– Nokre minoritetar vil ikkje inkluderast

– Den albanske minoriteten i Makedonia vil ikkje læra seg makedonsk eller lata barna sine gå i klassar med makedonske barn. Det fremjar ikkje akkurat integrasjonen mellom folkegruppene i det landet, sa høgkommissær for minoritetar i Europa, Knut Vollebæk i ein samtale i regi av Norsk senter for menneskerettar.  

OM MENNESKERETTAR: Asbjørn Eide, Carsten Smith, Thorvald Stoltenberg, Jan Helgesen, Grete Brochmann og Knut Vollebæk samtalar om urfolks- og minoritetsrettar i Teatersalen på Hotel Continental.

Foto: Ola Sæther

Rundebordsamtalen om etniske konfliktar, urfolks- og minoritetsrettar i Noreg og Europa blei skipa til i samband med at pensjonert menneskerettsprofessor Asbjørn Eide blei slått til Riddar av første klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden onsdag 25. august. I samtalen deltok også Carsten Smith, Thorvald Stoltenberg, Grethe Brochmann, Jan Helgesen og Asbjørn Eide.

Eide er grunnleggjar av Norsk senter for menneskerettar og ein stor internasjonal kapasitet på urfolks- og minoritetsrettar.

Og det var her tidlegare utanriksminister, tidlegare USA-ambassadør og noverande høgkommissær for minoritetar i Europa, Knut Vollebæk også trekte inn moglege forklaringar på at styresmaktene i nokre land såg på somme av minoritetane sine med svært kritiske auge:

– Skikkeleg realpolitikk

– Det er klart at dersom minoritetar i eit land føler meir fellesskap med og skimtar over grensa til nabolandet i staden for å engasjera seg politisk i det landet dei bur i, vekkjer det ofte skepsis hos styresmaktene i det landet. Det er tilfellet når det gjeld den albanske minoriteten i Makedonia. I Ungarn og Slovakia, som eg har jobba mest med dei siste åra, må eg overtala styresmaktene til å ta vare på rettane til minoritetane i eigne land. For det er det som er skikkeleg realpolitikk, meinte Vollebæk.

Konfliktentreprenørar

Asbjørn Eide viste til korleis han hadde blitt spurt av FN om å greia ut og foreslå fredelege metodar for å løysa konfliktar som involverte minoritetar. – Det kom inn rapportar frå mellom andre Rwanda, som sa at dei gjorde det veldig bra, medan eit anna land meinte at alle andre land kunne læra av deira minoritetspolitikk. Det landet var Jugoslavia. Etter dette braut ragnarok laus. Jugoslavia gjekk i oppløysing, og det same gjorde Sovjetunionen. I begge desse områda eksisterte det konfliktentreprenørar som prøvde å forsterka eksisterande motsetningar og skapa hat av pur eigeninteresse, sa Eide.

– Ynskte ikkje krig

Thorvald Stoltenberg kom også inn på Jugoslavia der han var norsk ambassadør på 1970-talet.

– Landet hadde ikkje ein dårleg minoritetspolitikk. Eg hugsar at Jugoslavia hadde ein eigen dag då dei feira vedtaket om at dei var serbarar, kroatar og muslimar eller bosniakkar. Årsaka til at landet braut saman, var nok både tomrommet etter at Josip Broz Tito døydde i 1980 og innføringa av demokrati, som gjekk både sakte og dårleg. Det blei utnytta av desse konfliktentreprenørane som Asbjørn Eide kallar dei for. Det var Slobodan Milosevic i Serbia, Franjo Tudjman i Kroatia og Alía Izetbegovic i Bosnia-Herzegovina.

– Dei klarte å få det til å bli religiøse konfliktar også. Dermed blanda andre land som Tyskland, Austerrike og Russland seg inn, og seinare også muslimske land. Desse tre mennene ynskte konfliktar, men det jugoslaviske folket ville slett ikkje ha krig, slo Stoltenberg fast.

I debatten slapp heller ikkje Noreg fri for den behandlinga den norske nasjonalstaten har gitt det samiske folket. Som leiar for Samerettsutvalet, var tidlegare høgsterettsjustitiarius Carsten Smith sentral i arbeidet med å etablera Sametinget og greia ut samiske rettar til land og naturressursar i Finnmark.

– Gjennom det arbeidet lærte eg to viktige ting. Fornorskingspolitikken til dei norske styresmaktene frå 1850 til 1950-talet førte til at mange generasjonar samar ikkje lærte sitt eige morsmål og dei mista sjølvkjensla si. Det andre eg lærte, var korleis rettsvitskapen hadde neglisjert dei juridiske problema i tilknyting til samiske rettar. I Samerettsutvalet var det også sterke kjensler. Den første tida var difor hovudmålet at utvalet skulla eksistera også etter at møtet var slutt.

– Sjølv lærte eg straks at samane var eitt folk, men hadde heilt forskjellige oppfatningar om forskjellige politiske spørsmål, avhengig av næring, ideologi og regionar. Ein naturleg konsekvens av dette blei opprettinga av Sametinget. Dei måtte ha ein rettsleg garanti både for samerettar og for samekulturen, peika Smith på. Det var historisk då innstillinga til Samerettsutvalet blei vedtatt av Stortinget i 1988.

– Sjøsamane har kome dårleg ut

– Eg er likevel skuffa over at regjeringane i Norden enno ikkje har begynt den endelege forhandlinga om ein felles nordisk samerettskonvensjon. Om forslaget i innstillinga blir vedtatt, vil grensene mellom landa byggjast synleg ned. Viss dette hadde blitt vedtatt, kunne det blitt ein internasjonal eksportartikkel, sidan verda er full av grenseoverskridande minoritetar. Den gruppa som har kome aller dårlegast ut, er sjøsamane langs kysten. Fiskerettane deira har eit folkerettsleg vern i FN-konvensjonen om urfolksrettar, meinte Smith.

Og Asbjørn Eide gav Carsten Smith æra for ei haldningsendring:

– Carsten er den mannen som har fått folk til å forstå at Noreg blei grunnlagt på to folk: Det norske og det samiske.

– Åtvara mot assimileringsfaren

Professor Grete Brochmann ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, var opptatt av å visa korleis synet på nye minoritetar har endra seg i Noreg.

– I byrjinga var styresmaktene opptatt av at dei måtte vernast mest mogleg mot det norske. På 1970-talet blei foreldre til innvandrarbarn åtvara mot å senda barna sine til norske barnehagar på grunn av assimileringsfaren. Det var likevel tre område som styresmaktene var beinharde på. Det var respekten for barnerettar, demokrati og likestilling. Og det er på desse områda det også har vore vanskelegast å finna kompromiss. Det har blitt endå meir komplisert dei gongene religion er blitt trekt inn, konstaterte ho.

Så problematiserte ho skilnaden mellom nasjonale minoritetar og nye minoritetar litt vidare.

– I eit dokument har eg sett at dersom ein ny minoritet har vore i Noreg i 100 år, då blir det ein nasjonal minoritet. Pakistanarane har snart vore her i 40 år, men blir framleis rekna som ny minoritet. Kor lenge skal dei det? spurde ho.

Carsten Smith svara henne.

– Eg meiner at me må ta oss spesielt av det urfolket som me alltid har delt dette landet med. Om ikkje me tar oss av det, vil både det samiske språket og den samiske kulturen forsvinna. Den pakistanske eller tyrkiske kulturen står like godt eller dårleg uansett kva Noreg gjer, meinte han.


 

 

Emneord: Jus, Menneskerettar, Internasjonalisering, FN Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2010 15:07 - Sist endra 31. aug. 2010 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere