Avviste skuldingar om plagiering

Skuldingane som tannlege og doktor i odontologi, Birgitte Moesgaard Henriksen (biletet) har kome med om vitskapleg ”uredelighet” og plagiering av doktorgradsarbeidet hennar i undersøkinga ”Tenner for livet”, er heilt grunnlause. Det er konklusjonen til Forskingsetisk utval ved UiO.  

GRANSKAR SEG SJØLV: – Dette er eit nok eit døme på at UiO granskar seg sjølv og finn ingenting klanderverdig, meiner dr.odont. Birgitte Moesgaard Henriksen etter at Forskingsetisk utval ved UiO ikkje har gitt henne medhald i ei klage på plagiering.  

Foto: Martin Toft

Det var i november 2009 tannlege og doktor i odontologi, Birgitte Moesgaard Henriksen sende over ein klage til Nasjonalt utvalg for gransking av redelighet i forsking.

Klagen handlar om vitskapleg ”uredelighet” fordi ho meiner at doktorgradsprosjektet hennar er plagiert og kopiert i rapporten ”Tenner for livet” frå Sosial- og helsedirektoratet i 2004. Rapporten er ei kartlegging av tannhelsa til eldre på sjukeheimar i ein del utvalde kommunar over heile landet.

Henriksen viser til at det ikkje finst rette kjeldevisingar i prosjektet til det aktuelle spørjeskjemaet og dei metodane som er brukte. Etter hennar meining har rapporten ”Tenner for livet” kopiert design, spørjeskjema og metodar utan førespurnad eller informasjon til henne eller medforfattarane hennar på dei aktuelle artiklane.

Granskingsutvalet sende klagen vidare til Universitetet i Oslo ved rektor Ole Petter Ottersen som så overlet klagen til Forskingsetisk utval ved UiO, ved leiaren, teologiprofessor Svein Aage Christoffersen. Det er dette utvalet som no har gått gjennom klagen og konkludert med at skuldingane om at doktorgradsarbeidet til Birgitte Moesgaard Henriksen er plagiert, er heilt grunnlause.

Ikkje forskingsprosjekt

I grunngjevinga si viser utvalet til at ”Tenner for livet” ikkje er eit forskingsprosjekt, men ein rapport som Sosial- og helsedirektoratet står ansvarleg for. Før arbeidet tok til, kontakta rapportansvarleg Regional komité for forskingsetikk og fekk opplyst at det ikkje var naudsynt å senda inn ein søknad til dei, fordi arbeidet var eit kvalitetsutviklingsprosjekt. Rapporten skal difor ikkje vurderast etter vanlege reglar for forskingsetikk.

I rapporten går det også fram at ingen av dei tilsette ved UiO som har vore involverte i undersøkinga, har hatt det overordna ansvaret for dei delane av undersøkinga som Moesgaard Henriksen klagar på, altså val av design, spørjeskjema og metodar. Dei har i hovudsak arbeidd med bearbeidinga av dei data som undersøkinga fann. Det blir også vist til at rapporten brukar doktorgradsarbeidet til Birgitte Moesgaard Henriksen som referanse og gjer det heilt klart fleire stader. Utvalet meiner difor at referansane til hennar arbeid må vera tilfredsstillande.

Ingen eksklusiv rett

Det etiske forskingsutvalet tolkar formuleringane til Birgitte Moesgaard Henriksen slik at ho gir inntrykk av at dei som er ansvarlege for rapporten, altså Sosial- og helsedirektoratet, burde ha spurt henne og informert henne om undersøkinga før den blei sett i gang. Utvalet finn difor grunn til å presisera at det derimot ”ikke er slik at Moesgaard Henriksen i og med sin doktoravhandling eier en eksklusiv rett til å gjennomføre en slik undersøkelse av tannhelsen hos sykehjemsbeboere og av sykehjemmenes pleieplaner. Design og metode er heller ikke av en slik art at det krever en særlig godkjenning fra Moesgaard Henriksens side. At man bygger videre på hennes spørreskjema gjør rapporten som nevnt eksplisitt oppmerksom på.”

– Vil anka avgjerda

Birgitte Moesgaard Henriksen har fått oversendt avgjerda, og ho kan anka den vidare til Det nasjonale utvalget for gransking av redelighet i forskning.

– Eg vil sjølvsagt anka avgjerda vidare til Det nasjonale granskingsutvalet. Eg er ikkje overraska, men likevel svært skuffa over konklusjonen til Det forskingsetiske utvalet ved UiO, seier Birgitte Moesgaard Henriksen til Uniforum. Ho meiner at utvalet skyt langt over mål når det konkluderer med at rapporten ”Tenner for livet” ikkje kan karakteriserast som forsking, men som ein rapport tinga av Sosial- og helsedirektoratet, og at den dermed ikkje kan vurderast etter vanlege reglar for forskingsetikk.
– Ein av forfattarane av rapporten, som er tilsett ved UiO, har i ein e-post til meg vist til den forskinga ho og dei andre bak rapporten ”Tenner for livet” har laga og den kartlegginga dei gjorde av oral helse på sjukeheimane frå 2004. Etter at rettleiaren min hadde lese rapporten, skreiv han i ein e-post til meg at dei nesten hadde plagiert doktoravhandlinga mi, peikar ho på.

Moesgaard Henriksen viser dessutan til at sekretariatsleiar Torkild Vinther ved Dei nasjonale forskingsetiske komiteane har gitt ei grundig og god oppsummering av forskingsetikklova på komiteane sine nettsider:  ”Med vitenskapelig uredelighet menes forfalskning, fabrikkering, plagiering og andre alvorlige brudd med god vitenskapelig praksis som er begått fortsettlig eller grovt uaktsomt i planlegging, gjennomføring eller rapportering av forsking.”

Ho synest difor at hennar klage på at andre forskarar har plagiert og kopiert viktige delar frå hennar doktoravhandling i rapporten ”Tenner for livet”, er godt innanfor denne definisjonen.

– Der har dei brukt både design, metodar eg har utvikla og publisert og spørjeskjemaet eg utvikla til doktorgradsprosjektet mitt utan å gi god nok kjeldevising til avhandlinga mi, seier ho til Uniforum.

– Dette er eit nok eit døme på at UiO granskar seg sjølv og finn ingenting klanderverdig. Eg har difor ikkje noko anna val enn å anka avgjerda vidare til det nasjonale granskingsutvalet, seier Moesgaard Henriksen.

– Glad

Det er mellom andre odontologiprofessor Dorthe Holst som er blitt skulda for plagiering.

– Eg er veldig glad for at komiteen slår så klart fast at dette ikkje er plagiering. Men eg hadde heller ikkje i min villaste fantasi kunna tenkt meg noko anna resultat. Eg har heile tida halda min sti rein, seier Holst i ein kommentar til Uniforum.

 

Emneord: Odontologi, Etikk Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2010 18:43 - Sist endra 19. okt. 2010 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere