UiO-forskar: – Rolla til domstolane er å halda tilsynsorgana ansvarlege

UiO-forskarar har undersøkt i kva grad ekspertar kan kontrollerast. – Me må ikkje undervurdera det faktum at den som blir stilt til ansvar for ei avgjerd, vil forsvara den, sa seniorforskar Tobias Bach ved Arena på eit seminar ved UiO.

STYRE: – Det kan skje ei ansvarleggjering av tilsynsorgana gjennom til dømes eit styre, var seniorforskar Tobias Bach ved Arena sikker på.

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag brukar moderne demokratiske land oftare enn nokon gong før uavhengige ekspertorgan i politiske avgjerdsprosessar. EU åleine har 44 byrå, der Noreg deltar i 27. Døme på slike byrå er EASA (flysikring), Europol (politisamarbeid) og Frontex (byrået for overvaking av EUs yttergrenser).

REFLEX ( Democracy and Expert Rule: The Quest for Reflexive Legitimacy)

Prosjektet undersøkjer spenninga mellom kunnskap og demokrati i europeiske avgjerdsprosessar. Politikken skal vera både kunnskapsbasert og demokratisk. Korleis er det mogleg? er spørsmålet prosjektet vil gi svaret på. Avslutta i 30. juni 2021..Finansiert av UiO og Forskingsrådets ToppForsk-program gjennom FriPro.

Prosjektleiar: Professor Erik Oddvar Eriksen, Arena- Senter for europaforsking, UiO.

Aktuelt: Føreslår ny modell for å sikra legitimiteten til ekspertorgana: Den offentlege bruken av fornuft. 

(Kjelder: Erik Oddvar Eriksen, Arena, Eriksen ed."The Accountablity of Expertise", Routledge, 2020)

I Noreg er Helsedirektoratet, Finanstilsynet, Konkurransetilsynet og Noregs Bank døme på slike byrå med ekspertar. I Noreg er det ulike direktorat, men også Finanstilsynet og Konkurransetilsynet som er døme på slike ekspertorgan. Funksjonsmåten deira er modellert etter den uavhengige sentralbanken.

Forskingsprosjektet Reflex ved Arena – Senter for europaforsking har gått gjennom tre strategiar for å kontrollera ekspertane. Det er vitskapsbasert tillit, kollektiv auto-paternalisme og meir deltaking frå vanlege folk. Prosjektet gjekk grundig gjennom dei tre strategiane og har funne dei inadekvate, altså utilstrekkelege. Dei kan ikkje løysa legitimitetsproblemet.

– Den offentlege bruken av fornuft

Difor utarbeidde prosjektleiar Erik Oddvar Eriksen og forskarkollegaene hans eit eige forslag til korleis legitimiteten til desse uavhengige organa kan bli sikra også i framtida.

– Me kallar det for den offentlege bruken av fornuft. Prosjektet vårt undersøkjer om involvering av ekspertorgan i ein offentleg prosess for å koma fram til ei grunngjeving, vil kunna løysa problemet med legitimiteten, sa Eriksen til Uniforum i november i fjor.

Reint konkret går det ut på at ekspertar søkjer offentleg stadfesting på at verdipremissane dei brukar og dei råda dei kjem med, er rette. Når både vitskapssamfunnet og det breie offentlege samfunnet blir bedne om å koma med innspel, får me alle ein test på kor fornuftige vurderingane er.  

I Uniforum trekte han fram dei daglege pressekonferansane regjeringane og ekspertane i Helsedirektoratet og i Folkehelseinstituttet hadde under dei første månadane med koronapandemi som eit godt døme på korleis det kan fungera.

– Det faktum at Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet ikkje alltid var einige, kan faktisk verka til å auka legitimiteten og den tiltrua folk i Noreg har til både forvaltninga og politikarane, trudde Erik O. Eriksen. 

Funna frå forskingsprosjektet har også resultert i fagboka «The Accountabilty of Expertise» på det britisk-amerikanske forlaget Routledge.

– Den nye statskyrkja 

Denne veka var konklusjonen i boka om å erstatta tidlegare strategiar for å kontrollera ekspertane med den offentlege bruken av fornuft tema for eit seminar i Domus Bibliotheca i regi av Partnerforum.

GRUNNGJEVINGAR: – Me må ha respekt for ulike sfærar og personar. Men dei må bruka grunngjevingar for tilrådingane som dei kjem med, sa prosjektleiar Erik O. Eriksen på seminaret som handla om korleis ein skal kontrollera ekspertane i tilsynsorgana. (Foto: Ola Gamst Sæther).

Prosjektleiar Erik O. Eriksen tok utgangspunkt i endringa i den norske statsforvaltninga.

– Den nye reguleringsstaten er blitt den nye statskyrkja. Tilsynsorgana er ikkje under direkte kontroll av den utøvande styresmakta, men har masse makt. Me treng desse ekspertane for dei er demokratiets hjelparar. Men dei skal haldast ansvarlege og derfor har me behov for meir kunnskap. Og me må gi utvida fullmakter til den utøvande makta. For forsking har dokumentert at desse tilsynsorgana ikkje alltid opptrer heiderleg og ærleg, slo han fast i innleiinga si.

– Måtte forklara og forsvara avgjerdene sine

Professor Christopher Lord frå Arena - Senter for europaforsking har skrive om rolla til den europeiske sentralbanken. Den er sentralbanken for fleire ulike statar med sine eigne sentralbankar.

– Samtidig gjer eksistensen av ein europeisk sentralbank det mykje vanskelegare for medlemsstatane å endra ein EU-avtale. Mange regjeringar har lagt press på banken med sine ulike interesser, men den har stått fast på ein pengepolitikk som er basert på forholdet mellom økonomisk vekst, sysselsetjing, arbeidsløysetal og inflasjonsmål, understreka han.

Etter 15 år med stabil økonomi sidan Maastricht-traktaten blei sett i verk i 1993, skjedde det brått noko nytt.

– Under finanskrisa i 2008 måtte banken på eiga hand setja i verk ein pengepolitikk som skulle redda euroen. Dei måtte bestemma kva land som kunne og som ikkje kunne vera med i eurosona, trekte han fram.

Det var likevel ein annan ting banken gjorde som var svært viktig for å halda på tilliten.

– Den måtte forklara og forsvara avgjerdene sine til folket offentleg.

Tilsynsorgan reagerer på kritikk avhengig av område

Seniorforskar Tobias Bach ved Arena -Senter for europaforsking hadde undersøkt korleis tilsynsorgan reagerer på offentleg kritikk. Det hadde han gjort gjennom å analysera korleis styresmaktene brukar kommunikasjon som svar på omdømmekritikk. Som data hadde han brukt 7000 ulike artiklar i den tyske dagsavisa Frankfurter Algemeine Zeitung om det tyske finanstilsynet BaFin og infrastrukturtilsynet BNetza. Då såg han på positiv eller negativ omtale, omdømme-dimensjon og på kva aktørar som ytrar seg. Bach såg også på om styresmaktene svarte på kritikken i same artikkel.

 – Funna viste at tilsynsorgan reagerer mest på kritikk mot sentrale område med svakt omdømme. Tilsynsorgana let vera å reagera på kritikk mot perifere område. Og det er meir sannsynleg med reaksjon på kritikk frå politiske aktørar, peika han på.  

Han kom også med to klare konklusjonar:

– Det er domstolane si rolle å halda tilsynsorgana ansvarlege. Det kan skje ei ansvarleggjering av tilsynsorgana gjennom til dømes eit styre, var han sikker på.

Likevel var det to spørsmål han ikkje kunne svara på, men som han meinte andre måtte gå vidare på.

– Har tilsynsorgana lite å frykta frå politikarane, og tar politikarane godt nok vare på rolla si som “kontrollør” på ein god måte? lurte han på.

Respektperspektivet

Den fjerde innleiaren var Andreas Eriksen, postdoktor ved OsloMet og forskar ved Arena - Senter for europaforsking. Han problematiserte haldningane til tilsynsorgana gjennom dei to motpolane mistillitsperspektivet og tillitsperspektivet.

– Mistillitsperspektivet handlar om institusjonalisert antagonisme (motstand). Det gjeld å finna feil og sanksjonera. Tillitsperspektivet er eit frirom for autonome (sjølvstendige) vurderingar. Kritikk av konsekvensane av mistilliten og ekstern kontroll blir bytt ut med interne normer, forklarte han. Sjølv har han lansert eit nytt omgrep; respektperspektivet. Det definerer han på denne måten: – Det er fokus på haldningar, ikkje på type instrument. Varsemd for illegitim politisering. Det skal skapa samspel og felles perspektiv, sa Andreas Eriksen.

– Få vil ta den debatten

I spørjerunden etter presentasjonen, leia av prorektor Åse Gornitzka, vedgjekk seniorforskar Tobias Bach at det kan vera vanskeleg å krevja at ekspertane skal stå til ansvar.

DEBATTERTE EKSPERTANE: Seniorforskar Tobias Bach og prosjektleiar Erik O. Eriksen var saman med debattleiar, prorektor Åse Gornitzka i Domus Bibliotheca under debatten om ekspertane. Dei to andre deltakarane Andreas Eriksen (lengst til venstre) og Christopher Lord deltak via Zoom. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg kan derimot stilla spørsmål ved kva som ligg bak tilrådingane frå ekspertane. Ei utfordring er å få nokon til å ta denne diskusjonen. Det er få som vil ta den debatten, var inntrykket hans.

Erik O. Eriksen meinte at den folkelege oppslutnaden rundt tilsynsorgana viser at dei ikkje har noko legitimitetsproblem.

– I samband med smitteverntiltaka under pandemien og dei konstitusjonelle problema som dei førte med seg, var det ein mangel på legitimitet, meinte Erik O. Eriksen.

– Det er likevel langt høgare tillit til styresmaktene si handtering av pandemien i Noreg, samanlikna med Tyskland og andre europeiske land, syntest Tobias Bach.

Christopher Lord stod fast på ein viktig ting

– Det viktige er å kombinera kunnskap med ekspertise.

Og Andreas Eriksen trudde modellen hans kunne vera til nytte for forholdet til tilsynsorgana.

 – Respektmodellen kan brukast der det finst eit godt fagleg grunnlag.

– Må bruka grunngjevingar for tilrådingane

Konklusjonen til prosjektleiar Erik O. Eriksen var klar.

– No er det viktig å sjå på institusjonelle modellar. Me må ha respekt for ulike sfærar og personar. Men dei må bruka grunngjevingar for tilrådingane som dei kjem med. Korleis kan den demokratiske rettsstaten elles bli endå betre? spurte han.

Og Tobias Bach konkluderte også med at om nokon går til åtak på ekspertar, vil dei slå tilbake.

– Me må ikkje undervurdera det faktum at den som blir stilt til ansvar for ei avgjerd, vil forsvara den.

• Les meir om demokrati og ARENA i Uniforum: 

Idealisme og realisme

Har vi råd til demokrati?

Eriksens offentlige fornuft

Offentlighet, fornuft og solidaritet

– Demokratiet sin valuta er ikkje stemmer eller fleirtalsmakt, men argument

Ønsker storstilt UiO-satsing på  humaniora og samfunnsvitenskap

Jonas Gahr Støre: - Demokrati med gode helsetenester for alle, taklar pandemien best

ARENA-direktør fryktar SV-dekanen styrer mot nedlegging

ARENA-direktør  Erik Oddvar Eriksen: – Går vi ut av EØS, får vi revolusjon

Emneord: EU, Statsvitenskap, ARENA Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2022 04:30 - Sist endra 9. feb. 2022 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere