veker sidan fortalde Uniforum om korleis ei av forskargruppene ved Norsk senter for molekylærmedisin måtte flytta ut av Forskingsparken og inn i eit lokale i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Allereie då frykta gruppeleiar Hartmut Luecke for at det han insisterer på å kalla ei utkasting ville gå ut over forskingstida, ikkje minst for postdoktorane og doktorkandidatane.  Så langt viser erfaringane at han har fått rett i spådommane sine. 

Dette er Norsk senter for molekylærmedisin:

- eit nasjonalt forskingssenter som skal fungera som eit drivhus for unge, talentfulle forskarar i molekylærmedisin, bioteknologi og translasjonsforsking. Senteret er eit viktig element i UiOs strategiske satsing på livsvitskap.

- direktør: Janna Saarela

- senteret har 70 tilsette.

Aktuelt: 10 av dei tilsette flytta ut av Forskingsparken i januar, medan 20 andre måtte flytta til andre lokale i Forskningsparken på grunn av ombygging.

Dei 10 som flytta til Kristine Bonnevies hus møtte fleire manglar i dei nye lokala.

(Kjelder: UiO, Uniforum og NCMM)

– Det er naudsynt med god planlegging for å kunna flytta eit høgteknologisk laboratorium frå ein stad til ein annan.  I praksis vil det seia at alt utstyret må takast ned og så må det setjast opp igjen og koma i gang igjen. Det har ført til at me dei siste seks vekene ikkje har fått gjort noko av det me vanlegvis gjer i laboratoriet, fortel Hartmut Luecke til Uniforum. 

Ekspertar frå utlandet kunne ikkje koma

Før flyttinga var han spesielt uroa over dei mest følsame instrumenta.

– Det er viktig at dei blir pakka ned av ingeniørar og ekspertar som held til utanfor Noreg. Dessverre var det ikkje mogleg å få dei inn i Noreg på grunn av innreiserestriksjonane i samband med koronapandemien. Derfor veit me enno ikkje om desse instrumenta har overlevd flyttinga,  fortel han.

– Ikkje-eksisterande

Hartmut  Luecke skildrar også korleis førsteinntrykket deira var, då dei fekk tatt i augesyn dei lokala dei skulle flytta inn i i Kristine Bonnevies hus.

– Me blei overraska over at det utstyret som vanlegvis er i eit laboratorium var ikkje-eksisterande. Etanol, utstyr og andre ting som eigentleg skal vera der, var ikkje på plass. Det gjeld også ting som augevask, sikringsdusj, ein telefon med eit oppslag med naudnummer og førstehjelpsutstyr. Ikkje noko av det, var der, seier han lettare sjokkert.  

Asbest i veggane

Men det var ikkje det einaste som gjorde dei svært urolege. 

– Ekspertar fann også ut at alle veggane i lokala er forureina av asbest. Dei gjorde målingar av innhaldet av asbest, og det var like under grensa for det som er tillate. Det var ein ting som uroa oss, og som me absolutt ikkje var førebudde på. Og me fekk ikkje ein gong lov til å setja ein teiknestift i desse veggane, sjølv om dei ikkje er klassifiserte som asbesthaldige, seier han. 

Nyleg har heile forskargruppa flytta inn i lokala, og fleire, men ikkje alle manglane og feila er blitt retta opp den siste veka.

– Det skjedde ikkje før me peika dei ut for dei. Også det overraska oss, for dei har koordinatorar som kan alt som handlar om helse, miljø og sikring. Dei kan alt om sikringsreglar som gjeld i Noreg, konstaterer han.

Ein nitrogentank i eit rom på sju kvadratmeter

Så kjem han med andre døme på korleis tinga deira var installerte på rom som ikkje oppfylte vanleg sikringsstandard.

– Me har blant anna ein tank med 180 liter flytande nitrogen som var plassert i eit rom på sju kvadratmeter som ikkje var brannsikra. Det ville vera ekstremt farleg for ein person å vera i det rommet i tilfelle det skulle skje ein lekkasje. Dei fekk beskjed frå oss om at den måtte flyttast til ein annan stad, og det blei også gjort i førre veke. No er den flytta til eit brannsikra rom på 14 kvadratmeter, fortel han.

 Derimot fungerer enno ikkje sikringsdusjen.  

– Om det skulle bli brann i laboratoriet, vil den som er i laboratoriet slå den på og kan sprøyta vatn på  brannstaden før brannen spreier seg. Den kan også bli brukt på personane om dei har sølt syre eller anna væske på seg sjølve, forklarar han.

No prøver dei å få overført den sikringsdusjen dei hadde i lokala i Forskingsparken til det nye lokalet i Kristine Bonnevies hus.

– Ingen hadde planlagt noko som helst når det galdt sikring og tryggleik. Det var også svært sjokkerande, synest han. 

– Planlegg å flytta over prøvar

Det er framleis ein viktig del av utstyret deira som ikkje er tatt i bruk i dei nye lokala.

– Me har enno ikkje starta frysaren vår som går ned til minus 80 grader. Den blei flytta over for nokre dagar sidan. Den kan takast i bruk, og derfor planlegg me å flytta  prøvane våre frå  Forskningsparken og til Kristine Bonnevies hus på slutten av denne veka.

Derfor har Hartmut Luecke tru på at forskinga endeleg kan koma ordentleg i gang i dei nye lokala denne veka. Men han er framleis uroleg for korleis det skal gå med postdoktorane og doktorgradskandidatane.

– Dei har ikkje tapt forskingstid berre dei siste seks vekene. Også uvissa før flyttinga og koronarestriksjonane som gjorde at dei måtte forska på heimekontoret, har ført til at prosjekta deira ligg langt bak tidsplanen. Til saman har dei tapt minst eit par månader i forskingstid. Det bør dei få ein økonomisk kompensasjon for, meiner han.  

Håpar snart på forsking som normalt

Hartmut  Luecke veit ikkje heilt kven han skal gi ansvaret for at planlegginga og gjennomføringa av flyttinga ikkje har gått betre.

– Det er vanskeleg å seia. For meg har det vore litt mørklagt kven som har skulda for dette. Det var ein flyttekoordinator her, men den personen slutta i jobben i slutten av februar. Og når det gjeld mangelen på sikringstiltak, veit eg heller ikkje kven som har ansvaret for det, seier han.

– Når trur du at forskinga kan ta til igjen som normalt?

– Kanskje denne veka eller neste veke. Det er framleis vanskeleg å seia,  slår han fast.

– Stor medkjensle

Uniforum har presentert kritikken av flyttinga frå gruppeleiar Hartmut Luecke overfor direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin.

– Eg forstår og har stor medkjensle for dei forskarane som er involverte i dette, og eg tar uroa, frustrasjonane og frykta deira på største alvor. Alle som har vore med på flyttinga av laboratoria har gjort sitt beste for å byggja dei opp igjen og å gjera flyttinga så rask og smidig som mogleg. I eit så stort prosjekt vil det alltid dukka opp uventa forseinkingar, seier Janna Saarela til Uniforum.

LØYSTE: – Etter det me kjenner til, så skal alle dei gjenståande problema når det gjeld flytting og installasjon av sikring og laboratorieutstyr no ha blitt løyste, seier direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM). (Foto: Kirsti Tuura, Universitetet i Helsinki)

– Vil alltid finnast rom for betring

– Kven meiner du er ansvarleg for denne situasjonen?

– NCMM ville sjølvsagt ha føretrekt eit val som ikkje innebar å flytta ut av Forskningsparken, men sidan det ikkje var eit mogleg val, har NCMM gjort sitt aller yttarste før og etter flyttinga til å sikra at gruppa fekk best moglege forhold for forskinga si. Behova til kvar forskargruppe er svært komplekse. For å hjelpa til med å sikra at flyttinga skulle gå føre seg på ein smidig måte,  tilsette NCMM ein flyttekoordinator som kunne hjelpa gruppa med å ta vare på praktiske ting frå august og fram til slutten av februar. I eit prosjekt på denne storleiken skjer det alltid uventa utsetjingar, og det vil alltid finnast rom for betring, understrekar ho.

 

 

– Gruppa er blitt kompensert økonomisk

– Kva kan du gjera for å betra situasjonen for den aktuelle forskargruppa?

– Gruppa er blitt kompensert økonomisk for tapt tid på ein og ein halv månad, noko som gjer det mogleg å forlengja kontraktane til studentane og postdoktorane. Etter det me kjenner til, så skal alle dei gjenståande problema når det gjeld flytting og installasjon av sikring og laboratorieutstyr no ha blitt løyste. Me oppdaterte gruppa jamleg under flyttinga og også andre gonger, og me håpar at dei no kan halda fram med forskinga som før, seier Janna Saarela til Uniforum.

Uniforum har også vore i kontakt med eigedomsdirektør John Skogen ved UiO. I ein epost svarar han at saka vil bli løyst i samarbeid mellom leiinga i NCMM/MED, Eigedomsavdelinga og utførande entreprenørar og leverandørar.  

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2021 04:30 - Sist endra 12. mars 2021 09:14

Hvorfor er de som flytter overrasket?  Alt det de ber om: "– Me blei overraska over at det utstyret som vanlegvis er i eit laboratorium var ikkje-eksisterande. Etanol, utstyr og andre ting som eigentleg skal vera der, var ikkje på plass. Det gjeld også ting som augevask, sikringsdusj, ein telefon med eit oppslag med naudnummer og førstehjelpsutstyr. Ikkje noko av det, var der, seier han lettare sjokkert." gjør jo vi vanlige UiO ansatte selv på egnhånd når nye eller eldre lokaler tas i bruk.  Skal utstyr flyttes gjør vi det selv.  Kjørte ikke denne forskningsgruppen alt utstyret fra Forskningsparken til Biobygget selv i sine egne private biler? Hvis de fikk hjelp skal de være lykkelige og takke dem som hjalp dem.  Det er også helt vanlig å komme til kontorer som mangler telefon. Du må bare bestille ny (det finnes rutiener for dette) og den er der allerede innen en uke. Og en ting til, en nitrogentank trenger ikke brannsikring. Nitrogen i både flytende form og gassform kveler flammer og stopper branner.  Det som trengs er god utlufting for å hindre kvelning.  

Frode Rise - 12. mars 2021 12:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere