UiO er på bronseplass mellom Nordens mest synlege universitet på nett

Det er berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet som er meir synleg på nett i Norden enn Universitetet i Oslo. Det viser den siste rankinga til forskingsbyrået Webometrics.

Biletet viser Georg Sverdrups hus med personar på veg inn den øvre inngangen.

PÅ TOPP I NORDEN: UiO er mellom dei tre mest synlege universiteta på nett i Norden, viser den siste målinga til Webometrics. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Også under koronapandemien klarer Universitetet i Oslo å markera seg i konkurransen om merksemd på nettet frå andre universitet. Det viser den siste rangeringa frå det spanske forskingsbyrået Webometrics.

I årets julimåling er det berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet i Norden som skårar høgare på å vera synlege på nett enn Universitetet i Oslo. Alle dei beste svenske universiteta som Uppsala universitet,, Lunds universitet og Karolinska Institutet hamnar lenger nede på lista. Det gjer også det nest beste danske universitetet Aarhus Universitet.

Best i verda:

1.Harvard University

2.Stanford University

3. Massachusetts Institute of Technology

 

Best i Europa:

1.University of Oxford

2.University of Cambridge

3. University College London

Best I Norden:

1.Københavns Universitet

2. Helsingfors universitet

3.Universitetet I Oslo

Best i Noreg:

1.Universitetet i Oslo

2.Universitetet i Bergen

3.NTNU

4, Universitetet i Tromsø

5. Universitetet i Stavanger

6.NMBU

7.Universitetet i Agder

 

Nummer 14 i Europa og 83 i verda

Resultatet gir UiO også ein fjortandeplass på lista over Europas mest synlege universitet på nett, der Københavns Universitet tar tiandeplassen medan Helsingfors universitet snik seg rett før UiO og inn på ein trettandeplass. På verdsrangeringa hamnar UiO på plass nummer 83.

Harvard på topp

Verdsligaen over dei beste universiteta vert toppa av seks universitet frå USA, med Harvard University, Stanford University og Massachusetts Institute of Technology på dei tre pallplassane. Det beste universitet utanfor USA er University of Oxford på sjuandeplass.

Det toppar også Europaligaen fylgt av University of Cambridge og University College London.

Kinesisk universitet best utanfor den engelsksspråklege verda

Tsinghua University i Kina ligg på 35. plass og gjer det dermed best av dei asiatiske universiteta og dei universiteta som brukar eit anna språk enn engelsk. Universitetet i Sao Paolo i Brasil gjer det best i Latin-Amerika, medan University of Cape Town i Sør-Afrika tar førsteplassen i Afrika.

Det beste ikkje-engelskspråklege universitetet i Europa er Utrecht University frå Nederland  på sjetteplass. I Europaligaen er  det  tre nederlandske universitet på dei tolv øvste plassane, i tillegg til sju britiske og eit dansk. UiO på fjortandeplass kjem rett før det beste tyske universitet, som er Technische Universität München.

Av dei andre norske universiteta er det Universitetet i Bergen som kjem nærast UiO. Det plasserer seg som nummer 54 i Europa og 181 i verda. Noregs største universitet, NTNU ligg på 59.-plass i Europa og som nummer 187 i verda. Universitetet i Tromsø plasserer seg som nummer 186 i Europa og som nummer 465 på verdsrankinga.

Så er det eit langt sprang ned til dei to neste norske universiteta, Universitetet i Stavanger og NMBU som høvesvis nummer 401 og nummer 407 i Europa. Universitetet i Agder endar som nummer 462.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2014–2018. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen. Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics.

 

 

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering, Norden, Europa Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2020 15:16 - Sist endra 10. aug. 2020 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere