Fascinerande fantasidyr

Islandsk bankvesen og månekameleonen er mellom dei ukjende dyra som no trekkjer barn og vaksne i tusental til Naturhistorisk museum for å sjå utstillinga Dyr du skulle ønske ikke fantes, basert på Jo Nesbøs bøker om Doktor Proktor.

MONGOLSK VASSROTTE: Barna frå Tårnåsen skole er storleg imponerte over den mongolske vassrotta som har ei vanleg rotte i kjeften.

Foto: Ola Sæther

Uniforum blei med klasse 2 B frå Tårnåsen skole i Oppegård for å finna ut kvifor fantasidyra fascinerer.

Ti minuttar før Zoologisk museum på Tøyen opnar dørene, står klasse 2 B frå Tårnåsen skole utanfor og hutrar og frys saman med fleire vaksne turleiarar. Dei ventar spent på å koma inn for å sjå utstillinga ”Dyr du skulle ønske ikke fantes” D.D.S.Ø.I.F. Dei spring litt rundt her og der for å halda varmen. Det blir det raskt slutt på når zoolog Petter Bøckman kjem.

– Oppstilling! ropar han. Og dei stiller seg lydig opp, bortsett frå ein.

– Oppstilling tyder at du skal sjå inn i nakken til den som står framfor deg, seier han, og snur guten som ikkje hadde oppfatta det, rett veg.

– Marsj! brøler han, og dei 24 elevane marsjerer taktfast inn i foajeen til Zoologisk museum. Der må dei ta av seg ytterkleda og leggja ifrå seg sekkane før dei får ei kort innføring i dei tre dyregruppene.

– Knas, skvisj og knekk

– Knas, skvisj og knekk. Dyr som biller, krabbar og edderkoppar seier knas, viss du trakkar på dei. Grunnen er at dei har skjelettet utanpå kroppen. Trakkar du på sniglar, bendelorm og sjøpølse, seier det krisj. Men om du skulle vera så uheldig å trakka på ein frosk, ein fisk, ein fugl, ei ku eller ein dinosaur, seier det knekk. Det er ryggbeinet som knekk. Dei har nemleg skjelettet inne i kroppen og så musklar og skinn utanpå. Det gjer at musklane har meir plass å bevega seg på enn hos knas-dyra, så dei kan bli store. Og det er desse dyra me legg mest merke til, men det er knas-dyra og skvisj-dyra det er aller flest av i naturen, fortel Bøckman til barna. Så går han over til å snakka om utstillinga.

– Kjenner de dyra frå bøkene om Doktor Proktor?

– Ja, me las om Doktor Proktor og prompepulveret i første klasse, seier ei av jentene.

– Då går me sakte og roleg opp til utstillinga, kommanderer Petter Bøckman.

Ordren blir fylgd av alle barna.

I øvste etasjen passerer dei først dei verkelege, utstoppa dyra, før dei kjem inn i den mørkaste delen av museet. Der finn dei ei fin samling av ”dyr du skulle ønske ikke fantes”.

Flygefiskar

Dei stansar opp ved sashimi harakiri, ein aggressiv, japansk flygefisk som er i slekt med pirayaene. Ifylgje boka kan dei flyga opp til 63 meter i eitt vinddrag og så elskar den menneskekjøt.

– Finst det eigentleg flygefiskar med venger? spør Bøckman.

– Nei, svarer barna.

AGGRESSIV: Sashimi harakiri er ein aggressiv, japansk flygefisk som er i slekt med pirayaene. Den elskar menneskekjøt, ifylgje boka til Jo Nesbø. (Foto: Ola Sæther)

– Men flygefisk då?

– Ja, dei finst, er barna sikker på.

– Og så finst det faktisk fiskar med slike skarpe tenner. Det er for at dei skal få tak i og klara å halda fast andre sleipe fiskar, fortel zoologen.

Men han vil gjerne visa dei at det ikkje er langt mellom fantasidyr og verkelege dyr.

– Kom og bli med dit, seier han og tar barna med seg bort på den andre sida i lokalet.

– Her ser de ein breiflabb og ein månefisk. Breiflabben har eit utruleg stort hovud og når den gapar, fylgjer småfisken med inn i dragsuget, og dei har svært skarpe tenner.

– Dei er kule, seier elevane og er minst like imponert over dei verkelege fiskane som av fantasifisken.

Kermit rhinosaurus

Turen går vidare til elefantsniglen.

– Den ser ut som ein snigel, men den har støyttenner. Og det finst ingen annan snigel som ser sånn ut. Og kva med denne nashornfrosken, også kjent under det latinske namnet Kermit rhinosaurus. Finst det noko dyr som liknar på den?

– Nei, seier dei.

– Då dinosaurane levde, fanst det forløparar for froskar som var store og sterke og tok fisk og dyr som kom til vatnet for å drikka. Men då dinosaurtida begynte, kom det eit anna dyr som gjorde akkurat det same, nemleg krokodillen. Og den gjer det

same i dag, seier han og tar dei med ut i gangen for at dei skal få sjå ein japansk kjempesalamander.

– Den lever i Japan, for der finst det ikkje krokodillar, men det er ikkje så mange igjen av den, forklarar han.

Månekameleonen

Barna får også ei grundig innføring om det største dyret i samlinga, månekameleonen.

– Den budde altså tidlegare på månen, før den kom ned hit med den første måneferda. Derfor er den alltid kald på beina og går rundt og stel sokkane våre. Ser de kva dyr den liknar på?

– Sjimpanse?

– Nei, ikkje akkurat det!

– Bavian!

– Ja, det er heilt rett. Den har eit bavianansikt. Og ser de kor ekkel den ser ut i bakenden? Det er for at den har fått hemoroidar. Eg håpar de aldri opplever det. Men finst det nokre aper som ser sånn ut?

– Ja, gorillaen.

– Nei, det er ikkje rett!

– Sjimpansen! ropar barna.

NORSK LEMEN: Dette er ein norsk lemen type A. Det er ein fjern slektning av den mongolske vassrotta.(Foto: Ola Sæther)


 

– Ja, det stemmer. Når hosjimpansen har løpetid, blir ho heilt raud bak, og viftar med baken opp i ansiktet på hannane. Og då må dei berre ha seg med kvarandre. Veit de om andre dyr som har det slik?

– Hundar og kattar!

– Ja, det er rett. Mennesket kan gjera det heile året, smiler han lurt.

Mongolsk vassrotte

Det siste dyret dei stansar ved, er den mongolske vassrotta.

– Sjå på denne rotta! Den har hoggtenner. Det har ikkje verkelege rotter. Dei et vanlegvis heller ikkje kjøt, men frø. Difor er rottene så glad i brødet som me et, det er laga av korn, som eigentleg er frø frå grasfamilien. Og dei lange tennene de ser her, er for tynne til å vera hoggtenner, så dette kunne ikkje vera noko rovdyr, seier Bøckman.

Før omvisinga er over ber han elevane frå Tårnåsen skole om å hugsa dette:

– Det er tre ting dyra må: Dei må få i seg mat, dei må ikkje bli etne opp sjølve, og dei må få barn sjølve.

– Kule dyr

Og barna spring tilbake til utstillinga med dei rare fantasidyra for å få eit siste glimt av dei. Karsten likte godt å sjå desse dyra.

– Det var flygefiskane med venger som var kulast, synest han.

Tuva og Mia hadde ein annan favoritt.

– Månekameleonen var skikkeleg bra.

 – Kva lærte de då?

– Me lærte masse om både verkelege dyr og fantasidyr. Om mange skapningar som finst og ikkje finst, seier Mia.

– Har de lese bøkene om Doktor Proktor?

– Ja, eg har lese Doktor Proktors prompepulver,seier Tuva.

– Fint trekkplaster

 VEGVISAR: Zoolog Petter Bøckman er vegvisar og klarer å halda på interessa til både barna og dei vaksne under omvisinga. I bakgrunnen står det ein trøndersk springskalle.(Foto: Ola Sæther)

Ute i gangen står ein litt sliten, men nøgd Petter Bøckman. Og han synest ikkje det er rart å visa og fortelja barn om fantasidyr.

– Nei, eg brukar berre høvet til å fortelja masse om dei dyra som finst også. Difor tar eg barna med meg litt her og litt der, for å visa skilnadene mellom fantasidyra og dei verkelege dyra. Personleg synest eg jo dei verkelege dyra er vel så fantasifulle som fantasidyra.

– Men det er jo vitskap som skal visast fram her?

 – Det er nettopp det me gjer, ved å vitskapleggjera utstillinga av fantasidyra til forfattaren Jo Nesbø. Eg har ingenting imot ei slik utstilling. Det er ein vinn-vinnsituasjon for oss. For me kan bruka utstillinga som trekkplaster for at barn og vaksne også skal besøkja dei andre utstillingane våre.

– Nattsoppen er favoritten

– Likar du utstillinga?

– Ja, absolutt. Og så ser me klart at både dyra og utstillinga er laga med kjærleik.

– Og kva er favorittdyret ditt?

– Eg likar nattsoppen best, og så kjem månekameleonen som ein god nummer to, flirer han. 

Til no har nesten 30 000 personar sett utstillinga. Forstår du kvifor den har blitt ein suksess? 
– Ja det er ei fin kopling mellom Jo Nesbøs kjende barnebøker og dyra frå bøkene. Barna kjenner dei igjen.

 Det er forlaget til Jo Nesbø, Aschehoug, som organiserer og finansierer utstillinga. Etter planen skal den halda på til etter jul. Det er kunstnaren Pjotr Sapegin som har laga fantasidyra. Jakten på det islandske bankvesenet måtte me dessverre gi opp. Det har truleg vendt tilbake til Island.
 

Emneord: Utstillinger, Naturhistorisk museum, Museer Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2010 11:38 - Sist endra 23. nov. 2010 09:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere