100 UiO-tilsette tilbyr husrom

100 UiO-tilsette har sagt ja til å innlosjera internasjonale studentar frå hausten 2011. Det viser ei kartlegging Studieavdelinga har gjort.  

BRA RESPONS: – Det er flott at 100 UiO-tilsette har takka ja til oppfordringa om å innlosjera utanlandske studentar, seier viserektor Doris Jorde, konsulent Kjersti Havenstrøm og seksjonssjef Guri Vestad.   

Foto: Ola Sæther

For tre veker sidan sende Studieavdelinga ut ein førespurnad til alle dei UiO-tilsette om dei kunne tenkja seg å innlosjera ein utanlandsk student. Av dei 350 som svarte, var 100 positive.

– Det synest me er ein bra respons, for det vil dekkja rundt ti prosent av det behovet me vil ha når me skal ta imot 1000 internasjonale studentar hausten 2011, seier viserektor Doris Jorde, seksjonssjef Guri Vestad og konsulent Kjersti Havenstrøm.

– Fint for integreringa

Bakgrunnen for kartlegginga er UiOs garanti om bustad til alle dei internasjonale studentane som kjem.

– Garantien er eit godt konkurransefortrinn for UiO i rekrutteringa av fleire internasjonale studentar. På grunn av mangelen på studentbustader hos Studentsamskipnaden i Oslo, vil me no gjerne undersøkja andre alternativ, fortel Vestad og Jorde.

– Ein ekstra fordel med privat innkvartering vil jo vera at desse studentane då blir lettare kjende med ein norsk familie og kan føla seg meir integrert. Dei som seinare vil finna seg ein annan hybel, kan sjølvsagt det. Men det er viktig at dei har ein plass å koma til når dei kjem hit. Det går ikkje an å krevja at dei skal gå ut på den private marknaden for å skaffa seg husrom med ein gong dei har landa i Oslo, seier Vestad.

Det er ikkje endeleg avgjort kva slutningar universitetsleiinga vil trekkja av kartlegginga.

– Utreisande studentar kan leiga ut

– UiO vil også sjå på om det kan vera ein utveg å lata utreisande UiO-studentar leiga bort bustaden sin til innreisande studentar, eller at dei byter seg imellom om det passar sånn, seier Vestad og Havenstrøm. Og dei UiO-tilsette er ikkje kravstore i pristilboda sine.
– Ein tredel vil ta rundt 4000 kroner, ein annan tredel vil ta rundt 3000, medan den siste tredelen vil ta 2000 kroner for ein hybel. Det er under gjennomsnittsprisen for ein hybel hos SiO, konstaterer Havenstrøm.

 

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2010 13:52 - Sist endra 4. okt. 2010 14:02

Vil du bidra til kartleggingen er nettskjema åpent en uke til https://nettskjema.uio.no/answer.html?fid=44696&lang=no

kjerseha@uio.no - 5. okt. 2010 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere