Kuppelløftet
I formiddag blei kuppelen løfta av Observatoriet. Dermed kan smeden få sleppa til med å reparera sveiva som gjer det mogleg å dreia kuppelen rundt.

KUPPEL I LUFTA: Kuppelen blir lyfta av Observatorietaket og opp i lufta under nøye overvaking frå ein av dei som utfører løftejobben.
Frå hausten 2011 skal forskingsfløya av Observatoriet vera ferdig restaurert og stå klart til å ta imot skuleelevar frå Oslo som skal få ein dag med innføring i realfag. Arbeidet er allereie godt i gang, og i formiddag blei kuppelen løfta av Observatoriet.
Det førte til at observasjonsplattforma på toppen av bygningen blei utan tak, og difor måtte det gjerast ein dag utan regn. Det var grunnen til at løftet blei utsett frå i går til i dag.
– Gjekk heilt som smurt
Og seniorarkitekt Ragna Weider i Teknisk avdeling ved Universitetet i Oslo er godt nøgd med jobben.
– Jobben gjekk glitrande. Dei som utførte arbeidet er utruleg flinke og jobben gjekk heilt som smurt. Det tok rett nok litt tid å få kuppelen laus, fordi dei hadde litt problem med å få laus nokre av krokane. Då det var gjort, gjekk det derimot heilt etter boka, fortel Weider. Men kuppelen er ikkje det einaste som skal ned.
– Den øvste delen av dreiekransen skal også ned frå taket på Observatoriet. Meininga er at dreiekransen skal bli 100 prosent funksjonell igjen, slik at ein kan visa korleis målingane blei gjorde av Christopher Hansteen og medarbeidarane hans.
– No held me fram med reparasjonar og restaurering av kuppelen som sjølvsagt blir enklare å koma til, når den no står nede på bakken.
– Viss ikkje me hadde gjort dette, ville me ikkje ha fått tårnet i funksjonell stand igjen. Då ville det ha vore umogleg å koma til med naudsynte eparasjonar av dreiekransen, konstaterer ho.

PÅ VEG NED: Kuppelen er på veg ned til bakken etter å ha blitt heist ned frå taket av Observatoriebygningen. (Foto: Ola Sæther)
Formidlingssenter frå hausten 2011
Observatoriet skal frå hausten 2011 bli eit senter for formidling av naturfag og vitskapshistorie. Etter planen skal den gamle observatoriebygningen ta imot 6000 sjuandeklassingar frå Oslo i året. Elevane får tilbod om ”En dag på Observatoriet”, der dei får ei innføring i ”alt mellom himmel og jord”.
Tidlegare i år flytta både Henrik Ibsens skrifter og Senter for Ibsen-studiar ut av Observatoriet i Observatoriegaten 2 ved Solli plass. Dei hadde halde til i bygningen sidan år 2000.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere