Oslo kommune krev at UiO og Statsbygg betaler for miljøgate på Tøyen

Universitetet i Oslo og Statsbygg meiner Oslo kommune stiller for strenge vilkår før det er mogleg å byggja Klimahuset og Veksthuset på Tøyen. Kommunen står likevel fast på kravet om at UiO og Statsbygg må betala for oppgraderinga av Monrads gate på Tøyen.

MILJØGATE: Oslo kommune vil at Monrads gate til venstre, skal bli miljøgate og at UiO og Statsbygg betaler for oppgraderinga. På biletet står tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen og dagens Oslo-ordførar Marianne Borgen (SV), og peikar på kor viktig det er at også Veksthuset kjem på plass i samband med Tøyenløftet.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var i går det blei kjent gjennom Uniforum at Oslo kommune har sett strenge vilkår både for å gi løyve til å setja i gang bygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy og Klimahuset og Veksthuset på Tøyen. Når det gjeld den planlagde utbygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy, krev Plan- og bygningsetaten at UiO og Statsbygg betalar for ein sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum. Før det er sikra, vil ikkje kommunen gi løyve til å setja i gang bygging.

   • Les også i Uniforum:  Krav om sykkelveg kan utsetja bygginga av Vikingtidsmuseum

   • Les også i Uniforum:  Ber UiO skynde seg i veksthussaken

Skal bli miljøgate

Eit anna stort prosjekt i regi av Universitetet i Oslo og Statsbygg er den planlagde bygginga av både Klimahuset og Veksthuset på Tøyen. Der krev Plan- og bygningsetaten og Bymiljøetaten at Statsbygg må prosjektera og opparbeida Monrads gate frå Sofienberggata og heilt ned til sør for Munchmuseet, til miljøgate. Det blir sett som «en forutsetning for å etablere det nye Veksthuset», står det i eit notat ført i pennen av eigedomsdirektør John Skogen etter eit møte med byrådsleiar Raymond Johansen den 3. november. Etter UiOs oppfatning fungerer gata heilt fint slik som den er i dag. Det einaste som trengst, er eit par skilt som hindrar bilar i å kjøra inn, vert det understreka.

– Får stor glede av oppgraderinga

Kommunikasjonsrådgjevar Kathrine Blindheim i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune strekar under at kravet også vil gi fordelar til dei to nye attraksjonane.

– Me meiner at både Veksthuset og Klimahuset også får stor glede av denne oppgraderinga, som vil liggja heilt i nærleiken av dei nye bygga, seier ho til Uniforum. Førebels er ikkje denne byggjesaka komen på bordet til Plan- og bygningsetaten. – Me har ikkje mottatt byggjesaka enno. Førehandskonferansen blei halden onsdag 13. desember. Me har heller ingen konkret informasjon om når UiO har tenkt å senda inn søknaden, opplyser Kathrine Blindheim til Uniforum. Saka er ei byggjesak, og derfor skal ho heller ikkje opp til politisk behandling. – Fordi det er ei byggjesak med dispensasjonar, stiller me vilkår til søknaden. Eitt av vilkåra er oppgraderinga av Monrads gate, slår ho fast.

Aukar prislappen

UiO og Statsbygg meiner derimot at dette kravet vil føra til auka kostnader for prosjektet, som også utan desse krava vil mangla pengar for å få gjennomført utbygginga av nytt utstillingsveksthus, går det fram av skrivet frå eigedomsdirektør John Skogen. UiO har forståing for at slike rekkjefylgjekrav, kan vera naudsynte når det gjeld store bustadutbyggingsprosjekt, der utbyggarane får solide fortenestemarginar. Men UiO meiner at formålet ikkje er dekkjande for utbygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy eller, som i dette tilfellet, for Klimahuset og Veksthuset på Tøyen.

   • Les også i Uniforum: Gir klarsignal for veksthus på Tøyen

– Nødvendig med oppgradering

– Vil kritikken frå UiO og Statsbygg føra til at Oslo kommune vil gå dei i møte på nokon som helst måte?

– Me har hatt fleire møte med Statsbygg og UiO om vilkåret og den konkrete utforminga av Monrads gate. Bymiljøetaten har også deltatt i desse møta. Bakgrunnen for vilkåret er at gata fungerer dårleg som gang- og sykkelsamband i dag. No som det vert planlagt to nye, store publikumsattraksjonar tett på dei allereie store, eksisterande attraksjonane i dette området på Tøyen, ser me det som høgst nødvendig å få oppgradert gang- og sykkelnettet til området, konstaterer Kathrine Blindheim.

Ho peikar på at dette området i dag ikkje fungerer som det friområdet det er tenkt å vera.

– I dag fungerer plassen framfor det planlagde Veksthuset, som er regulert til friområde, som ein stor parkeringsplass, med det dét fører til av kjøring og manglande kvalitetar for å opphalda seg der. Me er klare over at kravet medfører auka kostnader for prosjektet. Derfor har me forsøkt å gjera kravet så fordelaktig som mogleg for utbyggjaren. Plan- og bygningsetaten har eit ansvar for å tenkja heilskapleg i utviklinga av byen, det er det viktig å minna om, seier Kathrine Blindheim.

Kommunikasjonsrådgjevaren trekkjer også fram at det har gjort det enklare for både UiO og Statsbygg at dette blei ei byggjesak.

– Me vil også nemna at me gav høve til å gå direkte på ei byggjesak, og slik unngå ein lang planprosess med større og tyngre rekkjefylgjekrav, slår ho fast.

Emneord: Naturhistorisk museum, Tøyen, Veksthus på Tøyen Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2017 15:00 - Sist endra 19. des. 2017 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere