Universitetsdirektøren varslar forbetring av driftsinstruksane i bygningar med asbest

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen varslar nye tiltak i handteringa av asbest. – Eit viktig grep me gjer er å forbetra våre driftsinstruksar for bygningar med asbest.

Ein mann står på Frederikkeplassen på Blindern

UTBETRANDE TILTAK: – Me forstår og beklagar dei ulempene situasjonen har medført for våre forskings- og studiemiljø. Alle involverte partar arbeider no intenst med å gjennomføra nødvendige utbetrande tiltak, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har fått presentert kritikken frå biologiprofessor Marianne Fyhn, og seier seg på vegner av UiO lei for vanskane asbeststenginga og saneringa har fått for dei som held til i Kristine Bonnevies hus.

– Me forstår og beklagar dei ulempene situasjonen har medført for våre forskings- og studiemiljø. Alle involverte partar arbeider no intenst med å gjennomføra nødvendige utbetrande tiltak. Me arbeider i samarbeid med berørte institutt, fakultet, vernelinje med vidare med å kartleggja kva konsekvensar arbeidet med støvsanering og sikring av arbeidsmiljøet vil ha for brukarane av bygget, skriv Arne Benjaminsen i ein epost til Uniforum.

– Utarbeidar informasjon på norsk og engelsk

– Marianne Fyhn viser også til at dei som ikkje snakkar norsk ikkje har fått god nok informasjon om asbeststenginga på engelsk. Og at nokre av dei tilsette i Eigedomsavdelinga føler seg ukomfortable ved å snakka engelsk. Det er kritikkverdig på ein institusjon der så mange tilsette ikkje snakkar norsk, og der arbeidsspråket for mange er engelsk, meiner ho. Kva synspunkt har de på det?

– Me forstår også at det er behov for god informasjon og koordinering av denne og beklagar at dette ikkje har vore godt nok. Me utarbeidar informasjon på norsk og engelsk og har halde allmøte. Dette fortset me med, svarar han.

– Seksjonar må haldast stengt i periodar

– Og kva skjer vidare med arbeidet med fjerning av asbeststøv i Kristine Bonnevies hus?

– Etter ei forholdsmessig avveging av at det er helsemessig trygt har me opna areala, men seksjonar vil i periodar måtte haldast stengt under støvsaneringa. Areal der asbest er påvist, vert gjennomgåtte for å forsegla stader der open asbest er registrert eller kan førekoma. Deretter  vert areala reingjorde og kontrollmålte for å stadfesta at luftprøvane er i samsvar med Folkehelsas norm. Me kjenner enno ikkje kva framdrift dette arbeidet vil ha. Tiltaka vil sikra dagens bruk av bygget, er Arne Benjaminsen overtydd om. 

No varslar han også at driftsinstruksane for bygningar med asbest skal forbetrast.

– Eit viktig grep me gjer er å forbetra våre driftsinstruksar for bygningar med asbest. Instruksen skal nyttast ved utføring av inngrep i bygningskonstruksjonar og tekniske anlegg der det ikkje er krav til utarbeiding av ein særskilt miljøsaneringsomtale. Ved større rivearbeid er det ein føresetnad for å få byggeløyve at det blir gjennomført ei føregåande miljøsaneringsomtale der behandling av asbest blir spesifisert, trekkjer han fram. 

Arne Benjaminsen viser til at i samsvar med gjeldande tenesteomtalar for bruk av UiOs bygningar skal ikkje brukar gjennomføra tiltak som boring i veggar eller tak eller setja inn installasjonar som bygningane ikkje er dimensjonerte for.

– Kjennskapen til desse instruksane må også forbetrast, noko som er eit felles ansvar mellom brukar og Eigedomsavdelinga. Kristine Bonnevies hus vil vera under løpande oppgradering i mange år framover. Forsvarleg handtering av asbestførekomstar er ein del av gjennomføringa av desse vedlikehalds- og utviklingsprosjekta, understrekar Arne Benjaminsen. 

Arbeider med konsekvensane for brukarane

Spørsmålet om stipendiatane og postdoktorane vil få kompenasjon for tapt forskingstid eller om forskingsprosjekt vil få kompensasjon for forseinka forsking og øydelagde prøver svarar han ikkje direkte på. Men han viser til at det vert jobba med konsekvensane asbesttiltaka har for dei som arbeider i Kristine Bonnevies hus.

– Me arbeider i samarbeid med berørte institutt, fakultet, vernelinje med vidare med å kartleggja kva konsekvensar arbeidet med støvsanering og sikring av arbeidsmiljøet vil ha for brukarane av bygget, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.

• Les kritikken frå Marianne Fyhn om asbesttiltak: 

Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2021 04:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere