- Bør avkriminalisera cannabisbruk

Cannabiskulturen ville ikkje ha eksistert på same måten utan forbodet og kriminaliseringa. Mykje tyder på at ein bør avkriminalisera cannabisbruk, slik ein har gjort i praktisk politikk i mange andre land. Det er konklusjonen til UiO-forskarane Sveinung Sandberg og Willy Pedersen i boka ”Cannabiskultur,” som kjem ut på Universitetsforlaget denne veka.  

CANNABISKULTUR: Sosiologiprofessor Willy Pedersen har forska på cannabiskulturen og finn likskapar mellom 1960-talets hippiekultur og dagens cannabisbrukarar.

Foto: Ola Sæther

Nærare ein million nordmenn har truleg prøvt marihuana og hasj. Berre eit lite mindretal har fått problem av det. Det er ikkje stoffet sjølv, men heller kulturen rundt som er nøkkelen til heile dette komplekset. Det viser den største undersøkinga av bruken av hasj og marihuana i Noreg, utført av postdoktor Sveinung Sandberg og professor Willy Pedersen på Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO.

Dei har både fylgd opp fleire tusen ungdommar i Noreg frå starten av tenåra til dei blei unge vaksne, og samtidig har dei gjort inngåande intervju med 100 brukarar, smuglarar, seljarar og dyrkarar i by og bygder – frå Finnmark i nord til Kristiansand i sør. Forskinga er blitt finansiert i fellesskap av Forskingsrådet og UiO.

– Mange likskapar

Hasj og marihuana kom til Noreg med hippierørsla på slutten av 1960-talet, og Slottsparken blei den første arenaen for narkotikabruk.

– Eg tilhøyrer den første generasjonen som opplevde dette i tenåra. Det kom ei bylgje med eit veldig trykk. Mange ressurssterke ungdommar begynte å vanka i dette miljøet i Slottsparken, som var prega av Austens filosofi, politisk radikalisme og naturvern, minnest sosiologiprofessor Willy Pedersen.

Og han og forskarkollega Sveinung Sandberg har funne mange likskapar mellom dei første cannabisbrukarane og dagens brukarar av hasj og marihuana.

– I dag har unge menneske overtatt mange av dei same verdiane, den same språkbruken og den same veremåten som den første generasjonen med hasjbrukarar hadde, seier Pedersen. Han avlivar myten om at dei som sel hasj og marihuana, er unge afrikanske asylsøkjarar som vandrar langs Akerselva i Oslo.

– I Oslo er det ei viktig gruppe med seljarar, men alle norske bygder og byar har folk som smuglar inn hasj og marihuana og sel det vidare.

Hip hop- og surfekultur

– Men kven er brukarane?’

– Dei fleste av dei er unge, søkjande unge menneske. I dag finn du brukarane både i hip hop-kulturen og i surfekulturen, men også i nokså konvensjonelle miljø. For alle er cannabis fascinerande fordi det ligg i ytterkanten av samfunnet. Samtidig blir dei utsette for mange av dei same farane som hippiekulturen blei eit offer for. Andre illegale stoff kjem inn.

– Dei som begynner å selja hasj og marihuana, kan lett bli knytte til eit nettverk av profesjonelle narkotikasmuglarar som i dag blir toppa av Hells Angels, Bandidos, B-gjengen og ransmiljøet i Noreg. Dei blir dermed ein del av ein illegal økonomi. Det er det aller farlegaste og langt farlegare enn å røyka hasj og marihuana, meiner Pedersen.

– Har arva språkbruken

Han blei overraska over fleire av funna dei gjorde.

– Det var interessant å oppdaga at cannabiskulturen er så slitesterk, og at dei gamle rituala har så stor kraft at dei har overlevd fram til i dag. Dagens unge cannabisbrukarar har til og med arva språkbruken, eller såkalla ”argot”, ord som ”tjall”, ”shit” og ”rev”. Eller uttrykket ”Den som mekker´n, trekker´n”, det vil seia at den som lagar den første ”jointen” også er den første som begynner å røyka den. Ein annan ting som me oppdaga, var at heimedyrking av cannabisstoffa aukar i heile Europa og i Noreg.

SLOTTSPARKEN: Samlingsstaden for dei første hasjbrukarane i Noreg på slutten av 1960-talet var Slottsparken i Oslo. (Foto: Bjørn Saastad)

– Dessutan er det mange som no grunngjev cannabisbruken sin med at dei brukar stoffa for å lindra MS og kvalme ved kreftbehandling. Andre seier at dei har ADHD og må dempa seg ned med cannabis. Enkelte legar meiner dei har rett i at stoffet kan hjelpa mot nokre lidingar, påpeikar Pedersen.

I boka fortel personane som er blitt intervjua, at dei blir meir kreative og tenkjer klarare når dei er i cannabisrus. Ein kvinneleg musikar på 29 år fortel at ho har skrive alle songtekstane sine i hasjrus. Ein student fortel at han får meir innsikt når han brukar hasj.

– Eit anna klart trekk er at brukarane er tilhengjarar av cannabis, det finn ein ikkje ved sigarettar eller amfetamin. Mange ser ned på dei som ikkje brukar cannabis, og ser på alkohol som eit valdeleg og macho rusmiddel, medan cannabis er fredeleg og nærmast feminint, fortel sosiologiprofessoren.

– Studentar har prøvt hasj

Pedersen er viss på at store delar av studentmassen også brukar stoffet.

– Heilt klart. Det er truleg mellom ein tredel og halvparten av alle dagens studentar ved UiO som har prøvt hasj. Og mange av universitetslærarane deira brukte det då dei var unge, er han viss på.

– Er dette på eit vis venstresida sitt rusmiddel?

– Ja, det blir ofte relatert til natur og miljøvern. Det er litt tilfeldig for det er ikkje noko i stoffet i seg sjølv som skulle tilseia det. Grunnen er truleg at dei assosierer hippiekulturen med noko positivt, trur Pedersen.

Både han og Sandberg har eit klart mål med denne forskinga.

– Hasj og marihuana er heilt klart dei viktigaste stoffa i norsk narkotikakultur. Dei er dessutan bindeleddet til andre, tyngre stoff som amfetamin, kokain og heroin. Difor er det viktig å granska cannabiskulturen nærare. Det er grunnen til at me også måtte sjå på kva som skjedde i Noreg for mellom 40 og 45 år sidan, då desse stoffa blei introduserte for første gong. Narkotikapolitikken er under endring i heile verda. Dette er vårt vitskaplege bidrag til den debatten, seier Pedersen.


 

Emneord: Sosiologi, Rus, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2010 23:50 - Sist endra 21. okt. 2010 00:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere