Vil ha forskingsstasjon på månen

– Ingen har vore på månen sidan Apollo 11-ferda i desember 1972. Målet må vera å byggja ein forskingsstasjon på månen, seier den svenske astronauten Christer Fuglesang til Uniforum.  

IDEELL PLASS: – Verdsrommet er ein heilt ideell plass å vera for å observera veret, nordlyset, atmosfæren og menneskeleg påverknad på jorda, seier astronauten Christer Fuglesang.  

Foto: Martin Toft

Det var den svenske astronauten Christer Fuglesang som heldt årets Birkelandforelesing i Vitskapstakademiet den 23. september. Forelesinga er til ære for den norske vitskapsmannen og entreprenøren Kristian Birkeland. Universitetet i Oslo har sidan 1987 samarbeidd med Vitskapsakademiet, Norsk Romsenter og selskapet Yara om dette arrangementet.

– Fantastisk konstruksjon

Før Christer Fuglesang gjekk opp på talarstolen i Vitskapsakademiets ærverdige foredragssal, fekk Uniforum eit eksklusivt intervju med astronauten som to gonger har vore på Den internasjonale romstasjonen (International Space Station). Den første gongen var i 2006, medan han var der den siste gongen i 2009.

– Det er ein heilt fantastisk konstruksjon. Den er 80 meter lang og 109 meter brei og har ei masse på 400 tonn. Eg ser det som ei stor ære å ha vore med på arbeidet med å byggja den og få den på plass, etter at bygginga tok til i år 2000. Då eg og mitt astronautlag kom dit første gong i 2006, hadde me med oss ein liten del, som gjorde at rundt halvparten av romstasjonen blei ferdig. Den siste gongen eg var der for eitt år sidan, var romstasjonen så og seia heilt ferdig. Det er alltid stasjonert seks personar der oppe frå forskjellige land og verdsdelar.

Imponert over samarbeidet

– Kva var det som imponerte deg mest?

– Det var det faktum at land som USA, Russland og medlemane i Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA har klart å samarbeida om Den internasjonale romstasjonen gjennom så mange år, på tvers av ulike politiske system og oppfatningar. Det er også flott å tenkja på at det er teknisk mogleg å bruka denne romstasjonen i ti år framover både til forsking og andre viktige arbeidsområde i rommet, synest Fuglesang.

Han er overtydd om at dei som er på romstasjonen får nyttige utfordringar.

– Det viktigaste er at me lærer oss å jobba og samarbeida i rommet for å utvikla nærveret vårt i verdsrommet vidare. Astronautane driv også viktig vitskapleg forsking innanfor så ulike emne som fysikk, biologi og fysiologi. Dette kan også koma til nytte på jorda. Om romstasjonen kan vera i drift fram til 2020, vil menneska ha vore permanent i rommet sidan 1970-talet, altså i 50 år. Det er det første store steget, meiner Fuglesang.

– Du har vore i rommet to gonger. Skal du tilbake?

– Nei, det tvilar eg på, sjølv om dei fleste astronautane er der i gjennomsnitt tre eller fire gonger.

– Krevjande spaserturar

På begge romferdene var han på Den internasjonale romstasjonen i rundt to veker.

Christer Fuglesang er glad for at han er ein av dei få som har opplevd å vandra i verdsrommet.

– Det var utruleg flott, men samtidig svært krevjande. Førebuingane tok lang tid, før eg kunne gå ut for å gjera eit arbeid som kravde full konsentrasjon i mellom seks og sju timar. Den første gongen eg var der måtte eg installera nye dataprogram og oppgradera systemet som syt for at romstasjonen får tilført elektrisk kraft. Utsynet frå romstasjonen var også fantastisk. Berre tenk på at me hadde 16 soloppgangar og solnedgangar kvart døgn.

Ein venn oppdaga stillingsannonsen

Under forelesinga kom han også inn på korleis partikkelfysikaren og vitskapsmannen Christer Fuglesang blei astronauten Christer Fuglesang.

– I 1990 kom ein venn av meg bort til meg og sa at han hadde funne ein ny jobb til meg. Og så la han på bordet ei stillingsannonse frå ESA som han hadde funne i ei svensk avis. Den europeiske romfartsorganisasjonen lyste etter ti astronautar. 12 år seinare blei eg plukka ut som mannskap på ei romferje, og 16 år seinare var eg altså på veg ut i rommet. Då hadde eg vore på førebuingsopphald både i Russland og i Texas i USA.

– Verdsrommet er ein heilt ideell plass å vera for å observera veret, nordlyset, atmosfæren og menneskeleg påverknad på jorda. Me såg røyk frå mange skogbrannar frå mellom anna Brasil frå plassen vår i rommet.

Ynskjer forskingsstasjon på månen

For mange i romfartsorganisasjonane er målet å senda eit romskip med menneske til Mars.

– Eit astronautteam er i trening for å finna ut korleis det vil vera mogleg å få til dette slik at menneska ein gong både kan leva og arbeida der, opplyste Fuglesang i forelesinga si. Han meiner likevel  at det finst meir nærliggjande utfordringar.

– Ingen har vore på månen sidan Apollo 11-ferda i desember 1972. Målet må vera å byggja ein forskingsstasjon på månen, seier Fuglesang som i dag er  forskingsdirektør ved Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.
 

Emneord: Videnskaps-Akademiet, Romfart, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2010 12:36 - Sist endra 29. sep. 2010 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere