UiO er mellom Nordens tre mest synlege universitet på nett

Berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet er meir synlege på nett enn Universitetet i Oslo i Norden. Det beste svenske universitetet er Uppsala på fjerdeplass, viser den siste rangeringa til Webometrics.

Fotografiet viser Universitetsplassen i Oslo

PÅ TREDJEPLASS: Universitetet i Oslo tar tredjeplassen i Norden over dei mest synlege universiteta på nett. Københavns Universitet gjer det best. 

Foto: Ola Sæther

Med plasseringa som nummer tre i Norden av dei mest synlege universiteta på nett, får Universitetet i Oslo ein 16. plass i Europa. Det resultatet gjer at UiO legg seg som nummer 89 over verdas mest synlege universitet på nett.  Rektor Svein Stølen peikar på at dette syner at nettstaden til UiO er stor og har mange lenkjer inn.

– Denne rangeringa viser først og fremst kor stor grad UiO er til stades digitalt, og plasseringa speglar at uio.no er eit stor nettstad med mange lenkjer inn. Me er varsame med å konkludera noko utover det. Me jobbar målretta med å ha gode og relevante nettsider, svarer Stølen i ein epost til Uniforum.

Københavns Universitet får ein 11.plass i Europa og det gir det danske hovudstadsuniversitetet plasseringa som nummer 77 på verdsrankinga. Målinga frå Webometrics er gjort dei første vekene av januar i år. Det er den første av dei to universitetsrangeringane byrået vil gjennomføra i 2020.

Les  i Uniforum: UiO er mellom dei 15 mest synlege universiteta i Europa

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 5 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 10 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 35 prosent.

(Kjelder: Uniforum, Webometrics og Universitetsavisa)

Best I Noreg:

1. Universitetet i Oslo

2. Universitetet I Bergen

3. NTNU

4. Universitetet i Tromsø

5. Universitetet i Stavanger

6. NMBU

7. Universitetet i Agder

8. Noregs handelshøgskule

Best i Europa:

  1. University of Oxford
  2. University of Cambridge
  3. University College London
  4. ETH Zürich/Swiss Federal Institute of Technology, Zürich
  5. University of Edinburgh

Best i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts Institute of Technology

4. Berkeley University

(Kjelder: Webometrics og Uniforum)

Harvard på topp i verda

Verdsrangeringa blir toppa av  det amerikanske Harvard-universitetet, medan Stanford-universitetet, også  frå USA, tar andreplassen, samtidig som Massachusetts Institute of Technology og Berkeley-universitet tar tredje- og fjerdeplassen  på verdsrankinga over dei universiteta som er mest synlege og er mest mogleg tilgjengeleg på nett. Amerikanske universitet tar dei seks første plassane, før Universiity of Oxford som første ikkje-amerikanske universitet dukkar opp på sjuandeplassen.

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Britiske universitet best i Europa

Dei beste europeiske universiteta er University of Oxford  og University of  Cambridge på høvesvis sjuande og ellevteplass  på verdsrankinga. På tredjeplassen i  Europa kjem University College London, medan ETH (Swiss Federal Institute of Technology), Zürich)  kjem på fjerdeplass, og er dermed det høgast plasserte universitetet i  Europa etter dei tre britiske. På oversynet over dei mest synlege universiteta på nett i verda, endar det sveitsiske toppuniversitetet seg som nummer 32.

UiO slår dei beste svenske universiteta

Sjølv om Universitetet i Oslo ikkje er det mest synlege universitetet i Norden på nett, men må sjå seg slått av både eit dansk og eit finsk universitet, kan det gleda seg over at det er betre enn det beste svenske. Uppsala  universitet endar på fjerdeplass i  Norden, medan Lunds universitetet  kjem på femteplass. 

UiB går forbi NTNU

Det nest beste norske universitetet er Universitetet i Bergen som endar som nummer 55 i Europa, to plassar over NTNU som plasserer seg som nummer 57. Universitetet i Tromsø blir nummer 223 i Europa, medan Universitetet i Stavanger vert nummer 385. NMBU kjem inn som nummer 395. Universitetet i Agder hamnar som nummer 435 i Europa på denne rangeringa. Andre norske plasseringar er Noregs handelshøgskule i Bergen, nummer 606, Universitetet i Søraust-Noreg, nummer 614, Høgskolen i Østfold, nummer 647 og Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) som endar som nummer 690. Høgskulen på Vestlandet endar opp tre plassar over nummer 700 og tar posisjonen som nummer 697 i Europa.  Noregs idrettshøgskule erobrar 700.plassen i Europa, medan OsloMet hamnar langt nede, faktisk som nummer 1169. Det vil seia at det andre hovudstadsuniversitetet i Noreg, må sjå seg slått av dei aller fleste norske høgskular og universitet på denne rangeringa. Trøysta er at OsloMet i alle fall gjer det betre enn Høyskolen Kristiania som er nummer 1298 i Europa.

Kina best i Asia, medan Sør-Afrika dominerer i Afrika

I Asia gjer Tsinghua University frå Kina det aller best.  Andreplassen tar University of Hongkong, medan National University of Singapore går inn på tredjeplassen. I Afrika er det Cape Town University frå Sør-Afrika som tar førsteplassen, før tre andre sørafrikanske universitet.

I Latin-Amerika er det Universitetet i Sao Paolo i Brasil som toppar rangeringa, tett fylgt av Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM).

Samlar inn data frå 28 000 universitet

Webometrics opplyser at dei har gått gjennom over 28 000 høgare utdanningsinstitusjonar over heile verda. Alle forskingsdata blei samla inn dei første vekene i januar i år. Dei peikar på at dersom ein institusjon skårar mindre enn det den hadde rekna med på grunnlag av den akademiske prestisjen den har, bør universitetsleiinga gå gjennom weben sin på nytt og sjå på i kor stor grad den har open tilgang og ein gjennomsiktig politikk, noko som kan auka både mengda og kvaliteten på dei elektroniske publikasjonane til institusjonen, skriv statistikkbyrået.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2013–2017. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen. Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics.

Les heile rangeringa til Webometrics

Best i verda

Best i Europa

Best i Asia

Best i Afrika

Best i Latin-Amerika

(Oppdatert kl. 13:39 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen) 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 4. feb. 2020 04:30 - Sist endra 4. feb. 2020 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere