Lokalsjukehusa får forskarstillingar

Lokalsjukehusa skal no kunna oppretta professor II-stillingar i samarbeid med Det medisinske fakultetet. – Dermed blir det lettare for dei å rekruttera dyktige og vitskaplege interesserte legar, trur medisindekan Finn Wisløff.

HOVUDMÅLET: – Det er eit genuint ynskje om å levera forskingsbasert undervisning til studentane som er hovudmålet med å oppretta forskarstillingar ved lokalsjukehusa, understrekar medisindekan Finn Wisløff.

Foto: Ola Sæther

I går drog dekan Finn Wisløff til Drammen for å skriva under på den første gjensidige samarbeidsavtalen mellom helseføretaket Vestre Viken og Det medisinske fakultetet.

Seinare skal han dra rundt til minst ti andre lokalsjukehus i regionen Helse Sørøst for å skriva under på liknande avtalar. Og Wisløff har stor tru på dette samarbeidet.

– I studiereforma Oslo96 på medisinstudiet innførte me ei ordning som gav studentane høve til å ta seks veker med praksis på lokalsjukehus og seks veker med allmennpraksis i det femte studieåret. På den måten får dei oppleve ting innanfor helsevesenet som medisinstudiet ikkje kan tilby dei. Fram til no har ein universitetslektor lønna av fakultetet hatt ansvaret for undervisninga av studentane på sjukehusa.

– Sikrar forskingsbasert undervisning

– Og det blir det no slutt på?

– No skal lokalsjukehusa få oppretta 20-prosentstillingar som professor ved sjukehusa. Dette skal sjukehusa sjølve finansiera. Om dei framleis vil ha ein universitetslektor i tillegg, må dei også betala for vedkomande, medan fakultetet ikkje lenger treng gjera det. Det ligg altså ei lita innsparing for fakultetet her, men det er på ingen måte det viktigaste.

– Gjennom denne avtalen sikrar me at studentane får forskingsbasert undervisning av ein forskar som er oppdatert på dei siste forskingsresultata innanfor dei ulike fagområda.

– Kva fordel får fakultetet av desse avtalane?

– Forskingsmiljøa ved sjukehusa får ansvaret for medisinstudentane våre gjennom den eksterne professorstillinga. Nokre av universitetslektorane som hadde ansvaret for studentane har tidlegare ofte følt seg litt isolerte frå forskingsmiljøet.

– Blir meir attraktive for legar

Dekan Finn Wisløff ser også at lokalsjukehusa får fordelar av avtalen.

– Dei kan no lysa ut ein heil stilling som overlege saman med ei 20 prosent stilling som professor. På den måten kan dei bli meir attraktive for dyktige og vitskapleg interesserte legar. Professorata må sjølvsagt bli lyste ut på vanleg måte og bli tilsette på vanleg måte av fakultetet. Samtidig kan dei som får desse stillingane bli trekte inn i større forskingsnettverk på fakultetet. Slik får lokalsjukehusa styrkt forskingsmiljøet sitt, understrekar Wisløff, som er heilt klar på kva som er hovudmålet med denne ordninga.

– Det er eit genuint ynskje om å levera forskingsbasert undervisning til studentane.

– Har de nokon garanti for at lokalsjukehusa ikkje kjem til å oppretta professor II-stillingar berre i hjartemedisin?

– Det er ikkje sjukehusa som opprettar professorata. Dei må søkja fakultetet om dette, og me har rådd dei til å konsentrera seg om nokre få fagområde der dei har spesiell kompetanse. Det varierer frå sjukehus til sjukehus. Men kvart lokalsjukehus har valt ut sitt spesialområde. Og den som blir tilsett, forpliktar seg til å bruka halvparten av arbeidstida til undervisning.

– No får me ein garanti for at dei som underviser studentane, er forskarar som har ei vitskapleg haldning til faget.

Prøveprosjekt i Skien og Fredrikstad

– Og korleis trur du dette kjem til å gå?

– Eg er viss på at det vil gå svært bra. Me har allereie hatt eit prøveprosjekt med sjukehusa i Fredrikstad og Skien. Og det var vellykka, synest Finn Wisløff.

Han legg til at professor Tim Brennen på vegner av Psykologisk institutt også har skrive under på ein liknande samarbeidsavtale med sjukehusa om praksis for psykologistudentane.

– Denne praksisen har tidlegare basert på personlege avtalar, men det er ein stor fordel at den no blir knytt til ein avtale mellom institusjonane, synest Wisløff.
 :
.

 

Emneord: Forskningssamarbeid, Medisin Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2010 10:01 - Sist endra 12. okt. 2010 10:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere