– Politikarane tok feil om folks rettsoppfatning!

– Politikarane tok heilt feil då dei vedtok å skjerpa straffenivået fordi det skulle vera meir i samsvar med folks rettsoppfatning. Vår undersøking viser nemleg at folk flest dømmer mildare enn det domstolane har gjort i faktiske saker, seier førsteamanuensis i kriminologi, Leif Petter Olaussen.  

TOK FEIL: – Stortingspolitikarane tok feil då dei vedtok å heva straffenivået for at det skulle vera meir i samsvar med folks rettsoppfatning, meiner førsteamanuensis Leif Petter Olaussen ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi. 

Foto: Ola Sæther

Folk flest undervurderer straffenivået til domstolane og meiner at brotsverk blir dømde for mildt i Noreg. Men når dei sjølve skal vurdera ei passande straff i seks faktiske kriminalsaker dømmer dei mildare enn det domstolane faktisk gjorde i desse sakene.Det viser ei undersøking som førsteamanuensis Leif Petter Olaussen ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi har gjort i samarbeid med fire andre forskarar frå fire andre nordiske land.

Mildare straff for heroinsmugling og underslag

– Når det gjeld bankunderslag og heroinsmugling, dømmer folk i vår fokusgruppe dei tiltalte langt mildare enn det domstolane gjorde i desse to faktiske sakene, sa Olaussen på ein pressekonferanse tysdag formiddag. Dei seks sakene folk skulle ta stilling til, handla om partnarvald, valdtekt, kioskran, gatevald, bankunderslag og heroinsmugling. I alle desse sakene blei dei tiltalte dømde til fengsel utan vilkår av domstolane. I alle sakene gav fokuspanelet på 120 nøye utvalde personar mildare straffer enn dei faktiske straffene domstolane hadde gitt dei tiltalte.

– Dette samsvarar stort sett med oppfatninga til lekdommarane i domstolane. Som regel vil dei gi mildare straffer enn det fagdommarane ynskjer, peika Olaussen på.

– Ikkje evner på linje med Snåsamannen

Han brukte hardt skyts mot politikarane som i fjor vedtok å skjerpa straffenivået i Noreg for at det skulle vera meir i samsvar med folks rettsoppfatning.

–  Kva vitskapleg grunnlag hadde dei eigentleg for å vita det? Politikarane må slutta å tru at dei har spesielle evner på linje med Snåsamannen når det gjeld å vita kva som er felles rettsoppfatning. Media har heile tida vore mikrofonstativ for politikarar og etatsjefar som ville ha hardare straffer utan at dei har blitt spurde om kva vitskapleg grunnlag dei har for haldninga si. Det bør difor i framtida gjerast fleire slike vitskaplege undersøkingar av folks rettsoppfatning, meinte Olaussen.

I tillegg til fokuspanelet byggjer undersøkinga på telefonintervju utførte av Norstat/Opinion under valkampen før Stortingsvalet i fjor. Dessutan har dei sendt ei spørjeundersøking til 3000 personar om straff og straffenivå. 37 prosent av dei spurde, svarte på undersøkinga. I utgangspunktet viste undersøkinga at folk flest meinte at straffenivået var for lågt og at fengselsstraffene var altfor korte.

Dømde tilbakefall strengare

– Den var også heilt i samsvar med haldninga til det politiske partiet dei stemte på, understreka Olaussen. Eit anna viktig funn var at fokuspanelet var tilbøyeleg til å dømma mildare i saker der tiltalte tidlegare ikkje var straffa enn i saker med tilbakefall, fortalde Olaussen.

Også når det galdt kjønn og etnisk bakgrunn gjorde forskarane interessante funn.

– I nokre av desse sakene la me inn ein kvinneleg tiltalt i spørjeskjemaet til halvparten av dei spurde. Då viste det seg at panelet ikkje gjorde nokon skilnad på straffa anten den tiltalte var kvinne eller mann. Derimot viste det seg at dersom gjerningsmannen heitte Kemal eller Mustafa i staden for Per eller Ola, så hadde panelet ein liten tendens til å dømma dei med utanlandsklingande namn hardare enn dei med norske namn, opplyste Olaussen.



 

Emneord: Kriminologi og rettssosiologi, Jus, Politikk Av Martin Toft
Publisert 17. aug. 2010 16:47 - Sist endra 18. aug. 2010 08:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere