Nullstilte omorganiseringa på SV-fakultetet

SV-dekan Nils-Henrik von der Fehrs forslag om å organisera sentra ARENA og TIK under kvart sitt institutt, blei nullstilt av fakultetsstyret i formiddag. Dermed kan sentra halda fram som før.

NEDERLAG: SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr måtte innsjå at fakultetsstyret ikkje vil gå vidare med planane om å omorganisera SV-fakultetetet.

Foto: Ola Sæther

Planane til SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr om å leggja ARENA Senter for europaforsking under Institutt for statsvitskap og Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) under Sosialantropologisk institutt, vekte motstand frå første dag dei blei lanserte.

 • Les i Uniforum: Upopulær omorganisering er styresak på SV-fakultetet

Omorganisering på SV-fakultetet

* Leiinga på SV-fakultetet har starta ein prosess som ser på den noverande organiseringa av fakultetet sine senter
* Av fakultetet sine ni senter, er det berre to – ARENA Senter for Europaforskning og TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur – som ikkje ligg under eit institutt.
* Spørsmålet er om også ARENA og TIK burde leggjast under institutt. Ifylgje eit notat frå dekanen vil dette kunna bidra til meir heilskaplege faglege prioriteringar, betre avveging mellom forsking og undervisning, synergigevinstar i administrasjonen og ein meir robust økonomi.
* ARENA er føreslått lagt til Institutt for statsvitskap. TIK er føreslått lagt under Sosialantropologisk institutt, eller eventuelt organisert som eit slags virtuelt senter, med eit styre sett saman av instituttleiarar frå dei respektive fagfelta.
* Saka har vore på høyring med frist 15. februar i år, og det var lagt opp til to framtidige behandlingar i fakultetsstyret: Diskusjonssak var fredag  22. mars, og då blei det altså bestemt å nullstilla heile omorganiseringa på SV-fakultetet.  Dermed kjem sakal naturleg nok likevel ikkje opp som vedtakssak den 13. juni. Då skal det derimot setjast saman nye styre for dei to sentra.

(Kjelde: Uniforum og SV-fak.)

 

Sju av åtte negative til forslaget

Sju av åtte høyringsuttalar var negative til forslaget. Samtidig kom også senterleiar Erik Oddvar Eriksen på bana i Uniforum og meinte forslaget burde leggjast dødt. Fagforeiningane har kome med  kritikk mot den foreslåtte prosessen og mangelen på  informasjon til dei tilsette. Fleire av dei tilsette ved ARENA har i lesarinnlegg i Uniforum gjort det heilt klart at planane måtte leggjast tilbake i skuffa.

SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr har argumentert med at han berre ville flytta tilknytingspunkta til sentra. I eit intervju med Uniforum grunngav han planane slik:

– Intensjonen vår har berre vore å flytta tilknytingspunktet for einingane, å flytta dei på rot så å seia. Utover dette har me ikkje tenkt at prosessen ville føra til nokre umiddelbare konsekvensar eller dramatiske endringar, forklarte dekanen.

Dekanen sa seg lei for å ha skapt uro

I dagens møte i fakultetsstyret skulle planane opp som diskusjonssak. Det var tydeleg at dekanen ikkje rekna med å få gjennomslag for planane om ny organisering av sentra. Han begynte saka med å seia at han beklaga at saka hadde kome litt skeivt ut frå starten.

– Det er ei overdriving å seia at saka har hausta stor begeistring. Dekanen har blitt kritisert for dårleg handtering. Me seier oss leie for at me har skapt uro rundt framtida til desse arbeidsplassane, sa Nils-Henrik von der Fehr.

Så trekte han fram andre på fakultetet.

– Andre i fakultetsadministrasjonen har jobba godt. Derfor trur eg me kan ha ein meiningsfylt diskusjon om dette, innleidde han. Og diskusjon fekk han.

Den første som tok ordet etter dekanen, var Hilde Reinertsen, som representerer dei mellombels vitskaplege tilsette, og ho er til dagleg postdoktor ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur.

– Det har vore belastande med denne saka for TIK, men også for ARENA. Det er ein gammal konflikt. Så derfor har det vore svært krevjande. For det har ikkje vore ei vanleg uro. Det handlar om kva dette eigentleg er ei løysing på, poengterte ho.

– Rart å demontera ARENA no

Hilde Reinertsen oppfordra resten av medlemane i fakultetsstyret til ikkje å gå vidare med prosessen for å organisera sentra ARENA og TIK under kvar sine institutt.

– No håpar eg at styret tar eit steg tilbake og tar diskusjonen litt opp for å sikra sentra og få diskutera studietilboda som me gir. Det er to sterke senter som kan risikera å få svekka omdømme og ikkje lenger vera interessante for samarbeidspartnarar utanfrå. Det ser rart ut å demontera ARENA no, midt under diskusjonen om Brexit, konstaterte ho.

AKSJONERTE: Ein av SV-studentane aksjonerte mot planane om samanslåing ved å dela ut ein pamflett til dekan Nils-Henrik von der Fehr og fakultetsdirektør Gudleik Grimstad (Foto: Ola Sæther)

– Paradoksalt

Dekan Nils-Henrik von der Fehr stod likevel fast på at ei ny organisering kan vera bra for framtida til sentra.

– Sentra er små miljø. No går det veldig bra for begge sentra. Men dei kan vera sårbare om nokre enkeltpersonar sluttar, meinte han.

Samtidig smette han inn eit godt argument for kvart av sentra om kvifor dei bør leggjast inn under institutt.

– TIK har knutepunkt til mange delar av fakultetet. Det er høve til å få det endå betre. Det blir betre ved å leggja det til Sosialantropologisk institutt, trudde han.

Så tok han føre seg ARENA:

– Det er paradoksalt at me har to gode statsvitskaplege miljø. Det er ein satellitt på utsida av resten av verksemda. Det kunne vore fint å ha utnytta desse fordelane. Derfor tenkte me at det ville ha vore ein fordel med integrering på eit institutt, forklarte han. 

 – Bør tenkja gjennom senterorganiseringa

Ekstern representant Tor Saglie meinte at fakultet hadde behov for ein medviten politikk om forholdet mellom sentra og institutta. Han viste til at dette er ingen ny diskusjon, og at forholdet mellom gammal og ny struktur blir diskutert overalt.

– Med så mange negative tilbakemeldingar, bør me stansa denne prosessen. Me bør tenkja vidare gjennom senterorganiseringa og sjå korleis den fungerer. Det er mange synspunkt på dette. Me må anerkjenna ein del spørsmål som me må gå gjennom. Derfor må me ha ein strategi for dette som må forankrast i fakultetet, understreka han.

Litt seinare i møtet utdjupa han nærare kva han meinte med det.

– Me skal koma med innspel til Strategi 2030. Det er viktig å vera konkret og ta med noko om korleis me skal etablera senter, utvida senter, oppretta senter og eventuelt også byggja ned senter, sa han.

Når det gjaldt planane om å organisera ARENA og TIK under institutta, meinte også han at det ikkje var noko poeng å gå vidare med dei.

–Me må rykka fram på ein annan måte. Det klargjer høyringstekstane også, slo han fast.

– Har kome til sin endestasjon

Også studentrepresentant Truls Olaussen Sætrang var kritisk til planane om ny organisering av sentra:

–Det er fint å prata saman, også om denne saka. Det er fint med diskusjon, men den har kanskje begynt i feil ende. Diskusjonen har på sett og vis komen i hamn, sa han.

 Olaussen Sætrang peika også på at fakultetsstyret fekk ei sterk oppfordring frå einingane om måten ting skal gjerast på.

–Det har truleg drukna i den støyen som oppstod då forslaga kom.  Eg ser ikkje at me som fakultetsstyre skal tinga ei konsekvensutgreiing. Planen har kome til sin endestasjon, konkluderte han med.

– Skeivt ut psykologisk

Han fekk støtte frå Grethe Brochmann, som er representant for dei faste vitskaplege i fakultetsstyret.

Dette har kome skeivt ut psykologisk, men det har gjort eit sterkt engasjement.synleg. Det har kome opp ein del spenningar. Det er viktig og legitimt å diskutera korleis sentra fungerer, understreka ho.

Ville nullstilla forslaget

Brochmann tykte det var viktig å setja sentra på dagsordenen. Ho meinte også det var viktig korleis dei gjorde det.

 – Det er betre å ta det overordna og prinsipielt og læra av prosessen. Dermed kan me pusta med magen og ta dette inn i eit tverrfagleg løp. Plikter, undervisning og økonomi har me også vore inne på. Det høyrer også med i ein slik diskusjon. Eg støttar forslaget om å nullstilla forslaget om senterorganisering, sa ho.

Studentrepresentant Kristine Berg Heggelund trekte fram at det var gjort eit grundig arbeid med å få inn høyringstekstar.

– Organisasjonen gir klar beskjed. Eg støttar forslaget om å nullstilla saka, sa ho.

 – Tvangsekteskap er aldri ei god løysing

Heller ikkje ekstern representant Ellinor Major kunne tenkja seg å gå inn for planen om nyorganisering av dei to sentra.

– Tvangsekteskap er aldri ei god løysing. Me er kanskje ikkje presise eller tydelege nok. Kva er utfordringane? Er det nyorganisering eller nye måtar å samarbeida på? Det er betre å starta prosessen på nytt, var ho overtydd om.

Ellinor Major fekk støtte frå Caroline Hals, representant for dei teknisk-administrative tilsette

– Eg er er einig i at tvangsekteskap ikkje er ei god løysing.

Einige om ikkje å gå vidare

Diskusjonen enda med at SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr raskt kom fram til at fakultetsstyret var einige om ikkje å gå vidare med planane om ei ny organisering av sentra ARENA og TIK:

– Me har ei brei semje her. Styret vil ikkje gå vidare med det dokumentet som er lagt fram. Det vil heller ha ein prinsipiell diskusjon om det på eit seminar til hausten. Då kan me ha ei meir prinsipiell sak med utgangspunkt i det tverrfaglege, konkluderte han.

PUBLIKUMSINTERESSE: Sjølv om møtet i fakultetsstyret på SV var på Lysebu, hadde fleire tilsette frå ARENA og TIK funne vegen dit for å kunna fylgja diskusjonen om sentra si framtid. Dekan Nils-Henrik von der Fehr spaserer forbi  i ein pause. (Foto: Ola Sæther)

Alt som før

Von der Fehr peika likevel på ein del praktiske ting som det var viktig å gå vidare med i junimøtet.

– Eg ber om å få lov til å koma med sak til junimøtet. Me har utsett oppnemninga av nytt styre for TIK. TIK har dessutan kome med forslag som gjeld tilsetjing og slikt. Det har ARENA også.  Me kan koma tilbake til det i junimøtet, sa Nils-Henrik von der Fehr.

Dermed blei diskusjonen avslutta og medlemane av fakultetsstyret kunne gå til lunsj ein time tidlegare enn det som var planen. Mellom tilhøyrarane sat også fleire av dei tilsette ved ARENA og TIK. Nokre av dei gav tydeleg uttrykk for at dei pusta letta ut etter at fakultetstyret hadde konkludert med at det var ingen grunn til å gå vidare med planane om å leggja ARENA og TIK under høvesvis Institutt for statsvitskap og Sosialantropologisk institutt. Dermed vert alt som før ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

 

Emneord: SV-fakultetet, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2019 15:08 - Sist endra 22. mars 2019 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere