SiO reduserte bruk av eingongsbeger med 20 prosent på under ein månad

Den 8. april sette SiO i gang eit pilotprosjekt med fleirgongsboksar for å få ned bruken av eingongsemballasje på campus på Blindern. 500 studentar, tilsette og andre har teikna abonnement via ein app.

500: – Boksane er laga  av matsikker og godkjent plast for bruk til matservering og dei kan brukast over 500 gonger, før dei må leverast til resirkulering, seier Lene Kvale salgs- og marknadsansvarleg i SiO Mat og Drikke.  No oppfordrar ho alle kundane til Frederikke Spiseri om å ta dei i bruk.

Foto: Ola Gamst Sæther

På Frederikke Spiseri på Blindern har bruken av eingongsbeger ikkje avtatt etter pandemien.  I fjor valde tre av fire gjestar eingongsbeger i buffeten når dei skulle ta med seg mat til lesesalen eller ein annan stad på universitetsområdet.  Men no tyder ting på at tala snur. Og det skuldast i stor grad eit pilotprosjekt Studentsamskipnaden i Oslo har fått 60 000  kroner i støtte til frå Oslo kommunes innovasjonsprosjekt Smart Oslo. Frederikke Spiseri er arenaen der pilotprosjektet no blir gjennomført. 

Tilbyr fleirgongsboks på heimlån

– No har eingongsbegera blitt erstatta med fleirgongsboksar, fortel sals- og marknadsansvarleg Lene Kvale i SiO Mat og Drikke. 

Ein slik fleirgongsboks kan kundane ha på heimlån i fjorten dagar, eller endå lenger om dei ynskjer det.

– Det dei må gjera er å melda seg inn på ein spesiell app når dei kjøper mat i fleirgongsboksen første gongen. Om dei ynskjer å forlengja avtalen, kan dei også gjera det via appen. Og dei som vil levera fleirgongsboksen tibake, kan gjera det i ein spesialautomat som er plassert både ved sida av Frederikke Spiseri og i 1. etasje i Frederikkbygningen, fortel Lene Kvale.

Dei som vel å behalda fleirgongsbegeret, blir trekte 90 kroner for det. 

– Dette er det same som biblioteksprinsippet, fortel Silje Langvik som både er kommunikasjonsrådgjevar i SiO og retorikkstudent på UiO.

– Boksar laga av resirkulert fiskesnøre

Og dei som trur at boksane er laga av heilt vanleg plast, tar feil. B

– Boksane er laga  av matsikker og godkjent plast for bruk til matservering. Dei kan brukast 500 gonger og er 100 prosent  resirkulerbare. Når dei til slutt skal resirkulerast, blir dei sende til Halden for å kunna brukast på nytt i andre produkt,  fortel Lene Kvale. 

Både ho og Silje Langvik kan stadfesta at pilotprosjektet har slått an hos kundane til Frederikke Spiseri. 

– Erfaringane har vore gode, og det er eit godt bidrag til å verna miljøet. Så langt viser tala at pilotprosjektet har sørga for å få redusert talet på eingongsemballasje i Frederikke Spiseri med 20 prosent på under ein månad, opplyser dei til Uniforum.

– Vårt bidrag til eit berekraftig samfunn

No kan dermed både dei som vel å eta i Frederikke Spiseri frå porselensfat og dei som tar maten med seg i fleirgongsboksar bidra til å redusera bruken av eingongsemballasje. 

500 ER MED: Kommunikasjonsrådgjevar Silje Langvik i SiO Mat og Drikke forsyner seg med mat i ein fleirgongsboks. Til no har 500 av kundane til Frederikke Spiseri teikna abonnement. – Me håpar endå fleire vil melda seg på, oppfordrar ho. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Det er viktig fordi eit EU-direktiv seier at frå 2030 skal det  bli slutt på all bruk av eingongsemballasje. Så dette er ein del vårt bidrag til eit berekraftig samfunn, seier Lene Kvale. 

Så langt har 500 studentar, tilsette og andre, meldt seg på ordninga.

– Me håpar endå fleire vil melda seg på, er oppfordringa frå Silje Langvik.

Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom SiO, Oslo kommune, og selskapa Grin, Vytal og Aion.  Det skal  halda på  fram til 30. juni 2024. Etter det skal dei ha ei evaluering.

– Då skal me sjå på boksane og på korleis systemet fungerer. Så skal me evaluera korleis det er med på å få ned bruken av eingongsemballasje hos SiO, opplyser Lene Kvale.

Både for henne og for Silja Langvik er det ein ting som er viktigare enn alt anna.

– Me vil vera berekraftige. Difor må me leggja til rette for at studentane kan ta med seg mat til lesesalane utan bruk av eingongsemballasje, understrekar dei. 

Håpar å utvida ordninga 

I dag går dette pilotprosjektet berre føre seg på Frederikke Spiseri.

– Me håpar å få det til på dei andre kantinene og kafeane våre også. SiO er først ute av alle samskipnadane til å setja i gang eit slik prosjekt, seier Lene Kvale stolt. 

Arbeidet deira går no ut på å informera folk som vel å bruka eingongsbeger i kantina, om høvet til å velja fleirgongsboks. 

– Det trur me studentane vil seia ja til for dei er alle opptekne av å ta best mogleg vare på miljøet, seier dei. 

Brukar QR-kode til innlevering av boksar

Så tar Lene Kvale og Silje Langvik Uniforum  bort til matdisken i Frederikke Spiseri og demonstrerer korleis du skal gå fram både gjennom kassen og korleis du seinare kan levera tilbake fleirgongsboksen i ein automat om du ikkje vil ha den lenger enn i to veker.  

TILBAKELEVERING: Lene Kvale i SiO Mat og Drikke viser korleis dei som ikkje vil behalda fleirgongsboksen etter to veker, kan levera den tilbake i ein slik panteautomat gjennom å bruka QR-koden på lokket.. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Alt skjer via ein QR-kode på lokket til fleirgongsboksen. Då opnar automaten seg, og du kan leggja boksen tilbake igjen, forklarar Lene Kvale. 

Det er selskapet Grin som har utvika panteautomatar for fleirgongsemballasje, går det fram av ei orientering frå SiO. Vytal står bak utviklinga av eit sirkulært tech- og returemballasjesystem. Det tredje selskapet SiO samarbeider med er Aion som utviklar plastprodukt som er gjenvunne og resirkulert. 

– Me oppfordrar alle som et på Frederikke til å testa det nye systemet, seier Lena Kvale og Silje Langvik i SiO.

(Korreksjon kl. 16:15: Boksane er laga av matsikker og godkjent plast for bruk til matservering, altså ikkje av fiskesnøre, slik Uniforum skreiv tidlegare.)

• Les også i Uniforum: 

UiOs nye cateringavtale får kritikk: – Bestillar veit ikkje kva han eller ho bestiller

UiO inngår berekraftig cateringavtale

UiO skal vektlegge bærekraft og ikke pris i møtemat-anbud

Emneord: SiO, Studentforhold, Studentsaker, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2024 11:17 - Sist endra 30. apr. 2024 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere