Bygningen som fekk eit nytt liv

Bygningen stod i mange år i skammekroken på Blindern, klemt inn i eit hjørne mellom Biologibygningen, Moltke Moes vei og Niels Henrik Abels hus. Etter ei total ombygging får PO-bygningen nytt liv når studentar og tilsette frå Det humanistiske fakultetet og Den internasjonale sommarskulen flyttar inn ved årsskiftet

NY FASADE: Den nye totalrenoverte PO-bygningen har fått ein heilt ny fasade på dei to første etasjane. Vindauga frå 3. etasje og oppover er dei same, men alle har fått nye glas.

Foto: Ola Sæther

 

Det var ein gong eit hus som i 1968 blei opna som ein ny og moderne laboratoriebygning for tannlegestudentar. Bygningen hadde seks etasjar og kjellar, og i kvar etasje var det både laboratorium og dyrestallar. Odontologistudentane ved Institutt for anatomi, Institutt for fysiologi og biokjemi og Institutt for mikrobiologi hadde 9428 kvadratmeter å boltra seg på.

Nesten fråflytta

31 år seinare blei den rekna som kondemneringsklar, og odontologistudentane flyttar ut for å få felles preklinisk undervisning med medisinstudentane i ein ny bygning på Gaustad. Frå 1999 var bygningen nesten fråflytta. Unntaka var Den internasjonale sommarskulen, ein dyrestall og profesjonsutdanninga i informatikk, som la beslag på eit par av dei seks etasjane.

Lenge såg det ut som om ingen hadde planar om å gjera noko med bygningen, trass i det store og konstante plassbehovet ved UiO. Teknisk direktør Frode Meinich peika på dette i eit intervju med Uniforum i 2004:

– Preklinisk odontologi (PO-bygget) på Blindern er et annet grelt eksempel på hvor ille det er blitt. Her har den ordinære virksomheten flyttet ut fordi huset ikke tilfredsstiller de lovpålagte kravene til laboratoriebygg. Det betyr at drøyt 9000 kvm midt på campus ikke blir utnyttet, samtidig som vi leier over 100 000 kvm på det åpne marked. Det er en utrolig klønete situasjon å være i, sa Meinich den gongen.  

REISER SEG: Preklinisk odontologi med heisekran på taket og Pennalet fotografert frå Niels Henrik Abels hus under byggjearbeida i 1966. (Foto: Ukjent fotograf, Universitetshistorisk fotobase).
 

 I 2005 fekk UiO og Statsbygg klarsignal til å laga eit forprosjekt for totalrehabilitering av bygningen. Den gongen rekna dei med at byggjekostnadene ville koma opp i 190 millionar kroner. I 2007 var prisen komen opp i 260 millionar kroner som skulle finansierast over ti år.

Hausten 2008 starta ei total ombygging av PO-bygningen, og frå nyttår begynner den eit nytt liv som undervisnings- og kontorbygning for Det humanistiske fakultetet, etter at det viste seg at fakultetet var det som hadde minst areal i høve til aktivitetsnivået.

Leigde 100 000 kvadratmeter

I 2004 leigde UiO altså over 100 000 kvadratmeter med lokale. Då var leigekostnadene kome opp i 150 millionar kroner i året. To år etter melde rektor Geir Ellingsrud og universitetsdirektør Hanne Harlem at leigeutgiftene var komne opp i 200 millionar kroner i året. Når PO-bygningen opnar dørene, vil UiO få nesten 10 000 kvadratmeter med eigne lokale, altså ti prosent av det arealet som er leigd eksternt.

– Intern omflytting

Prosjektleiar og seniorarkitekt Leif Jarle Haugen i Teknisk avdeling trur likevel ikkje at opninga av den nye restaurerte PO-bygningen vil føra til at behovet UiO har for å leiga eksternt blir mindre.

– Nei, dette blir mest ei intern omflytting av folk som i dag held til i andre universitetsbygningar. Og det er stadig vekk behov for meir plass, så leigeutgiftene kjem truleg ikkje til å gå noko særleg ned, meiner han.

– Kvifor tok det eigentleg så lang tid å bestemma seg for kva den skulle brukast til etter at odontologane flytta ut i 1999?

– Totalrenoveringa av PO-bygningen kom aldri høgt nok på UiOs eiga liste over prioriterte bygningsprosjekt til at Kunnskapsdepartementet løyvde pengar til prosjektet. Difor var det Universitetsstyret som i desember 2007 til slutt gav klarsignal til at prosjektet kunne setjast i gang. Det skulle finansierast frå eige budsjett, og det blei inngått ein avtale med Statsbygg om at prosjektet skulle gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på 239 millionar kroner. Og i tillegg kjem utgifter til inventar og møblement, fortel han.

Ny fasade

Leif Jarle Haugen tar Uniforum med ned til den totalrenoverte PO-bygningen.

VISER FRAM  FOAJEEN: Prosjektleiar Leif Jarle Haugen viser fram den heilt nye foajeen i PO-bygningen. (Foto: Ola Sæther)

 

– Framfor hovudinngangen har me laga ein open plass med store steinheller, og på plassen skal me plassera skulpturen ”Tankens lek” av Stefanie Hillgaard. Den står no litt bortgøymd på ein uteplass inne i Pennalet. Her vil det

også bli stolar, bord og benkar rett utanfor kafeen i 1. etasje, fortel han. Det mest slåande er at bygningen har fått ein heilt ny fasade.

– Fasadane til bygningane på Blindern er karakteriserte ved at det er brukt materialar som tegl, vindauge i teak, svarte fasadeplater og beslag i kopar. Frå 3. til 6. etasje i PO-bygningen er fasadekledningen skifta ut med plater som tilsvarar dei originale, samtidig som dei gamle teakvindauga har fått nytt glas. Fasaden er etterisolert med 15 cm isolasjon, slik at det no totalt er 25 cm isolasjon. Dei to nedste etasjane husar no undervisningrom og lokale for Den internasjonale sommarskulen. Dei har fått meir opne fasadar etter ombygginga og opnar seg mot resten av Blindern.

Tar vare på auditoriet

Fakta om PO-bygningen:
PO-bygningen = Bygning for preklinisk odontologi
1961: Staten gir UiO

grønt lys for å byggja ein bygning for basalfaga på Blindern
1966: Byggjearbeida er i gang
1968: Bygningen blir tatt i bruk av Institutt for anatomi, Institutt for fysiologi og biokjemi og Institutt for mikrobiologi ved odontologi
 

1999: Odontologane flyttar ut etter at medisin og odontologi legg heile den prekliniske undervisninga til eit nybygg på Gaustad. Berre faggruppa for molekylær embryologi blir igjen på Blindern.
2005: UiO og Statsbygg får klarsignal til å setja i gang totalrenovering
2007: Universitetsstyret løyver pengar til prosjektet
2008: Arbeidet med å totalrenovera bygningen tar til
2010:Totalrenoveringa vil vera ferdig i desember. HF og Den internasjonale sommarskulen kan flytta inn.
Pris. 239 millionar kroner frå UiOs budsjett
 

Inne i foajeen skal det koma ei kantine, og det skal vera undervisningsrom både i 1. og 2. etasje.

– Den internasjonale sommarskulen skal også ha kontora sine i 2. etasje, medan HF disponerer kontora i frå 3. etasje og opp til 6. etasje, seier han. PO-bygningen står på Byantikvarens gule liste. Det var difor naudsynt å gå varsamt fram.

– Me hadde også møte med Riksantikvaren om dette prosjektet, og då blei det peika på at auditoriet i 1. etasje, hovudtrappa, heisfrontane og materialbruken i fasadane var det som skulle vernast. I auditoriet er eikestolane og stolrammene blitt demonterte, blitt pussa opp, og blitt sette på plass igjen, viser han.

Dei gamle laboratoriebenkane av teak blei tatt vare på og skal no bearbeidast og nyttast som bord og benkar i fellesområdet i dei to første etasjane. Også dei gamle dørene er blitt tatt vare på og er så langt som mogleg brukte i dei nye kontora.

– Inne i ei svær PC-stove var det tidlegare eit mørkt laboratorium med overlys. No har me endra terrenget utanfor, slik at det har vore mogleg å setja inn store, nye vindauge. På den måten kjem det inn dagslys, fortel han.

 

Ny trapp

I foajeen er det gamle betongdekket mellom første og andre etasje blitt opna. Ei ny trapp bind saman dei to etasjane med undervisningsrom.

– Me er glade for at me har fått til dette, og med litt større vindauge og litt betre utnytting av underetasjane har me klart å få inn meir lys og meir innsyn og utsyn. Det aller viktigaste me har gjort, er at me har klart å opna bygningen mot resten av Blindern, slik at det blir heilt klart at den nyrenoverte PO-bygningen tilhøyrer den store familien av universitetsbygningar på Blindern. Den vil ikkje lenger liggja i ei bakevje, konstaterer Haugen og viser fram eit heilt nytt påbygg med sedumtak. Det vil seia at det inneheld tørkesterke staudar (sedumplanter) som varierer i farge og utsjånad gjennom årstidene.

– Taket isolerer både mot varme og kulde, samtidig som det avlastar systemet mot overvatn, legg han til.

Oppe i dei øvste etasjane er dei nye kontora over 3 meter breie, langt meir enn standarden på kontor i andre universitetsbygningar. I midten av bygningen mellom korridorane, er det både møterom, kjøkkenkrokar, kopirom og toalett. I enden av kvar etasje er det også bygd nye rømmingsvegar. Mesteparten av arbeidet som er gjort, er likevel ikkje synleg.

– Det var naudsynt å skifta ut både ventilasjonssystemet, det elektriske anlegget og sanitæranlegget, før arbeidet med totalrenoveringa kunne starta, peikar han på.

Etter at preklinisk odontologi flytta til Rikshospitalet i 1999, var det etablert eit mangfald av verksemder i deler av bygningen. Haugen hugsar at det difor blei ein lang og komplisert prosess å få bygningen tømt før byggjestart.

– Genforskar Sigurd Fromm hadde likevel dyrestallen med alle musene sine her heilt fram til hausten 2008. Då måtte han flytta med mann og mus over til den nye dyrestallen i Biologibygningen.

I desember er bygningen klar for innflytting. Då skal tilsette og studentar frå HF og administrasjonen til Den internasjonale sommarskulen flytta inn.

– Men det blir truleg ikkje noka offisiell opning før eit stykke ut på nyåret, trur Haugen.

PO-bygningen kling ikkje lenger særleg godt. Bygningen som har fått eit nytt liv, ropar også på eit nytt namn.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2010 13:42 - Sist endra 27. sep. 2010 14:50

Må ikkje gløyma at PING heldt til i PO-bygningi. Me var vel truleg dei mest aktive brukarane av bygget, 7 dagar i veka, fleire timar til dagen.

Men no held me fint til i Veglabben, som er ganske mykje nærare IFI, der me høyrer meir heime.

odinho@uio.no - 27. sep. 2010 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere