UiO er nummer 50 mellom verdas 193 mest internasjonale universitet

University of Hong Kong er verdas mest internasjonale universitet. Universitetet i Oslo er nummer 50, og det held til førsteplass i Noreg og femteplass i Norden. Prorektor Åse Gornitzka er ikkje overraska.

Domus Media seint på kvelden med masse lys

50:  UiO er nummer 50 på lista over verdas mest internasjonale universitet. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Onsdag 19. januar publiserte Times Higher Educacion eit oversyn over verdas mest internasjonale universitet. Lista blir toppa av Hong Kong University, ETH Zürich og École Polytechnique Fédérale de Lausanne (EPFL) i Sveits som deler tredjeplassen med The Hong Kong University of Science and Technology.

Dei tre britiske universiteta Oxford University, Cambridge University og Imperial College London kjem på dei neste plassane.

Det mest internasjonale universitetet på det amerikanske kontinentet er University of British Colombia i Canada på plass nummer 20. 

I USA er det mest internasjonale universitetet Massachusetts Institute of Technology på 30. plass.  Både universitet i Singapore, Australia, Austerrike, Nederland, New Zealand og Irland skårar høgare enn dei mest internasjonale universiteta i USA på denne rangeringa.

Københavns Universitet skårar høgast i Norden

I Norden er det Københavns Universitetet som tar førsteplassen, med ein 34. plass på verdsrankinga. Deretter fylgjer Karolinska Institutet i Stockholm på 2.-plass i Norden og plass nummer 35 i verda.  Så kjem det finske Aalto universitet på 41.plass. Deretter fylgjer Lunds universitet på 49. plass og Universitetet i Oslo som kan kalla seg for verdas femtiande mest internasjonale universitet. Med den plassering vert Universitetet i Oslo dermed det femte mest internasjonale universitetet i Norden.  Uppsala universitet og Stockholms universitet er høvesvis nummer 63 og 67 i verda. Det er ingen andre norske universitet enn UiO mellom dei 193 universiteta som er med på rangeringa.

– Aktive i å rekruttera forskarar internasjonalt

Prorektor Åse Gornitzka på Universitetet i Oslo er godt nøgd.

 – Dette overraskar ikkje. UiO er eit internasjonalt orientert universitet, svarar ho i ein epost til Uniforum.

– Hadde du trudd at University of Hong Kong hadde toppa ei slik liste, trass i det presset det opplever frå kinesiske styresmakter?

– Eg vet lite om indikatorane her, så dette er det vanskeleg å svara på. Alle dei tre universiteta på toppen meiner eg har vore svært aktive med å rekruttera forskarar internasjonalt.
– Kva delar av internasjonaliseringa av UiO er du mest nøgd med?
– Me har lykkast med å vera tydeleg og til stades internasjonalt. Vår stemme vert høyrd., understrekar ho.
– Kvar kan UiO bli endå betre på internasjonalisering?
– Me har no i to år hatt ein unntakssituasjon. Det har vore krevjande, og nå må me via tid og merksemd for å få aktivitet som har lidd under pandemien, i gang igjen. Særleg gjeld dette yngre forskarar som treng eit internasjonalt nettverk, peikar Åse Gornitzka på.

Dette er metodologien til rangeringa:

Rangeringa av dei mest internasjonale universiteta i verda byggjer på fleire kriterium:

Kor store del av dei tilsette som kjem frå andre land

Kor stor del av studentane som kjem frå andre land

Kor stor del av dei vitskaplege artiklane som har medforfattarar frå andre land

Kor stor del av stemmene universitetet fekk frå personar utanfor heimlandet til universitetet under omdømmemålinga til Times Higher Education. Då blir forskarar bedne om å lista opp dei universiteta som dei meiner har best omdømme i forsking og undervisning på fagområda deira. Berre universitet som fekk fleire enn 100 stemmer i omdømmemålinga kunne inkluderast i rangeringa av verdas mest internasjonale universitet. Dei måtte også få 50 stemmer frå sitt eige land eller minst 10 prosent av stemmene frå sitt eige land.

Dette er lista over verdas mest internasjonale universitet

• Les meir om rangeringar i Uniforum: 

UiO skårar høgt på internasjonal rangering over humanistiske fag

UiO er på topp 100 i verda både i samfunnvitskap, utdanningsvitskap og jus

UiO når nye høyder på prestisjefylt universitetsrangering

UiO er på  tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2022 04:30 - Sist endra 20. jan. 2022 10:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere