Studentar får mentorar

Ferske realfagsstudentar ved UiO får no ein forskar som mentor. Alle faddergruppene skal halda fram med ein felles mentor. Fysikkprofessor Morten Hjort-Jensen og prosjektleiar Ilan Delhi Villanger trur dette kan vera med på å redusera det store fråfallet av førsteårsstudentar.  

FÅR MENTORGRUPPER: Bachelorprogrammet i fysikk, astronomi og meteorologi startar mentorgrupper for studentane.– Det viktigaste mentoren kan gi dei større sjølvtillit og ei betre sjølvkjensle ved å sjå dei, høyra på dei, respektera dei og lika dei, seier prosjektleiar Ilan Delhi Villanger og fysikkprofessor Morten Hjort-Jensen.  

Foto: Ola Sæther

Dei fleste bachelorprogramma ved Universitetet i Oslo mister mellom 30 og 50 prosent av alle studentane i løpet av dei tre åra studiet varer. Mange av desse studentane fell frå i løpet av det første studieåret.

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ynskjer dei no å hindra denne utviklinga ved å lata faddergruppene halda fram som mentorgrupper på bachelorprogrammet i fysikk, astronomi og meteorologi (FAM).

Dette er eit prøveprosjekt ved fakultetet og det første i sitt slag i Noreg. Dersom dette blir vellykka, er planen å vidareføra tiltaket til andre studieprogram.

– Mentor for ti

– Tanken er å lata ein vitskapleg tilsett få ansvaret for ei mentorgruppe med mellom åtte og ti studentar. Kvar av dei skal ha faste møte med mentoren som kan rettleia dei om faglege spørsmål, forklara dei om bruken av karakterskalaer og gi dei råd om kva fag dei bør satsa på. Meininga er at mentorgruppa også kan halda fram som eit sosialt knutepunkt, slik at ingen blir oversett, fortel fysikkprofessor Morten Hjort-Jensen.

Ti forskarar er handplukka for å få opplæring som mentorar. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har engasjert studierådgjevar Ilan Delhi Villanger i ei 20 prosent stilling for å gi dei gode råd om korleis dei skal møta studenten på ein best mogleg måte.

Delhi Villanger er til dagleg prosjektleiar for ”ForVei” ved NTNU i Trondheim, som med stor suksess har jobba aktivt for å auka sjølvtilliten, trivselen og motivasjonen til alle førsteårsstudentane. Prosjektet fekk tredjepremie i Kunnskapsdepartementets Utdanningskvalitetspris i 2009.

No ynskjer altså MN-fakultetet å trekkja lærdom av dette prosjektet.

– Må lika og respektera dei

– Dei som begynner på dei fleste studia ved UiO, er 18-19-åringar som ofte er usikre på fagval, vegen vidare, kva studiet krev av dei eller kva ein blir etter avslutta utdanning. Mange av dei er også vande til å få toppkarakterar i alle fag. Når dei får C i staden for A eller B, ramlar på mange måtar heile identiteten deira saman. Ikkje minst gjeld dette for jenter som lir av ”flink jente-syndromet,” som både skal vera fagleg flinke, driva idrett, vera pene og delta aktivt i sosiale arrangement.

– Det viktigaste mentoren kan gi dei er større sjølvtillit og ei betre sjølvkjensle ved å sjå dei, høyra på dei, respektera dei og lika dei. Dei må våga å seia at dei er ålreite, seier Ilan Villanger.

Viktig for studiekvaliteten

Og Morten Hjort-Jensen hugsar godt korleis han sjølv hadde det som fersk sivilingeniørstudent i Trondheim.

– Eg var mest opptatt av fotball og øl. Viss eg ikkje hadde fått klar beskjed om planlagde innleveringar, ville eg vel aldri ha kome lenger enn til Samfundet, minnest han med eit smil. Hjort-Jensen meiner at dette tiltaket også er viktig for å heva studiekvaliteten.

– Meininga er at mentoren skal fylgja opp kvar student fagleg, heilt i Kvalitetsreforma si ånd, ei reform som eg forresten er ein stor tilhengjar av, slår han fast. Og Ilan Villanger fylgjer opp.

– Desse unge studentane hamnar ofte i valets tyranni. Mentoren må rettleia dei til å ta kvalifiserte val, slik at dei opplever å meistra det dei er kvalifiserte for eller drøymer om. Dei kan dessutan fortelja dei meir om kva yrke dei kan få om dei tar ulike studieprogram. Tidlegare blei studentane ofte overlatne til seg sjølve.

– No kan studenten spørja mentoren om han eller ho er på rett veg i studia sine. Det er svært viktig for studentane å få diskutert slike spørsmål med nokon, understrekar Ilan Villanger.

– Blir knytte til universitetet

Og Morten Hjort-Jensen peikar på at med ei mentorordning vil dei også oppnå ein annan ting.

– Studentane blir med ein gong knytte til universitetssystemet. Dei føler at dei blir tatt vare på, og dei blir lettare verande her i staden for å dra til andre studiestader. Samtidig så trur eg at studentane reknar med at me skal ta oss litt av dei, for dei har sett korleis dei gjer det ved universitet i USA og i Storbritannia, konstaterer han.

I dag søkjer mellom 140 og 150 av begynnarstudentane seg til bachelorprogrammet i fysikk, astronomi og meteorologi (FAM). Mellom 80 og 100 av dei begynner studiet ved semesterstart.

– Me har plukka ut 10 fagpersonar som skal leia desse mentorgruppene. Kvar av dei vil ha ansvaret for 8–10 studentar det første studieåret. Alle har god røynsle med undervisning av lågaregradsstudentar og alle er genuint interesserte i studentane.

– Etter planen starta me med mentorgruppene frå haustsemesteret 2010. Dersom opplegget er vellykka studieåret 2010/2011 tenkjer me å føra prosjektet vidare. Målet er også å involvera fleire fast tilsette, slik at ein mentor til slutt har ansvaret for maksimalt fire studentar, seier Hjort-Jensen.

 

Emneord: Studentforhold, Undervisning, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2010 15:39 - Sist endra 8. okt. 2010 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere