ARENA-direktør fryktar SV-dekanen styrer mot nedlegging

ARENA Senter for europaforsking får igjen kniven på strupen frå ein SV-dekan.

– Anne Julie Semb avviser positive løysingar på dei problema ho sjølv bles opp. Heile argumentasjonen hennar endar opp med at det bør gå mot ei avvikling, seier direktør Daniel Naurin.

Eit portrett av ein mann med tydeleg skygge

LITEN: – I røynda er den økonomiske risikoen til fakultetet veldig liten. Det er også leit at dei ikkje tar med i vurderinga dei verdiane som ARENA bidrar med, meiner eg, seier direktør Daniel Naurin. No håpar og trur han at fakultetsstyret vil støtta deira forslag om å oppretta eit tverrfagleg masterprogram ved senteret. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Avvikling av ARENA Senter for europaforsking som eit frittståande senter ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet er ei av løysingane dekan Anne Julie Semb presenterer overfor fakultetsstyret når det skal diskutera saka i morgon. Målet er å få redusert underskotet til senteret.

Dette er ARENA: 

Eit politisk forskingssenter på Universitetet i Oslo. 

Forskinga ved senteret tar føre seg dei politiske integrasjonsprosessane i Europa.

Direktør: Daniel Naurin 

Aktuelt: Den økonomiske situasjonen ved senteret skal opp som diskusjonssak i fakultetsstyret ved SV.

(Kjelder: ARENA, SV-fakultetet)

I eit notat peikar dekanen på at senteret har eit meirforbruk på 8,5 millionar kroner og at dei eksterne inntektene til senteret ikkje er nok til å dekkja andre kostnader ved senteret. Ho trekkjer også fram at senteret har sett i verk så mange sparetiltak på drift som det er mogleg å gjennomføra. Semb viser til at dette likevel ikkje har vore nok til å få ned meirforbruket, som i stor grad, er eit resultat av økonomiske disposisjonar som blei gjorde før 2014.

Vil råka kjernefunksjonar

Etter dekan Anne Julie Sembs oppfatning kan ikkje det gjerast fleire tiltak for å få ned kostnadene utan at det vil råka kjernefunksjonar, og i neste omgang hindra ARENAs sjansar til å henta nye eksterne midlar, går det fram av notatet frå SV-dekanen. 

Det vert også trekt fram at dersom ein eller fleire av føresetnadene i ARENAs budsjett og langtidsprognose fram til 2025 ryk, vil det oppstå ein risiko for endå høgare meirforbruk. “Denne risikoen bæres ikke av ARENA alene, men også av fakultetet og fakultetets øvrige grunnenheter”, understrekar dekanen i notatet.  

Det blir dessutan vist til to moglege løysingar for vidare drift av ARENA som i dag. Det eine går ut på at nedbetalinga av meirforbruket skal gå over ein lengre periode. Det andre inneber at basisløyvinga til ARENA blir auka, med to millionar kroner, slik at senteret blir mindre sårbart for svingingar i dei eksterne inntektene.

Føreslår tverrfagleg masterprogram

ARENA-direktør Daniel Naurin trur at fakultetsstyret til slutt vil ta ei klok avgjerd og ikkje går inn for løysinga dekanen førespeglar med ei mogleg avvikling. Sjølv har han og styret for ARENA lansert ein heilt annan måte å løysa problemet på.

– Me føreslår at det blir oppretta eit tverrfagleg masterprogram på ARENA, slik at me også kan få inn studiepengar og kan få tilsett undervisningspersonale i stillingar som førsteamanuensis og professor.  Det blir sagt at forskingsbasert undervisning er bra, men det er like positivt at forskinga har kontakt med undervisninga og studentane, understrekar Daniel Naurin overfor Uniforum.  

Det er ei løysing som dekan Anne Julie Semb også tar opp i notatet. Etter hennar meining vil det føra til at ARENA blir fakultetet sitt Institutt for statsvitskap nr. 2. Ho peikar på at det allereie eksisterer to statsvitskaplege masterprogram på fakultetet. Hennar vurdering er at dette “ikkje er noen optimal løsning ut frå hensynet til samlet fagportefølje og ressursbruk ved fakultetet.”

ARENA-direktør Daniel Naurin er heilt ueinig med denne vurderinga til Anne Julie Semb:

– I røynda er den økonomiske risikoen til fakultetet veldig liten. Det er også leit at dei ikkje tar med i vurderinga dei verdiane som ARENA bidrar med, meiner eg, seier Daniel Naurin. 

– Såg ut som om me kunne jobba langsiktig

Han begynte i jobben som direktør for to og ein halv månad sidan, og då var han sikker på at ARENA Senter for europaforsking stod på trygg grunn.

– For rundt eitt år sidan gjorde fakultetsstyret eit vedtak der ARENA fekk nye reglement og det blei slått fast at det skal vera eit permanent senter for fakultetet. Og det blei tilsett ny senterleiar. Det såg ut som om me kunne jobba langsiktig. Eg tolkar dekanen si linje som at ho vil ha ei heilt anna utvikling, konstaterer han. 

Var i ein heftig diskusjon med tidlegare direktør

Daniel Naurin er klar over at Anne Julie Semb var svært kritisk til ARENA medan ho var leiar for Institutt for statsvitskap og var i ein heftig diskusjon med tidlegare ARENA-direktør Erik Oddvar Eriksen.  Då det var klart at ho ville bli dekan, uttalte Anne Julie Semb til Uniforum at Arena ikkje hadde noko å frykta frå henne etter at ho hadde tatt over dekanårene.

“Noen plan om å legge ned ARENA har hun ikke:

– Jeg tror jeg vil være en slags garantist for at ARENA verken legges ned eller trues med fusjoner med andre enheter, slår hun fast.

– Når det er sagt, er det nok noen utfordringer knyttet til ARENA som vi vil være nødt til å se på. Blant annet knyttet til at de har hatt et merforbruk over tid, legger hun til.” Det sa ho til Uniforum den 10. oktober 2019

I mars det same året kom eit forslag frå dåverande dekan Nils Henrik von der Fehr om å leggja ARENA til Institutt for statsvitskap og Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) til Sosialantropologisk institutt opp som ei diskusjonssak i fakultetsstyret. Motstanden var så stor at styret bestemte seg for  å nullstilla forslaget, slik at sentra heldt fram som før.

– No bles ho opp den økonomiske risikoen fakultetet tar til heilt feilaktige proposisjonar. Dei siste seks åra har me ikkje akkumulert noko underskot. Samtidig feiar dekanen bort alle føreslegne løysingar på dei problema som ho sjølv har blåst  opp. Til dømes vil ho ikkje støtta opprettinga av eit tverrfagleg masterprogram som kan vera med på å finansiera vidare aktivitetar ved ARENA. Og då står berre avvikling igjen, i fylgje henne, er konklusjonen Daniel Naurin trekkjer.

– Har tatt på seg instituttleiarhatten

Han er svært skuffa over måten dekan Anne Julie Semb har handtert denne saka på: 

– Eg har alltid opplevd Anne Julie Semb som ein klok og rasjonell person og har stor respekt for henne. Kanskje ho no ikkje har klart å fri seg heilt frå den historiske bagasjen, og derfor har tatt av seg dekanhatten no og tatt på seg instituttleiarhatten igjen.  Det ser ut som om ho vil styra fakultetsstyret i ei retning som inneber avvikling av ARENA. Derfor har det vore tøffe dagar for oss sidan me fekk notatet måndag kveld denne veka. Eg skulle gjerne ha hatt ein tettare dialog med fakultetet om dette, synest han.  

– Har du tru på at fakultetsstyret vil lika forslaget dykkar betre enn det dekanen gjer?

– Ja, det håpar og trur eg naturlegvis. Sidan eg kom til senteret i oktober, ser eg at det er eit stort potensial på ARENA. Håpet er at fakultetsstyret også ser det. Det er jo eit varemerke som fakultetet burde vera stolt over. SV-fakultetet har hatt seks store samarbeidsprogram finansierte av forskingspengar frå EU, og fire av dei har vore ved ARENA. No blir senteret i staden framstilt som ei bør medan ein gløymer det som ARENA bidrar med, seier han til Uniforum.  

– Det er trist

Etter hans oppfatning burde dekanen vera nøgd med at forskarar ved ARENA kunne få høve til å bli professorar og førsteamanuensar slik at dei kan driva undervisning i tillegg til forsking.

– Det ville vera å gi dei ei karriereteneste. Målet til dekanen må jo vera å kunna gi dei tilsette høve til å kunna starta akademiske karrierar. I staden ser det ut som om det er eit problem for henne. Det er trist, konstaterer Daniel Naurin.

Underskotet er redusert til 7,1 millionar

Etter at saksdokumenta i denne saka blei publiserte måndag 14. desember, sende han og styreleiar Magnus Gulbrandsen eit nytt notat til fakultetsstyret som argumenterer for kvifor ARENA bør halda fram som eit senter. Der blir det også peika på at dekanen opererer med feil tal på underskotet til ARENA. I staden for 8,5 millionar kroner som det står i notatet frå dekanen, er underskotet no på 7, 1 millionar kroner etter at det blei redusert med 1,4 millionar kroner i løpet av 2020, vert det presisert. Det har heller ikkje kome til nytt meirforbruk ved senteret etter 2014, understrekar Daniel Naurin og Magnus Gulbrandsen i notatet dei har sendt til fakultetsstyret.

Dekanen vil ikkje kommentera no

Uniforum har også bede dekan Anne Julie Semb om å svara på kritikken frå Daniel Naurin og på korleis ho ser på framtidsutsiktene for ARENA. Ho har gitt beskjed om at ho ikkje vil kommentera denne saka no, sidan den kjem opp som ei diskusjonssak i fakultetsstyret i morgon.

Møtet begynner i morgon klokka 09.15 på zoom. Dette er saklista.

Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2020 17:58 - Sist endra 17. des. 2020 12:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere