UiO er på tredjeplass i Norden på Shanghai-rankinga

Københavns Universitet og Karolinska Institutet er dei einaste nordiske universiteta som slår UiO på Shanghai-rankinga. UiO er nummer 61 på verdsrangeringa, ein plass ned frå i fjor. 

Ei kvinne står framfor Universitetsbiblioteket på Blindern

GLER SEG: Prorektor Åse Gornitzka kan gleda seg over at UiO framleis held stillinga som eit av verdas beste universitet. I den siste Shanghai-rankinga er UiO nummer 61 i verda.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag publiserte Shanghai Jiao Tong University 2021-utgåva av den akademiske rangeringa av verdas universitet (ARWU). Som tidlegare blir den toppa av Harvard University og Stanford University frå USA. Det britiske universitetet University of Cambridge kjem på tredjeplass, medan nabouniversitet University of Oxford plasserer seg som nummer sju på denne rangeringa.  Og Universitetet I Oslo kjem altså på tredjeplass i Norden og som nummer 61 i verda. 

– Blant dei beste forskingsintensive universiteta 

Verdas beste: 

1. Harvard University, USA

2. Stanford University, USA

3. University of Cambridge, Storbritannia

4. Massachusetts Institute of Techology, USA

5, University of California, Berkeley, USA

6. Princeton University, USA

7. University of Oxford, Storbritannia

(Kjelde: Academic Ranking World Universities (ARWU)

Europas beste: 

1. University of Cambridge, Storbritannia

2. University of Oxford, Storbritannia 

3. Paris-Saclay University, Frankrike

4. University College, London, Storbritannia

5. ETH, Zürich, Sveits

6. Københavns Universitet, Danmark

(Kjelde: Academic Ranking World Universities (ARWU)

Nordens beste:

1. Københavns Universitet

2. Karolinska Institutet

3. Universitetet i Oslo 

4. Aarhus Universitet

5. Stockholms universitet

6. Uppsala universitet

7. Helsingfors universitet

(Kjelde: Academic Ranking World Universities (ARWU)

Prorektor Åse Gornitzka er svært nøgd med UiOs plassering på denne universitetsrangeringa.

– Denne rankinga plasserer UiO blant dei beste forskingsintensive universiteta i verda. Det er der me har ambisjonen om å vera. Det norske forsknings- og høgare utdanningssystemet er avhengig av å ha eit universitet som hevdar seg blant dei beste forskingsintensive universiteta i verda, understrekar Åse Gornitzka i ein epost til Uniforum.

Ho meiner rankinga gir eit godt bilete av kvaliteten på forskinga på UiO.

– Shanghai-rangeringa er her heilt konsistent med sterke resultat i den internasjonale konkurransen og på arenaer for framifrå forsking, spesielt i ERC. Det stemmer overeins med fleire av dei internasjonale fagevalueringane av norsk forsking. Det er det all grunn til å feira. Til saman  fortel dette oss om sterke fagmiljø ved UiO med ein sterk internasjonal posisjon, sjølv i skjerpa internasjonal konkurranse, peikar Gornitzka på.

Ho er klar over at slike rangeringar er omdiskuterte og fører til debatt.

– Me veit at universitetsrangeringar er hefta med måleproblem og er kontroversielle. Etter kvart som rangeringane vert rulla ut vert den årlige debatten om verdien av rangeringar fyra opp. Med god grunn. Shanghai-rangeringen er riktignok tydeleg på at den er forskingsorientert, og den brukar målemetodar som i alle fall er gjennomsiktige og forståelege. Rangeringa er relativt stabil, og samtidig fangar den opp inkrementelle (aukande/Red.merknad) endringar, poengterer ho.  

Plassering på rankinga betyr mykje 

Åse Gornitzka legg heller ikkje skjul på at i det internasjonale universitetsmiljøet, er det viktig å kunna visa til ei god plassering på universitetsrangeringane.

– Me kan lika det eller ikkje, men UiO møter også aktørar der plassering på denne rankinga betyr mykje for interessa for å samarbeida med oss. At UiO er blant topp tre institusjonar i Norden, vert lagt merke til. I det heile tatt peikar Shanghai-rankinga på Norden som ein leiande kunnskapsregion i verda  trass i skarp konkurranse frå til dømes kinesiske universitet. Det viktige for UiO er likevel ikkje å klatra i rangeringa i seg sjølv, men halda fram med å fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking, slår ho fast.

Fransk universitet svingar seg oppover

I Europa er den største endringa at det franske universitetet Paris-Saclay University har svinga seg heilt opp til 13.plass på verdsrangeringa. I fjor blei det nummer 14. Det har dermed  definitivt overtatt tetposisjonen som det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Tidlegare har ETH, Zürich i Sveits som regel hatt den rolla.

Københavns Universitet best i Norden

I Norden tar altså Københavns Universitet tetposisjonen og hamnar på ein imponerande 30.plass blant verdas beste universitet. Karolinska Institutet i Stockholm, som er eit medisinsk universitet, kjem 12 plassar lenger nede som nummer 42.  Dermed slår universitetet som har tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som tilsett rektor, Universitetet i Oslo med 11. plassar. På andre rangeringar har Helsingfors universitet ofte snike seg forbi Universitetet i Oslo. På denne målinga finn me det beste finske universitetet lenger nede på ein 82. plass. Aarhus Universitet går inn på plass nummer 71, Stockholms universitet som nummer 74, og Uppsala som nummer 78. 

UiO nummer 19 i Europa

Universitetet i Oslo tar likevel ikkje innersvingen på universitetet som står bak Shanghai-rankinga. Shanghai Jiao Tong University får 59.plassen, to plassar over UiO. 

I Europa er Universitetet i Oslo inne blant dei 20 beste med ein 19. plass. NTNU er blant dei 101-150 beste universiteta i verda, medan Universitetet i Bergen plasserer seg mellom dei 301 og 400 beste. Universitetet i Tromsø plasserer seg mellom 501 og 600, NMBU mellm 701 og 800, medan Noregs Handelshøgskule (NHH) ligg ein plass mellom 901 og 1000 på denne rangeringa. 

I Asia toppar University of Tokyo lista med ein 26. plass i verda. Det beste kinesiske universitet er Tsinghua University på ein 28. plass på verdsrangeringa

Metodologi: 

Shanghai-rankinga (ARWU) brukar seks objektive indikatorar for å rangera verdas universitet, går det fram av ei pressemelding frå Shanghai Ranking Consultancy som er den offisielle utgjevaren av denne universitetsrangeringa. 

Indikatorane inkluderer talet på alumni og vitskaplege tilsette som har vunne nobelprisar og fått Fields-medaljar. Dessutan byggjer rangeringa på talet på vitskaplege artiklar publiserte i forskingstidsskrift som Nature og Science, talet på høgt siterte forskarar og talet på artiklar som er med i Sciende Citation Index og Expanded and Social Sciences Citation Index. Grunnlaget er data i Web of Science og kor vidtrekkjande denne publiseringa er i høve til storleiken på institusjonen. Over 2000 universitet vert rangerte av Shanghai-rankinga (ARWU) kvart år, og resultata for dei 1000 beste vert publiserte, står det i pressemeldinga frå Shanghai Ranking Consultancy. Rangeringa er blitt publisert sidan 2003, og er den som truleg har mest prestisje saman med rangeringa frå Times Higher Education. Den blir publisert om kort tid. 

(Oppdatert klokka 19:22 med kommentar frå prorektor Åse Gornitzka ved UiO. Saka er også oppdatert 16.august klokka 13:07med plasseringane til UiT, NMBU og NHH. Plasseringa til Shanghai Jiao Tong University er også korrigert)

 

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. aug. 2021 15:00 - Sist endra 16. aug. 2021 13:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere