Svein Stølen: – Soleklart at Veksthuset står på lista vår over prioriterte bygg

– Det er jo klart at det me har størst ynske om og som står som prioritet ein, er nytt odontologibygg. Så er me glade for at SV kjempar for Veksthuset, seier UiO-rektor Svein Stølen. 

Portrett av ein mann med briller ute.

HAR BRUKT 1 MILLARD PÅ MUSEA: – Ingen skal tvila på at me prioriterer musea våre. Det er det ingen grunn til, understrekar rektor Svein Stølen og viser til at UiO har brukt 1 milliard frå eige budsjett til musea både under førre og dagens rektorat.

Foto: Ola Gamst Sæther

Då regjeringa til Erna Solberg la fram forslaget til statsbudsjett for 2022 den 12. oktober, var ikkje nytt veksthus på Tøyen med på lista over bygningsprosjekt med prosjekteringsløyving. Det fekk museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle til å rasla med sablane og be UiO-leiinga om å koma på bana.

• Les ogsåMuseumsdirektør: – Det blir ikke veksthus hvis ikke UiO stiller seg tungt bak det

Heller ikkje då Jonas Gahr Støres raudgrøne regjering la fram sin tilleggsproposisjon måndag 8. november, var det funne plass til nytt veksthus. Denne veka la Støre-regjeringas viktigaste støttespelar i Stortinget, SV fram sitt alternative statsbudsjett. Der var det funne plass til ei startløyving på fem millionar kroner i kapitlet om prioriterte prosjekt, kunne Uniforum melda på måndag.

 • Les også: SV tar tilbake Veksthuset i sitt alternative budsjett

Avisa har på leiarplass også bede UiO-leiinga om å vera ærleg og seia klart ifrå om dei verkeleg ynskjer ei realisering av nytt veksthus på Tøyen. «Det bør dei gjera av respekt for dei som jobbar for at det skal bli realisert», står det i leiarkommentaren.

– Glade for at SV kjempar for Veksthuset

I eit intervju med Uniforum garanterer rektor Svein Stølen at UiO-leiinga vil prioritera Veksthuset i sine planar framover.

– Ja, det har me prioritert heile tida. Det står på andreplass på Universitetsstyrets liste. Og det er ei prioritering universitetet har hatt i mange år, og som me har overtatt frå det tidlegare styret og det tidlegare rektoratet. Og det held me oss til, forsikrar Svein Stølen overfor Uniforum.

– Så du synest det er flott at SV no har fått inn ei startløyving på fem millionar kroner til Veksthuset i sitt alternative statsbudsjett for 2022?

– Det er jo klart at det me har størst ynske om og som står som prioritet ein, er odontologinybygget. Så er me glade for at SV kjempar for Veksthuset. Det er falle ut av lista over bygningsprosjekt med prosjekteringsløyving, og det er me leie oss for. Å få det inn der er viktig, understrekar han.

Svein Stølen peikar på at det er odontologibygget som er førsteprioritet også der.

– Der gjorde jo det førre rektoratet ei stor investering i Nemkobygget, som dei kjøpte for 305 millionar kroner. Det handlar om å leggja til rette for at me skal få eit nytt odontologibygg, som er ei kjempeutfordring for oss. I dag sit store delar av Det odontologiske fakultetet i ein bygning som er i svært dårleg forfatning, og som me må oppgradera, slår han fast.

– Ingen skal tvila på at me prioriterer musea våre

UiO-rektoren legg ikkje skjul på at han støttar avgjera om å setja nytt odontologibygg på topp.

– Eg trur den prioriteringa er klok, den har me arva og den kjem me til å oppretthalda, garanterer Svein Stølen overfor Uniforum. Han synest ikkje musea har fått ei stemoderleg behandling frå UiO.

– Me har brukt nærmare ein milliard kroner frå eige budsjett på musea, både gjennom avgjerder tatt av det førre rektoratet og dette rektoratet. Då tenkjer eg på rehabiliteringa av Brøggers hus på Tøyen, av Historisk museum og ein stor lovnad i samband med Vikingtidsmuseet der me får ein periode med lågare aktivitet og ein del anna aktivitet rundt dette. Ingen skal tvila på at me prioriterer musea våre. Det er det ingen grunn til, konstaterer Stølen. – Men det er sjølvsagt ein balanse mellom musea og andre aktivitetar. Sidan me er eit breiddeuniversitet, må me ta vare på alt, legg han til.

– Så du kan garantera at dei som arbeider for å få realisert Veksthuset, dei har full støtte frå universitetsleiinga?

– Eg skjønar eigentleg ikkje kva du spør om. For det som er soleklart er at Veksthuset står på lista vår over prioriterte bygg. Der står det støtt inntil styret bestemmer noko anna. Det er ein demokratisk prosess som heile universitetet har vore med på og som er bunden av, og som eg meiner er rett. Og så er det samtidig viktig med aktivitetane inne i desse bygningane. Me må jobba med aktivitetar for å drifta desse flotte museumsbygningane, og det tilsvarande gjeld for Livsvitskapsbygget, seier Svein Stølen.

Har klart å argumentera fram livsvitskapsbygg og nytt vikingtidsmuseum

Og det sistnemnde bygget er han glad for at dei har klart å hala i land finansieringa av.

– Me som universitet skal vera nøgde med at me har klart å argumentera fram eit nytt livsvitskapsbygg, rett nok med to tredelar av eigarskapen til UiO og resten til OUS, og at me også har klart å argumentera fram Vikingtidsmuseet. Derfor jobbar me ufortrødent vidare, lovar Svein Stølen. Samtidig vedgår han at dei blei tatt litt på senga. – Me blei overraska over at regjeringa hadde fjerna Veksthuset frå lista over bygningsprosjekt med prosjekteringsløvying.

Sirkustomta utanfor portane til Botanisk hage blei peika ut som tomt for Veksthuset i 1998, og då var også dei første teikningane frå Stein Halvorsens arkitektkontor AS klare. Stølen har forståing for at dei som jobbar for å få verkeleggjort Veksthuset er litt utolmodige.

–Det er klart eg skjønar det. Eg har sjølv jobba for renovering av Kjemisk institutt sidan eg blei førsteamanuensis i 1991. Og det vil vera klart kanskje i 2026, altså 35 år etterpå. Det tar tid.

– Eg skjønar at mange er frustrerte

Og så viser han til forholdet mellom UiO og staten.

– Me er opptatt av den tilknytinga me har til staten. Det vil seia at me har ikkje lov til å setja i gang ting på eiga hand og ta opp lån. Derfor må me fylgja dei prosessane som gjeld for prosjekt i staten. Men eg skjønar at mange er frustrerte, seier Stølen.

UiO-rektoren ser ikkje bort frå at det kan vera mogleg å få det til i ein partnarskap mellom det offentlege og private.

–Det er ein opsjon me må tenkja på, eg trur det er potensial i eit offentleg og privat eigarskap. Og Klimahuset er blitt heilt fantastisk, takka vera pengegåva Jens Ulltveit-Moe gav oss. Det er me takksame for. På mange område er det interessant å sjå mot folk som er villige til å bidra til å byggja einingar, hus med innhald som tener samfunnet og som tener oss. Skjer det, må me vera opptekne av driftsfasen som kjem etterpå. Me kan ikkje berre sjå på skallet til bygget, men også korleis me får til aktiviteten. Og me ser at budsjetta er tronge. Så det er store krav på musea, veit han.

Om Veksthuset skulle stå klart i framtida, så meiner han at då begynner ein ny fase.

– Og parallelt med arbeidet med finansieringa av Veksthuset, må me jobba for ei økonomisk berekraftig drift, på same måte som det har vore jobba svært godt for å drifta Klimahuset, seier Svein Stølen.

• Les meir om Veksthuset i Uniforum: 

LEIAR: UiO-leiinga må vera ærleg om Veksthuset

SV tar tilbake Veksthuset i sitt alternative budsjett: – Lar ikke saken bli glemt

Regjeringen droppet Veksthuset: – Nå må vi tenke oss om

Marianne Borgen håper de rødgrønne berger Veksthuset

Museumsdirektør: – Det blir ikke veksthus hvis ikke UiO stiller seg tungt bak det

13,8 millioner til Veksthuset

Gir klarsignal for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Oslo kommune krev at UiO og Statsbygg betaler for miljøgate på Tøyen

Gler seg over grønt lys for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Vil skape en følelse av ekte regnskog i nytt veksthus på Tøyen

 

 

Emneord: Veksthus på Tøyen, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2021 12:02 - Sist endra 22. nov. 2021 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere