Det var på det meste 222 personar til stades på det digitale allmøtet om asbestfunn i Kristine Bonnevies hus måndag formiddag. Fakultetsdirektør Jo Døhl hadde med seg både Ingeborg Engh frå selskapet Mycoteam, lege Karl-Christian Nordby, eigedomsdirektør John Skogen, prosjektleiar Kenneth Eriksen og Cheau Ling Poon frå Bedriftshelsetenesta.
Dette er asbest:
Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest. Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.
Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.
Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.
Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.
(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)
Dei første nye funna av asbest i Kristine Bonnevies hus blei gjort rett før påske i samband med ombygging av lokale som skulle husa forskargruppa til Hartmut Luecke frå Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM). Rett etter påske blei det klart at selskapet Mycoteam også hadde gjort funn i andre delar av bygningen, både i andre etasje der NCMM held til, men også i første, tredje og fjerde etasje. Resultatet blei at endå fleire kontor og laboratorium blei stengde og forskarar blei bedne om å arbeida heimanfrå til kontora deira var blitt sanerte for asbest.
– Saka er meldt inn til Arbeidstilsynet
Det er bakgrunnen for at fakultetsdirektør Jo Døhl kalla inn alle dei over 330 personane som jobbar i bygningen til eit digitalt allmøte om asbestfunna i formiddag.
– No kan eg melda at heile saka også er meldt inn til Arbeidstilsynet, opplyste han i byrjinga av møtet. Aller først gav han ordet til Ingeborg Engh frå Mycoteam. Ho viste til føreskriftene frå Folkehelseinstituttet som seier at frie asbestfibrar ikkje bør førekoma innandørs og at dei heller ikkje skal førekoma inne i konsentrasjonar over 0,001 fibrar per millimeter luft.
– Me skal utføra målingar i heile bygningen og så skal dei danna grunnlag for ei risikoevaluering som Bedriftshelsetenesta skal laga, fortalde ho.
Skal sanera asbest frå sone til sone
Nestleiar Paul Grini på Institutt for biovitskap fortalde om korleis dei ville dela områda der det var blitt funne asbest inn i soner. Først blir det tetting og kartlegging og utbetring av skader, eit arbeid som skal utførast av Eigedomsavdelinga eller utøvande entreprenør. Deretter skal sona testast av Mycoteam, før det blir sett i verk sanering eller utvasking av all asbest. Så gjennomfører Mycoteam ei ny testing før sona blir frigitt igjen.
– Den første sona er ferdig i april, deretter går det fortløpande med nye soner som blir klargjorde i mai, juni, juli og august. Arbeidet begynner i 2. etasje og held deretter fram i 3. etasje. Sonene vil vera stengde i gjennomsnitt i to veker, sa Paul Grini på allmøtet.
Nokre av dei som deltok på møtet lurte også på om det ikkje var like godt berre å fjerna alle asbestplater frå bygningen med ein gong i staden for stadig å måtta rydda opp etter funn av asbest i støv. Eigedomsdirektør John Skogen tok ansvaret for å svara på dette.
– Dersom me skal fjerna absolutt all asbest frå bygningen, må heile bygningen renoverast. Det vil seia at alle då måtte ut av bygningen. No skal det opprettast fleire soner for sanering, trekte han fram.
Forsvinnande liten helsefare
På allmøtet kom det aller flest spørsmål om helsefaren ved å bli utsett for asbestfibrar. Lege Karl-Christian Nordby er spesialist i arbeidsmedisin og kom med eit klart svart på det.
– Om de hadde spurt meg om eg ville ha vore redd for å jobba der no, ville svaret ha vore nei. Risikoen for å få kreft etter å ha blitt eksponert for asbest i desse lokala, er forsvinnande liten, slo han fast. Han understreka også at så lenge asbesten held seg inne i veggplatene, er den ikkje eit problem.
– Det er den først når den blir luftboren, presiserte han.
Lova å svara på alle spørsmåla
Både fakultetsdirektør Jo Døhl og Ingeborg Engh frå Mycoteam lova å gjera rapporten frå Mycoteam om asbestfunna i Kristine Bonnevies hus tilgjengeleg for alle dei tilsette. Jo Døhl viste også til at det no er oppretta ei hurtigarbeidande gruppe som skal gjera ei risikovurdering og vurdera tiltak i samarbeid med Eigedomsavdelinga og brukarane av lokala.
Dette er den hurtigarbeidande arbeidsgruppa:
Jo Døhl, MN (leiar)
Erik Munthe-Kaas, Eigedomsavdelinga
Steinar Heid, Eining for HMS og beredskap
Kathrine Schou, Institutt for biovitskap
Vegard Iversen, lokalt verneombod, Institutt for biovitskap
Cheau Ling Poon, Bedriftshelsetenesta
Ingrid Kjelsvik, Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM)
Tom Thorsen, representant for tenestemannsorganisasjonane
(Kjelde: MN)
Men spørsmålet om doktorstudentar og andre vil få kompensasjon for tapt forskingstid, slik doktorstudentar og postdoktorar ved Norsk senter for molekylærmedisin har fått lovnad om, blei det ikkje svara på under allmøtet. Men fakultetsdirektør Jo Døhl lova å samla alle dei fleire titals spørsmåla og få sendt ut svar til alle etter kvart. Deretter gjekk allmøtet over til engelsk, slik at dei ikkje-norskspråklege tilsette også kunne bli informerte og få stilt spørsmål om asbestsituasjonen i Kristine Bonnevies hus.
– Eit godt informasjonsmøte
Biologiprofessor Kristian Gundersen er ein av forskarane i Kristine Bonnevies hus som no er asbestfast og må jobba heimanfrå.
– Kontoret mitt var eit av romma der det blei påvist asbest. Derfor er eg no stengt ute frå kontoret, og om eg må inn for å henta noko må eg ta på meg fullt verneutstyr, fortel han.
Sjølv er han ikkje redd for helsa på grunn av funna av asbest i Kristine Bonnevies hus.
– Nei, det er berre påvist små funn av asbest som ikkje er farleg for helsa vår, konstaterer han. – Som forskarar er me avhengige av å bruka laboratorium, legg han til.
Han var ein av dei 222 som deltok på allmøtet om asbest for dei tilsette i Kristine Bonnevies hus tidlegare i dag.
– Lege Karl-Christian Nordby fekk fint fram kor liten helserisiko det er å bli eksponert for dei ørsmå funna med asbest som er funne i romma i Kristine Bonnevies hus. Slik sett blei dette eit godt informasjonsmøte, synest han.
– Forferdeleg øydeleggjande
Kristian Gundersen synest at avstenginga av rom i Kristine Bonnevies hus er aller mest tragisk for dei studentane som er i ferd med å avslutta masterstudiet eller dei som held på med doktorstudiet.
– Det er forferdeleg øydeleggjande for dei, som i tillegg også har måtta leva med koronarestriksjonane. Sidan funna av asbest ikkje utgjer ein stor helsefare, burde ein ha klart å løysa dette utan å gå så drastisk til verks. Dette viser at “securiseringa” av samfunnet og at HMS-regima kanskje har gått for langt, tykkjer han.
Sjølv lengtar han tilbake til kontoret i Kristine Bonnevies hus som har både større og betre PC-ar og annan infrastruktur enn det som han har på heimekontoret.
– Men eg veit enno ikkje når eg kan venda tilbake, seier han til Uniforum.
– Fryktbaserte
Også professor Nils Chr. Stenseth deltok på allmøtet. Han er glad for at UiO og fakultetsleiinga tar asbestfunna i Kristine Bonnevies hus alvorleg.
– Samtidig tykkjer eg ikkje handteringa står i forhold til dei fagleg forventa konsekvensane. Legen fekk - etter mi meiining- klart fram at asbestfunna ikkje var helsefarlege, men at det er tilrådd å gå fram på ein måte som er i samsvar med føreskriftene. Det viser at desse tiltaka har ein ting til felles med nokre av koronatiltaka. Dei er ikkje kunnskapsbaserte, men fryktbaserte, slår han fast.
Er uroleg for dei unge
Både på møtet og overfor Uniforum talar Stenseth dei unge forskarane si sak som først har møtt koronarestriksjonar før asbeststenging av laboratorium og kontor har kome i tillegg.
– Sånne som meg er det ikkje synd på; eg har riktignok planar for 10-20 år fram i tida, smiler han. Så legg han til litt meir alvorleg.
– Eg er opptatt av dei unge. Nedstenginga på grunn av korona har vore alvorleg for dei. Og no kjem nedstenging på grunn av asbest på toppen av det. Dei mister tilgang til lab og kontor, og dessutan kan det vera vanskeleg å jobba heime med ungar som dei ofte må ta seg av. Dette må me leggja mykje større vekt på enn det me har gjort til no, seier han til Uniforum.
Etter hans meining er det ein kostnad, ikkje minst fordi det heile trekkjer så langt ut i tid.
– Me må tenkja gjennom kva det kostar for dei på same måte som me reknar ut kva kostnader restaurantar, reiselivnæringa og underhaldningsbransjen, blant dei mange kunstnarar, har hatt med korona, er rådet hans. Stenseth viser til at det også herskar stor uvisse blant mange unge som undrar seg over at nokre areal er stengde, medan andre ikkje er det. – Er dei tilgrensande ikkje-stengde areala trygge, lurar dei på, seier Stenseth.
– Me må respektera enkeltmenneska
Han meiner det må gjerast individuelle val når det gjeld stenginga av kontor i Kristine Bonnevies hus på grunn av asbestfunn.
– Mitt syn er at me må respektera enkeltmenneska. Dei som har behov for å testa kontora og laboratoria sine, bør få gjort det. Me bør respektera korleis dei held seg til det. Om dei ynskjer å unngå asbest for ein kvar pris, sjølv for det aller minste kvantum, så skal me respektera det. Og så skal me undersøkja alle fellesrom, slik at me har informasjon om det, slik at kvar enkelt av oss kan avgjera om me skal vera her eller der. Det går ikkje an å skjera over alle med ein kam, understrekar han.
– Eg lever jo bra enno
– Men har ditt kontor blitt stengt på grunn av asbestfunn?
– Ikkje i det heile tatt. Og eg kan trygt vera på kontoret mitt, men eg veit eigentleg ikkje om det er asbeststøv på kontoret mitt. Men eg lever jo bra enno då, sjølv om eg har halde til her sidan 1972, om enn eg også har vore mykje på reise gjennom desse åra, konstaterer han. Og så legg han til:
– Eg vil gjerne at dei testar kontoret mitt. Men konsekvensen av det, vil eg sjå som ei kunnskapsbasert vurdering, understrekar han.
– Einig i at helserisikoen er svært låg
Uniforum har også tatt kontakt med lege Karl-Christian Nordby som var til stades på allmøtet som ekspert på arbeidsmedisin. Me lurer på kor helsefarleg det eigentleg er for personar å opphalda seg i områda der det er funne asbest i Kristine Bonnevies hus.
Logg inn for å kommentere