Professor Daniel Naurin er tilsett som ny direktør for ARENA Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo. Det bestemte fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet i dag. Det fylgde dermed innstillinga frå styret for ARENA. Det står att å forhandla fram ein formell avtale med Daniel Naurin. Før det har skjedd, vil han ikkje kommentera tilsetjinga.
Daniel Naurin arbeider no som professor i statsvitskap ved senteret for framifrå forsking Pluricourts som driv forsking på dommane til dei internasjonale domstolane. Den nye direktøren har tidlegare vore professor i statsvitskap ved Göteborgs universitet og begynte i den noverande jobben i 2016. Svenske Daniel Naurin har også tatt doktorgraden ved Göteborgs universitet. Der har han vore direktør både for eit senter for europaforsking og eit senter for europastudier. Han har mellom anna forska på lobbyverksemd i EU og på EU-domstolen.
Som direktør for Arena vil Naurin etterfylgja Erik Oddvar Eriksen, som har hatt stillinga sidan 2007. Erik Oddvar Eriksen har sagt seg villig til å halda fram som direktør fram til den dagen Daniel Naurin kan overta sjefsstolen.
(Oppdatert kl. 11.05)
Logg inn for å kommentere