UiO skårar høgt på internasjonal rangering over humanistiske fag

Universitetet i Oslo er nummer 76 på lista over dei 606 universiteta som har høgast kvalitet på dei humanistiske faga, viser ei heilt ny rangering.  HF-dekan Frode Helland er svært glad.

Portrett av ein mann med briller

GODT NØGD MED 76:PLASS : –Sjølv om ein ikkje skal leggja for stor vekt på slike rangeringar, så reflekterer dette at humaniora utgjer ein vesentleg del av styrken til UiO, slår HF-dekan Frode Helland fast. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er Times Higher Education som i dag publiserer ei rangering over dei 606 universiteta i verda der studentar vil få mest igjen for å studera humanistiske fag. Både språk, litteratur, lingvistikk, arkeologi, filosofi og historie og kunsthistorie er med i vurderinga. Det er også teologiske fag. Universiteta kjem frå 60 land.

– Gode nyhende

Universitetet i Oslo gjer det sterkt i dette selskapet og kjem på 76.-plass i verda og på fjerdeplass i Norden. 

Det er dekan Frode Helland på Det humanistiske fakultetet godt nøgd med.

– Dette er gode nyhende. Og sjølv om ein ikkje skal leggja for stor vekt på slike rangeringar, så reflekterer dette at humaniora utgjer ein vesentleg del av styrken til UiO, gir han uttrykk for i ein epost til Uniforum.

Han forklarar også korleis denne styrken er blitt oppnådd.

– Denne styrken er resultat av godt og planmessig arbeid over lang tid. Det er også eit resultat av at me har høg kvalitet i breidda av verksemda vår, og det er mange fagmiljø ved HF som gjer det usedvanleg godt, trekkjer han fram.  

Fagmiljø mellom dei høgast rangerte på UiO

Frode Helland peikar dessutan på at fakultetet har fått hanka inn mange store internasjonale forskingsprosjekt. 

– Forskarar ved fakultetet har også fått tilslag på ei rekkje større prosjekt både nasjonalt og i EU-systemet, og så har SFF-ane ved fakultetet bidratt med mykje. Her er det internasjonalt leiande forskingsmiljø. Det er det for øvrig også utanfor sentra og dei store prosjekta. Fleire fagmiljø ved fakultetet er blant dei høgast rangerte på UiO, som til dømes filosofi og medievitskap, slår HF-dekan Frode Helland fast.

Helsingfors best i Norden

I Norden er det Helsingfors universitet som toppar med ein 54. plass på verdsrangeringa, medan det blir fylgt av dei danske Københavns Universitet og Aarhus universitet. Det beste svenske universitetet på denne lista, er Uppsala universitet som er nummer fem i Norden.  Av dei andre norske universiteta er det Universitet i Tromsø som er nest best med ei plassering mellom 151 og 175, medan Universitetet i Bergen ligg mellom nummer 201 og 250.  NTNU plasser seg ein plass mellom 301 og 410 på rangeringa over universiteta med den høgaste kvaliteten på dei humanistiske faga. 

Stanford best i verda

Ikkje uventa er det det amerikanske universitetet Stanford som toppar denne rangeringa, medan Massachusetts Institute of Technology fylgjer på andreplass tett fylgd av det beste europeiske universitet Cambridge på tredjeplass. Nabouniversitet Oxford kjem på tredjeplass.

Britiske universitet gjer det best i Europa

Og i Europa er sjølvsagt også Cambridge og Oxford på dei to øvste plassane. Tredjeplassen og fjerdeplassen er det også to britiske universitet som har kapra, nemleg University College London og University of Edinburgh. 

Når det gjeld universitet som ikkje er engelskspråklege, er det LMU München som gjer det best med ein 18.plass i verda og ein femteplass i Europa. PBL Paris fylgjer tett etterpå med 19.-plass i verda og sjetteplass i Europa.

Dette er alle faga som er blitt vurderte i rangeringa over dei humanistiske faga:

Kunst, scenekunst og design

Språk, litteratur og lingvistikk

Historie, filosofi og teologi

Arkitektur

Arkeologi

Dette er metodologien og vektinga som er brukt under vurderinga av studia:  

  • Undervisning: læringsmiljøet:
    37,4 prosent
  • Forsking; volum, resultat og omdømme:
    37,6 prosent
  • Siteringar: forskingspåverknad
    15 prosent
  • Internasjonalisering: tilsette, studentar og forsking:
    7,5 prosent
  • Nytte for næringsliv og innovasjon
    2,5 prosent

• Les meir om rangeringar i Uniforum: 

UiO er på topp 100 i verda både i samfunnvitskap, utdanningsvitskap og jus

UiO når nye høyder på prestisjefylt universitetsrangering

UiO er på  tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo går oppover på ny universetsrangering 

UiO er i Europas meisterliga for å vera mest synleg på nett

UiO er mellom dei fire mest internasjonale universiteta i Norden

UiO er på sjuendeplass i Norden på rangeringen til Times Higher Education

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. nov. 2021 13:03 - Sist endra 3. nov. 2021 17:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere