Ombygging i Forskningsparken fører til splitting av toppforskingssenter

I april i fjor fekk direktør Janna Saarela beskjed om at 30 tilsette i Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) måtte ut av delar av Forskningsparken på grunn av byggjearbeid. For henne kom varselet svært overraskande.  

MÅTTE FLYTTA: Tre forskargrupper frå Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) måtte flytta frå desse lokala sidan Forskningsparken skulle begynna med ombygging der.  

Foto: Hartmut Luecke /NCMM

Ti månader etter meldinga om utkasting frå dei tidlegare lokala, er flyttelasset til 30 forskarar og teknikarar hos Norsk senter for molekylærmedisin  (NCMM) pakka. Av desse er 10 på veg inn i nye lokale hos Institutt for biovitskap i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Dermed blir dei skilte frå dei 60 andre tilsette i dei andre forskargruppene til NCMM i Forskningsparken i Gaustadsbekkdalen.  NCMM er eit toppforskingsenter som ligg under Det medisinske fakultetet på UiO.

Dette er Norsk senter for molekylærmedisin:

- eit nasjonalt forskingssenter som skal fungera som eit drivhus for unge, talentfulle forskarar i molekylærmedisin, bioteknologi og translasjonsforsking. Senteret er eit viktig element i UiOs strategiske satsing på livsvitskap.

- direktør: Janna Saarela

- senteret har 70 tilsette.

Aktuelt: 10 av dei tilsette må denne veka flytta ut av Forskingsparken medan 20 andre må flytta til andre lokale i Forskningsparken på grunn av ombygging.

(Kjelder: UiO og NCMM)

Det var 30. januar for eitt år sidan direktør Janna Saarela fekk det første varselet om at Forskningsparken skulle setja i gang eit arbeid med å byggja ein ny etasje for kontorarbeidsplassar rett over området D3 i bygningen. Det får Uniforum opplyst frå Janna Saarela. Akkurat der heldt tre av forskargruppene til NCMM til, og dei fekk derfor melding om at dei måtte ut, og at det heller ikkje ville vera plass til dei og instrumenta og utstyret deira etter at arbeidet var avslutta. 

– Eg fekk den første meldinga om byggjeplanane via ein epost datert den 30. januar 2020, seier direktør Janna Saarela til Uniforum. 

I april i fjor fekk direktør Janna Saarela beskjed om at 30 tilsette i Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM) måtte ut av delar av Forskningsparken på grunn av byggjearbeid. For henne kom varselet svært overraskande.  

– Blei du overraska?

– Ja, svarer ho Uniforum i ein epost.

I april fekk dei melding om at Forskningsparken ikkje ville forlengja leigeavtalen med NCMM i den delen av D-fløya tre av forskargruppene heldt til i.

– Har oppfylt alle behova våre

Janna Saarela tok derfor kontakt med leiinga for Forskningsparken AS for å gjera det klart for dei at den aller beste løysinga for senteret ho leier, ville ha vore om dei kunne ha halde fram med å ha heile senteret lokalisert  på den same staden. 

– Lokala me har leigd i Forskningsparken har oppfylt alle behova våre, gjer ho klart. 

Svaret ho fekk var at Forskningsparken etter ombygginga berre ville ha kontorplassar i D3-fløya i bygningen. 

– Derfor ville det ikkje vera noko val for NCMM å flytta forskarane og instrumenta våre tilbake etter ombygginga, og halda fram med dei same gjeremåla våre som før, fortel Janna Saarela til Uniforum.   

– Vil mista halvparten av laboratorieplassen

Når flyttinga blir realisert denne veka, er det ikkje berre forskargruppa som må flytta til Blindern som får merka konsekvensane.

– Heile senteret vil mista halvparten av den laboratorieplassen me har hatt i Forskningsparken. Derfor går ikkje det utover berre dei forskargruppene som må ut, men også alle dei andre forskarane på senteret. Me har stor medkjensle med forskarane våre for dette, ikkje minst for dei forskargruppene som må flytta til IBV (Institutt for biovitskap), seier Saarela.

For henne er det trist å sjå at dei tilsette på senteret må skilja lag.

– Å splitta opp senteret ved å flytta ei forskargruppe til Blindern var ikkje noko me ynskte, men det har vore den einaste moglege løysinga for oss. Me skal gjera vårt beste for at forskarane våre kan halda fram med den viktige jobben dei gjer. Og samtidig vil eg uttrykkja stor takksemd overfor IBV som har stilt lokale til disposisjon for dei. Utan dei, ville det ikkje ha vore mogleg, understrekar ho.

Var i møte med Eigedomsavdelinga og medisindekanen

No er det altså ingen veg tilbake, men Janna Saarela fortel at ho har gjort det ho kan for å gjera om flyttevedtaket. Ho tok straks kontakt med dekanen ved Det medisinske fakultet.

– NCMM informerte dekanen om situasjonen  i byrjinga av 2020, og fakultetet har heile tida støtta oss og deltatt i møte med EA (Eigedomsavdelinga).  EA møtte også og informerte universitetsdirektøren om situasjonen på eit møte der både Det medisinske fakultetet og NCMM var representerte. Saarela viser til at fakultetet har støtta dei under heile denne prosessen og også deltatt i møte med Eigedomsavdelinga, som er den offisielle partnaren i leigeavtalen med Forskningsparken AS.

Uroleg for fylgjene av flyttinga

Overfor Uniforum vert det uttrykt uro for at flyttinga vil gå hardt utover dyre instrument og laboratorieutstyr som forskarane er heilt avhengige av for å få utført forskinga dei driv på med. 

Professor Hartmut Luecke er leiar for ei av forskargruppene på NCMM, og han er uroleg for kva konsekvensar flyttinga kan få for forskingssenteret.

– Eg fryktar at flyttinga kan gi skader på det vitskaplege utstyret til mange hundre tusen kroner som er løyvde av pengar både frå den norske regjeringa og regjeringar i andre land og frå stiftingar, seier han.

Luecke er også redd for at flyttinga vil gå ut over dei som held på med å avslutta doktorgraden eller dei som arbeider som postdoktorar på gruppa han leier. 

– Denne utkastinga kan resultera i at dei får eit avbrot i forskinga og kan bli forseinka med det forskingsarbeidet dei held på med, seier han synleg uroleg i eit digitalt intervju med Uniforum.

Sjølv er Hartmut Luecke leiar for den einaste forskargruppa som må ut av Forskningsparken og blir flytta til lokala til Institutt for biovitskap i Kristine Bonnevies hus på Blindern. Han er kritisk til at forskargruppa hans no blir splitta frå resten av forskingssenteret. Men han er altså mest uroa for kva fylgjer det for heile senteret.

Har stor forståing for uroa

Direktør Janna Saarela har stor forståing for den uroa.

IKKJE NOKO ME YNSKTE:  – Å splitta opp senteret ved å flytta ei forskargruppe til Blindern var ikkje noko me ynskte, men det har vore den einaste moglege løysinga for oss, seier direktør Janna Saarela ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM). (Foto: Kirsti Tuura, Universitet i Helsinki)

– Dei tre forskargruppene som held til i D-fløya i Forskningsparken har alle svært dyre og kjenslevare instrument og utstyr som dei er avhengige av for å få utført forskinga si. Sidan Forskningsparken held fram med det planlagde byggjeprosjektet, er det ikkje noko anna val enn å flytta dei ut av D-fløya, seier Saarela.  

Ho er heilt einig i at det vil vera uheldig å frakta dei over til andre lokale  anten i Forskningsparken eller på Blindern.

– Instrumenta som må flyttast er svært avanserte og krev stabile forhold når det gjeld temperatur, fukt og vibrasjonskontroll. Nokre av dei krev også konstant nedkjøling og er avhengige av ventilasjonen, forklarar ho. 

Saarela har likevel tru på at det let seg gjera.

– Med ein gong instrumenta er i nye lokale må dei bli kopla på igjen og bli kalibrerte på nytt, slik at forskarane kan bruka dei på rett vis. Me har også kontakta selskapa som leverer dei avanserte instrumenta for å få dei til å hjelpa oss med flyttinga av utstyret på ein best mogleg og sikker måte, presiserer ho. 

– Forstår du den frustrasjonen som forskarar uttrykkjer når det gjeld konsekvensane av flyttinga?

– Me har stor medkjensle med dei. Dette har vore frustrerande for heile staben til NCMM. Då det blei klart at me ikkje var i stand til å stansa eller utsetja byggjeprosjektet, var NCMM nøydd til å halda seg til situasjonen og fokusera på å finna dei best moglege løysingane for alle gruppene våre, spesielt med tanke på dei behova dei hadde og den tidsramma me hadde, seier ho.

Trur forskinga kan halda fram som før etter flyttinga

Professor Hartmut Luecke uttrykkjer  også stor uro for kva konsekvensane vil bli for doktorgradskandidatar og postdoktorar. Janna Saarela deler ikkje den uroa, og ho trur at alt etter kvart vil fungera som før.

– Me har tillit til at straks flyttinga er blitt gjennomført og gruppene på plass i dei nye lokala, vil dei vera i stand til å halda fram med forskinga som før. NCMM har kompensert gruppene for både flyttekostnadene og utviding av arbeidskontraktar i samsvar med tapt tid for sjølve flyttinga. Dessutan har me tilsett ein person som kan dra til IBV og yta dei same tenestene som gruppene har nytt godt av i Forskningsparken, slik som vasking og sterilisering av glas og kjemiske oppløysingar. NCMM har også kjøpt inn ekstra instrument for å vera sikker på at alle har det dei treng både i Forskningsparken og på Blindern, fortel ho. 

NCMM-direktøren lovar også at så snart flyttinga er gjennomført og alle gruppene er på plass, vil dei gjera det dei kan for å få folk til å koma saman slik som før. 

– Med dei pågåande tiltaka som er sette i verk på grunn av covid-19-pandemien, er me følsame overfor det faktum at isolasjon er eit reelt problem og noko som me gjerne vil gjera noko med for å betra, lovar ho.

Merka vibrasjonar

Bygningsarbeidet i Forskningsparken begynte lenge før forskargruppene til NCMM fekk beskjed om å flytta ut av lokala der dei heldt til. Både Janna Saarela og dei andre på senteret merka det.

– Arbeidet førte til vibrasjonar i D-fløya, og dei fekk me ikkje noko varsel om på førehand. Som sagt så er instrumenta våre og eksperimenta me utfører svært følsame overfor vibrasjon og dette utstyret kan moglegvis ha blitt skada som ein fylgje av at arbeidet tok til før me hadde flytta heilt ut, seier Janna Saarela. 

Ho ville svært gjerne at alle dei tilsette skulle halda fram med å vera i Forskningsparken, men ho forstod tidleg at det ikkje ville vera mogleg. 

– Nettopp på grunn av dei lokala me hadde bruk for og dei særskilde vilkåra som utstyret til dei utflytta gruppene krev, var ikkje dette noko val, sidan me ikkje blei tilbydd eit alternativt og brukande lokale i bygningen. Og det var heller ikkje mogleg å få tak i alternative lokale ved UiO for å hindra at ei forskargruppe måtte flytta fysisk ut av NCMM, konstaterer ho.

Gjenforeining i Livsvitskapsbygningen i 2025

Janna Saarela ser lyset i enden av tunnelen i 2025. Etter planen skal då den nye Livsvitskapsbygningen opna, og der er det sett av god plass til alle dei tilsette ved Norsk senter for molekylærmedisin.

– Der får me plass både til forskarar, teknikarar og til heile administrasjonen til NCMM. Den planen blir ikkje endra ved at ei forskargruppe må flytta til Blindern no. Inntrykket vårt er at UiO-leiinga forstår behova våre svært godt og me planlegg at alle dei 11 forskargruppene våre skal flytta inn der, så snart som det er mogleg, står ho fast på.

Sjølv om ikkje Janna Saarela og dei andre på Norsk senter for molekylærmedisin klarte å hindra at senteret måtte flytta ei forskargruppe ut av Forskningsparken og til Blindern, er ho nøgd med arbeidet Det medisinske fakultet og Eigedomsavdelinga har gjort for å få til eit  alternativ. 

– Me hadde aldri eit ynske om å flytta ut av Forskningsparken. Men me vil takka Det medisinske fakultetet, Eigedomsavdelinga og IBV for at dei klarte  å hjelpa og støtta oss i å få i hamn ei løysing som gjorde at forskarane kan halda fram med arbeidet sitt.

– Har fått fine og gode lokale

Uniforum har også tatt kontakt med leiinga for Forskningsparken for å høyra kvifor det ikkje var mogleg for  alle på Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM)  å bli verande der. Direktør Bjørn Erik Reinseth vil ikkje kommentera saka og ber oss om å kontakta Eigedomsavdelinga ved UiO. Det har Uniforum også gjort, og eigedomsdirektør John Skogen svarer oss på telefon frå heimekontoret.  

– Kvifor var det ikkje mogleg å få hindra at ei av forskargruppene til NCMM måtte ut av Forskningsparken etter meldinga kom om at det skulle utførast bygningsarbeid i den fløya dei heldt til i?

– Det er stort press frå einingar på heile UiO som har behov for større lokale. No fann me plass til dei i Kristine Bonnevies hus, og der har dei fått fine og gode lokale, understrekar han.   

– I fagmiljøet meiner nokon at flyttinga ut av Forskningsparken kan gå ut over utstyret og instrumenta dei brukar. Forstår du det?

– Ja, det gjer eg. Men no vil det koma ekspertar frå leverandørane som kan sørgja for at flyttinga og reinstalleringa av det vitskaplege utstyret skal gå bra.

– Ei minneleg løysing

– Korleis ser du på den avtalen som UiO har inngått med Forskningsparken AS om plassering av NCMM?

– Me har kome fram til ei minneleg løysing også i samarbeid med Det medisinske fakultetet, men eg er viss på at alle ser fram til betre tider når NCMM om nokre år etter planen skal flytta inn i Livsvitskapsbygningen og kunna samlokaliserast der på nytt, trur John Skogen.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Medisin, Livsvitskap, Forskningsparken Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2021 04:30

Det som ikke ble sagt tydelig nok, eller i det hele tatt, er at Oslotech som driver forskningsparken eies av blant annet UiO, med universitetsdirektøren på styret. Men, som vanlig, når det gjelder det med å forsvare institusjonens virkelige interesser, virker universitetsledelsen fraværende.

Eller, i dette tilfellet og med "innovasjon" som begrunnelsen, kan det faktisk være slik at de prioriterer utvidelsen av den evige byggeplassen, Forskningsparken, som om flere overprisede kontor for hipstere (som er hvordan Forskningsparken fremstår i dag) er på noen måte viktigere enn arbeidet som foretas av universitetets egne forskere og forskningsgrupper.

paubod@uio.no - 27. jan. 2021 15:27

Dear Paul,

Very insightful comment. I am also shocked about the apparent Conflict of Interest by the University Director of UiO (on the Oslotech board as you note) and the unwillingness of the rector and vice-rector to step in. I doubt any meaningful risk or impact analysis was carried out, either.

hudel@uio.no - 28. jan. 2021 11:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere