UiO er på topp 100 i verda både i samfunnsvitskap, utdanningsvitskap og jus

Universitetet i Oslo er mellom dei 51 beste universiteta i verda om du skal studera samfunnsvitskaplege fag. Det slår Times Higher Education klart i 2022-rangeringa over universitetsfag.

HØGT VURDERT:  Studia i samfunnsvitskaplege fag på UiO blir vurderte til å vera mellom dei 51 beste i verda.  Biletet viser Eilert Sundts hus, der SV-fakultetet held til. (Arkivfoto) 

Foto: SV/UiO

Med plasseringa som nummer 51 i verda i samfunnsvitskaplege fag, klatrar UiO ti plassar i høve til 2021-rangeringa som blei publisert i fjor. Det gjer at dei som vil studera samfunnsvitskaplege fag på UiO, vil gjera det på eit universitet som er rangert som nummer 14 i Europa og som nummer tre i Norden i desse faga. Då inkluderer også Times Higher Education fag som media og kommunikasjon i fagkrinsen til samfunnsvitskapen, medan det ligg på Det humanistiske fakultetet på UiO. Samtidig tar ikkje rangeringa med psykologi som er ein del av porteføljen til Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO. 

Oxford på topp

På topp i verda og i Europa tronar Oxford-universitetet i Storbritannia fylgd av dei amerikanske universiteta Massachusetts Institute of Technology og Stanford.

I Europa er det London School of Economics og Cambridge-universitetet som kjem som nummer to og tre etter Oxford.

I Norden er Københavns Universitet og Aarhus Universitet dei to einaste som gjer det betre enn UiO i den samfunnvitskaplege fagporteføljen, ifylgje rangeringa frå Times Higher Education. 

Innanfor dette fagområdet har dei fått inn data frå 870 universitet i 89 land. Faga som er vurderte, er media og kommunikasjon, statsvitskap, sosiologi, samfunnsgeografi og utviklingsstudium.  

Dette er vektinga som er brukt under vurderinga av studia:  

  • Undervisning: læringsmiljøet:
    32,4 prosent
  • Forsking; volum, resultat og omdømme:
    32,6 prosent
  • Siteringar: forskingspåverknad
    25 prosent
  • Internasjonalisering: tilsette, studentar og forsking:
    7,5 prosent
  • Nytte for næringsliv og innovasjon
    2,5 prosent

Sølvplass i Norden i utdanning

UiO inntar sølvplassen i Norden og 55.plass i verda på rangeringa over universitet som har utdanningsvitskap i fagporteføljen sin. Noregs eldste universitet klatrar heile elleve plassar på 2022-rangeringa samanlikna med 2021-rangeringa som blei publisert i fjor. 

Innanfor dei utdanningsvitskaplege faga er det i Norden berre Helsingfors universitet som har høgare kvalitet på studia sine enn UiO, ifylgje Times Higher Education.  På tredjeplass fylgjer eit anna finsk universitet, Jyväskylä universitet. Med det resultatet kjem UiO også på ein niandeplass i Europa mellom dei universiteta som har den høgaste kvaliteten i utdanningsvitskap.

Ikkje overraskande er det tre amerikanske universitet som toppar verdsrangeringa; Stanford, Berkeley og Harvard. 

I Europa er universiteta i Oxford og Cambridge som tar dei øvste pallplassane. Ingen universitet frå Sverige og Danmark er mellom dei 100 beste på denne lista.  Til saman er 597 universitet i 68 land vurderte i denne fagvurderinga.  

Dette er vektinga som er brukt under vurderinga av studia:  

  • Undervisning: læringsmiljøet:
    32,7 prosent
  • Forsking; volum, resultat og omdømme:
    29,8 prosent
  • Siteringar: forskingspåverknad
    27,5 prosent
  • Internasjonalisering: tilsette, studentar og forsking:
    7,5 prosent
  • Nytte for næringsliv og innovasjon
    2,5 prosent

Bronseplass for jus i Norden

Times Higher Education har også vurdert jusstudia ved 257 utdanningsinstitusjonar i 39 land. Der er det amerikanske universitetet Stanford som gjer det best, medan Cambridge-universitetet tar sølvplassen rett framfor New York University og Oxford-universitetet.  På denne rangeringa kjem jusstudiet på UiO som nummer 87 i verda og nummer 37 i Europa. 

I Norden tar UiO derimot ein bronseplass bak Københavns Universitet og Lunds universitet i Sverige. Det beste ikkje-engelskspråklege universitetet innanfor jus, er ifylgje Times Higher Education KU Leuven frå Belgia, som kjem på ein fjerdeplass i Europa.  

Dette er vektinga som er brukt under vurderinga av studia:  

  • Undervisning: læringsmiljøet:
    32,7 prosent
  • Forsking; volum, resultat og omdømme:
    30,8 prosent
  • Siteringar: forskingspåverknad
    25 prosent
  • Internasjonalisering: tilsette, studentar og forsking:
    9 prosent
  • Nytte for næringsliv og innovasjon
    2,5 prosent

Les heile rangeringa til Times Higher Education om dei beste universiteta i samfunnsvitskap, utdanningsvitskap og jus. 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2021 13:07 - Sist endra 14. okt. 2021 10:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere