Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

– Det fell tilsynelatande ned som ei bombe at me har asbest i bygget. Dette trass i at det var ein rapport frå 2003 som omhandlar asbest i bygget. Det er dommen biologiprofessor Marianne Fyhn fell over UiO etter handteringa av asbestfunna i Kristine Bonnevies hus.

Ei kvinne står med armane i kryss ved sidan av eit varselskilt om asbest

SKUFFANDE OG FRUSTRERANDE: – Det er den manglande forståinga av det som går føre seg i bygningen, som er veldig skuffande og frustrerande å oppleva. Det er også det kandidatane er skuffa over, seier biologiprofessor Marianne Fyhn om handteringa av asbestfunna i Kristine Bonnevies hus. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Rett før påske blei det oppdaga asbeststøv i dei ombygde lokala til Norsk senter for molekylærmedisin i Kristine Bonnevies hus. Dei tilsette fekk beskjed om å koma seg  ut av dei nye lokala ein månad etter at dei hadde tatt dei i bruk. Like etter påske viste det seg at det også var påvist asbeststøv på kontor og laboratorium i alle etasjar av den kjempestore bygningen.

Det førte til at mange forskarar og andre tilsette ved Institutt for biovitskap, Avdeling for meteorologi og oseanografi, Institutt for geofag òg fekk beskjed om flytta ut av kontora sine på dagen, og halda fram med arbeidet sitt frå heimekontoret. Ei veke seinare blei alle dei tilsette kalla inn til eit digitalt allmøte, der over 200 personar deltok. I førre veke publiserte først Khrono og  seinare republiserte Uniforum eit debattinnlegg frå 31 UiO-forskarar som uttrykte stor misnøye med korleis asbestsaka var blitt handsama av UiO.

– Total mangel på informasjonsflyt

Professor Marianne Fyhn leier ei forskargruppe på Institutt for biovitskap og er ein av forskarane som har måtta driva forskinga si frå heimekontoret etter asbestfunna. No tar ho bladet frå munnen og kritiserer måten UiO-leiinga har behandla dei tilsette på.

– Eg synest me er behandla svært dårleg. Det finst ei erkjenning blant alle dei tilsette som jobbar i denne bygningen at det er asbest her. Hovudkritikken er at det verkar som om det har vore ein total mangel på informasjonsflyt og informasjon på alle nivå.  Det fell tilsynelatande ned som ei bombe at me har asbest i bygget. Dette trass i at det var ein rapport frå 2003 som omhandlar asbest i bygget. Det finst ikkje nokon overvakingsplan eller beredskapsplan, registrerer Marianne Fyhn. 

Etter hennar meining har UiO ikkje klart å få ut nok informasjon.

– Det er ein systemsvikt når det gjeld informasjonen, og så har me vendt oss til dei med dei same spørsmåla, men ikkje fått svar. Derfor antar me at dei spørsmåla me tar opp, dei blir heilt medvite ignorerte. Eg synest det er leit, for eg er glad i Universitetet i Oslo. Men eg ser at dei kandidatane me har, dei mister heile tilliten til institusjonen på denne måten her, fordi dei føler seg oversette og ikkje tatt på alvor i det heile tatt, konstaterer Marianne Fyhn.

– Viser at me er totalt ignorerte

– Er det største ankepunktet løftet om kompensasjon og utvida tid til å bli ferdig med forskinga si, som dei ikkje får svar på? 

– Ein ting er eit løfte, men ein annan ting at dei til no ikkje ein gong har gitt noko svar på det spørsmålet i det heile tatt. Sidan det spørsmålet er tatt opp så mange gonger, kunne me ha forventa at dei hadde svart at me har registrert spørsmålet eller at me har eit svar eller ikkje har eit svar eller at me jobbar med det. Ingenting kjem. Det meiner eg viser at me er totalt ignorerte, seier Marianne Fyhn til Uniforum.

Ho viser til at for kandidatane er dette eit spørsmål som det er svært viktig å få eit ordentleg svar på.

– Det er viktig for kandidatane å få vita om dei kan få høve til ei forlenging slik at dei kan bli ferdige. Alle er tynnslitne etter lange nedstengingar på grunn av pandemien. No fell alt saman, slår ho fast.

Marianne Fyhn peikar på at den akutte nedstenginga av labbane på grunn av asbest har store ringverknader for den andre aktiviteten deira.

– I laboratoria gjer me forsøk og behandlar prøvar som skal gjerast ferdige i andre laboratorium til dømes i dyreforsøk. Me må utsetja eller avslutta desse andre forsøka. Forsøka me gjer kan ta fleire månader. Når me anten må avslutta dei før dei er ferdige eller me må utsetja dei på ubestemt tid, får det svært store konsekvensar, kan Marianne Fyhn skriva under på.

– Prosjekta har aldri fått kompensasjon for nokon ting

Men asbeststenginga får ikkje konsekvensar berre for enkeltpersonar. For alle forskarane er med i forskargrupper som arbeider med store prosjekt. Marianne Fyhn peikar på at også dei hamnar i eit uføre no.

– Prosjekta som dei er tilsette på får jo ingenting. Dei fekk heller ingenting etter dei tidlegare hendingane.  Då er spørsmålet kor mange gonger vil du klara å gjenbruka pengane. Me startar prosjekt, og så skjer det noko i bygningen, me må stengja og prøvar og forsøk blir øydelagde. Ved to høve har kandidatane fått forlenging, noko eg er svært glad for, men prosjekta har aldri fått kompensasjon for nokon ting. Så kjem ein ny ting, og det skjer akkurat det same, fortel ho, svært frustrert.

– Det handlar om kvaliteten på forskinga vår

 Marianne Fyhn meiner det ikkje er mogleg å halda på slik lenger.

– No er det ikkje pengar igjen til å driva forskinga. For dette handlar ikkje berre om kandidatar som ikkje blir ferdige med doktorgradane sine eller ikkje kjem i hamn med postdoktorprosjekta sine. Det handlar om kvaliteten på forskinga vår. Det er beklageleg overfor dei som finansierer forskinga, for vår del i hovudsak Forskingsrådet. Det vil seia at me ikkje kan innfri det me har lova, understrekar ho.

Marianne Fyhn trekkjer også fram korleis asbeststenginga fører til at dei taper terreng i den nasjonale og internasjonale forskingskonkurransen. 

– Når me blir sette tilbake på denne måten igjen og igjen, blir me ikkje lenger konkurransedyktige. Det vil gå utover forskinga ikkje berre på UiO, men også nasjonalt, åtvarar ho. 

– Kjennest som å gå i sirup og snakka til ein vegg

– Korleis blei dagen din forandra etter funnet av asbeststøv i Kristine Bonnevies hus?

– På grunn av koronarestsriksjonane hadde eg allereie heimekontor. Eg var her berre fysisk for å undervisa. Det blei jo veldig vanskeleg. Først flytta eg litt rundt omkring, men det blei for vanskeleg, så til slutt enda eg opp heime. Det er ei dårleg løysing for internettsambandet mitt er ikkje stabilt nok til å kjøra ei førelesing for 100 studentar, fortel ho. 

– Sjølv er eg ikkje så mykje i laboratoriet fordi eg har mykje undervisning, administrasjon og rettleiing.  Mi forsking blir driven gjennom kandidatane, så når dei ikkje får gjort sine forsøk, blir det mykje meirarbeid om korleis me skal leggja om planane og så kjem all uvissa og frustrasjonen dei har. Eg møter dei og prøver å få ut noko frå leiinga om kva planane er, kva kan me gjera og kva kan me ikkje gjera? Dette tar veldig mykje tid, og det kjennest som å gå i sirup og å snakka til ein vegg, seier Marianne Fyhn. 

ASBESTSTENGT: Biologiprofessor Marianne Fyhn står ved ein asbeststengt del av Kristine Bonnevies hus. – Når me blir sette tilbake på denne måten igjen og igjen, blir me ikkje lenger konkurransedyktige. Det vil gå utover forskinga ikkje berre på UiO, men også nasjonalt, åtvarar ho. 

– Bagatelliserte veldig effekten

Ho er heller ikkje imponert over at det blei skipa til eit digitalt allmøte der over 200 personar deltok. Marianne Fyhn meiner dei tilsette følte at dei ikkje fekk noko informasjon der som dei ikkje allereie hadde fått. 

– Fakultetsleiinga, eigedomsavdelinga og andre representantar bagatelliserte veldig effekten av dette her. Som brukarar av bygningen, så føler me at leiinga ikkje tar innover seg kva type aktivitet me har. Liv og helse må gå føre annan aktivitet, sa dei, og det forstår me. Samtidig er det sånn at viss me skal avslutta eit forsøk, og så får me beskjeden “Pakk saman og forlat bygningen og  ver tolmodige, og så kan de koma tilbake ein gong”. Det er ikkje sånn med forskinga at du kan lukka døra og når du kjem tilbake etter ei veke, så startar du frå start. Det er den manglande forståinga av det som går føre seg i bygningen, som er veldig skuffande og frustrerande å oppleva. Det er også det kandidatane er skuffa over. Og så finst det ingen langtidsplanar, berre akuttplanar, seier Marianne Fyhn til Uniforum.  

Biologiprofessoren synest også det er uklart når nokre delar av bygningen blir gjenopna, medan andre blir dekt til av plast.

– Kvifor skjer dette? No er det greitt, men for ei veke sidan var det liv og helse som stod på spel. Me veit heller ikkje når det blir stengt igjen eller kor lenge det skal vera stengt. Det gjer det umogleg å planleggja. Det vil me ha eit svar på, krev ho.

– Kritikkverdig

 Etter hennar meining har heller ikkje informasjonen til dei kandidatane som ikkje er norskspråklege vore god nok.

– Det blei bestemt at allmøtet skulle haldast på norsk, men inntrykket mitt er at dei som ikkje kan norsk, ikkje har fått den informasjonen dei blei lova på engelsk. Eg har måtta omsetja epostar sjølv til mine kandidatar og kollegaer, men det er ikkje tilfredsstillande i det heile tatt. Det har også vore eit anna møte på engelsk, men etter det me forstår er det representantar høgt oppe i Eigedomsavdelinga som ikkje føler seg komfortable med å snakka engelsk. Det kan me eigentleg ikkje akseptera på ein institusjon der så mange snakkar engelsk og arbeidsspråket i stor grad er engelsk. Det er kritikkverdig,  meiner ho.

• Les universitetsdirektør Arne Benjaminsens svar på kritikken: 

Universitetsdirektøren varslar forbetring av driftsinstruksane i bygningar med asbest

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2021 04:30 - Sist endra 2. aug. 2021 11:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere