Riksrevisjonen kritiserer UiO

Riksrevisjonen kritiserer Universitetet i Oslo for manglande protokollar for innkjøp, for ikkje å ha innhenta pålagd dokumentasjon og for manglande skriftlege kontrollspor mellom enkeltfaktura og rammeavtale, går det fram av  Dokument 1 frå Riksrevisjonen.  Men rekneskapen for 2009 blir godkjent.

IKKJE GLØYMT: – UiO er ikkje gløymt. Me skal framleis ha fokus på det me har hatt fokus på tidlegare, altså rutinane for innkjøp av varer og tenester, sa riksrevisor Jørgen Kosmo på pressekonferansen tysdag 19. oktober.

Foto: Ola Sæther

Både UiO og Kunnskapsdepartementet ser alvorleg på desse merknadane frå Riksrevisjonen, står det i omtalen av Universitetet i Oslo i Dokument 1.

Det var tysdag Riksrevisjonen la fram denne årlege revisjonsrapporten sin av alle dei statlege verksemdene. Av den går det fram at Riksrevisjonen held fast på kritikken sin mot dei manglande innkjøpsrutinane ved Universitetet i Oslo, som Aftenposten melde om i sommar. Det blir vist til at Universitetet i Oslo er av dei statlege verksemdene som har størst problem med å etterleva regelverket for innkjøp av varer og tenester, det såkalla ”anskaffelsesregelverket.”

Varer og tenester for 1,7 milliardar

Riksrevisjonen viser til at Universitetet i Oslo kjøpte varer og tenester for 1,7 milliardar kroner i 2009. I tillegg til at det ofte mangla protokollar for innkjøp, var det også mangelfull kompetanse mellom enkelte av dei tilsette som hadde fullmakt til å kjøpa inn varer og tenester. Difor er det vanskeleg å verifisera at konkurranseprinsippet som skal leggjast til grunn for alle offentlege innkjøp, er fylgt, heiter det.

– Ikkje gløymt

I pressemeldinga frå Riksrevisjonen er derimot ikkje Universitetet i Oslo trekt fram som eit av mange døme på dårleg forvalting av statens pengar. Det tyder likevel ikkje at riksrevisor Jørgen Kosmo er nøgd med situasjonen ved UiO.

– UiO er ikkje gløymt. Me skal framleis ha fokus på det me har hatt fokus på tidlegare, altså rutinane for innkjøp av varer og tenester. For ingen statsverksemder har grunn til å vera nøgde med praksisen sin på dette området, slo han fast.

– Og for UiO sin del peikar me på dårleg konkurranse om tenestene og ei rekkje andre forhold, la avdelingsdirektør Per Engeseth til.

– No arbeider me med å finna ut kvifor det er så vanskeleg for statlege verksemder å fylgja dette regelverket. Det dukkar stadig opp nye utfordringar når det gjeld å halda seg til regelverket for offentlege innkjøp av varer og tenester. Desse reglane er det viktige å fylgja for å kunna kjempa mot korrupsjon, understreka Kosmo i ein generell kommentar til situasjonen i dei statlege verksemdene.

500 millionar i honorar

Merknadane overfor UiO blir små samanlikna med det verste dømet på dårleg forvalting.

Det grovaste overtrampet var det nemleg Finansdepartementet som hadde ansvaret for.

– Ein av dei eksterne forvaltarane til Statens pensjonsfond utland fekk utbetalt 500 millionar kroner i honorar. Om alle forvaltarane skal få like stor utbetaling, blir det lite pengar igjen i fondet, kommenterte Kosmo tørt.
 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2010 18:23 - Sist endra 20. okt. 2010 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere