64 år med internasjonalisering

– Den internasjonale sommarskulen dreiv med internasjonalisering lenge før det blei eit prioritert mål for resten av universitetet. Difor er me stolte av sommarskulen vår, sa rektor Ole Petter Ottersen, då den 64. sesongen av sommarskulen blei opna i førre veke.

600 STUDENTAR: 600 studentar frå heile verda deltar i år på kursa til Den internasjonale sommarskulen.

Foto: Martin Toft

Det var i Oslo rådhus opningsseremonien blei halden denne gongen etter invitasjon frå Oslo kommune. Varaordførar Aud Kvalbein var vert og ønskte alle velkomen i det same ærverdige lokalet der Nobels fredspris blir delt ut 10. desember kvart år.

Tillit og brubygging

Rektor Ole Petter Ottersen tok i opningstalen sin tak i korleis Den internasjonale sommarskulen har vore med på å leggja forholda til rette for at studentar frå ulike konfliktlinjer kan møtast på nøytral grunn i Noreg og bli kjende med kvarandre.

– Tillits- og brubyggingsprosjektet for studentar frå det tidlegare Jugoslavia og Kaukasus-regionen er eit spesielt vitnemål om dette dialogarbeidet. På same måte kan eg visa til Nobels fredsprisforumet der 10 bachelorstudentar frå USA kan halda fram med vidare freds- og konfliktsstudiar etter at dei først har blitt introduserte for det på det årlege Nobels fredsprisforumet på heimeuniversitetet deira, fortalde Ottersen.

Vitskapsdiplomati

Han la også stor vekt på korleis forskingssamarbeid også kan fremja dialog mellom partar som til vanleg står langt frå kvarandre.


KATALYSATOR: – Vitskapsdiplomati kan tena som ein katalysator for å styrkja det sivile samfunnet mellom land som har svært avgrensa offisielle forhold, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen. (Foto: Martin Toft)
 

– Personleg er eg veldig opptatt av dei sjansane vitskapleg og akademisk samarbeid har til å fremja internasjonal forståing. Vitskapsdiplomati kan tena som ein katalysator for å styrkja det sivile samfunnet mellom land som har svært avgrensa offisielle forhold, peika han på. Så trekte han fram den viktige rolla Den internasjonale sommarskulen har spela for internasjonaliseringa ved UiO.

25 000 studentar frå 150 land

– Gjennom dei 64 åra sommarskulen har eksistert har den hatt 25 000 studentar frå 150 land på dei ulike sommarkursa sine. Denne sommaren kjem det 600 studentar til, nemleg de som sit her i Rådhussalen. Universitetet i Oslo er stolt av Sommarskulen og difor tildelte me også Læringsmiljøprisen til skulen i fjor.

– Det er fordi den lever opp til det kvalitetskravet me stiller til alle einingane våre. Det var det positive samspelet mellom studentane, undervisarane og administrasjonen og den sterke vekta skulen legg på fleirkulturell kommunikasjon som var nokre av nøkkelfaktorane for at Sommarskulen fekk prisen, sa Ottersen.

– Kom gjerne tilbake!

Han håpa også at han kunne ynskja studentane tilbake til Universitetet i Oslo ein gong i framtida.

– Eg håpar verkeleg de vil bli inspirerte av undervisnings- og læringsmiljøet ved Den internasjonale sommarskulen og koma tilbake for å halda fram med ein grad, driva med forsking eller arbeida her. Det er faktisk ganske mange sommarskulestudentar som har gjort det.

– Ein viktig del av den internasjonale studentutvekslinga går nettopp på å fremja den heilskaplege internasjonaliseringa av det akademiske livet og det akademiske samfunnet. Universitetet er i høg grad eit samfunn som overskrider grenser, konkluderte Ottersen med.

 
 

 

Emneord: Studentforhold, Den internasjonale sommerskole, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 5. juli 2010 16:33 - Sist endra 6. juli 2010 09:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere