UiO ramlar tre plassar ned i Europas meisterliga

Universitetet i Oslo er nummer 19 mellom dei beste europeiske universiteta som også har størstedelen av forskingsartiklar og forskingsfunn ope tilgjengelege på nett. I Norden er UiO nummer tre.

Ein svær bygning med svære vindauge

FELL: UiO fell ned til 19.-plass i Europa på Webometrics' rangering av dei beste universiteta som har størsteparten av forskingsartiklar og forskingsinformasjon ope tilgjengeleg på nett. (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

31 000 universitet og høgskular over heile verda er vurderte i juliutgåva av universitetsrangeringa Webometrics. Den måler kva universitet i verda som har mest mogleg innhald av forskingsartiklar og anna forskingsrelatert informasjon ope tilgjengelege for alle på nett. Alle data blei henta inn mellom 1. og 20. juli i år.

Funn i universitetsrangeringa frå Webometrics:

Best i verda:

1.Harvard University

2.Stanford University

3. Massachusetts Institute of Technology

4. University of California, Berkeley

(Kjelde: Webometrics)

Best i Europa:

1.University of Oxford

2.University of Cambridge

3.University College London

4. ETH, Zürich

(Kjelde: Webometrics)

Best i Norden:

1.Københavns Universitet

2.Universitetet i Helsingfors

3.Universitetet i Oslo

4. Uppsala universitet

 

Best i Noreg:

1.Universitetet i Oslo

2.NTNU

3.Universitetet i Bergen

4. Universitetet i Tromsø

5. NMBU

6.Universitetet i Stavanger

7. Universitetet i Agder

8. OsloMet

(Kjelde: Webometrics)

 

USA dominerer på verdsrangeringa 

Julirangeringa blir toppa av Harvard University i USA, tett fylgt av dei andre amerikanske universiteta, Stanford, Massachusetts Institute of Technology og University of California, Berkeley. Først på sjetteplass kjem det første ikkje-amerikanske universitetet. Det er University of Oxford frå Storbritannia. Naturleg nok toppar det dermed også Europaligaen framfor nabouniversitetet i Cambridge og hovudstadsuniversitetet University College London. På fjerdeplass kjem ETH, Zürich som er det beste ikkje-engelskspråklege universitetet i Europa når det gjeld å gjera vitskaplege artiklar og forsking tilgjengelege for alle på nett, ifylgje rangeringa frå Webometrics.

UiO ramlar nedover

Medan Universitetet i Oslo kom på 16.plass i januarmålinga til Webometrics, fell UiO no ned tre plassar til 19.-plass. Det er likevel nok til å tangera tredjeplassen i Norden.

I Norden er det Københavns Universitet som toppar, fylgt av Universitetet i Helsingfors og Universitetet i Oslo.  Medan Københavns Universitet endar som nummer 11 i Europa, kjem Universitetet i Helsingfors og Universitetet i Oslo på høvesvis 16.-plass og 19.-plass.  Det beste svenske universitetet, Uppsala universitet kjem på 22.-plass.

Om me ser vidare på verdsrangeringa, hamnar UiO på plass nummer 92.  Dei andre norske universiteta er plassert frå nummer 117 til og med nummer 1179 på verdsrangeringa. 

NTNU slår UiB med to plassar

På lista over dei beste europeiske universiteta ser plasseringa naturleg nok mykje betre ut. Der kjem NTNU på 58. plass, Universitetet i Bergen som nummer 60, Universitetet i Tromsø som nummer 199, NMBU som nummer 392, Universitetet i Stavanger som nummer 409, Universitetet i Agder som nummer 468, medan OsloMet plasserer seg som nummer 483.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2015–2019. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen.Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics. Sjølv meiner det spanske forskingsrådet som står bak rangeringa, at desse indikatorane også gir eit godt og rett bilete av kvaliteten til kvart av dei universiteta og kvar av dei høgskulane som målinga har vurdert.

 

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 2. aug. 2021 04:30 - Sist endra 1. feb. 2022 11:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere