I juli blei det klart at UiO ville inngå ein ny berekraftig cateringavtale med dei fire leverandørane Kreativ Catering, LETT, Elvebredden Catering og Gastro Catering. Av dei fire er Kreativ Catering hovudleverandøren.
Etter at avtalen har begynt å fungera, har det også kome ein god del kritiske kommentarar både av maten og av måten leverandørane etterlever avtalen på. Det kom også klart fram på eit zoommøte tidlegare denne månaden.
Fleire tykte det var leit at det ikkje var mogleg å få servert påsmurte rundstykke eller anna mat som var lett å eta ståande. Andre syntest det var for strengt at det ikkje var mogleg å få servert kaker til møte som var kortare enn tre timar. Det kom også kritiske kommentarar til regelen om at det kunne serverast kaker i samband med fødselsdagar, men då måtte det berre vera interne tilsette til stades.
– Jubilerande tilsette har ofte kollegaer på andre einingar og avdelingar også, peika dei på. Andre etterlyste høvet til å tinga pizza til studentarrangement og til å ha eit betre tilbod til allergikarar.
– Det gjer alltid maten dyrare
Ei av dei som tok ordet på zoom-møtet var rådgjevar Irina Sigurdson på Institutt for offentleg rett. Då peika ho på at dei hadde dårlege erfaringar med dei nye leverandørane fordi dei kom anten altfor tidleg eller altfor seint med maten. Dagen før me møtte henne, hadde ho ei liknande erfaring.
– På Lucy Smith-seminaret om barnerett blei kaffien levert fem minutt før møtet for dei 200 deltakane skulle begynna. Til lunsjen fekk deltakarane i alle fall ei banan i staden for salat til wrapsen, fortel ho til Uniforum. Det synest ho var ein stor fordel.
– Ja, for vanlegvis leverer Kreativ Catering alltid grøn salat ved sida av den retten me tinga. Og det gjer alltid maten dyrare, konstaterer ho.
Maten kom etter at seminaret var slutt
Ho forstår heller ikkje kvifor drikkevatnet kjem i 1 liter store glasflasker sidan det er meir ressurskrevjande å laga enn anna materiale. Det verste ho har opplevd er likevel når leverandørane kjem for seint.
– Ein gong hadde me eit internasjonalt seminar som var slutt klokka 13.00. Då kom maten klokka 13.15 i staden for rett før klokka 11.00. Mange av deltakarane hadde dratt fordi dei skulle nå fly eller tog heim igjen. Resultatet blei at maten blei delt ut til andre tilsette i Domus Biblioteheca, medan me tok med oss nokre av dei utanlandske forskarane på Restaurant Eik, fortel ho.
Sidan dei får avslag i prisen for kvart kvarter dei er for seint ute, reknar ho me at det likevel vil svara seg økonomisk.
– Det er ikkje slik det skal vera. Og når gjestar frå Spania og andre land uttrykkjer misnøye med lunsjtilbodet, så er ikkje det god reklame for UiO, synest ho.
Og ho er heilt einig i at allergikarane ikkje blir tatt nok omsyn til.
– Dei bør få meir velsmakande mat, meiner ho.
Salat gir matsvinn
Irina Sigurdson kjem også med eit hjartesukk.
– Eg forstår ikkje at det skal vera salat med alle rettane me får. Mange et den ikkje opp, og då blir det mykje matsvinn. Og det kan ikkje vera berekraftig, seier ho.
Sjølv tykkjer ho at ein cateringavtale på fire år med fire firma er altfor lang tid.
Irina Sigurdson kjem også med eit god råd til UiO:
– Spør brukarane om dei har hatt matsvinn og kva som var grunnen til det.
– Resultat av ei forskingsbasert tilnærming til berekraft.
Seniorrådgjevar Asle André Orseth i Innkjøpsavdelinga til UiO var den som måtte ta imot kritikken på zoommøtet, men han stod stødig i stormen, og nokre dagar seinare er han like overtydd som tidlegare om at den nye berekraftige cateringavtalen er god.
– Det spennande er at krava i avtalen er eit resultat av ei forskingsbasert tilnærming til berekraft. I forskingsprosjektet som me har vore ein del av, har me definert kva berekrafig catering er for noko. Då handlar det om helsa for kvar enkelt, men også om klima og miljø. Og innanfor dei to siste kategoriane handlar det om sosiale perspektiv som til dømes på bønder og andre matprodusentar, understrekar han.
– Mange får smakt på avtalen
Orseth meiner UiO har vore så banebrytande på dette området, at han inviterer andre til å koma til UiO for å læra.
– Mange får smakt på avtalen. Alle skal sjå korleis eit reelt berekraftig måltid skal vera. Det er viktig på eit universitetet der forskinga skal stå i høgsetet, understrekar han.
Han vedgår at det kan vera problem med å få det til å fungera i praksis.
– Leverandørane må levera berekraftig mat som smakar godt. Samtidig må dei oppfylla krava våre når det gjeld at den skal vera god for helsa og ikkje vera ultraprosessert. Dei må nok prøva og feila litt først, trur han.
Kan bli mogleg med "Rawfood-kaker"
Han peikar på at brukarundersøkingane gir eit meir variert bilete enn det som kom fram på zoommøtet. Men han lovar å koma kritikarane i møte.
– Me manglar nokre rettar og vil derfor opna for å visa større breidde og ha fleire menyar, seier han..
Orseth garanterer dessutan at dei skal ta omsyn til allergikarane.
– Kravet er at maten skal vera allergimerka, og for dei som har cøliaki, skal det vera eit alternativ, peikar han på.
Orseth forstår kritikken mot at kaker ikkje er inkluderte i avtalen.
– Men i følgje Statens personalhandbok skal det berre serverast kaffi på interne møte under tre timar. Om det er eksterne til stades, skal det likevel vera mogleg.
– Me ynskjer å koma dei søthungrige litt i møte. Utfordringa er å servera noko som møter UiOs krav til berekraft. «Rawfood»-kaker er døme på noko som det kan bli mogleg å servera, men det står att å avklara detaljar med leverandørane, legg han til.
– Veit ikkje kva han eller ho bestiller
Heller ikkje rådgjevar Kristin Flood Strøm ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking er heilt nøgd med den nye avtalen.
– Hovudproblemet er at bestillar ikkje veit kva han eller ho bestiller. For det spelar inga rolle om det er salat eller påsmurte rundstykke om me er på eit møterom. Men om det er ein pause der folk går rundt i eit rom og et ståande, er det problematisk om me får mat som ikkje er lett å få i seg dersom du ikkje sit ved eit bord, fortel ho.
I teorien synest ho det er bra med ein berekraftig cateringavtale. Men sidan dei aldri veit kva mat leverandørane kjem med, blir det litt for spennande å opna matkassane når dei kjem.
– UiO har fire leverandørar, men me kan ikkje sjølv velja kva leverandør me vil ha. Av og til fell det heldig ut og andre gonger svært uheldig. Det har skapt litt frustrasjon. Og det kan gå utover omdømmet til UiO dei gongene maten ikkje er heilt etter behova til møtedeltakarane. Dei gongene me har vore heldige med matleveransen, har det sjølvsagt vore bra for omdømmet til UiO, konstaterer ho.
– Det står det respekt av
Kristin Flood Strøm synest likevel Innkjøpsseksjonen har vore flink til å ta imot kritikk.
– Derfor var det viktig at dei kalla inn alle bestillarar til eit felles zoommøte der me kunne fortelja kva som ikkje fungerte, og kva som var bra med avtalen. Då la dei seg heilt flate og lova å gjera avtalen endå betre for brukarane. Det står det respekt av, meiner ho.
Men etter hennar vurdering er det likevel ting som framleis kan bli betre med avtalen.
– I avtalen står det at i alle leveransane skal det vera 50 prosent grønt eller frukt. Resultatet er at når det kjem brødblingsar med pålegg, så fylgjer det med kjempestore skåler fullt opp med salat. Og korleis skal det vera mogleg å få det i seg, om det er ein ståande pause?. Resultatet er at det blir mykje matsvinn. Det er ikkje særleg berekraftig, slår Kristin Flood Strøm fast.
Ho er dessutan ikkje nøgd med korleis leverandørane handhevar ynsket om at det også skal vere eigne tilbod til matallergikarar.
Til slutt kjem ho med eit råd til Innkjøpsseksjonen ved UiO.
– Me som bestiller maten må få bruka lokalkunnskapen vår og få tinga den maten me vil ha.
– Ingen pizzaleverandørar kom med tilbod
På UiO er det fleire som heller ikkje er nøgde med at det ikkje lenger er mogleg å tinga pizza til studentarrangement eller til andre store møte. Det har Asle André Orseth eit enkelt svar på.
– Ingen pizzaleverandørar kom med tilbod til oss. Truleg hadde det noko med kravet til berekraft å gjera, tolkar Orseth det.
Han har også fått rapportar om leveringar som ikkje har dukka opp.
– Det tar tid å bli husvarm på UiO. Men dei som ikkje klarar å levera godt nok, vil bytast ut og få ein mindre del av omsetninga, varslar han.
– Det kan ta tid å endra vaner og åtferd
Når det gjeld kritikken mot at det ikkje blir servert påsmurte rundstykke lenger, så forstår han den.
– Me har framleis påsmurt som ein eigen kategori. Men krav om at det alltid skal vera 50 prosent med frukt eller grønt i kvar tinging gjer at maten blir litt annleis.. På UiO er folk veldig vande me å eta påsmurte rundstykke. Det kan ta tid å endra vaner og åtferd. Og det kan vera vanskeleg for nokre, vedgår han.
Innkjøpsseksjonen er interessert i tilbakemeldingar frå alle brukarane. Derfor vil dei setja i verk nye tiltak.
– Me skal leggja eit spørjeskjema ved kvar tinging, der folk kan fortelja kva dei synest om rettane, opplyser Orseth. Han ber dessutan folk om å ta direkte kontakt på innkjop@admin.uio.no.
– For oss er det veldig interessant å høyra om erfaringar og få innspel. Nettopp derfor har me ei eiga gruppe som tar seg av ulike innspel. Der sit det folk som både kjøper og et mat, opplyser han.
Lovar betring
– Er det mogleg å gjera noko for å hindra matsvinn gjennom at salatane kjem i store bollar utan moglegheit for kva enkelt å forsyna seg og å lata vera å senda mange altfor mange sukkerposar til kaffien og teen?
– Ja. Me utfordrar leverandørane på om dei klarer å løyse krava utan å ha med salat som siderett. Ein av leverandørane har fått dette på plass denne veka. Uansett skal dei ha med bestikk til dei som treng det. Etter tilbakemeldingar frå brukarane vil dei også senda færre sukkerposar.
– Vil de gjera det lettare for ansette å bestilla maten dei vil ha, i staden for at dei må venta i spenning til maten kjem fram?
– Ja, me vil opna for litt fleire aktive val. Særleg for større arrangement, seier Asle André Orseth til Uniforum.
• Les meir om den berekraftige cateringavtalen til UiO:
Logg inn for å kommentere