Stipendiatar og forskarar føler seg gløymde i asbestsaka på UiO

Fem stipendiatar og forskarar  på Institutt for biovitskap uttrykkjer stor misnøye med måten dei er blitt behandla på etter at dei måtte flytta ut og inn  av lokala på grunn av asbestfunna i Kristine Bonnevies hus.  No krev dei kompensasjon, noko instituttleiinga vurderer.

To kvinner og to menn står i eit undervisningslokale

FRUSTRERTE: Stipendiatane og forskarane Guro Helén Vatne, Sarah Thon, Kristian Kinden Lensjø og Sverre Grødem er svært frustrerte over måten dei er behandla på etter at dei  har tapt forskingstid på grunn av nedstenginga av fleire etasjar i Kristine Bonnevies hus på grunn av funn av asbest i støvprøvar på golv og overflater. Den femte forskaren Charlotte Christensen var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i mars i år det blei gjort funn av asbest  i støvprøvar på golv og overflater i fleire av etasjane i Kristine Bonnevies hus på Blindern, der Institutt for biovitskap held til.  Funnet blei gjort under arbeidet med å klargjera lokale for ei forskargruppe ved Norsk senter for molekylærmedisin, som måtte flytta ut av Forskningsparken. Seinare blei det funne asbest også i andre delar av bygningen. Konsekvensen blei ikkje at berre fleire kontor blei stengde, men også fleire laboratorium blei stengde i lengre eller kortare tid. 

 • Les meirAsbestfunn gjorde at forskargruppe måtte ut av nyinnflytta lokale

Dette er asbest:

Eit fintråda bøyeleg mineral som anten er ein variant av mineralet amfibol(hornblendeasbest) eller serpentin (krystotil). Mineralet er blitt brukt i måling og sementvarer som asbestsement og eternitt. Også bremseband og bremseklossar for bilar har tidlegare innehalde asbest.  Asbest finst også i form som asbestull og asbestpapp til isolasjon av dampkjelar og omnar.

Fordi innanding av asbeststøv er helsefarleg, har mange land innført restriksjonar i samband med bruken av stoffet. I Noreg blei bruken av asbest forbode i 1985 på grunn av sterk fare for utvikling av lungekreft og brysthinnekreft.

Etter andre verdskrigen og fram til første delen av 1970-åra blei verdsproduksjonen tidobla. I 1973 blei det produsert 4 millionar tonn.

Fjerning av byggjematerialar med asbest frå eldre bygningar under restaurering skal gå føre seg med verneutstyr, og det som skal fjernast skal vera innpakka i tett plast.

(Kjelder: Store norske leksikon og Wikipedia)

Skal lysast ut på tilbod

Både universitetsdirektør Arne Benjaminsen og instituttleiar Arne Klungland stadfestar overfor Uniforum at det no blir ein kort pust i bakken for arbeidet med asbestsanering i Kristine Bonnevies hus. Begge oppgir som grunn at det er på grunn av at det er eit omfattande arbeid med høge kostnader, og derfor skal det no lysast ut på tilbod.

– Me håpar på at konkurransen kan gjennomførast slik at me kan halda fram med det fysiske arbeidet på ettervinteren, men det vil truleg bli ein fase etter jul der det vil bli lite arbeid, varslar universitetsdirektør Arne Benjaminsen overfor Uniforum.

– Me er ekstremt misnøgde

Den lange perioden med stengingar og gjenopningar av laboratorium og kontor har gått hardt utover dei som har sin daglege arbeidsplass eller studiestad i bygningen.

Mellom dei det har fått store konsekvensar for er stipendiatar og forskarar på Institutt for biovitskap.

Uniforum møter fem av dei i Kristine Bonnevies hus. Både Sverre Grødem, Guro Helén Vatne, Sarah Thon, Charlotte Christensen og Kristian Kinden Lensjø er frustrerte over situasjonen og kritiserer sterkt måten dei er blitt behandla på av instituttet, MN-fakultetet og Eigedomsavdelinga etter at asbestsaneringa tok til.

– Me er ekstremt misnøgde med heile opplegget. Det er eigentleg ingenting me er nøgde med, sjølv om eg har prøvd å finna noko. Ingenting har gått etter planen og alt har skjedd veldig hurtig, fortel doktorstipendiat Sverre Grødem.

Han hugsar godt den første dagen dei fekk melding om asbestfunnet. 

– Det begynte med at det kom ein mann og hengte opp ein lapp på kontoret vårt medan me sat der og sa at her var det stengt for det var blitt funne asbest. Me hadde ikkje fått noko melding om at det hadde blitt testa for asbest. Me fekk beskjed om at laboratoria også ville verta stengde og at me måtte pakka saman og dra. Klokka sju om kvelden fekk me ein mail  om at det var asbest på kontora våre, Slik blei det gjennomført, og det er heilt latterleg, synest Grødem. 

– Ein litt absurd prosess

Han peikar på at det seinare kom fram at det var 23 år sidan sist dei hadde gjennomført ei omfattande asbestkontaminering i bygget.

– Det var ein litt absurd prosess, der ting vart stengde utan varsel ,og så verka det som om. ifylgje dei  i alle fall, ikkje var så veldig helseskadeleg, men det tok masse tid ut frå prosjekta våre, og me jobbar jo alle  på mellombelse kontraktar og på avgrensa tid. Så viss dei stengjer oss ute, må dei nesten gi oss kompensasjon for det, synest me,. Det har me enno ikkje fått, men me har fått kanskje høve til å trygla om kompensasjon, men utan verken lovnader eller håp om at me kjem til å få det, seier Sverre Grødem til Uniforum. 

Han viser til at dei som var tilsette i forskargruppa til Norsk senter for molekylærmedisin alle fekk lovnader om at dei ville bli kompenserte frå første dag på grunn av konsekvensane asbestsaneringa ville få for dei.  Alle fem trekkjer fram at også dei er tilsette ved UiO, og derfor forstår dei ikkje kvifor det skulle vera nokon skilnad mellom dei to gruppene.

– Mykje meirarbeid

Postdoktor Kristian Kinden Lensjø peikar på at søknadsprosessen for å be om kompensasjon er ganske komplisert. 

 FORSKAR TRASS I FORHOLDA UiO TILBYR DEI:  – Det synest me er trist og gjer noko med lysta til å halda fram med å jobba her og til å stå på for å koma i mål med gradar og forskingsprosjekt, seier dei fem forskarane Uniforum har snakka med på Insituttt for biovitskap. To av dei er postdoktor Kristian Kinden Lensjø (t.v.) og stipendiat Sverre Grødem som her står ved sida av ei oppslagstavle i Kristine Bonnevies hus..  (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Instituttleiinga har opna for ei kartlegging av tapt tid og den inneber ganske mykje meirarbeid, Me må dokumentera alle måtar me er forseinka på, ekstrakostnader på prosjekta og så spørja, ver så snill, kan me få noko av dette tilbake. Det kjem på toppen av det som skjedde under koronasituasjonen her. Då stengde dei også delar av lokala her utan nokon god grunn, og me måtte spørja om å få tilbake ein del av den tida. I beste fall har me fått tilbake ein tredel, seier han.

Kinden Lensjø har ingen tru på at det blir noko meir no.

Dei har ikkje pengar for å kompensera oss for tapt tid, er bodskapen Kinden Lensjø og dei andre mellombels vitskaplege tilsette har fått.   

– Det er vel kanskje ikkje så lett å få tilbake tapt tid i laboratoriet, slik de er avhengige av?

– Det er vanskeleg, men det er mogleg, trur både Charlotte Christensen og Sverre Grødem.

– Om me tapte to månader og fekk tilbake to månader, hadde det vore fint, Me burde eigentleg fått meir enn det, for det går i realiteten mykje meir tid, sidan eksperiment må planleggjast ganske langt fram i tid.  Me er blitt møtte med at det berre er å endra prosjektplanane og jobba rundt dei planlagde nedstengingane. Det er altfor lettvint og viser ein mangel på innsikt i korleis forskinga går føre seg, synest Grødem.

– Me kan ikkje skriva saman artiklar på data som ikkje finst, og me kan ikkje gjera om prosjekt med støtte frå Forskingsrådet der me har lova å utføra eksperiment, Om du ikkje veit når lokala opnar igjen, kan du ikkje begynna på noko som det tar fire veker å gjennomføra, konstaterer han,

FØR ASBESTSANERINGA: Slik såg det ut i ein av korridorane før asbestsaneringa tok til. (Foto: Sverre Grødem)

– Utriveleg

Dei tidsfristane dei har fått frå Institutt for biovitskap har vore heilt tilfeldige. 

– Om dei bommar på 60 prosent av tidsfristane, kan du ikkje stola på dei neste tidsfristane i  det heile tatt. Og då kan du ikkje begynna på noko nytt, peikar Grødem på.

Og Charlotte Christensen fylgjer opp. 

– Du kjem til eit lokale som er delvis dekt av plast og så er det ei vifte som går, men det er ope. Då veit du ikkje på kva tidspunkt dei skal lukka det heilt ned, og det blir rett og slett for risikabelt å starta med laboratoriearbeid som skal pågå over fleire dagar eller veker. Det er også mildt sagt utriveleg å jobba under slike forhold.

 

– Opererte med to kalendrar

Kristian Kinden Lensjø fortel at administrasjonen og Eigedomsavdelinga opererte med to forskjellige kalendrar. 

– Det var ein som entreprenøren brukte og så var det ein annan som var mynta på oss som jobba i dei areala. På fredag kunne dei seia til oss at entreprenøren var ferdig med del 1 av eit laboratorium,, og at dei ville begynna på del 2 på måndag. Viss de skal flytta over noko av utstyret, må det gjerast i helga. Så viste det seg gong på gong at Ingen starta å jobba der før tysdag eller onsdag veka etter. Det var tydelegvis etter planen til entreprenøren, men folk her måtte då vera her i helga for å flytta kassar for at me skulle få gjort noko som helst dei neste fire vekene i andre mellombelse lokale, fortel han fortvila. 

Sverre Grødem trekkjer fram at dei kritiserte den praksisen, men at dei då fekk til svar at det var i samsvar med planen. 

– Då eg undersøkte alle mailane me hadde fått, var det alltid på måndag arbeidet skulle starta. Ifylgje det dei sa til oss, var alt på stell, seier han. 

Dei fem fortel at dei også kan dokumentera at folk frå Eigedomsavdelinga har bora i veggen, slik at det har kome ut asbeststøv. 

– Dei skuldar på eksterne entreprenørar, men då bør dei i alle fall instruera dei om at dei ikkje skal gjera det, tykkjer dei.

Også når det gjeld oppgraderinga av romma etter asbestsaneringa, har dei observert rare og uforståelege arbeidsrutinar.  Entreprenørane har sparkla kvit farge på ein gammal gulkvit vegg, og så har rom blitt opna utan at alle veggane er blitt sparkla ferdig eller overmåla.

 – Me sa til instituttet at dette såg heilt idiotisk ut, men då svara ein representant for Universitetet i Oslo at UiO  ikkje hadde økonomi til å måla alle desse kontora. Så flytta dei ut igjen frå dei kontora og måla dei då. Det førte til at dei som sat der måtte flytta ut tinga sine, som dei allereie hadde flytta inn med like før,, fortel Grødem. 

Dei har også møtt haldningar om at det ikkje er så farleg med litt asbest på kontoret, og at reglane til Arbeidstilsynet er for strenge og at det ikkje er nødvendig å fylgja dei. 

– Det er kanskje ufarleg med bitte litt asbest i eit rom, men når asbeststøvet ligg synleg i ein haug på golvet og på benkeflater,  då er det slikt som i alle fall ikkje skal førekoma, seier Grødem.

KONTOR ETTER SANERINGA: Slik såg eitt av kontora ut etter at asbestsaneringa var avslutta. (Foto: Sverre Grødem)

Stor haug med asbeststøv

Dei fortel at inne på eit anna  av romma var det også ein stor haug med asbeststøv etter at nokon hadde bora der.

– Den låg der lenge, og eg stod berre og såg på den haugen medan eg jobba. Eg våga ikkje å gå raskt forbi den heller. Rommet var heile tida ope og utan åtvaringar, fortel stipendiat Guro Helén Vatne.

– Den første gongen me fekk beskjed om at det var asbest i bygningen, fekk eg ei ekkel kjensle. Den varte heilt til allmøtet der dei fortalde oss at asbeststøv eigentleg ikkje var så farleg. Og på eit av kontora eg var på, var det ein vegg som fall ut med 1 centimeter i året, og heile kontoret var kvitt av støv.  Det var eitt av romma som dei heldt stengt ekstra lenge, då det var påvist asbest der, fortel Grødem.

Og dei viser til at dette ikkje er det einaste tilfellet.  Også eit felles mikroskopanlegg ved instituttet er framleis  stengt etter at det var påvist for høge nivå med asbest etter fleire rundar med sanering. Rommet har vore brukt av forskarar og teknisk tilsette i årevis utan at dei tilsette har høyrt noko om moglege helseeffektar av det.

– Ikkje viktig det som me driv med

Stipendiat Sarah Thon synest at leiinga på instituttet har ei heilt feil haldning overfor dei mellombels vitskaplege tilsette. 

– Det er ikkje viktig det som me driv på med er inntrykket vårt. Ho får støtte frå Kinden Lensjø.

– Når det gjeld det med kompenasjon for tapt tid er det som gjer oss mest sinte at det er svært lita forståing av det som me held på med som forskarar. Forsøka våre går over fleire månader. Dersom me i det heile tatt  får nokon kompensasjon, vil det berre vera aktuelt frå den dagen lokalet blei stengt og til det opna igjen. Resultatet av det er kanskje at tre og ein halv månad med arbeid blei øydelagt, og eg må begynna heilt på nytt. Sidan me jobbar med forsøksdyr er dette spesielt ille, også frå eit dyrevelferdsperspektiv. Det er det gitt  blanke blaffen i, utbryt han.

Alle dei fem mellombels tilsette forskarane er svært misnøgde med informasjonen dei har fått frå leiinga på instituttet. Det einaste konkrete møtet dei har hatt var eit felles zoommøte med over 100 deltakarar. 

– Det møtet var på norsk, sjølv om halvparten av dei som jobbar her ikkje snakkar norsk. Dei sa at dei skulle ha det på engelsk den same dagen., men det skjedde ikkje før to veker seinare, fortel dei. 

Då fekk dei lovnader om at både spørsmåla som kom fram på fellesmøtet og i ein chat skulle svarast på seinare. 

– Då svarte dei på norske helsespørsmål som dei hadde svart på under fellesmøtet, men dei svarte ikkje på nokon av spørsmåla som handla om prosessen eller kompensasjon. Eg synest ikkje dei skulle sleppa unna med det, seier Grødem. 

Viste fram korleis det stod til med webkamera

I seksjonen der Kinden Lensjø jobbar, var det også eit lokalt informasjonsmøte via nett med den lokale leiinga rett før dei måtte stengja ned.

 – Det var den gongen professor Marianne Fyhn måtte ta med seg webkameraet ut i korridoren for å visa dei korleis det stod til. Dei meinte at alt var tipp-topp hos oss, sjølv om me hevda det motsette. Og det er ingen grunn til at det ikkje kan vera på kontora, sa dei heilt til ho viste dei dei store telta, og viftene som stod og dundra rett utanfor kontordøra, fortel han.

Sverre Grødem har måtta flytta fem gonger i løpet av den tida asbestsaneringa har gått føre seg,

– Det fristar så lite å jobba når du heile tida må flytta, seier han. 

– Og ikkje minst går det masse tid  berre til planlegginga når me skal pakka ned ting og når dei skal pakkast ut, legg Guri Helén Vatne til.

Sarah Thon fekk også beskjed om at lokalet ho oppheldt seg i skulle stengjast straks.

– Då lurte eg på om eg gjorde ein feil, då eg likevel blei verande der til eg var ferdig med forsøket mitt, fortel ho.

Dei fem og kollegaene deira er overtydde om at alt dei får til i forskinga dei held på med, alltid skjer trass i forholda dei blir tilbydd av UiO og ikkje på grunn av.

– Det synest me er trist og gjer noko med lysta til å halda fram med å jobba her og til å stå på for å koma i mål med gradar og forskingsprosjekt, seier dei.

Vil ha ekstern gransking

Stipendiat Sverre Grødem er no så frustrert over dei vanskane som han og forskarkollegane hans har opplevd at han meiner det er viktig å få undersøkt handteringa av det som har skjedd.

– Det bør setjast i gang ei ekstern gransking for dette er ein skandale. Det kan tyda på at Eigedomsavdelinga ikkje har oppfylt planane sine med beredskapsplanar, vedlikehald og rutinar. Nokon bør ta ansvar seier han og peikar på både Eigedomsavdelinga, Institutt for biovitskap og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Det må ikkje vera slik at det er dei mellombels tilsette og forskarar som alltid sit igjen som taparar legg han til.

Biologiprofessor: – Dette må vera eit kontraktbrot

Professor Marianne Fyhn på Institutt for biovitskap var tidleg ute med å kritisera handteringa av funn av asbeststøv i tak og vegger i Kristine Bonnevies hus. Men ho opplever framleis ein kaotisk arbeidssituasjon for dei tilsette i denne bygningen og støttar kritikken frå dei fem stipendiatane og forskarane.

STENGD: Biologiprofessor Marianne Fyhn i eitt av dei lokala som var stengde på grunn av asbestsanering i mai i år. Ho kritiserer instituttleinga:Dersom dei har gått i krigen for oss, så har dei vore svært tause om dette og då avhjelper det lite på situasjonen, synest ho.  (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 

– Det har vore utruleg mykje fram og tilbake, men no har me fått lov til å flytta tilbake til kontora våre og laboratoria. Dei ble overleverte med stolar, bord og kassar stort sett i ein stabel midt på golvet. fortel Marianne Fyhn til Uniforum i ein epost.

 • Les meir: Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

– Har fråsagt seg ansvaret

Ho er i sterkt tvil om instituttleiinga har heisa krigsfana på  vegne av dei faste vitskaplege tilsette og mellombels tilsette forskarar på instituttet.

– Frå instituttet har me blitt møtte med at 'instituttet ikke har fått noen øremerkede midler til å yte noen kompensasjoner'. På den måten har me opplevd at instituttleiinga har fråsagt seg ansvaret og skuldar på andre. Eg meiner det er leiinga si forplikting å skaffa informasjon, historikk, om dei manglar denne og ta opp kampen om ressursar i sine linjer eller utanfor sine linjer. Kva som her har vore gjort veit me ingenting om etter som det har vært svært mangelfull informasjon. Dersom dei har gått i krigen for oss, så har dei vore svært tause om dette og då avhjelper det lite på situasjonen, synest ho.

– Dårleg informasjonsflyt

– Det har vore ein generelt dårlig informasjonsflyt og me blir som oftast vist til nettsider når me spør om tidsplanane, legg  ho til.

Fyhn er klar over at instituttleinga har stått på, men når dei opplever at dei ikkje svarer på meldingar, at informasjonen ikkje når ned til brukarane,  så trur ho det gir stor grobotn for frustrasjon og tillitskrise.

– Eg er oppriktig lei for kva dette kostar for karrieren til våre mellombels tilsette og for vårt omdømme som arbeidsplass, uttrykkjer ho overfor Uniforum. 

No meiner ho at avbrot og forseinking i forskinga kan omtalast som kontraktbrot.

– Me stiller spørsmål ved om UiO faktisk bryt kontrakten dei har med dei eksterne finansiørane. UiO har lova å stilla lokale og infrastruktur for at forskingsprosjekta kan gjennomførast. Ja, dei skryt til og med av at me har state-of-the-art laboratorium. Dette kan bidra til at me faktisk får tilslaget til prosjektet, poengterer ho overfor Uniforum.

Marianne Fyhn meiner at dette er svært alvorleg.   

– Når UiO på denne måten ikkje legg til rette, men heller trenerer moglegheitene  for at me skal gjennomføre forskingsprosjekta, meiner me dette må vera eit kontraktbrot. Me har fått støtte til å gjera eksperimenttunge forskingsprosjekt, nettopp fordi me har lova at me er i stand til det. Då kan ein ikkje berre koma for å seia at me skal gjera om prosjektet til eit teoretisk prosjekt ein kan gjera heimanfrå, slår Marianne Fyhn fast.

Instituttleiar Arne Klungland: – Det har vore krevjande

Uniforum har også tatt kontakt med instituttleiar Arne Klungland på Institutt for biovitskap og konfrontert han med kritikken både frå dei fem forskarane og frå professor Marianne Fyhn. Han ser ikkje bort frå at det kan ta mange år før heile arbeidet med asbestsanering i Kristine Bonnevies hus er avslutta.

BETRE: – Instituttleiinga må bli betre til å formidla relevant informasjon på lokalt plan, seier instituttleiar Arne Klungland. (Foto: Gunnar Lothe/UiO)

– Eg håpar at arbeidsdagen ved IBV vil vera så normal som mogleg framover. Der er no ein pause i arbeidet med asbestsanering grunna høge kostnader og innhenting av tilbod. Når arbeidet kjem  i gang igjen, håpar eg på betre tid til planlegging og større føreseielegheit slik at tilsette og studentar blir minst mogleg berørte. Dette betyr også at det kan gå fleire år før asbestsanering vil vera gjennomført i heile bygget, opplyser han i ein epost til Uniforum.

– Kva har Institutt for biovitskap gjort for at skadeverknadene for forskarar og stipendiatar med pågåande forsøk og utprøvingar i laboratoriet skal bli minst mogleg?

– Det har vore eit stort behov for informasjon gjennom heile prosessen. Me har derfor etablert ei heimeside som  vert oppdatert jamleg. Her er det detaljert informasjon om framdrift i arbeidet, metodar for analyse av asbest og resultat på prøvar tatt før og etter sanering. Her finst også helserelatert informasjon, risikovurdering, skjema for innmelding av bygningsskader relatert til asbest og oppsummering av allmøte. Det har også vore seksjonsvise møte i forkant av sanering, for ikkje å gløyma mykje dugnad frå seksjonane for å finna plass til dei som må flytta  ut frå kontor og laboratorieareal slik at konsekvensane for forskinga skal bli minst mogleg.

– Det har likevel vore dei som har blitt berørte meir enn andre og undervegs i prosjektet har det vore nødvendig å justera framdriftsplanar. Det har vore krevjande både for dei som koordinerer arbeidet med asbestsanering, og ikkje minst for dei som har arbeids- og studiestad ved IBV, vedgår han.

– Eit stort beløp

– Uniforum har vore i kontakt med fleire postdoktorar og stipendiatar som held til i Kristine Bonnevies hus og deltar på ulike prosjekt.  Dei meiner dei har tapt minimum 3 månader med forskingstid  på stipendiatperioden sin på grunn av asbestproblema. Nokre har gjort dyreforsøk som er blitt avbrotne fordi lokale er blitt stengde på ubestemt tid.  Dei meiner dei har krav på kompenasjon for dette. Kva svar har du som instituttleiar til dei? 

– Seksjonane ved IBV har den siste tida arbeidd med ei oppsummering av kostnader knytte til forsøk som må avsluttast og startast på nytt, og tapt arbeidstid knytte til desse forsøka. Dette er gjort på gruppenivå eller for den enkelte tilsette, men ikkje for fast tilsette. Dette arbeidet er nå overlevert Instituttleiinga. Samla er det eit stort beløp som vert ynskt kompensert.

– Dei viser til at dei er blitt eksponerte for asbeststøv i fleire månader, før lokala blei stengde fordi dei skulle asbestsanerast.  Kvifor fekk dei ikkje tilbod om andre og sikre lokale tidlegare? 

– Eg kjenner ikkje til at det er målingar i luft som skulle tilseia at lokala måtte stengja eller at tilsette og studentarr er eksponerte for asbeststøv. Samtidig er det viktig med føre-var- prinsippet for å sikra at ingen skal eksponerast for asbest eller andre kjemikaliar. Eg ynskjer å understreka  at det sjølvsagt  ikkje skal vera  asbeststøv, verken på golv eller i lufta.

– Framover har me ein kontinuerleg viktig jobb med å informere alle nytilsette og studentar, samt dei som arbeider i bygget, om at det er asbest i veggane og at alle arbeid derfor må ta omsyn til dette.

– Spesielt utfordrande for eksperimentelle fag

– Nokre av stipendiatane har flytta fem gonger ut og inn i lokale på mindre enn eitt halvt år.  Kva er grunnen til at dette har skjedd? No føler dei at dei ikkje har blitt høyrde verken av instituttleiinga eller av fakultetsleiinga.  Kva vil de gjera for at dei skal bli høyrde i tida framover? 

– Eg vil gjenta at eg er veldig godt nøgd med jobben som tilsette ved IBV og fakultetet har gjort for å informera, og leggja forholda til rette, for alle tilsette og studentar undervegs i arbeidet med asbestsanering. Eg har likevel stor forståing for at mange er misnøgde med at det, i tillegg til arbeidskrevjande rydding og klargjering av areal  for saneringar, har blitt endra tidsskjema fleire gonger. Dette er spesielt utfordrande for eksperimentelle fag som også var hardt berørt grunna  covid-restriksjonar.

– I starten av arbeidet,i april 2021, blei delar av bygget lukka. Eg er usikker på om det burde vore gjort, men samtidig var det viktig å forsikra oss om at ingen blei eksponert for asbest og å få ei vurdering av helsetenesta. Ei grundig risikovurdering resulterte i gjenopning av dei fleste lokala.

– Er det noko Institutt for biovitskap kunne ha gjort annleis i denne saka? 

– Eg trur det aller viktigaste er at instituttleiinga  må bli betre til å formidla relevant informasjon på lokalt plan, svarar instituttleiar Arne Klungland. 

Universitetsdirektøren: – Det er oppnådd gode resultat

Uniforum har også tatt kontakt med universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Han er godt nøgd med korleis arbeidet med å kvitta seg med asbesten har vorte gjennomført i Kristine Bonnevies hus så langt.

UT PÅ TILBOD: Arbeidet med asbestsaneringa i Kristine Bonnevies hus blir svært omfattande. – Me må ha ein open tilbodskonkurranse om vidare fysisk arbeid, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Sidan april 2021 har det blitt jobba med å forsegla  og sanera asbest i Kristine Bonnevies hus. Dette er nødvendig for å sikra trygge arbeidsforhold. Det har vore høg aktivitet og det er oppnådd gode resultat. Prosjektleiar Joakim Gjersøe frå P7 Prosjekt, byggjeleiar Simen Fougner frå Stema, Bjarne Frosterud og Marius Nilsen frå Georg Andresen & sønner (GAS) og Norprodukter Miljø har gjort ein svært bra jobb, går det fram av ein epost Arne Benjaminsen har sendt til Uniforum. 

– Pust i bakken

Universitetsdirektøren legg likevel ikkje skjul på at det har vore ein del skjer i sjøen.

– Eigedomsavdelinga har, i samråd med Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, likevel avgjort å ta ein kort pust i bakken. Bakgrunnen er at arbeidet som går føre seg er omfattande, og me må vera sikre på at gjennomføringa føregår innanfor dei rammene me har, både økonomisk og «anskaffelsesteknisk». Me held likevel fram med arbeidet som har starta i tredje etasje i regi av GAS, det vil seia sone 3.2 og 3.3 og for I-Lab i underetasjen. Dette vil pågå fram til årsskiftet, opplyser Arne Benjaminsen.

 

–  Må ha ein open tilbodskonkurranse

Han varslar også at det kjem til å bli lyst ut ein tilbodskonkurranse om det framtidige arbeidet.

– Så vil EAs Sahar Årmal etter kvart erstatta Joakim Gjersøe som prosjektleiar, og me må ha ein open tilbodskonkurranse om vidare fysisk arbeid. Her pågår det no eit arbeid med å laga konkurransedokument. Me håpar på at konkurransen kan gjennomførast slik at me kan halda fram med det fysiske arbeidet på ettervinteren, men det vil truleg bli ein fase etter jul der det vil bli lite arbeid, varslar universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Forskarforbundet: – Dette er ei svær sak og ein komplisert prosess

Forskarforbundet er også djupt engasjert i denne saka. Tillitsvald Katrine Langvad Stensløkken var nyleg i møte med fakultets- og instituttleiinga, opplyser ho til Uniforum.

– Me har blant anne bede om at asbestsaneringa skal vera et eige punkt på agendaen på dei faste møta som organisasjonane har med leiinga på fakultetet. Me var seinast i møte med leiinga på fakultetet 13. oktober, der også institutteiar Arne Klungland var til stades.

Katrine Langvad Stensløkken.(Foto:UiO)

Ifylgje Stensløkken vedgjekk Klungland at dei fekk ein dårleg start på arbeidet med asbestsanering, og at dei ikkje hadde hatt heilt oversikt.

– Progresjonen stoppa på eit tidspunkt opp grunna større omfang samt omkostningar. Det er no klart at heile bygningsoperasjonen er mykje større enn først rekna med, og at dei reknar med at operasjonen vil vara i rundt 1,5 år til. Dei meiner dei nå har oversikt over prosessen. Dei har også ei eiga nettside med oppdatert informasjon om asbest-situasjonen i Kristine Bonnevies hus, konstaterer ho.

 

Forskarforbundet har tidlegare bede om tilbakemelding på kva som vil skje med dei som har tapt tid til forskinga si på grunn av  stengde laboratorium.

– Klungland lova at det blir gitt muligheit til å søkja om kompensasjon for tapt arbeidstid. Me veit no at det er sendt ut informasjon til alle seksjonane om korleis dei kan søke om kompensasjon. Den gjeld for mellombels tilsette forskarar. Moglegheit til å søkja om kompensasjon vil vera eit eingongstilfelle då leiinga ved instituttet meiner dei tilsette bør kunne klare å planleggja arbeidet sitt i god tid framover, fortel ho. 

 – Lite synleg

Før det siste møtet hadde Forskarforbundet fått fleire meldingar frå medlemar på Institutt for biovitskap.

– Dei tykker dei har fått lite informasjon, spesielt lite på engelsk. For dei tilsette var det viktig å få orden på kva som ville skje når det handlar om tapt forskingstid. Dei har også opplevd at tilbakemeldingar ikkje er blitt godt nok fylgde opp. Leiinga for instituttet har vore lite synleg, fortel Stensløkken. 

Men dei er ikkje dei einaste som må tola kritikk.

– Eigedomsavdelinga har også vore lite synleg. Dei har overlate arbeidet med asbestsanering til et innleigd selskap som mellom anna har hatt problem med å vita kvar dei skal plassera tinga som dei flyttar på. Forskarforbundet har tatt det opp på IDF-møte. Der har  Eigedomsavdelinga vedgått at dei ikkje hadde full kontroll frå starten. Men dei meinte at dei etter kvart klarte å laga ein god plan for asbestsaneringa.  Dei tilsette erfarar at tidsplanane blir brotne. Det er viktig for forskarar som bruker laboratorium å kunna planleggja vitskaplege prøvar. Elles blir både tid og pengar kasta bort, peikar Langvad Stensløkken på.

No lovar ho at Forskarforbundet vil fylgja denne saka heilt til den er ferdig.

– Dette er ei svær sak og ein komplisert prosess. Om det blir behov for det, vil me ta ansvar og ta tak i det, lovar Katrine Langvad Stensløkken.

 

• Les meir om asbestfunn i Kristine Bonnevies hus:

Marianne Fyhn om asbestfunn: – Eg synest me er behandla svært dårleg

• Les også: Nettsida om asbestsanering på Institutt for biovitskap

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2021 15:40 - Sist endra 5. nov. 2021 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere