Glad for språklege retningslinjer

– Eg er nøgd med at dei språkpolitiske retningslinjene slår fast at norsk skal vera hovudspråket på UiO, men ikkje at det har tatt fire og eit halvt år å få dei godkjende. Det seier professor Helge Hveem som leidde utvalet som først staka ut ein språkpolitikk for universitetet.

LEIDDE SRÅKUTVAL: Professor Helge Hveem leidde utvalet som la fram fagspråkinstillinga "Snart to hundre" i mars 2006. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Det var i mars 2006 fagspråkinnstillinga ”Snart to hundre” blei lagt fram og overlevert til dåverande rektor Geir Ellingsrud. Utvalsleiar Helge Hveem hadde ikkje venta det skulle ta så lang tid før noko blei gjort.

– Eg er sjølvsagt ikkje så nøgd med at det har tatt UiO-leiinga nesten 4 1/2 år å fylgja opp innstillinga frå utvalet. Målet mitt med å levera ei innstilling forankra i ei solid undersøking blant fagleg tilsette og studentar og gjera det på få månader, var å få på plass ein strategi for UiO som kunne setja oss i førarsetet nasjonalt.

– Men når det omsider skjer, er eg nøgd med at dokumentet så vidt klart slår fast det prinsipielle som utvalet ynskte, nemleg at norsk blir ivaretatt som hovudspråk og at ein samtidig har parallellspråkbruk som eit overordna mål, seier Hveem.

Ville hatt dei med i Strategisk plan

Han kjenner også igjen mykje av innhaldet.

– Retningslinjene fylgjer på fleire punkt innstillinga frå utvalet, som også blei fyldig reflektert i Universitets- og høgskulerådets språkpolitiske vedtak hausten 2006. Det er eg sjølvsagt tilfreds med, seier Hveem, som peikar på at retningslinjene innleier med at dei skal "bidra til å virkeliggjøre UiOs strategiske plan".

– Eg ville vore tryggare på at språkpolitikken faktisk blir fylgd opp dersom hovudmåla for den blei tatt inn i Strategisk plan. Den uttrykkjer hovudmål for UiO; meiner ein at språkrøkta er sentralt for institusjonen, må ein seia det der. Når det er sagt, har dagens leiing likevel gjort noko som den førre ikkje gjorde og dermed retta opp ei forsøming.

Viktig med fleire framandspråk

Hveem ser mykje positivt i denne språkpolitikken.

– Eg er glad for at retningslinjene ynskjer at framandspråkleg kompetanse også skal byggjast på andre språk enn engelsk. Me når ikkje dei internasjonale ambisjonane våre dersom me ikkje maktar dette, slår han fast.

Hveem synest at understrekinga av at den tilsette sjølv vel publiseringsspråk er nesten sjølvsagd.

– Det avgjerande er korleis språkpolitikken blir praktisert i undervisning og i intern kommunikasjon. Eg reknar med at leiinga no fylgjer opp med råd til einingane om korleis retningslinjene skal konkretiserast og praktiserast, mellom anna med sikte på at dei bidrar til vedlikehald og utvikling av norsk fagspråk på sine område, seier han.

Den tidlegare språkutvalsleiaren peikar på at det i ein institusjon med press på økonomi og tidsbudsjett, der blir alle tiltak det ikkje fylgjer påbod og helst pengar med, av mange tilsette sett på som ein uting som dei kan prioritera bort.

– Derfor må oppfølginga gi svar på korleis språkundervisninga skal gjennomførast i praksis. HF har ikkje ressursane i dag . Det føreslegne senteret er ikkje nemnt, er det lagt på is? spør han, før han får vita at rektor Ole Petter Ottersen opplyser at ei eiga gruppe som har arbeidd med dette, skal presentera innstillinga si i oktober.

Til sist kastar han ein liten brannfakkel opp i veret.

– Og i ei tid med integreringsdebatt, og med ei klar melding om at norsk er hovudspråket innanfor den parallellspråklege strategien, stiller eg meg spørsmålet om UiO ikkje bør gjennomføra rådet til utvalet om å forventa at tilsette rekrutterte frå utlandet lærer seg å beherska norsk i løpet av tre år.

– Offensivt dokument

Språkprofessor Dagfinn Worren arbeider på prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved UiO. Også han er glad for at UiO har utforma ein klar språkpolitikk.

– Dei språkpolitiske retningslinjene for UiO er eit offensivt dokument. Det er gledeleg at universitetet endeleg formulerer ein eigen språkpolitikk, som dertil byggjer på moderne forståing av kunnskapsbygging. Språkleg mangfald er ein ressurs, ikkje eit problem, slik som det gjerne blir framstilt i norsk offentlegheit, meiner Worren.

– Ansvarleg aktør for norsk språkkultur

Og han ser lyst på framtida til det norske fagspråket.

– Med det tydeleg formulerte målet om å ivareta og utvikla norsk språk og fagterminologi vil eit medvite program for parallellspråkbruk medverka til å kvalitetssikra forskingspublisering og forskingskommunikasjon. Det er ikkje minst viktig i eit internasjonalt perspektiv, understrekar han.
– Samstundes er universitetet ein ansvarleg aktør for norsk språkkultur. Det vert også understreka med ei høgst rettkomen inkludering av mållova i retningslinjene. Det minner oss også om at iverksetjinga av denne språkpolitikken må fylgjast fast opp i heile organisasjonen. Som underskrivar er rektor garantist for det, er Worren viss på.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Språkpolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 17. sep. 2010 11:25 - Sist endra 17. sep. 2010 11:40

Jeg er uenig med Hveems fremstilling at den enkelte forsker velger publiseringsspråk. Som jeg leser dokumentet skal det publiseres på det språket som er faglig hensiktsmessig eller nødvending. Er det nødvendig å øke Nivå 2-publisering blir det naturlig at en del forskere kan bli tvungent til å forsøke å publisere i engelskspråklige tidsskrifter

andervr@uio.no - 17. sep. 2010 14:44

Det er bra at de språkpolitiske retningslinjene endelig er kommet. Og i hovedsak synes jeg regelverket er bra, sjøl om det er litt vel generelt. Men jeg synes nok at en burde ha tatt med det det Helge Hveem her nevner om at nyansatte undervisere som ikke behersker norsk, skal lære seg norsk i løpet av 2-3 år, slik det står bl.a. i tilrådingene fra UHR og i NTNUs regelverk. Dessuten savner jeg noen ord om at også i administrasjonen skal hovedspråket være norsk, slik det står bl.a. i språkreglene for UiB og NTNU. Da ville det også vært enda klarere at dagens praksis med å gi alle studenter og ansatte ved UiO standard programvare i engelsk versjon er regelstridig.

Svein Lie - 20. sep. 2010 13:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere