UiOs nydesigna nettsider skaper sterke kjensler blant tilsette

– Designen skal visa fram UiOs profil som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet med ei over 200 år gammal historie, seier kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné. Dei nydesigna nettsidene vert omtalte som alt frå “forsøkssider” og “uferdig versjon” til “en stor forbedring.”

Skjermdump av UiOs nydesigna nettside

NYDESIGNA: Dette er hovudsida til UiOs nydesigna nettsider. Den skal visa fram UiOs profil som eit forskingsintensivt universitet med ei 200 år gammal historie, seier kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné.

Foto: Skjermdump

I førre veke kom Universitetet i Oslos nettsider med ny nettbunad. Designen er blitt utforma av det grafiske byrået Bleed i samarbeid med Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Den samla prislappen på den nye visuelle utsjånaden har kome på 1,6 millionar kroner, opplyser UiO på nettsidene sine.

Kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné har fått både positive og negative reaksjonar etter lanseringa av dei nydesigna nettsidene.

– Me var i beredskap heile den dagen dei blei publiserte og me klarte raskt å retta opp dei større og mindre feila det blei rapportert om. Og me unngjekk heilt dei store katastrofane, fortel ho godt nøgd.

Uforandra sidan 2009

Etter hennar meining var det heilt naudsynt å gjera noko med nettsidene til UiO etter at dei hadde vore uforandra sidan 2009.

– Det har skjedd ei stor utvikling i folk sin bruk av digitale produkt og designen må fungera på alle digitale flatar som mobil, ipad og pc. Det er viktig å hugsa på at over 70 prosent av brukarane våre nyttar mobil når dei er inne på nettsidene våre, seier Rossiné.

– Designen skal visa fram UiOs profil som eit forskingsintensivt breiddeuniversitet med ei over 200 år gammal historie. Samtidig skal dei nydesigna nettsidene også få fram universitetet si breidde i både forsking og i utdanning. Og det skal gi ei god studentoppleving, seier ho.

– Skal fremja navigasjonen

Berit Kolberg Rossiné understrekar også at store delar av nettsidene er slik som dei var før.

– Me har ikkje endra menyknappen mykje. Men me trur den nye nettbunaden skal fremja navigasjonen og gjera den lettare. Så langt har me ikkje fått mange meldingar om at folk ikkje har funne dei nettsidene eller dei opplysningane dei har vore på jakt etter. Dei aller fleste klarer å googla seg fram dit dei vil, konstaterer ho.

– Nokre kritiserer dykk for at de har hatt for lita brukarmedverknad under utforminga og planlegginga av dei nye nettsidene. Kva kommentar har du til det?

– Det har heile tida vore god brukarmedverknad frå dei tilsette og studentane på UiO. Me har hatt mange møte og workshops med ulike einingar og me har testa og endra design og navigasjon etter innspel.

– Eit felles ynske var at dei ville ha meir fleksibilitet til å verkeleggjera sine eigne særpreg og ha fleire fargar, og meir høve til å bruka meir video og andre grafiske verkemiddel. Ein kan kanskje seie at den  nye designen er ein gallerivegg som no kan fyllast med alt det bra innhaldet dei ulike einingane har, seier ho.

– Har sikra ei universell utforming

Under arbeidet med hamskiftet til UiOs nettsider var dei også opptekne av dei skal vera lette å navigera i for alle.

– UiO har mange digitale tenester knytte til nettsidene sine. No har me sikra at dei har ei universell utforming. for det er viktig at alle brukarane har tilgang til alle desse digitale tenestene.

– Korleis har de gjennomført arbeidet med den nye visuelle utforminga?

– Det grafiske byrået Bleed har jobba tett saman med USIT og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Me har også hatt tett kontakt med nettredaktørane på dei ulike einingane på UiO.

– Ei kontinuerleg oppdatering

Og arbeidet med dei nye nettsidene er enno ikkje i mål. Ifylgje kommunikasjonsdirektøren er det framleis mykje å gjera med UiOs nettsider.

ALLE FLATAR: – Det har skjedd ei stor utvikling i folk sin bruk av digitale produkt og designen må fungera på alle digitale flatar som mobil, ipad og pc, seier kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné på Universitetet i Oslo. Her viser ho fram korleis den gamle designen såg ut på mobil. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 – Me er ikkje ferdige og held på med ei kontinuerleg oppdatering. Det er akkurat som eit japansk bonzai-tre som må stellast og vatnast heile tida for at det skal kunne halda seg friskt og levande. Derfor utvidar med den nye utsjånaden gradvis, forklarar ho.

– Det er byrået Bleed som står bak det nye designen. Korleis fekk selskapet jobben?

– Den fekk dei gjennom ei vanleg offentleg utlysing, opplyser ho.

Så langt har ho og medarbeidarane hennar fått inn mange reaksjonar, både positive og negative.

– Det er spesielt dei som stort sett brukar PC som reagerer. Dei ser stor tekst og mykje luft. No har me også sett opp ei liste over ting som må rettast opp. Uansett er det aller viktigaste innhaldet på nettsidene, og alle gjer ein kjempejobb for å utvikla det vidare.

– Forskingssidene ser ikkje ut som om dei har kome særleg godt frå den nye versjonen av nettsidene. Kva har skjedd?

 – Meininga er at me skal utvikla dei vidare i neste fase av prosjektet.

– Brukte seks modellar som gjengangarar

– På studentsidene er det dei same personane som går igjen, anten det er snakk om Det teologiske fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet eller Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Kva er grunnen til det?

– Der må me skulda på koronapandemien. For at alt skulle skje på ein så sikker måte som mogleg og vera innanfor smittevernreglane brukte med seks modellar som gjengangarar. Men det er fullt mogleg for alle einingane på UiO å skifta ut desse bileta med eigne bilete, understrekar ho.

Jobben med å rydda opp i UiOs nettsider er enno ikkje over.

– Me har 1 million sider, og det tar tid å gå gjennom alle. Målet vårt er at me skal få ned talet på nettsider utan å fjerna innhaldet. Det som er viktig er at dei ulike brukarane av nettstaden skal finna det dei treng, lovar Berit Kolberg Rossiné.

" Blei forskrekka"

Uniforum har gjort ei lita rundspørjing om synet på dei nydesigna nettsidene hos seks av dei vitskaplege tilsette på UiO. Dei fleste er negative, men nokre tykkjer også noko er blitt betre enn før.

Johan Tønnesson, professor i sakprosa ved Det humanistiske fakultetet blei svært overraska då han såg dei nydesigna nettsidene for første gong.

“Eg blei forskrekka. Eg tenkte at dette var forsøkssider av eitt eller anna slag og tenkte at det er dumt at landets største universitet publiserer slike elendige prøvesider før dei er ferdige. Eg har no snappa opp at ein student på Instagram-kontoen Blindern memes vittig har uttalt at sidene ser ut som dei er produserte i ei tidleg utgåve av Word, gir han uttrykk for i ein epost til Uniforum. 

“Det var tilfeldigvis på mi eiga heimeside eg oppdaga denne forandringa. Der vil eg beint fram seie at etosen min som seriøs forskar, formidlar og lærar har sunke som ein stein etter denne omlegginga. Til dømes har ei tidlegare diskret plassert liste over nye blogginnlegg på Sakprosasida, som eg er redaktør for, fått ei kjempeoverskrift”, har han notert seg.

Johan Tønnesson tykkjer dei nye nettsidene strir mot andre satsingar på universitetet.

“UiO har jo vore litt stolt av å ha starta eit pionerstudium i klårt språk, og der står styresmaktene sine nettsider i søkeljoset - klår eller uklår kommunikasjon i 2021 foregår jo stort sett på nettet. Og så har UiO lagt om til nokre riktig stygge og ufunksjonelle nettsider”

“Amatørmessig og rotete”

Johan Tønnesson er ikkje i tvil om kva som er mest problematisk.

DUMT: "Eg tenkte at dette var forsøkssider av eitt eller anna slag og tenkte at det er dumt at landets største universitet publiserer slike elendige prøvesider før dei er ferdige",. Slik reagerte sakprosaprofessor Johan Tønnesson då han tok dei nydesigna nettsidene i augesyn for første gong. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

“Eg trur nettsidene er tilpassa lesing på mobil. For på mobilen ser dei riktig fine ut, mens inntrykket på ein pc eller mac er amatørmessig og rotete. Dessutan ser det ut til at sidene berre er mynta på studentar. For meg personleg har tilsette-sida vore den viktigaste. Er valet "For ansatte" borte? Kan hende har vi fått melding om at den nå finst ein annan stad, men eg kan ikkje hugse å ha lese noko slik melding. Kanskje er eg sløv, men neppe sløvare enn gjennomsnittet av dei tilsette, seier han.

Sakprosaprofessoren tykkjer heller ikkje dei gamle nettsidene var perfekte, men etter hans meining var dei oversiktelege.

“For meg var det lett å forstå strukturen. Dessutan var den visuelle designen langt meir tiltalande. Eg har rettleidd eit knippe studentar dei siste åra som har sett på korleis det er å navigere i dei gamle UiO-nettsidene, og då var resultatet slett ikkje verst", fortel han.

– Er det noko du synest er betre med dei nye nettsidene til UiO?

“Eg synest dei tar seg betre ut på mobil. Men på pc-en min har eg berre observert forverring”, seier Johan Tønnesson.

“Var overilet”

Filosofiprofessor Andreas Føllesdal, er leiar for Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet , og han har også tidlegare engasjert seg med bestemte meiningar om nettsidene til Universitetet i Oslo. Han har ikkje blitt  mindre uroleg av det nye designen til UiOs nettsider.

“Det lille jeg hadde av optimisme jeg ga uttrykk for 20. januar var overilet. Det er gledelig at vi omsider slipper sort-hvitt-preget, og får bruke en hamburgermeny: det tok mer enn fire år. Men viktige behov for våre målgrupper forblir udekket. Og det nye regimet har nye problemer. Den store skriftstørrelsen gir websidene på store skjermer et barnebokpreg, krever mer scrolling, og hemmer informasjonsflyten. Dessverre sitter vi brukere uten voice og uten exitmuligheter”, skriv han i ein epost til Uniforum.

Øyvind Ihlen er professor ved Institutt for media og kommunikasjon trekkjer fram positive ting ved nettsidene.

“Har ikke rukket å bruke den så mye, men førsteinntrykket er at sidene virker reinere enn de gamle”, skriver han i en epost til Uniforum.  

“Først trodde jeg at UiO-sidene var hacket”

Professor Kathinka Frøystad ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) er langt meir kritisk.
“Først trodde jeg at UiO-sidene var hacket eller at det hadde oppstått en svikt som blåste tekst og bilder opp helt vilkårlig. UiOs forsidebilde kommer for eksempel så langt ut til høyre at det ser ut som om det er kuttet på siden, mens all teksten i venstre spalte har så store fonter at de er vanskelig å lese, i alle fall på PC- eller laptop-skjerm. Her er også altfor mye luft mellom hver sak, slik at man må scrolle og scrolle for å orientere seg. Skjønt jeg visste at UiOs nettsider skulle få ny design, var jeg uforberedt på at den valgte løsningen ville fungere så dårlig på store skjermer”, gir ho uttrykk for i ein epost til Uniforum.

Kathinka Frøystad har også opplevd store problem med nokre av nettsidene prosjektet hennar brukar.

“Noen av prosjektnettsidene har også fått såpass endret layout at mange av dem må justeres på nytt i Vortex for at ikke bilder skal overlappe tekstbokser. Sjekk for eksempel nettsiden til den etnografiske filmen jeg laget med noen kolleger for et par år siden: Denne filmen skal delta som eneste norske bidrag på the Royal Anthropological Film Insititutes etnografiske filmfestival 19-28 mars, og jeg blir flau ved tanken hvordan internasjonale kolleger vil reagere når de søker oss opp på nettet. Det ville vært fint om UiOs nettdesignere kunne gi oss ansatte beskjed om hvorvidt de skal justere prosjektnettsidene også, eller om vi alle må gjøre det selv”, er oppfordringa ho kjem med.

Sjølv om målet med endringa i designen var å gjera den meir mobilvennleg, er ikkje Kathinka Frøystad imponert. Og ho finn også fleire andre problematiske sider.

“Størrelsen, luften og all scrollingen som må til for å kompensere, samt at mye er gjemt bort.
Mobil-looken virker nokså fordummende for et universitet som holder lesning av lengre tekster i høysetet. Det sender feil signal”, er vurderinga hennar. No lengtar ho tilbake til dei gamle nettsidene.

“For meg virket de langt renere og ryddigere, og man fikk mer informasjon på ett skjermbilde enn nå.Men jeg innser jo at min preferanse bunner i en kombinasjon av vane og plattform-valg (dvs store skjermer, aldri mobil)”, vedgår ho.
 

– Er det noko du synest er betre med dei nye nettsidene til UiO?

“Ikke foreløpig, dessverre. Men jeg venner meg sikkert til det”, trur ho.

“Jeg likte utformingen med mer luft”

Uniforum har også vore i kontakt med Marianne Fyhn som er professor ved Institutt for biovitskap. Heller ikkje ho hoppar i glede over dei nye nettsidene.

“Jeg likte utformingen med mer luft, men samtidig føler jeg nå at det meste flyter over i hverandre uten noen avgrensinger i form av skillelinjer og farger. Jeg opplever det like lite intuitivt å finne frem. Jeg tenker at når jeg titter innom en instituttside så burde det lyse mot meg hvilke hovedområder man forsker på og linker tid dette og hva jeg kan studere her. Når jeg tar for meg mitt eget institutt, Institutt for biovitenskap, er det fortsatt akkurat som før. Det er vanskelig å få et inntrykk av hva det forskes på uten å måtte søke opp bestemte forskergrupper eller personer”, skriv ho i ei melding til Uniforum.

Marianne Fyhn tykkjer eit konkurrerande universitet i Bergen, har betre nettsider.

“Jeg har alltid likt sidene til UiB. Der har man en tydelig menylinje med informative faner. Sidene er luftige, men med tydelige skillelinjer som avgrenser tema”, synest ho. Likevel ser ho at mykje er bra også med dei nye nettsidene til UiO.

“Jeg synes forandringene er en stor forbedring, men at man har et stykke vei å gå før de blir så funksjonelle som de kan bli både for de interne og eksternt besøkende”, konkluderer ho med.

“Har overdrevet bruken av tomrom og hvitt”

Den siste Uniforum har vore i kontakt med er fysikkprofessor og senterleiar Anders Malthe-Sørensen ved Center for Computing in Science Education på MN-fakultetet. Han let seg heller ikkje imponera første gongen han såg dei nye nettsidene.

“Jeg trodde de hadde sluppet en uferdig versjon på luften ved en feil. Det ser fremdeles ut som om nettsidene er under utvikling - og det håper jeg de er”, er det førsteinntrykket han kjem med overfor Uniforum. Det mest problematiske, ifylgje han, er det blir for store rom på nettsidene.

“Sidene har overdrevet bruken av tomrom og hvitt. Det synes jeg gir et uheldig inntrykk av UiO - som et sted uten innhold. Det er for få elementer i farge eller struktur som skiller forskjellige deler av sidene fra hverandre. Spesielt emnesidene har fått en flat struktur med veldig små fonter. Dette er ikke så lurt rett før nye studenter skal velge studieprogrammer”, er han overtydd om.

Malthe-Sørensen tykkjer dei gamle nettsidene hadde fleire viktige kvalitetar.

“De gamle fane-menyene var lettere å navigere med. Bildene på emnesidene var fine - hvor er de?”, spør han.

– Er det noko du synest er betre med dei nye nettsidene til UiO?

“Man sparer toner hvis man vil skrive dem ut”, konstaterer Anders Malthe-Sørensen.

 

Emneord: Kommunikasjon, Web, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2021 17:07 - Sist endra 22. mars 2021 16:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere