UiO-rektor Svein Stølen og kommunikasjondirektør Berit Kolberg Rossiné slår ring om dei nye nettsidene

– Eg synest ein har vore til dels litt hard i argumentasjonen her, kanskje i overkant hard for dei som har lagt ned mykje arbeid i å bidra her. Det seier UiO-rektor Svein Stølen om kritikken av dei nydesigna nettsidene. Kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné lovar at det kjem endringar og at nettsida skal utviklast vidare.

Ein mann og ei kvinne står i ein samtale

KRITIKK AV NETTSIDER: – Me veit også at gjennom dette arbeidet at det er berre seks prosent av dei som går inn på våre sider for å sjå på forsking, konstaterer rektor Svein Stølen. Her i samtale med kommunikasjonsdirektør Berit Rossiné Kolberg som har leidd arbeidet med å få i hamn dei nydesigna nettsidene til UiO. (Arkivfoto) 

Foto: Anders Lien /UiO

Det var for ei veke sidan fleire forskarar stod fram i Uniforum  og kritiserte dei nydesigna nettsidene til UiO. Då vardet allereie gått over ei veke sidan dei blei lanserte den 9. mars. Dei krtiske røystene peika mellom anna på at det var for mykje luft og for store bokstavar på hovudsida til UiO.

“Amatørmessig og rotete”, meinte sakprosaprofessor Johan Tønnesson. “ Først trodde jeg at UiO-sidene var hacket” var reaksjonen frå professor Kathinka Frøystad ved IKOS, medan biovitskapsprofessor Marianne Fyhn kom med fylgjande kommentar: “Jeg likte utformingen med mer luft, men samtidig føler jeg nå at det meste flyter over i hverandre uten noen avgrensinger i form av skillelinjer og farger”.

Fredag kom postdoktor Kristian Bjørkdahl med sterk kritikk av dei nydesigna nettsidene til UiO i ein kronikk i Uniforum. Der prøver han å visa korleis kommunikatørar og forskarar har ulik målgruppe og derfor tenkjer ulikt når det gjeld korleis eit nettdesign bør sjå ut.

– Har også fått mykje ros

Både rektor Svein Stølen og kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné tykkjer det er bra at det kjem inn reaksjonar på dei nydesigna nettsidene

– Kritikk skal me alltid ta med oss for å gjera ting betre. Det har ikkje berre vore dårleg kritikk. Me har også fått mykje ros for dette. Så det er nok blanda tankar om korleis dette fungerer, konstaterer Svein Stølen.  

Han tykkjer at kritikken har vore ganske tøff, spesielt mot dei som har hatt ansvaret for å få landa dei nydesigna nettsidene.

– Eg synest ein har vore til dels litt hard i argumentasjonen her, kanskje i overkant hard for dei som har lagt ned mykje arbeid i å bidra her. Det er ikkje slik at dette er laga av kommunikasjonseininga og USIT åleine. Her har me involvert mange. Det har vore møte med institutt, leiargrupper og sentra. Det har vore brukargrupper og spørjeundersøkingar undervegs. Me har prøvd å involvera mange, og dei har også sett utkastet til nettsider like før dei skulle lanserast og har kome med nokre tilbakemeldingar, fortel han.

– Kritikken tar me med oss

Stølen viser til at det var nokre openberre feil akkurat då dei starta, og han trur at det gjer litt med korleis folk responderer på det.

– Kritikken tar me med oss, det er alltid rom for å utvikla det vidare her og no. Og så er det noko som kan justerast på litt lengre sikt, konstaterer han.

Berit Kolberg Rossiné har fått med seg den sterke kritikken og tar vare på alle reaksjonane

– Etter at me har sett på epostar, masse meldingar og så vidare, skil me ut det som skal løysast redaksjonelt og det me skal utvikla teknisk. Me har ein stor logg, og så prioriterer me. Det som skjedde, då me konverterte, var at det blei ein del openberre feil som det ikkje var meininga skulle vera der, knytte til fontstorleikar og luft, fortel ho.  Rossiné peikar på at det  ikkje er uvanleg at slikt skjer. 

– Når me går over til ein så pass responsibel design som skal fungera både på desktop, Ipad og mobil, kan slikt skje. Dei er i ferd med å bli retta no. Kort tid over påske, så vil det bli betringar i det. Og når fleire får lagt inn bilete og jobba med innhaldet i sidene vil mange sjå skilnaden, trur ho.

NYDESIGNA NETTSIDER:  Dette er førstesida til UiOs nydesigna nettside. (Skjermdump frå UiO.no)

Nettbesøkjarane er dei som vil ta utdanning

Rektor Svein Stølen trekkjer fram at sjølv om både forsking og utdanning høyrer til kjerneveksemda til UiO, så blir ikkje det nødvendigvis spegla i kva informasjon folk er ute etter når dei går inn på nettsidene til UiO.

– Eg vil understreka at forsking er heile essensen av det som me driv med på Universitetet i Oslo. Me veit også at gjennom dette arbeidet at det er berre seks prosent av dei som går inn på våre sider for å sjå på forsking. Dei som går inn på våre sider er dei som vil ta utdanning. 24 prosent av dei ser etter emne og studium, og 40 prosent av dei som går inn på dei engelske sidene ser også etter emne. Sånn sett har me valt å ha studentane som hovudmålgruppe, fortel Sven Stølen.

Etter kvart skal også forskarane få sitt.

– Det har ikkje vore den store overgangen frå den gamle til den nye designen på innhaldssida. Det skal det jobbast vidare med. Her er endringar naudsynt. Me skal sjå framover og involvera folk vidare, og så skal dette etter kvart bli bra for heile aktiviteten på Universitetet i Oslo, lovar Svein Stølen.

Skal jobba med forskingsinnhaldet

Berit Kolberg Rossiné seier at dei har planar om å jobba med forskingsinnhaldet.

– Det gjeld spesielt forskingssidene og forskingsnyhenda både på norsk og på engelsk, men også med forskarane sine eigne sider. Det arbeidet startar me til hausten. Me er svært interesserte i at dei som engasjerer seg no, engasjerer seg vidare i desse nettsidene også, sånn at dei blir bra, er oppfordringa ho kjem med.

Berit Kolberg Rossiné tar også opp ein annan del av kritikken.

– Det var også ein del reaksjonar på semester- og emnetider, som er kjempeviktig for studentane våre. Me såg ganske fort at det ikkje fungerte. Der er det allereie gjort ting, og det er teikna nye skisser, og det skal reparerast ganske raskt for at det skal fungera. Dette er nettsider for 27 000 studentar, og ver sikker på at dei seier ifrå om ting ikkje fungerer, er erfaringa til Berit Kolberg Rossiné.

Universell utforming

Dei nye nettsidene er universelt utforma.

Svein Stølen viser til sitt eige dårlege syn.

– For meg er det viktig å sjå alt på nært hald, så eg brukar berre mobil og iPad. Så desse nettsidene er ikkje så dumme for ein svaksynt rektor, smiler han.

– Me håpar at dei skal bli betre også for dei som hovudsakleg brukar PC, legg han til.

– Kva trur de er grunnen til at UiOs nydesigna nettsider vekkjer så sterke kjensler blant tilsette og studentar?

– Dette er noko som treff oss heile tida i kvardagen, svarar Svein Stølen.

 Derfor synest han ikkje det er så rart.

– Det morosame ved UiO er at det er mykje som skapar engasjement, interesse og debatt. Eg tenkjer at me skal ta det positivt. Og eg vil støtta alle dei som har lagt ned masse arbeidstid i dette for å få dette til å gå til. I ein kvar prosess vil dette enda opp hos meg. På vegen vidare skal me få dette til å gå godt. Me har igjen ein jobb å gjera, og me tar kritikken seriøst, understrekar han.

– Me samarbeider jo heile tida

– Og kva synest de om kronikken til Kristian Bjørkdahl fredag der han set kommunikatørar og forskarar opp mot kvarandre?

– Kommunikasjon lever ikkje sitt eige liv. Den lever i ein heilskap med oss. Noko av det eg er stolt av ved Universitetet i Oslo, er at me jobbar godt saman på tvers av ulike stillingskategoriar. Det er heilt essensielt for at me skal lykkast som eit universitet. Eg ynskjer i liten grad å setja grupper av kollegaer opp mot kvarandre, seier Stølen.

Berit Kolberg Rossiné viser til at kommunikatørar og forskarar heile tida jobbar saman.

– Me samarbeider jo heile tida, anten det er å skriva forskingsnyhende, å driva pressearbeid eller å laga arrangement, så eg kjenner meg ikkje heilt igjen i det. Me jobbar alle saman for å utvikla dette flotte universitetet saman, seier Berit Kolberg Rossiné.

 Det gjeld også for nettsidene.

 – Me skal gjera ein del endringar, mellom anna i funksjonaliteten. Det vil gjera det mogleg å bruka fleire verktøy enn berre tekst og bilete, men også andre element som kan frista sjåarane, lyttarane og lesarane, seier ho.

 

 

Emneord: Web, Kommunikasjon, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2021 04:30 - Sist endra 27. mars 2021 15:16

Jeg mener at mye av kritikken var helt på sin plass, selv om man kan diskutere om den kunne formuleres på en penere måte i noen tilfeller. For eksempel: "Sidene har overdrevet bruken av tomrom og hvitt." Hvem kan benekte dette ut ifra den aller første opplevelsen man får fra UiO sin hovedside? Kommunikasjonsdirektøren sa selv følgende: "Det er spesielt dei som stort sett brukar PC som reagerer. Dei ser stor tekst og mykje luft." Det ble allerede sagt at mobilbrukere prioriteres i dette arbeidet, men dette bekrefter mistankene om at brukeropplevelsen på større skjermer sitter betraktelig lavere i listen. For eksempel: "Størrelsen, luften og all scrollingen som må til for å kompensere, samt at mye er gjemt bort." Det vil blant annet si at noen tydelige valg i den forrige utgaven av nettstedet må nå graves frem fra "burgermenyen" - designbransjens nødutgang - som bruker hele vinduet (eller hele skjermen) til å vise sju valg. Man kan med god begrunnelse hevde at plassutnyttelsen er dårlig, og dette er et kjent fenomen fra andre områder der etablerte interaksjonsmekanismer endres til å være "mobilvennlig" med begrenset hensyn til eksisterende brukere. Det som ofte er glemt, særlig blant "designere", er at folk blir avhengig av verktøy og systemer for å kunne utføre sin jobb og sine gjøremål på en effektiv måte. Dermed har man et ansvar for å unngå unødvendige eller brysomme forandringer som tvinger andre til å omdirigere sin tid og sine krefter bort fra viktigere saker. Det er også ekstremt viktig å forankre endringer i hele brukergruppen og ikke bare søke meninger hos folk som allerede er involvert eller interessert i et slikt prosjekt. (Det er også et kjent fenomen at "brukergrupper" og "undersøkelser" brukes til å framstille kritikkere som en minoritet som ikke taler for "de aller fleste": en gruppe som naturligvis forblir stille men er likevel "godt fornøyd".) Men noe jeg virkelig lurer på her er hva slags arbeidsmengde dette prosjektet virkelig omfatter (spesielt når rektoren viser til "dei som har lagt ned mykje arbeid"). Det ble sagt at designbyrået Bleed fikk sin del av 1.6 millioner for "utviklingen av logo og digitale designelementer". (Hvor mye de egentlig fikk kommer vi aldri til å vite ettersom universitetet skjuler slike "sensitive" detaljer fra oss andre, etter tidligere erfaring.) Men dette er neppe brorparten av jobben: maler og andre materialer må endres i Vortex, feil må rettes, og så videre, og dette arbeidet settes nok på skuldrene til folk hos USIT og i andre deler av organisasjonen. Man kan også lure på om en fornyelse av universitetets "visuell profil" er nødvendig. Det blir da behov for å skifte ut materialer som ikke passer inn lenger, og vi får håpe at dette ikke også betyr at fysiske gjenstander må byttes ut, til tross for inntrykket man får fra informasjonen om dette prosjektet, som ville skape flere kostnader og belaste miljøet. Det er én sak å forbedre nettsidene for å fungere bedre på noen typer enheter, og som jeg vet godt kan det være krevende å tilfredsstille brukernes forventninger og behov. Men det er en annen å prioritere "profiloppbygging", engasjere designbyrå, og alt som kommer med det (heldigvis ikke dette) når folk opplever mangler og begrensninger i støtten de får og opplevelsene de har i sitt daglige arbeid.

paubod@uio.no - 29. mars 2021 19:13

Og man kan stole på Vortex og nettlesere for øvrig at formatteringen forsvant fra teksten min uten muligheter for å rydde opp etter dem.

paubod@uio.no - 29. mars 2021 19:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere