Bill Bryson: – Korttenkt nedskjering

– Det er korttenkt av den britiske regjeringa å foreslå eit kutt på 4,49 milliardar kroner i overføringane til universiteta, synest forfattaren Bill Bryson, som også er æresrektor ved University of Durham.  

FOR SJELDAN KRITISK: – Journalisten stiller altfor sjeldan kritiske spørsmål til forskaren om korleis han eller ho fann fram til dei vitskaplege funna sine, påpeikar forfattaren Bill Bryson.

Foto: Ola Sæther

Den britisk-amerikanske forfattaren Bill Bryson er kjend både som reisebokforfattar og som forfattar av den 500 sider tjukke populærvitskaplege boka ”A Short History of Nearly Everything”. Den siste boka blei i 2004 kåra til den beste boka om vitskap i Storbritannia. No er han i Noreg for å halda to populærvitskaplege forelesingar, som ein opptakt til utdelinga av Kavliprisane i Oslo denne veka.

– Til uboteleg skade for universiteta

Då me treffer han, ristar han kraftig på hovudet over den britiske regjeringa, som har varsla at det kan bli kraftige kutt i overføringane til universiteta frå neste år.

– Investering i kunnskap er investering i framtida. Dei pengane som dei ikkje investerer i kunnskap no, vil dei aldri få tilbake. Kutta vil føra til uboteleg skade for universiteta, spår han.

Både den siste Labour-regjeringa og dagens liberalkonservative regjering har foreslått kraftige kutt i overføringane til dei britiske universiteta neste år.

– Det endelege budsjettforslaget blir ikkje lagt fram før 1. oktober, så eg håpar det ikkje vil sjå så ille ut som desse tala tyder på, seier han.

Bill Bryson er æresrektor ved University of Durham, eit verv som skodespelaren Peter Ustinov hadde før han. I dette vervet har han tatt aktivt del i studentaktivitetar og mellom anna deltatt i ein studentfilm. Bryson har også vore redaktør for næringslivssidene til både The Times og The Independent. I 1987 forlet han journalistikken for å begynna å skriva bøker.

– Eg har likevel alltid sett på meg sjølv som journalist. Då eg begynte å skriva ei bok, var det fordi eit bestemt tema interesserte meg. Eg skreiv boka ”A Walk in the Woods” om turen min i Appalachain-fjella fordi eg ville formidla kunnskap om eit område av USA som få amerikanarar veit om. Det gjekk ganske bra med salet av den boka, og difor bestemte eg meg for å halda fram med å skriva bøker, fortel han.

Og ei av dei siste bøkene hans skulle handla om forsking, sjølv om han eigentleg ikkje hadde dei rette føresetnadene for å skriva ei slik bok.

– Dårleg i naturfag

– Eg gjorde det svært dårleg i naturfag då eg var student. Faget var ikkje spennande nok for meg på den tida. Det trur eg eigentleg er skulesystemet si skuld. Lærarane mine klarte ikkje å gjera forsking interessant og levande nok for meg. Om dei hadde gjort det, hadde eg kanskje satsa på ein karriereveg som medisinsk forskar i staden for å bli journalist, trur han.

– I skulen var det einaste eg var god til å skriva. Difor satsa eg på det som min karriere, legg han til.

Små oppdagingar og funn

– Kva var det som gjorde at du likevel begynte å interessera deg så mykje for forsking at du kunne gi ut ei bok på 500 sider om det temaet?

– Eg har heile tida lese litt om forsking i dagsavisene. Etter kvart såg eg kor viktig forskinga var for at me kunne få svar på kvifor me er her på jorda, kva me bør gjera og i kva retning me er i ferd med å dra. På den måten klarte eg å setja pris på og bli imponert over det forskarar har fått til. Eg er blitt mest overraska over korleis forskinga har gått vidare på grunn av tusenvis av forskarar sine bitte små oppdagingar og funn, og ikkje berre gjennom dei store vitskaplege gjennombrota.

Fakta om Bill Bryson:
fødd i 1951 i Des Moines, Iowa.
forfattar og æresrektor ved University of Durham, England
redaktør for næringslivssidene til The Times og The Independent

Utvalde bøker:
”A Short History of Nearly Everything, 2003
“Made in America. An Informal History of the English Language in the United States, 1998
“A Walk in the Woods”: Rediscovering America on the Appalachian Trail, 1998
Aktuell: Har halde populærvitskaplege forelesingar i Oslo i samband med utdelinga av Kavliprisane denne veka.

– Så om eg har klart å skriva ei bok som lesarane både synest er interessant og som dei kan læra noko av, er eg nøgd. Trass alt så inviterer eg lesarane med på ei reise gjennom boka, og då er det viktig at den ikkje er keisam, fordi lesarane investerer både tid og pengar i den boka eg har skrive.

– Korleis er interessa for forsking i media i Storbritannia og i USA?

– Eigentleg er den svært stor. Men litt for ofte overforenklar dei forskingsresultata, slik at det blir overskrifter som ”et druer og bli frisk” den eine dagen og ”ikkje et druer, det er farleg” ein annan dag. Ofte blir dei tekniske omgrepa i forskinga for vanskelege for journalisten, og han eller ho stiller altfor sjeldan kritiske spørsmål til forskaren om korleis han eller ho fann fram til dei vitskaplege funna sine, påpeikar han.

Måndag 6. september heldt Bill Bryson ei populærvitskapleg forelesing for eit fullsett Sophus Lies auditorium på Blindern.

– Eg er imponert over at Universitetet i Oslo har nærmare 30 000 studentar. Ved University of Durham er det knapt 20 000 studentar. Men no håpar eg at eg får tid til å ta kona mi med ut på ein spasertur langs Karl Johan, opp til Slottet og vidare opp gjennom Slottsparken. Det er ein fint område, spesielt når det er så godt ver som no. Og det var derfor eg klarte å lokka henne med meg til Noreg, fortel han.

Det er Kavlipriskomiteen i samarbeid med Det Norske Vitskapsakademiet som har invitert Bill Bryson til Noreg. Kavliprisane i nanoteknologi, nevrovitskap og astrofysikk blei delte ut tidlegare i dag. 

(Kjelder: Wikipedia, Kavliprisens nettsider og Bill Bryson)
 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2010 15:32 - Sist endra 7. sep. 2010 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere