Rundt halvparten av dei var til stades på Universitetsplassen under den tradisjonelle velkomstseremonien.
I sin eigen blogg viser UiO-rektoren til at dei nye studentane begynner på eit universitet som set utdanningskvalitet i sentrum.
– Den største endringa frå den vidaregåande skulen til universitetet er kravet til eige engasjement. Universitetet skal formidla kunnskap. Men det gode universitetet skal gi dykk mykje meir enn faktisk kunnskap.
– Det skal gi dykk evne til kritisk refleksjon. Det skal stimulera evna til å lyfta blikket slik at de kan sjå alle sidene ved ei problemstilling. Eit universitet kan ikkje lykkast i dette viss ikkje de som studentar er villige til å strekkja dykk.
– Her kjem dykkar ansvar inn. Det å studera tyder å spørja, leita og utforska. Det er desse tre orda som vil opna dørene for dykk ved landets største og fremste universitet, skriv Ottersen i helsinga si til dei ferske studentane.
Seremonien starta med at studentane gjekk i prosesjon inn på Universitetsplassen til tonane frå Edvard Griegs Hyldningsmarsj frå ”Sigurd Jorsalfar.” Etter seremonien gjekk fekk studentane lunsjpakker og åt saman med faddergruppa si.
Logg inn for å kommentere