UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

Berre Københavns Universitet, Aalto universitet i Finland og Lunds universitet i Sverige er meir internasjonale i Norden enn UiO. Det syner den siste rangeringa frå Times Higher Education.

Ein mann med paraply står framfor Domus Media i sentrum

FINT: – Det er ikkje noko mål å toppa ei slik rangering, men det er fint å vera eit reelt «internasjonalt» universitet, seier UiO-rektor Svein Stølen, her på Universitetsplassen.  (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Mellom alle verdas mest internasjonale universitet kjem Universitetet i Oslo på 41. plass. I fjor kom universitetet på 43.plass på denne lista. Då Uniforum presenterer resultatet for UiO-rektor Svein Stølen vert han svært glad.

– Så hyggeleg! UiO er heilt klart eit nasjonalt universitet, men også eit tydeleg internasjonalt orientert universitet. Det er viktig at me både er viktige for Noreg og Oslo, og at me bidrar godt til den globale kunnskapsallmenningen, er reaksjonen til Svein Stølen.

Det er Times Higher Education som står bak denne rangeringa, og det er også dei som kvart år publiserer ei rangering over verdas beste universitet. Sist gong den rangeringa blei publisert, hamna UiO som nummer 127.

Fire land i Asia og Europa dominerer

Lista over verdas ti mest internasjonale universitet er i stor grad dominert av to land i Asia og to land i Europa. Landa er Hongkong og Singapore i Asia og Sveits og Storbritannia i Europa. Øvst på lista tronar University of Hong Kong og ETH University i Zürich i Sveits. På tredjeplass kjem endå eit Hongkong-universitet, Chinese University of Hong Kong. På fjerdeplass kjem Oxford University, tett fylgt av Imperial College London.

USA langt nede

Først heile nede på 37.plass kjem det mest internasjonale universitetet i USA. Det er California Institute of Technology. Vanlegvis er det mange universitet frå USA på dei ti øvste plassane på universitetsrangeringane. Det einaste universitet frå Nord-Amerika som får ei rimeleg, god plassering på denne lista, er University of Toronto i Canada på 17. plass.

Fire hovudindikatorar

Ifylgje Times Higher Education er vurderingane av dei mest internasjonale universiteta i verda gjort på grunnlag av kor mange internasjonale studentar dei har, kor mange internasjonale tilsette dei har og kor mange medforfattarskap dei har i forsking. I tillegg byggjer rangeringa på korleis universiteta ligg på den internasjonale rangeringa av omdømme, som også Times Higher Education står bak.

UiOs fellesskap er internasjonalt

Rektor Svein Stølen er ikkje i tvil om kvifor Universitetet i Oslo plasserer seg så godt på denne rangeringa.

– Indikatorane dei brukar tydeliggjer det. UiOs fellesskap er internasjonalt, og andelen internasjonale medforfattarskap er betydeleg. Det gjer oss rikare som universitet og som «samfunn», er han viss på.

– Er det noko meir som kan gjerast for at UiO blir endå meir internasjonal? 

– Eg meiner me skal vera nøgde med det me er - det er alltid snakk om balansar. Det er ikkje noko mål å toppa ei slik rangering, men det er fint å vera eit reelt «internasjonalt» universitet, svarar Svein Stølen Uniforum i ein epost.

Lita internasjonalisering i Kina

Sjølv om universitet frå Asia gjer det bra på rangeringa over verdas mest internasjonale universitet, kjem det mest internasjonale kinesiske universitetet først som nummer 122. Vanlegvis plasserer dei kinesiske universiteta seg høgt oppe på rangeringa når rangeringane over verdas beste universitet blir publiserte.

På denne lista ligg universitet både i Spania, Israel og Mexico langt høgare enn det mest internasjonale kinesiske universitetet. Det er Tongji University i Shanghai. Kinas og ein av verdas mest kjende arkitektar, Wang Shu, er ein av dei som har studert på det universitetet, viser eit søk i Wikipedia og på Google.  

Dette er lista over verdas  50 mest internasjonale universitet:

International Rank 2021 International Rank 2020 World University Rank 2021 University  Country/region
1 2 39 University of Hong Kong Hong Kong
2 3 14 ETH Zurich Switzerland
3 5 56 Chinese University of Hong Kong Hong Kong
4 7 1 University of Oxford United Kingdom
5 6 11 Imperial College London United Kingdom
6 7 25 National University of Singapore Singapore
7 9 6 University of Cambridge United Kingdom
8 17 155 Trinity College Dublin Republic of Ireland
9 10 47 Nanyang Technological University, Singapore Singapore
10 12 16 UCL United Kingdom
11 13 164 University of Vienna Austria
12 NR 78 Delft University of Technology Netherlands
13 11 35 King’s College London United Kingdom
14 13 147 University of Auckland New Zealand
15 16 59 Australian National University Australia
15 15 27 London School of Economics and Political Science United Kingdom
17 18 34 University of British Columbia Canada
18 19 30 University of Edinburgh United Kingdom
19 20 73 University of Zurich Switzerland
20 23 77 University of Warwick United Kingdom
21 22 67 UNSW Sydney Australia
22 24 40 McGill University Canada
23 25 51 University of Manchester United Kingdom
23 21 31 University of Melbourne Australia
25 30 149 Durham University United Kingdom
26 28 5 Massachusetts Institute of Technology United States
27 26 62 The University of Queensland Australia
28 36 66 University of Amsterdam Netherlands
29 30 84 University of Copenhagen Denmark
30 33 18 University of Toronto Canada
31 29 64 Monash University Australia
32 27 51 University of Sydney Australia
33 32 87 École Polytechnique France
34 NR 80 University of Groningen Netherlands
35 37 201–250 Aalto University Finland
36 38 70 Leiden University Netherlands
37 39 4 California Institute of Technology United States
38 NR 69 McMaster University Canada
39 39 155 University of Cape Town South Africa
40 NR 103 Lund University Sweden
41 43 127 University of Oslo Norway
41 42 2 Stanford University United States
43 46 3 Harvard University United States
43 41 9 Princeton University United States
45 45 106 Aarhus University Denmark
46 62 75 Utrecht University Netherlands
47 44 28 Carnegie Mellon University United States
47 48 17 Columbia University United States
49 47 45 KU Leuven Belgium
50 49 38 Georgia Institute of Technology United States
(Kjelde: Times Higher Education, Most international universities of the world 2021) 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2021 04:30

Litt kunstig i dag å ikke regne Hong Kong for å være kinesisk kanskje? Den spesielle ordningen til Hong Kong, ett land to systemer er på full fart vekk fra virkelighetene og inn i historiebøkene kan det virke som.

Erland Nettum - 29. jan. 2021 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere